Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 50 nr. 1, artikkel 53 nr. 1 og artikkel 62,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

etter den ordinære regelverksprosessen2 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Gjennom dei EU-direktiva som er vedtekne på området opphavsrett og nærståande rettar, er rettshavarar alt sikra eit høgt vern og dermed eit rammeverk for utnytting av innhald som er verna gjennom slike rettar. Desse direktiva medverkar til utvikling og ivaretaking av kreativiteten. Vern av nyskaping og intellektuell produksjon under like konkurransevilkår i den indre marknaden vil òg stimulere til auka investering innanfor nyskapande produkt og tenester.

  • 2) Spreiing av innhald som er verna av opphavsrett og nærståande rettar, medrekna bøker, audiovisuelle produksjonar, musikkopptak og tilhøyrande tenester, krev utferding av lisensar frå dei ulike innehavarane av opphavsrett og nærståande rettar, mellom anna opphavspersonar, utøvande kunstnarar, produsentar og forleggjarar/utgjevarar. Rettshavarane kan normalt sjølv velje mellom individuell eller kollektiv forvalting av rettane sine, med mindre medlemsstatane fastset noko anna, i samsvar med EU-retten og dei internasjonale pliktene til Unionen og medlemsstatane. Forvalting av opphavsrett og nærståande rettar omfattar tildeling av lisensar til brukarar, revisjon av brukarar, overvaking av bruken av rettane, handheving av opphavsrett og nærståande rettar, innkrevjing av inntekter frå utnytting av rettar og fordeling av uteståande beløp til rettshavarane. Gjennom kollektive forvaltingsorganisasjonar kan rettshavarar få eit vederlag for bruk som dei sjølve ikkje er i stand til å kontrollere eller handheve, mellom anna på andre marknader enn heimemarknaden.

  • 3) I medhald av artikkel 167 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen (TVEU) skal Unionen ta omsyn til det kulturelle mangfaldet i tiltaka sine og medverke til utvikling av kulturane i medlemsstatane, samstundes som det nasjonale og regionale mangfaldet vert respektert og søkjelyset vert retta mot den felles kulturarven. Når det gjeld fremjing av mangfaldet i kulturelle uttrykk, har dei kollektive forvaltingsorganisasjonane ei viktig rolle som bør vidareførast, både gjennom å sikre små og mindre populære repertoar tilgang til marknaden, og gjennom å yte sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester til rettshavarane sine og til ålmenta.

  • 4) Kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte i Unionen, bør kunne nyte godt av dei fridomane som er fastsette i traktatane, når dei representerer rettshavarar som er busette eller etablerte i andre medlemsstatar, eller når dei tildeler lisensar til brukarar som er busette eller etablerte i andre medlemsstatar.

  • 5) Det er store forskjellar i dei nasjonale reglane som regulerer verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar, særleg når det gjeld innsyn og ansvar overfor medlemmene og rettshavarane. Dette har ført til ei rekkje vanskar, særleg for utanlandske rettshavarar som ønskjer å utøve rettane sine, og til dårleg økonomistyring av inntektene som vert kravde inn. Vanskar som gjeld verksemda til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane, fører til ineffektiv utnytting av opphavsretten og nærståande rettar i den indre marknaden, noko som er uheldig både for medlemmene av kollektive forvaltingsorganisasjonar, rettshavarane og brukarane.

  • 6) I kommisjonsrekommandasjon 2005/737/EF3 er det alt peika på behovet for å betre verkemåten til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane. I den nemnde rekommandasjonen er det fastsett ei rekkje prinsipp, til dømes om at rettshavarar fritt kan velje kollektiv forvaltingsorganisasjon, lik handsaming for ulike typar rettshavarar og rimeleg fordeling av royalties. Kollektive forvaltingsorganisasjonar vert òg oppmoda om å gje brukarane tilstrekkeleg med opplysningar om satsar og repertoar før forhandlingsstart. Rekommandasjonen inneheld òg tilrådingar om ansvar, representasjon av rettshavarane i avgjerdsorgana til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane, og om tvisteløysing. Etterlevinga av rekommandasjonen har likevel vore ulik.

  • 7) Vernet av interessene til medlemmer av kollektive forvaltingsorganisasjonar, rettshavarar og tredjemenn krev samordning av lovgjevinga i medlemsstatane med omsyn til forvalting av opphavsrett og multiterritoriell lisensiering av nettrettar til musikkverk, slik at vernet vert likt i heile Unionen. Dette direktivet bør difor ha artikkel 50 nr. 1 i TVEU som rettsgrunnlag.

  • 8) Føremålet med dette direktivet er å samordne dei nasjonale reglane som gjeld måten dei kollektive forvaltingsorganisasjonane skal forvalte opphavsrett og nærståande rettar på, styringsmåtane deira og rammene for tilsyn av verksemda deira, og difor bør òg artikkel 53 nr. 1 i TVEU nyttast som rettsgrunnlag for direktivet. Ettersom direktivet er retta mot ein sektor som tilbyr tenester i heile Unionen, bør det dessutan ha artikkel 62 i TVEU som rettsgrunnlag.

  • 9) Føremålet med dette direktivet er å fastsetje krav til kollektive forvaltingsorganisasjonar for å sikre eit høgt nivå med omsyn til styringsmåte, økonomistyring, innsyn og rapportering. Dette bør likevel ikkje hindre medlemsstatane i å innføre eller halde ved lag strengare standardar for kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte innanfor territoriet deira, enn dei som er fastsette i avdeling II i dette direktivet, så framt dei strengare standardardane er i samsvar med EU-retten.

  • 10) Dette direktivet bør ikkje vere til hinder for at ein medlemsstat kan nytte dei same eller liknande føresegner på kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte utanfor Unionen, dersom desse organisasjonane har verksemd i den nemnde medlemsstaten.

  • 11) Dette direktivet bør ikkje vere til hinder for at kollektive forvaltingsorganisasjonar kan inngå representasjonsavtaler med andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, i samsvar med dei konkurransereglane som er fastsette i artikkel 101 og 102 i TVEU, med omsyn til forvaltinga av rettar for å lette, betre og forenkle framgangsmåtane for tildeling av lisensar til brukarar, mellom anna gjennom felles fakturering på like og ikkje-diskriminerande vilkår med høve til innsyn, og gjennom tilbod om multiterritorielle lisensar på andre område enn dei som er nemnde i avdeling III i dette direktivet.

