Prop. 62 L (2016–2017)

Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Foreldrepengar når mor eller far er aleine om omsorga

Folketrygdlova § 14-15 regulerer korleis foreldrepermisjonen skal fordelast dersom ein av foreldra er aleine om omsorga for barnet frå fødselen eller omsorgsovertakinga, eller blir aleine om omsorga i løpet av stønadsperioden. Etter denne føresegna har den som er aleine om omsorga for barnet etter eit samlivsbrot rett til å overta den attverande delen av stønadsperioden.

«Alene om omsorgen» vil seie at foreldra ikkje bur saman, at mor eller far er einsleg adoptant eller at ein av foreldra er død, jf. Ot.prp. nr. 12 (2005–2006), jf. Ot.prp. nr. 104 (2008–2009). Det går fram av Nav sitt rundskriv at føresegna også omfattar tilfelle der ein av foreldra overtek omsorga for barnet med sikte på å overta foreldreansvaret aleine etter kapittel 5 i barnelova.

Dersom barnet bur halve tida hos far og halve tida hos mor etter eit samlivsbrot, er ingen av dei «alene om omsorgen» for barnet, og føresegna kjem derfor ikkje til bruk.

Dersom barnet bur fast hos mor etter eit samlivsbrot, er ho «alene om omsorgen» for barnet, sjølv om far har samværsrett. Mora vil derfor ha rett til å overta den attverande delen av stønadsperioden etter folketrygdlova § 14-15. Foreldra kan likevel avtale at far kan ta ut foreldrepengar etter eit samlivsbrot, dersom vilkåra i folketrygdlova er oppfylte. Dette føreset mellom anna at faren ikkje er i arbeid og at han har omsorg for barnet i den aktuelle perioden, jf. folketrygdlova § 14-10 fjerde og femte ledd. Samvær på laurdag og søndag gir ikkje rett til uttak av foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7 fjerde ledd. Dersom far skal ta ut permisjon frå fellesdelen, er det også eit krav om at mor er i aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-13.

3.2 Tilhøvet til reglane om samværsrett i barnelova

Folketrygdlova viser kva vilkår som må vere oppfylte for at foreldra skal ha rett til foreldrepengar. Retten til samvær vert regulert av barnelova. Folketrygdlova kan ikkje brukast som rettsleg grunnlag for å krevje samvær, dersom det ikkje er avtalt eller fastsett ut frå reglane i barnelova.

Barnelova § 43 slår fast at den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtalt eller fastsett. Begge foreldra har ansvar for at samværsretten blir oppfylt. Etter barnelova skal foreldra sjølv avtale omfanget av samværsretten, på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. Foreldra skal mellom anna leggje vekt på at barnet oppnår best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet og reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles, jf. barnelova § 43 andre ledd. Dersom foreldra ikkje klarar å bli samde om kvar barnet skal bu fast eller om samværet, kan dei be domstolane om å avgjere spørsmålet, jf. barnelova § 56.

Eit vilkår for å ha rett til foreldrepengar etter folketrygdlova er at mottakaren har den faktiske omsorga for barnet, jf. folketrygdlova § 14-10 fjerde ledd. Dette kjem sjeldan på spissen når foreldra bur saman. Men etter eit samlivsbrot vil retten til samvær med barnet, og retten til utbetaling av foreldrepengar, henge saman. Dersom far ikkje har rett til samvær med barnet i denne perioden, vil han heller ikkje ha rett til foreldrepengar. For at ei samværsordning skal gje far rett til uttak av foreldrepengar, må vilkåra i folketrygdlova kapitel 14 vere oppfylte. Dette inneber mellom anna at far etter samværsordninga må ha omsorga for barnet på kvardagane, dei dagane han tek ut foreldrepengar, sjå punkt 3.1.

Dersom foreldra ikkje blir samde om omfanget av samværet, kan dei be om mekling ved familievernkontora, eller eventuelt be domstolane om å avgjere spørsmålet. Retten kan etter krav frå ein part komme med ei førebels avgjerd som kan gjelde for ei viss tid eller fram til saka er endelig avgjort, jf. barnelova § 60.