Prop. 62 L (2016–2017)

Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

2.1 Bakgrunnen for lovforslaget

Foreldrepermisjonen er i dag delt i tre: Mor og far har ein del kvar, som i utgangspunktet ikkje kan overførast til den andre forelderen (mødrekvote og fedrekvote). I tillegg er det ein del som kan fordelast fritt mellom foreldra (fellesdelen).

Dersom ein av foreldra er «alene om omsorgen» for barnet etter eit samlivsbrot, har han eller ho i dag rett til å overta den attverande delen av foreldrepermisjonen etter § 14-15 i folketrygdlova.

Dersom barnet bur hos mor etter eit samlivsbrot, er ho «alene om omsorgen» for barnet etter folketrygdlova, sjølv om far har samværsrett med barnet. Mor vil i slike tilfelle ha rett til å overta fedrekvoten, jamvel om far har fått innvilga fedrekvote før samlivsbrotet og fortsatt ynskjer å ta ut kvoten. Foreldra kan likevel avtale ei anna fordeling, men dette går ikkje fram tydeleg av lova i dag.

Foreldrepermisjon kan takast ut inntil barnet er tre år. Statistikk viser at dei fleste barn under tre år bur hos mor etter eit samlivsbrot. I praksis medfører dette at mor får rett til å overta fedrekvoten etter eit samlivsbrot.

Den som er aleine om omsorga for barnet, og som ynskjer å overta den attverande stønadsperioden, skal sende ein søknad om dette til Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser om at når Nav skal vurdere om ein av foreldra er aleine om omsorga, legg dei mellom anna til grunn opplysningar om barnet sin bustad i folkeregisteret. Direktoratet opplyser om at Nav som oftast ikkje ber den andre forelderen om å uttale seg om saka før det vert fatta eit vedtak.

I Noreg fødast om lag 60 000 barn kvart år. Ifølgje Arbeids- og velferdsdirektoratet endra om lag 200 mødrer som fekk foreldrepengar i 2014, status til «aleineomsorg». Direktoratet går ut frå at endringane av status i dei fleste tilfelle skuldast samlivsbrot. Av dei 200 sakene var det om lag 20 fedrar som tok ut foreldrepengar i 2013/2014.

2.2 Høyringa

Forslag om endring i folketrygdlova blei lagt ut på nettsidene til regjeringa 26. mai 2016 slik at ho var allmenn tilgjengeleg. Ved ein feil blei ikkje forslaget på same tid sendt til høyringsinstansane. Forslaget blei sendt til høyringsinstansane 8. august 2016, med frist for å gje høyringsfråsegn 20. september 2016.

Høyringsnotatet blei sendt til desse høyringsinstansane:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Arbeidstilsynet

  • Barneombodet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Helsedirektoratet

  • Kriminalomsorgsdirektoratet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Aleneforeldreforeningen

  • Akademikerne

  • Arbeidsforskningsinstituttet

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Bedriftsforbundet

  • Den Norske Jordmorforeningen

  • Fafo – Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning

  • Finans Norge

  • Foreningen 2 Foreldre

  • Foreningen for Fangers Pårørende

  • Foreningen for Kvinne- og kjønnsforskning i Norge

  • Forum for menn og omsorg

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • JURK – Juridisk rådgivning for kvinner

  • Juss-Buss

  • Jussformidlingen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • KUN – Senter for kunnskap og likestilling

  • Kvinnefronten

  • Kvinnegruppen Ottar

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner

  • LO – Landsorganisasjonen i Norge

  • MiRA ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn

  • NHO – Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Nasjonal Kompetansetjeneste for Amming

  • NITO – Norges Ingeniør- og teknologorganisasjon

  • Norges Kvinne- og familieforbund

  • Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring

  • Norsk Kvinnesaksforeining

  • Reform – Ressurssenter for menn

  • Senter for likestilling

  • Stiftelsen Kirkens familievern

  • UNIO – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede

  • YS – Yrkesorganisasjonenes sentralforbund

Departementet fekk 26 høyringssvar. Av desse hadde 18 høyringsinstansar merknader:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Tønsberg tingrett

  • Aleneforeningen

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Foreningen 2 Foreldre

  • For Fangers Pårørande

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Likestillingssenteret

  • Norsk kvinnesaksforening

  • Norges kvinne- og familieforbund

  • Norsk psykologforening

  • Reform – ressursenter for menn

I tillegg har fire privatpersonar gitt merknader.

Desse høyringsinstansane har meldt frå at dei ikkje har merknader:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Landsorganisasjonen i Norge

Punkt 5 i proposisjonen handsamar innspela nærare.