Prop. 60 L (2020–2021)

Endringar i utlendingslova (strafferamme for ulovleg opphald m.m.)

Til innhaldsliste

9 Merknader til reglane i lovforslaget

Til § 108 andre ledd bokstav a

Endringa i bokstav a har eit pedagogisk føremål. Tilføyinga i referansen til § 55 informerer om at det finst ein særregel i tredje ledd bokstav f – jf. omtalen av denne nedanfor – som ein må vere merksam på når det gjeld straff for ulovleg opphald.

Til § 108 tredje ledd bokstav e

Sjå nærare omtale i avsnitt 7.2. Ny andre setning avgrensar adgangen til bruk av fengselsstraff for brot på innreiseforbod i visse tilfelle. Endringa inneber at det i utgangspunktet ikkje skal brukast fengselsstraff overfor tredjelandsborgarar som

  • er utvist på anna grunnlag enn straff og dermed omfatta av EUs returdirektiv,

  • ikkje har opphaldsløyve i eit anna Schengen-land, og

  • ikkje har forlete eller blitt uttransportert frå Schengen-området før den ulovlege gjeninnreisa til Noreg.

Dersom returdirektivet sine prosedyrar er «anvendt» utan å ha resultert i utreise frå Schengen-området, vil det likevel vere høve til å bruke fengselsstraff. Kva som ligg i dette kravet, som er utleia frå EU-domstolen si fortolking av direktivet sitt føremål, er nærare drøfta i avsnitt 7.2.

Til § 108 tredje ledd ny bokstav f

Ny bokstav f inneber at regelen om straff for ulovleg opphald etter utvising som følgje av ilagt fengselsstraff, forvaring eller særreaksjon, vert plassert i tredje ledd og dermed omfatta av den høgare strafferamma på bot eller fengsel inntil to år. Det gjeld likevel ikkje personar som er idømt slik straff etter utlendingslova § 108 andre ledd. For desse vil den alminnelege strafferegelen og strafferamma for ulovleg opphald, jf. henvisinga til § 55 i § 108 andre ledd bokstav a, gjelde. Departementet viser til omtalen i avsnitt 7.1 av spørsmål knytt til mellom anna gjentakingstilfelle og regelen sitt verkeområde. I avsnitt 7.1.5 er det gjeve nokre kommentarar om straffutmålinga.