  • 12) Dette direktivet, som skal nyttast på alle kollektive forvaltingsorganisasjonar, bortsett frå avdeling III, som berre skal nyttast på kollektive forvaltingsorganisasjonar som forvaltar opphavsrettar til musikkverk for bruk på nettet på fleire territorium, rører ikkje ved ordningar for forvalting av rettar i medlemsstatane, som til dømes individuell forvalting, den utvida verknaden av ei avtale mellom ein brukar og ein representativ kollektiv forvaltingsorganisasjon, dvs. kollektive avtalelisensar med utvida verknad, obligatorisk kollektiv forvalting, rettslege presumpsjonar om representasjon og overføring av rettar til kollektive forvaltingsorganisasjonar.

  • 13) Dette direktivet rører ikkje ved det høvet medlemsstatane har til å fastsetje, innanfor territoriet sitt, ved lovgjeving, regulering eller andre særlege ordningar for dette føremålet, ei rimeleg godtgjersle til rettshavarar for unntak frå eller avgrensingar av retten til eksemplarframstilling som er fastsett i europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/29/EF4, og vederlag til rettshavarar for unntak frå eineretten til offentleg utlån, slik det er fastsett i europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/115/EF5, og heller ikkje høvet deira til å fastsetje innkrevjingsvilkår.

  • 14) Dette direktivet krev ikkje at kollektive forvaltingsorganisasjonar skal ha ei viss juridisk form. I praksis har desse organisasjonane forskjellig juridisk form, til dømes samanslutningar, kooperativ eller selskap med avgrensa ansvar, og vert kontrollerte eller eigde av innehavarane av opphavsrett og nærståande rettar, eller av einingar som representerer slike rettshavarar. I nokre særlege tilfelle fell eigarskaps- eller kontrollelementet bort på grunn av den juridiske forma til den kollektive forvaltingsorganisasjonen. Dette gjeld til dømes stiftingar, som ikkje har medlemmer. Likevel bør føresegnene i dette direktivet òg nyttast på desse organisasjonane. Medlemsstatane bør òg gjere høvelege tiltak for å hindre at valet av juridisk form gjer det mogleg å omgå pliktene i medhald av dette direktivet. Det er viktig å leggje merke til at einingar som representerer rettshavarar og som er medlemmer av kollektive forvaltingsorganisasjonar, kan vere andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, samanslutningar av rettshavarar, fagforeiningar eller andre organisasjonar.

  • 15) Rettshavarar bør stå fritt til å overlate forvaltinga av rettane sine til uavhengige forvaltingseiningar. Slike uavhengige forvaltingseiningar er kommersielle einingar som skil seg frå kollektive forvaltingsorganisasjonar, mellom anna fordi rettshavarane ikkje eig eller kontrollerer dei. I den grad slike uavhengige forvaltingseiningar utfører dei same oppgåvene som kollektive forvaltingsorganisasjonar, bør dei likevel vere plikta til å gje visse opplysningar til rettshavarane som dei representerer, og til kollektive forvaltingsorganisasjonar, brukarar og ålmenta.

  • 16) Produsentar av audiovisuelle verk, plateprodusentar og kringkastingsføretak lisensierer sine eigne rettar, nokre gonger side om side med rettar som til dømes utøvande kunstnarar har overført til dei gjennom individuelle avtaler, og handlar ut frå sine eigne interesser. Bok-, musikk- eller avisutgjevarar lisensierer rettar som dei har fått overført gjennom individuelle avtaler, og handlar ut frå sine eigne interesser. Difor bør ikkje produsentar av audiovisuelle verk, plateprodusentar, kringkastingsføretak og forleggjarar/utgjevarar reknast som «uavhengige forvaltingseiningar». Managerar og representantar for forfattarar og utøvande kunstnarar som fungerer som mellommenn og representerer rettshavarar overfor kollektive forvaltingsorganisasjonar, bør ikkje reknast som «uavhengige forvaltingseiningar» ettersom dei ikkje forvaltar rettar i den forstand at dei fastset satsar, tildeler lisensar eller krev inn pengar frå brukarar.

  • 17) Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør kunne velje å la dotterføretak eller andre einingar som dei kontrollerer, utføre visse deler av verksemda si, som til dømes fakturering av brukarar eller fordeling av uteståande beløp til rettshavarar. I slike tilfelle bør dei føresegnene i dette direktivet som gjeld dersom den aktuelle verksemda vert utført direkte av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, gjelde for verksemda til dotterføretaka eller dei andre einingane.

  • 18) For at innehavarane av opphavsrett og nærståande rettar som vert forvalta kollektivt, skal ha full nytte av den indre marknaden og ikkje få fridomen til å utøve desse rettane innskrenka i urimeleg grad, må vedtektene til kollektive forvaltingsorganisasjonar omfatte høvelege vernetiltak. Dessutan bør ikkje kollektive forvaltingsorganisasjonar som tilbyr forvaltingstenester, handsame rettshavarar ulikt, direkte eller indirekte, på grunnlag av nasjonalitet, bustad eller etableringsstad.

  • 19) Når det gjeld dei fridomane som er fastsette i TVEU, bør kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar innebere at ein rettshavar står fritt til å velje kva for ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som skal forvalte rettane hans, anten det gjeld rettar til overføring til ålmenta eller til eksemplarframstilling, eller kategoriar av rettar som er knytte til ulike utnyttingsformer, som til dømes kringkasting, filmframsyning eller eksemplarframstilling for spreiing på nettet, så framt den kollektive forvaltingsorganisasjonen som rettshavaren ønskjer å velje, alt forvaltar slike rettar eller kategoriar av rettar.

