Prop. 62 L (2016–2017)

Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir)

Til innhaldsliste

8 Merknader til forslaget

Endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

Til § 14-15

I overskrifta til føresegna leggjast orda «og samlivsbrudd» til. Dette gjerast for å klargjere at eit samlivsbrot ikkje treng å bety at ein forelder er aleine om omsorga for barnet. I dei fleste tilfelle vil foreldra samarbeide om omsorga for barnet etter eit samlivsbrot.

Første ledd vil fortsatt gjelde tilfelle der ein av foreldra er eller blir aleine om omsorga for barnet. Dette kan til dømes vere der mor eller far er einsleg adoptant, eller ein av foreldra er død. Det vil også omfatte tilfelle der den eine forelderen ikkje ynskjer å ta del i omsorga for barnet, eller overtek foreldreansvaret etter barnelova. For å klargjere at aleineomsorg også kan oppstå i løpet av stønadsperioden, tek ein inn orda «eller blir». Orda «rett til» å ta ut foreldrepengar endrast til «kan» ta ut, for å gjere føresegna kortare og lik andre føresegner i kapittelet. Ein tek også inn orda «for barnet» for å gjere ordlyden lik resten av føresegna.

Andre ledd er ny, og gjeld der foreldra flyttar frå kvarandre på grunn av eit samlivsbrot. Før lovendringa blei desse tilfella omfatta av første ledd. Andre leddførste setning fastset at foreldre som flyttar frå kvarandre på grunn av eit samlivsbrot, kan avtale korleis den attverande delen av stønadsperioden skal fordelast. Foreldra har også tidlegare hatt avtalefridom, men dette har ikkje komme tydeleg fram i lova. Ein føresetnad for at foreldra skal kunne avtale fordeling av stønadsperioden, er at alle vilkåra for å få foreldrepengar etter kapittel 14 er oppfylt, sjå 6.1.1.

Andre ledd andre setning gjeld tilfelle der foreldra ikkje blir samde om korleis stønadsperioden skal takast ut etter samlivsbrotet. Ved slike tilhøve kan kvar av foreldra krevje uttak av foreldrepengar for dei kvardagane dei har omsorga for barnet, dersom dei andre vilkåra i kapittel 14 er oppfylte, sjå 6.1.2. Foreldrepengar vert utbetalt for alle dagar i veka, unntatt laurdag og søndag, jf. folketrygdlova § 14-7 fjerde ledd. Å ha omsorga for barnet på laurdag og søndag gir derfor ikkje rett til uttak av foreldrepengar.

Andre ledd tredje setning viser til første ledd i føresegna. Dette inneber at viss ein av foreldra er «alene om omsorgen» for barnet etter samlivsbrotet, får han eller ho rett til å overta den attverande delen av permisjonen. Dersom barnet skal bu halve tida hos far og halve tida hos mor, er ingen av foreldra «alene om omsorgen», og føresegna kjem difor ikkje til bruk.

Endring i lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod

Til § 7

Bakgrunnen for endringa i krisesenterlova er at dagens § 7 ikkje viser til føresegner i straffelova av 20. mai 2005 nr. 28, som kom i kraft 1. oktober 2015. Føresegna viser også til strafferegistreringslova, som vart oppheva 1. juli 2014. Føresegna samsvarar då heller ikkje med lov om behandling av opplysninger i politiet og påtalemakta (politiregisterlova) av 28. mai 2010 nr. 16 § 39. Departementet foreslår difor å erstatte oppramsinga i krisesenterlova med ei tilvising til politiregisterlova § 39 første ledd.