Prop. 62 L (2016–2017)

Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir)

Til innhaldsliste

5 Innspel frå høyringsinstansane

Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Landsorganisasjonen i Norge, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet har ingen merknader til forslaget.

Aleneforeldreforeningen, Arbeidsgiverforeningen Spekter, Foreningen 2 Foreldre, Jussformidlingen, Likestillingssenteret, Norsk kvinnesaksforening, Norsk psykologforening, Norges kvinne- og familieforbund, og Reform – ressurssenter for menn støttar lovforslaget. Fleire av høyringsinstansane grunngjev dette med at forslaget vil fremje eit likestilt foreldreskap og eit betre samarbeid mellom foreldra, noko som vil vere til beste for barnet og foreldra.

Barneombodet meiner forslaget gjer avtalefridommen foreldra har i dag tydelegare, og har elles ingen merknader.

Arbeids- og velferdsdirektoratet meiner forslaget i liten grad endrar dagens føresegner og praktiseringa av desse, og at forslaget er lite effektiviserande. Direktoratet viser til at viss far kan dokumentera at han har eller skal ha omsorga for barnet, kan han også i dag krevje foreldrepengar dersom vilkåra elles er oppfylte. Direktoratet meiner det er uheldig at ei avgjerd om samvær frå domstolane kan brukast som grunnlag for å krevje fedrekvote. Dei viser til at det er vanskeleg for Nav å ta stilling til innhaldet i ei avgjerd frå domstolane eller ei avtale mellom foreldra om samvær. Direktoratet er bekymra over at lovforslaget vil føre til meirarbeid for Nav. Direktoratet understrekar at ei avgjerd om samværsrett ikkje kan brukast som grunnlag for å krevje fedrekvote utan at alle vilkåra i kapittel 14 er oppfylte.

Tønsberg tingrett går ut frå at i ei sak der fordeling av foreldrepengar er aktuelt, som ikkje vert løyst mellom partane, vil forslaget gje foreldra ei ekstra oppmoding til å krevje førebels avgjerd om samvær. Tingretten går likevel ut frå at dette vil gjelde få saker, slik at ei eventuell meirbelastning for domstolane vil vere lita.

Justis- og beredskapsdepartementet meiner det bør vurderast å presisere i lova at det er ein føresetnad for å kunne bruke ei avgjerd frå domstolane som grunnlag for å krevje uttak av fedrekvoten, at samværsretten er av eit slikt omfang at forelderen har den faktiske omsorga for barnet.