    Dei rettane, kategoriane av rettar eller typane av verk og anna verna arbeid som den kollektive forvaltingsorganisasjonen forvaltar, bør fastsetjast av generalforsamlinga for medlemmer i den nemnde organisasjonen, så framt dei ikkje alt er fastsette i organisasjonsvedtektene eller er lovfesta. Det er viktig at rettane og kategoriane av rettar vert fastsette på ein slik måte at det er balanse mellom den fridomen rettshavarane har til å rå over eigne verk og anna verna arbeid, og den evna organisasjonen har til å forvalte rettane på ein effektiv måte, samstundes som det vert teke særleg omsyn til den kategorien av rettar som vert forvalta av organisasjonen, og den kreative sektoren organisasjonen driv verksemda si i. Med omsyn til denne balansen bør det vere enkelt for rettshavarar å kalle tilbake slike rettar eller kategoriar av rettar frå ein kollektiv forvaltingsorganisasjon og forvalte desse rettane individuelt eller overlate eller overføre forvaltinga av alle eller delar av desse rettane, til ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon eller ei anna eining, uavhengig av kva medlemsstat forvaltingsorganisasjonen, den andre eininga eller rettshavaren er statsborgar, busett eller etablert i. Dersom ein medlemsstat, i samsvar med EU-retten og dei internasjonale pliktene til Unionen og medlemsstatane, fastset at det skal nyttast obligatorisk kollektiv forvalting av rettar, er rettshavarane nøydde til velje andre kollektive forvaltingsorganisasjonar.

    Kollektive forvaltingsorganisasjonar som forvaltar forskjellige typar verk og anna verna arbeid, til dømes litterære verk, musikkverk eller fotografiske verk, bør òg gje rettshavarane den same fleksibiliteten med omsyn til forvalting av forskjellige typar verk og anna verna arbeid. Når det gjeld ikkje-kommersiell bruk, bør medlemsstatane syte for at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane gjer dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at rettshavarane kan utøve retten til å tildele lisensar for slik bruk. Slike tiltak bør mellom anna innebere at den kollektive forvaltingsorganisasjonen fastset kva vilkår som er knytte til utøvinga av denne retten, i tillegg til å informere medlemmene om desse vilkåra. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør informere rettshavarar om kva alternativ dei har, og syte for at dei på ein enkel måte får utøve rettane som er knytte til desse alternativa. Rettshavarar som alt har gjeve den kollektive forvaltingsorganisasjonen fullmakt, kan verte informerte via nettstaden til organisasjonen. Eit krav om at rettshavarane må samtykke i fullmakta til å forvalte ein rett, ein kategori av rettar eller ein type verk og anna verna arbeid, bør ikkje hindre rettshavarane i å godta framlegg om seinare endringar av den nemnde fullmakta etter stillteiande avtale i samsvar med dei vilkåra som er fastsette ved nasjonal lovgjeving. Dette direktivet skal ikkje vere til hinder for avtalefesta ordningar der ei oppseiing eller tilbakekalling frå rettshavarane si side får direkte innverknad på lisensar som er tildelte før ei slik oppseiing eller tilbakekalling, eller for avtalefesta ordningar der ei slik oppseiing eller tilbakekalling ikkje har innverknad på slike lisensar i eit visst tidsrom etterpå. Slike ordningar bør likevel ikkje hindre ein fullstendig bruk av dette direktivet. Dette direktivet bør ikkje vere til hinder for at rettshavarane sjølve kan forvalte rettane sine, medrekna for ikkje-kommersiell bruk.

  • 20) Medlemskap i ein kollektiv forvaltingsorganisasjon bør byggje på objektive og ikkje-diskriminerande kriterium med høve til innsyn, òg når det gjeld forleggjarar/utgjevarar som gjennom ei avtale om utnytting av rettar, har krav på ein del av inntektene frå rettar som vert forvalta av den kollektive forvaltingsorganisasjonen, og på å krevje inn slike inntekter frå denne organisasjonen. Desse kriteria bør ikkje medføre at kollektive forvaltingsorganisasjonar vert pålagde å ta imot medlemmer dersom forvaltinga av desse rettane, kategoriane av rettar eller typane verk eller anna verna arbeid, fell utanfor verksemdsområdet deira. Dei registera som vert førte av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, bør gjere det mogleg å identifisere og lokalisere dei medlemmene og rettshavarane som organisasjonen representerer rettane til, ut frå dei fullmaktene som desse rettshavarane har gjeve.

  • 21) For å verne dei rettshavarane som får rettane sine representerte direkte av den kollektive forvaltingsorganisasjonen, men som ikkje oppfyller krava til medlemskap i organisasjonen, bør det vere eit krav at visse føresegner i dette direktivet som er retta mot medlemmer, òg vert nytta på slike rettshavarar. Medlemsstatar bør dessutan kunne gje slike rettshavarar rett til å ta del i avgjerdsprosessen i den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 22) Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør handle på ein måte som tek best mogleg vare på dei kollektive interessene til dei rettshavarane som dei representerer. Det er difor viktig at det finst system der medlemmene av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon kan utøve medlemskapsrettane sine gjennom å ta del i avgjerdsprosessen i organisasjonen. Visse kollektive forvaltingsorganisasjonar har forskjellige medlemskategoriar som kan representere forskjellige typar rettshavarar, som til dømes produsentar og utøvande kunstnarar. Slike forskjellige medlemskategoriar bør vere representerte på ein rettvis og balansert måte i avgjerdsprosessen. Reglane for generalforsamlinga for medlemmer i kollektive forvaltingsorganisasjonar vil ikkje fungere effektivt dersom det ikkje er føresegner som fastset korleis generalforsamlinga bør haldast. Det er difor naudsynt å sikre at det vert innkalla til generalforsamling jamleg, og minst éin gong i året, og at det er generalforsamlinga som tek dei viktigaste avgjerdene i den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 23) Alle medlemmer av kollektive forvaltingsorganisasjonar bør kunne ta del i og røyste i generalforsamlinga for medlemmer. Eventuelle restriksjonar som gjeld utøvinga av slike rettar, bør vere rimelege og avpassa. Nokre få kollektive forvaltingsorganisasjonar er skipa juridisk som stiftingar og har difor ingen medlemmer. I slike tilfelle bør fullmakta til generalforsamlinga for medlemmer utøvast av det organet som har fått tilsynsfunksjonen. Dersom kollektive forvaltingsorganisasjonar har medlemmer som er einingar som representerer rettshavarar, mellom anna dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon er eit selskap med avgrensa ansvar, og medlemmene er samanslutningar av rettshavarar, bør medlemsstatane kunne fastsetje at nokre av eller alle fullmaktene til generalforsamlinga for medlemmer skal utøvast av ei forsamling av desse rettshavarane. Generalforsamlinga for medlemmer bør ha fullmakt til minst å kunne fastsetje ramma for forvaltingsverksemda, særleg med omsyn til korleis den kollektive forvaltingsorganisasjonen nyttar inntektene frå rettane. Dette bør likevel ikkje røre ved det høvet medlemsstatane har til å fastsetje strengare reglar, til dømes for investeringar, fusjonar eller låneopptak, medrekna eit forbod mot slike transaksjonar. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør oppmuntre medlemmene sine til å ta aktivt del i generalforsamlinga. Bruk av røysteretten bør fremjast både for dei medlemmene som er med i generalforsamlinga, og for dei som ikkje er det. I tillegg til at medlemmene bør kunne utøve rettane sine elektronisk, bør dei òg kunne ta del i og røyste i generalforsamlinga for medlemmer gjennom fullmakt. Ved interessekonfliktar bør røysting ved fullmakt avgrensast. Samstundes bør medlemsstatane fastsetje fullmaktsrestriksjonar berre dersom dette ikkje rører ved det høvet medlemmene har til å delta i avgjerdsprosessen på ein høveleg og effektiv måte. Særleg gjev utpeikinga av fullmaktshavarar medlemmene høve til å ta del i avgjerdsprosessen på ein høveleg og effektiv måte, og rettshavarane får òg eit reelt høve til å kunne velje ein kollektiv forvaltingsorganisasjon fritt, uavhengig av kva for ein medlemsstat organisasjonen er etablert i.

