Prop. 62 L (2016–2017)

Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å endre føresegnene i folketrygdlova om fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot vil ikkje føre til at det vil bli tatt ut fleire veker foreldrepermisjon samla sett. Forslaget kan føre til at fleire fedrar tek ut fedrekvoten etter eit samlivsbrot, i staden for at mor tek ut desse vekene. Ein eventuell meirkostnad er knytt til at fedrar i gjennomsnitt har eit høgre inntektsgrunnlag enn mødrer.

Arbeids- og velferdsetaten har vurdert dei økonomiske konsekvensane av forslaget. Direktoratet trur lovendringa kan føre til at mellom 30 og 60 fleire fedrar vil ta ut fedrekvote kvart år. På grunn av det lave talet på saker der den foreslåtte lovendringa får effekt, meiner direktoratet at meirkostnaden vil vere ubetydeleg.

Sidan forslaget gjeld svært få saker, meiner departementet at forslaget ikkje vil ha vesentlige administrative konsekvensar. Eventuelle auka administrative kostnader frå forslaget vert dekka innanfor gjeldande budsjettrammer.

Forslaget om å endre krisesenterlova er av teknisk karakter, og inneber ikkje vesentlige økonomiske eller administrative konsekvensar.