Prop. 62 L (2016–2017)

Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir)

Til innhaldsliste

Tilråding

Barne- og likestillingsdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bede om å gjere vedtak til lov om endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir) i samsvar med eit vedlagt forslag.