  • 24) Medlemmer bør kunne ta del i den kontinuerlege overvakinga av leiinga av kollektive forvaltingsorganisasjonar. Desse organisasjonane bør difor ha ein tilsynsfunksjon som er tilpassa organisasjonsstrukturen deira, og tillate at medlemmene er representerte i det organet som utøver denne funksjonen. Avhengig av organisasjonsstrukturen i den kollektive forvaltingsorganisasjonen kan tilsynsfunksjonen utførast av eit separat organ, til dømes eit kontrollorgan, eller av nokre av eller alle styremedlemmene som ikkje inngår i leiinga til den kollektive forvaltingsorganisasjonen. Kravet om rimeleg og balansert medlemsrepresentasjon bør ikkje hindre den kollektive forvaltingsorganisasjonen i å peike ut tredjemenn til å utøve tilsynsfunksjonen, medrekna personar med relevant fagkunnskap og rettshavarar som ikkje oppfyller medlemskapskrava, eller som ikkje vert representerte direkte av organisasjonen, men av ei eining som er medlem av den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 25) Av omsyn til forsvarleg forvalting må leiinga i ein kollektiv forvaltingsorganisasjon vere uavhengig. Leiarar, anten dei er valde som styremedlemmer eller er engasjerte eller tilsette av organisasjonen på grunnlag av ei kontrakt, skal opplyse om eventuelle konfliktar mellom sine eigne interesser og interessene til dei rettshavarane som den kollektive forvaltingsorganisasjonen representerer, før dei byrjar i stillinga, og deretter årleg. Slike årlege fråsegner bør òg leggjast fram av personar som utøver tilsynsfunksjonen. Medlemsstatane bør kunne krevje at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane offentleggjer slike fråsegner eller legg dei fram for offentlege styresmakter.

  • 26) Kollektive forvaltingsorganisasjonar krev inn, forvaltar og fordeler inntekter frå utnyttinga av dei rettane som rettshavarane har overlate til dei. Desse inntektene høyrer til sjuande og sist til rettshavarane, som kan ha eit direkte juridisk tilhøve til organisasjonen eller vere representerte gjennom ei eining som er medlem av den kollektive forvaltingsorganisasjonen, eller gjennom ei representasjonsavtale. Det er difor viktig at den kollektive forvaltingsorganisasjonen utøver stor aktsemd ved innkrevjing, forvalting og fordeling av desse inntektene. Korrekt fordeling er berre mogleg dersom den kollektive forvaltingsorganisasjonen fører register over medlemskap, lisensar og bruken av verk og anna verna arbeid. Rettshavarar og brukarar bør òg leggje fram relevante opplysningar som er naudsynte for effektiv kollektiv forvalting av rettar, og desse bør verifiserast av den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 27) Dei beløpa som vert kravde inn og som tilkjem rettshavarane, bør ikkje bokførast saman med eventuelle eigne aktiva som organisasjonen har. Utan at det rører ved det høvet medlemsstatane har til å fastsetje strengare reglar for investeringar, medrekna eit forbod mot investering av inntekter frå rettane, bør slike investeringar, dersom dei vert gjorde, vere i samsvar med den allmenne investerings- og risikohandsamingsstrategien til den kollektive forvaltingsorganisasjonen. For å halde ved lag eit høgt vern av rettshavarane sine rettar og sikre at eventuelle inntekter frå utnyttinga av slike rettar kjem rettshavarane til gode, bør dei investeringane som den kollektive forvaltingsorganisasjonen gjer og rår over, forvaltast etter kriterium som pålegg organisasjonen å handle aktsamt, samstundes som han står fritt til å avgjere kva som er den sikraste og mest effektive investeringsstrategien. Dette bør gjere det mogleg for den kollektive forvaltingsorganisasjonen å velje ei plassering av aktiva som høver til typen av og tidslengda på all risikoeksponering for eventuelle investerte inntekter frå rettar, og som ikkje i urimeleg grad set på spel eventuelle inntekter frå rettar som rettshavarane har til gode.

  • 28) Ettersom rettshavarar har rett til vederlag for utnytting av rettane sine, er det viktig at administrasjonskostnadene ikkje overstig rimelege kostnader som er knytte til forvalting av slike rettar, og at eventuelle andre frådrag enn frådrag for administrasjonskostnader, til dømes for sosiale, kulturelle eller utdanningsmessige føremål, vert fastsette av medlemmene av den kollektive forvaltingsorganisasjonen. Dei kollektive forvaltingsorganisasjonane bør gje rettshavarane innsyn i kva reglar som gjeld for slike frådrag. Dette kravet bør gjelde alle avgjerder om kollektiv fordeling av inntekter frå rettar, som til dømes stipend. Rettshavarar bør ha lik tilgang til alle sosiale, kulturelle eller utdanningsmessige tenester som vert finansierte gjennom slike frådrag. Dette direktivet bør ikkje påverke frådrag innanfor ramma av nasjonal lovgjeving med omsyn til aspekt som ikkje vert regulerte ved dette direktivet, som til dømes frådrag for sosiale ytingar frå kollektive forvaltingsorganisasjonar til rettshavarar, så framt slike frådrag er i samsvar med EU-retten.

  • 29) Dei uteståande beløpa til dei forskjellige rettshavarane, eller eventuelt kategoriane av rettshavarar, bør fordelast og utbetalast i rett tid og i samsvar med dei allmenne fordelingsprinsippa til den kollektive forvaltingsorganisasjonen, òg dersom dette vert gjort via ei anna eining som representerer rettshavarane. Forseinkingar i fordelinga og utbetalinga av uteståande beløp til rettshavarar kan berre skuldast objektive tilhøve som ligg utanfor kontrollen til ein kollektiv forvaltingsorganisasjon. Difor er det ikkje gyldig grunn til forseinking dersom til dømes inntektene frå rettar er investerte og har ein forfallsdato. Dersom det oppstår slike objektive tilhøve, er det føremålstenleg at medlemsstatane fastset reglar som sikrar fordeling i rett tid og effektive søk etter og identifisering av rettshavarar. For å sikre at dei uteståande beløpa til rettshavarane vert fordelte på ein rettvis og effektiv måte, utan at dette rører ved det høvet medlemsstatane har til å fastsetje strengare reglar, må det krevjast at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane gjer rimelege og grundige tiltak, i god tru, for å identifisere og lokalisere dei relevante rettshavarane. Det bør vere mogleg for medlemmer av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, i den grad det er tillate i medhald av nasjonal lovgjeving, å avgjere korleis eventuelle beløp som ikkje kan fordelast, skal nyttast dersom det er uråd å identifisere eller lokalisere rettshavarane som har rett til desse beløpa.

  • 30) Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør kunne forvalte rettar og krevje inn inntekter frå utnyttinga av desse gjennom representasjonsavtaler med andre organisasjonar. For å verne rettane til medlemmene av ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon bør ikkje ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skilje mellom dei rettane han forvaltar gjennom representasjonsavtaler, og dei rettane han forvaltar direkte for rettshavarane sine. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen bør heller ikkje kunne gjere frådrag frå inntektene frå rettar som vert kravde inn på vegner av ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon, bortsett frå frådrag for administrasjonskostnader, utan uttrykkeleg samtykke frå den andre organisasjonen. Det bør òg krevjast at kollektive forvaltingsorganisasjonar ikkje fordeler og gjer utbetalingar til andre organisasjonar på grunnlag av slike representasjonsavtaler, seinare enn til sine eigne medlemmer og andre rettshavarar som dei representerer, men som ikkje er medlemmer. Vidare bør mottakarorganisasjonen på si side straks fordele dei uteståande beløpa til dei rettshavarane som han representerer.

  • 31) Rimelege og ikkje-diskriminerande lisensvilkår er særleg viktig for å sikre brukarane lisensar for verk og anna verna arbeid som ein kollektiv forvaltingsorganisasjon representerer rettane til, og for å sikre rettshavarane eit høveleg vederlag. Lisensforhandlingar mellom dei kollektive forvaltingsorganisasjonane og brukarane bør difor skje i god tru og med satsar som er fastsette på grunnlag av objektive og ikkje-diskriminerande kriterium. Det bør krevjast at lisensavgifta eller vederlaget som dei kollektive forvaltingsorganisasjonane fastset, er rimeleg med omsyn til mellom anna den økonomiske verdien av bruken av rettane i ein spesifikk samanheng. Dei kollektive forvaltingsorganisasjonane bør òg vere raske med å svare på førespurnader frå brukarar som ønskjer lisensar.

  • 32) I det digitale miljøet må dei kollektive forvaltingsorganisasjonane jamleg lisensiere repertoaret sitt, slik at det omfattar heilt nye former for utnytting og nye forretningsmodellar. I slike tilfelle, og for å fremje eit miljø som er gunstig for utviklinga av slike lisensar, bør kollektive forvaltingsorganisasjonar ha den fleksibiliteten som krevst for raskt å kunne tilby skreddarsydde lisensar for nyskapande nettenester, utan at det rører ved bruken av konkurranseregelverket, og utan risiko for at desse lisensvilkåra skal verte ei rettesnor ved fastsetjing av vilkåra for andre lisensar.

  • 33) For at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane skal kunne etterleve dei pliktene som er fastsette i dette direktivet, bør brukarane gje desse organisasjonane relevante opplysningar om bruken av dei rettane som dei kollektive forvaltingsorganisasjonane representerer. Denne plikta bør ikkje gjelde fysiske personar som handlar utanfor rammene av nærings-, forretnings-, handverks- eller yrkesverksemda si, og som difor fell utanfor den definisjonen av brukar som er fastsett i dette direktivet. Dessutan bør opplysningane som skal gjevast til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane, avgrensast til det som er rimeleg, naudsynt og tilgjengeleg for brukaren, for at slike organisasjonar skal kunne utføre oppgåvene sine, og med særleg omsyn til at små og mellomstore føretak er i ei særstilling. Denne plikta kan inngå i ei avtale mellom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon og ein brukar, men står ikkje i vegen for nasjonal lovfesta rett til opplysningar. Dei fristane som brukarane har for framlegging av opplysningar, bør gjere det mogleg for dei kollektive forvaltingsorganisasjonane å halde dei fastsette fristane for fordeling av dei uteståande beløpa til rettshavarane. Dette direktivet rører ikkje ved det høvet medlemsstatane har til å krevje at kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte på territoriet deira, skal sende ut felles fakturaer.

  • 34) For å auke tilliten blant rettshavarar, brukarar og andre kollektive forvaltingsorganisasjonar med omsyn til måten dei kollektive forvaltingsorganisasjonane forvaltar rettane på, bør alle kollektive forvaltingsorganisasjonar oppfylle særlege innsynskrav. Kvar kollektive forvaltingsorganisasjon eller kvar medlem av ein slik organisasjon som utgjer ei eining som har ansvar for å tildele eller utbetale uteståande beløp til rettshavarar, bør difor påleggjast å gje visse opplysningar til kvar einskilde rettshavar minst éin gong i året, til dømes om dei beløpa som dei er tildelte eller har motteke, og dei frådraga som er gjorde. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør òg vere plikta til å gje tilstrekkelege opplysningar, medrekna finansiell informasjon, til dei andre kollektive forvaltingsorganisasjonane som dei forvaltar rettar for gjennom representasjonsavtaler.

  • 35) For å sikre at rettshavarar, andre kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar har tilgang til opplysningar om omfanget av verksemda til organisasjonen og om dei verka eller anna verna arbeid som organisasjonen representerer, bør ein kollektiv forvaltingsorganisasjon leggje fram opplysningar om dette dersom han får ein tilbørleg grunngjeven førespurnad. Krav om eventuelle høvelege gebyr for å yte denne tenesta, og i så fall i kva omfang, bør handsamast i nasjonal lovgjeving. Alle kollektive forvaltingsorganisasjonar bør òg offentleggjere opplysningar om organisasjonsstrukturen og korleis dei utfører verksemda si, særleg organisasjonsvedtektene og den generelle praksisen deira med omsyn til administrasjonskostnader, frådrag og satsar.

  • 36) For å sikre at rettshavarar skal kunne overvake og jamføre kor godt dei kollektive forvaltingsorganisasjonane fungerer, bør slike organisasjonar offentleggjere ein årleg innsynsrapport som inneheld revidert finansiell informasjon som kan jamførast, og som er spesifikk for verksemda deira. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør òg offentleggjere ein årleg særrapport som utgjer ein del av den årlege innsynsrapporten, som viser beløpa som vert sette av til sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester. Dette direktivet bør ikkje vere til hinder for at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon kan offentleggjere dei opplysningane som skal inngå i den årlege innsynsrapporten, i eitt dokument, til dømes som ein del av årsrekneskapen, eller i separate rapportar.

  • 37) Nettenesteleverandørar som nyttar musikkverk, til dømes musikktenester som lèt forbrukarane laste ned eller lytte til musikk i direkteavspelingsmodus, eller andre tenester som gjev tilgang til filmar eller spel der musikk er eit viktig element, må først sikre seg retten til å nytte slike verk. Direktiv 2001/29/EF krev at det må vere éin lisens for kvar einskild rett når det gjeld bruk av musikkverk på nettet. For opphavsmennene omfattar desse rettane eineretten til eksemplarframstilling og eineretten til overføring av musikkverk til ålmenta, mellom anna retten til tilgjengeleggjering. Desse rettane kan forvaltast av rettshavarane sjølve, til dømes opphavsmenn eller musikkutgjevarar, eller av kollektive forvaltingsorganisasjonar som yter kollektive forvaltingstenester til rettshavarar. Det kan vere forskjellige kollektive forvaltingsorganisasjonar som forvaltar opphavsrettar med omsyn til eksemplarframstilling og overføring til ålmenta. Vidare finst det tilfelle der fleire rettshavarar har rettar til det same verket og har gjeve forskjellige organisasjonar fullmakt til å lisensiere sine delar av rettane til verket. Alle brukarar som ønskjer å gje forbrukarane ei netteneste med eit breitt utval av musikkverk, må samle rettane til verka frå forskjellige rettshavarar og kollektive forvaltingsorganisasjonar.

  • 38) Sjølv om internett ikkje har grenser, er nettmarknaden for musikktenester i Unionen framleis fragmentert, og ein har så langt ikkje oppnådd ein reell digital felles marknad. Kompleksiteten og vanskane som er knytte til kollektiv forvalting av rettar i Europa, har i mange tilfelle auka fragmenteringa av den europeiske digitale marknaden for musikktenester på nettet. Denne situasjonen står i sterk kontrast til den raske veksten i etterspurnaden frå forbrukarane når det gjeld tilgang til digitalt innhald og tilhøyrande nyskapande tenester, medrekna tenester på tvers av landegrensene.

  • 39) I kommisjonsrekommandasjon 2005/737/EF uttrykkjer Kommisjonen støtte til eit nytt og betre regelverk, på unionsplan, for forvalting av opphavsrett og nærståande rettar i samband med yting av lovlege musikktenester på nettet. Det vart slått fast at i ei tid der musikkverk vert utnytta på nettet, har dei kommersielle brukarane behov for eit multiterritorielt lisenssystem som er tilpassa det grenselause internettmiljøet. Rekommandasjonen har likevel ikkje vore tilstrekkeleg når det gjeld å fremje omfattande multiterritoriell lisensiering av nettrettar til musikkverk, og heller ikkje når det gjeld å løyse dei særlege utfordringane ved multiterritoriell lisensiering.

  • 40) Når det gjeld musikk på nettet, er den kollektive forvaltinga av opphavsrettar vanlegvis framleis knytt til eit geografisk område, og difor er det svært viktig å skape vilkår som gjev dei kollektive forvaltingsorganisasjonane ein mest moglege effektiv lisenspraksis i eit miljø som vert stadig meir grensekryssande. Difor bør det utarbeidast eit sett med reglar som fastset grunnleggjande vilkår for korleis dei kollektive forvaltingsorganisasjonane skal nytte multiterritoriell kollektiv lisensiering av opphavsrettar til musikkverk for nettbruk, medrekna songtekstar. Dei same reglane bør òg gjelde slik lisensiering av alle musikkverk, medrekna musikkverk som inngår i audiovisuelle verk. Nettenester som berre gjev tilgang til musikkverk i form av musikknotar, bør likevel ikkje omfattast. Føresegnene i dette direktivet bør sikre den minstekvaliteten som er naudsynt for dei tenestene som dei kollektive forvaltingsorganisasjonane yter over landegrensene, særleg når det gjeld innsyn i dei repertoara dei representerer, og høve til å kontrollere at kapitalstraumane som er knytte til bruken av rettane, er korrekte. Det bør òg fastsetjast eit rammeverk som fremjar frivillig samling av musikkrepertoar og rettar, noko som fører til at brukarane treng færre lisensar for å kunne yte ei tverrterritorial teneste med fleire repertoar. Desse føresegnene bør gjere det mogleg for ein kollektiv forvaltingsorganisasjon å be ein annan organisasjon om å representere repertoaret sitt på fleire territorium dersom organisasjonen sjølv ikkje kan eller ønskjer å oppfylle krava. Den organisasjonen som får ein slik førespurnad, bør vere plikta til å godta fullmakta til den organisasjonen som kjem med førespurnaden, så framt han alt samlar repertoar og tilbyr eller tildeler multiterritorielle lisensar. Utviklinga av lovlege nettbaserte musikktenester i Unionen bør òg medverke til færre brot på opphavsretten på nettet.

  • 41) Tilgangen til korrekte og fullstendige opplysningar om musikkverk, rettshavarar og rettar som kvar einskild kollektive forvaltingsorganisasjon har fått fullmakt til å representere innanfor eit visst territorium, er svært viktig med tanke på ein effektiv og open lisensieringsprosess, vidare handsaming av brukarrapportane, fakturering av tenesteytarane og fordeling av uteståande beløp. Difor bør kollektive forvaltingsorganisasjonar som tildeler multiterritorielle lisensar for musikkverk, ha ressursar til å kunne handsame slike detaljerte data raskt og nøyaktig. Dette krev bruk av databasar som inneheld opplysningar om eigarskap til rettar som er lisensierte for fleire territorium, noko som gjer det mogleg å identifisere verk, rettar og rettshavarar som ein kollektiv forvaltingsorganisasjon har fullmakt til å representere, og dei territoria som er omfatta av fullmakta. Eventuelle endringar i desse opplysningane bør handsamast snarast mogleg, og databasane bør ajourførast kontinuerleg. Desse databasane bør òg gjere det lettare å knyte opplysningar om verk til opplysningar om fonogram eller andre opptak som verket inngår i. Det er òg viktig å sikre at framtidige brukarar, rettshavarar og kollektive forvaltingsorganisasjonar har tilgang til dei opplysningane dei treng for å kunne identifisere repertoaret som desse organisasjonane representerer. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør kunne gjere tiltak for å sikre dataintegritet og nøyaktige opplysningar, kontrollere bruken av opplysningane og verne forretningsmessig følsame opplysningar.

  • 42) Det bør krevjast at kollektive forvaltingsorganisasjonar som tildeler multiterritorielle lisensar for musikkverk, straks ajourfører databasane sine, og at dei gjer dette kontinuerleg for å sikre mest mogleg korrekte opplysningar om musikkrepertoaret som dei handsamar. Dei kollektive forvaltingsorganisasjonane bør innføre lett tilgjengelege framgangsmåtar slik at nettenesteleverandørar, rettshavarar og andre kollektive forvaltingsorganisasjonar kan informere dei om eventuelle feil i databasane når det gjeld verk som dei eig eller kontrollerer, medrekna fullstendige eller delar av rettar, og når det gjeld dei territoria som dei har gjeve ein relevant kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å handle på, men utan at dette set på spel presisjonen og integriteten til dei dataa som den kollektive forvaltingsorganisasjonen tek hand om. Ettersom europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF6 gjev alle som er registrerte, rett til å krevje at alle feilaktige eller ufullstendige opplysningar vert retta, sletta eller sperra, bør det ved dette direktivet òg sikrast at feilaktige opplysningar om rettshavarar eller andre kollektive forvaltingsorganisasjonar i samband med multiterritorielle lisensar, vert retta snarast mogleg. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør òg ha ressursar til å handsame på elektronisk måte registreringa av verk og fullmaktene om forvalting av rettar. Ettersom automatisert informasjonshandsaming er svært viktig med tanke på rask og effektiv handsaming av data, bør kollektive forvaltingsorganisasjonar syte for at rettshavarane har høve til å kommunisere elektronisk for å gjere utvekslinga av desse opplysningane mest mogleg strukturert. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør i størst mogleg grad syte for at ei slik elektronisk form følgjer dei aktuelle frivillige industristandardane eller den praksisen som har vakse fram på internasjonalt plan eller på unionsplan.

  • 43) Industristandardar for musikkbruk, salsrapportering og fakturering er avgjerande for å effektivisere utvekslinga av data mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar. Overvaking av bruken av lisensar bør vere i samsvar med grunnleggjande rettar, medrekna retten til respekt for privat- og familieliv, og retten til vern av personopplysningar. For å sikre at denne effektiviseringa gjev gevinstar i form av raskare finansiell handsaming og dermed tidlegare utbetalingar til rettshavarar, bør kollektive forvaltingsorganisasjonar påleggjast straks å setje i gong fakturering av tenesteytarar og fordeling av dei uteståande beløpa til rettshavarane. For at dette kravet skal vere verknadsfullt, må brukarane innan rimeleg tid leggje fram for kollektive forvaltingsorganisasjonar nøyaktige rapportar om bruken av verk. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør ikkje vere plikta til å ta imot rapportar frå brukarar i vilkårlege format, dersom det finst industristandardar som er i vanleg bruk. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør ikkje hindrast i å setje ut tenester som er knytte til tildeling av multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk. Deling eller konsolidering av sakshandsamingsressursar kan hjelpe organisasjonane med å betre forvaltingstenestene og rasjonalisere investeringane i datahandsamingsverktøy.

  • 44) Det å samle forskjellige musikkrepertoar med sikte på multiterritoriell lisensiering lettar lisensieringa, og ved å gjere alt repertoar tilgjengeleg på marknaden for multiterritoriell lisensiering vert det kulturelle mangfaldet styrkt, samstundes som leverandøren av nettenester kan tilby tenestene sine med færre transaksjonar. Denne samlinga av repertoar bør gjere det lettare å utvikle nye nettenester og bør dessutan redusere transaksjonskostnadene som vert skuva over på forbrukarane. Kollektive forvaltingsorganisasjonar som ikkje ønskjer eller er i stand til å tildele multiterritorielle lisensar direkte for sitt eige musikkrepertoar, bør difor oppmodast om frivillig å gje andre kollektive forvaltingsorganisasjonar fullmakt til å forvalte dette repertoaret på ein ikkje-diskriminerande måte. Einerett i avtaler om multiterritorielle lisensar avgrensar vala til brukarar som ønskjer multiterritorielle lisensar, og avgrensar òg vala til kollektive forvaltingsorganisasjonar som ønskjer forvaltingstenester for repertoaret sitt på tvers av landegrensene. Difor bør alle representasjonsavtaler mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar om multiterritoriell lisensiering, inngåast utan einerett.

  • 45) Det er svært viktig at medlemmene av kollektive forvaltingsorganisasjonar har innsyn i dei vilkåra som gjeld når kollektive forvaltingsorganisasjonar forvaltar nettrettar. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør difor gje medlemmene sine tilstrekkeleg med opplysningar om hovudvilkåra i eventuelle avtaler som gjev andre kollektive forvaltingsorganisasjonar fullmakt til å representere musikknettrettane til desse medlemmene i samband med multiterritoriell lisensiering.

  • 46) Det er òg viktig å krevje at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane som tilbyr eller tildeler multiterritorielle lisensar, går med på å representere repertoaret til ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon som ikkje ønskjer å gjere dette direkte. For å sikre at dette kravet ikkje er urimeleg og ikkje går lenger enn det som er naudsynt, bør den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein førespurnad, vere plikta til å godta representasjonsførespurnaden berre dersom han er avgrensa til nettrettar eller kategoriar av nettrettar som han representerer sjølv. Dessutan bør dette kravet berre gjelde kollektive forvaltingsorganisasjonar som samlar repertoar, og ikkje kollektive forvaltingsorganisasjonar som berre tilbyr multiterritorielle lisensar for sitt eige repertoar. Kravet bør heller ikkje gjelde kollektive forvaltingsorganisasjonar som berre samlar rettar til dei same verka for å kunne utføre lisensiering av retten til eksemplarframstilling og retten til overføring til ålmenta under eitt for desse verka. For å verne interessene til rettshavarane hjå den kollektive forvaltingsorganisasjonen som gjev fullmakta, og for å gje små og mindre kjende repertoar i medlemsstatane tilgang til den indre marknaden på like vilkår, er det viktig at repertoaret til den kollektive forvaltingsorganisasjonen som gjev fullmakta, vert forvalta på same vilkår som dei som gjeld for repertoaret til den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får fullmakta, og at det vert teke med i tilbod som den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får fullmakta, rettar mot leverandørar av nettenester. Dei administrasjonskostnadene som forvaltingsorganisasjonen som får ei fullmakt, fakturerer, bør gje organisasjonen høve til å få tilbake dei naudsynte og rimelege investeringane han har gjort. Avtaler som inneber at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon gjev ein annan organisasjon eller andre organisasjonar fullmakt til å tildele multiterritorielle lisensar for sitt eige musikkrepertoar for bruk på nettet, bør ikkje hindre den førstnemnde kollektive forvaltingsorganisasjonen i å halde fram med å tildele lisensar, avgrensa til territoriet til den medlemsstaten der den nemnde organisasjonen er etablert, for sitt eige repertoar og alle andre repertoar som han har fullmakt til å representere innanfor dette territoriet.

  • 47) Føremålet med og verknaden av reglane for multiterritoriell lisensiering gjennom kollektive forvaltingsorganisasjonar vil verte kraftig svekt dersom rettshavarane ikkje kan utøve slike rettar med omsyn til multiterritorielle lisensar, i tilfelle der den kollektive forvaltingsorganisasjonen som dei har tildelt rettane sine til, ikkje ønskjer å tildele eller tilby multiterritorielle lisensar og heller ikkje gjev ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å gjere dette. I slike høve er det difor viktig at rettshavarane kan utøve retten til å tildele dei multiterritorielle lisensane som nettenesteleverandørar treng, anten sjølve eller gjennom ein annan part eller andre partar, ved å kalle tilbake rettane frå den opphavlege kollektive forvaltingsorganisasjonen, i den grad det er naudsynt i samband med multiterritoriell lisensiering for bruk på nettet, og la dei same rettane verte verande hjå den opphavlege organisasjonen med sikte på lisensiering på eitt territorium.

  • 48) Kringkastingsføretak har vanlegvis ein lisens frå ein lokal kollektiv forvaltingsorganisasjon for fjernsyns- og radioprogramsendingane sine som inneheld musikkverk. Slike lisensar er ofte avgrensa til kringkastingsverksemd. For at slike fjernsyns- eller radiosendingar òg skal kunne vere tilgjengelege på nettet, vert det kravd ein lisens for nettrettar til musikkverk. For å lette lisensieringa av nettrettar til musikkverk ved nettoverføring av fjernsyns- og radiosendingar, i sanntid og opptak, er det naudsynt å fastsetje eit unntak frå reglane som elles gjeld for multiterritoriell lisensiering av nettrettar til musikkverk. Eit slikt unntak bør avgrensast til det som er naudsynt for å få tilgang til fjernsyns- eller radioprogram på nettet, og til materiale med eit klart og underordna tilhøve til den opphavlege sendinga, og som vert produsert mellom anna for utfylling, førehandsvising eller vurdering av det aktuelle fjernsyns- eller radioprogrammet. Dette unntaket bør ikkje nyttast på ein slik måte at det oppstår vriding i konkurransen med andre tenester som gjev forbrukarane tilgang til einskilde musikkverk eller audiovisuelle verk på nettet, og det bør heller ikkje føre til konkurranseavgrensande handlemåtar, som til dømes deling av marknader eller kundar, som er eit brot på artikkel 101 eller 102 i TVEU.

  • 49) Det er naudsynt å sikre effektiv handheving av dei internrettslege føresegnene som er vedtekne i medhald av dette direktivet. Kollektive forvaltingsorganisasjonar bør tilby medlemmene sine særskilde prosedyrar for handsaming av klager. Desse prosedyrane bør òg gjerast tilgjengelege for andre rettshavarar som er representerte av organisasjonen direkte, og for andre kollektive forvaltingsorganisasjonar som han forvaltar rettar for gjennom ei representasjonsavtale. Medlemsstatane bør òg kunne fastsetje at tvistar med omsyn til bruken av dette direktivet mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar, medlemmene deira, rettshavarar eller brukarar, kan handsamast gjennom ein rask, uavhengig og upartisk prosedyre for alternativ tvisteløysing. Særleg kan reglane om multiterritoriell lisensiering av nettrettar til musikkverk verte svekte dersom tvistar mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar og andre partar, ikkje vert løyste raskt og effektivt. Utan at det rører ved retten til å bringe ei sak inn for ein domstol, bør det difor fastsetjast at lett tilgjengelege, effektive og upartiske utanrettslege prosedyrar skal kunne nyttast, slik som mekling eller valdgift, for å løyse konfliktar mellom på den eine sida kollektive forvaltingsorganisasjonar som tildeler multiterritorielle lisensar, og på den andre sida nettenesteleverandørar, rettshavarar eller andre kollektive forvaltingsorganisasjonar. Dette direktivet fastset ikkje spesifikt korleis slike alternative tvisteløysingar skal organiserast, og heller ikkje kva for eit organ som skal stå for utføringa, så lenge det er uavhengig, upartisk og effektivt. Det bør òg krevjast at medlemsstatane, anten gjennom organ som har sakkunnskap om immaterialrett, eller gjennom domstolane, har uavhengige, upartiske og effektive prosedyrar for tvisteløysing som er eigna til å løyse handelstvistar mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar i spørsmål som gjeld eksisterande lisensvilkår eller framlegg om lisensvilkår, eller ved avtalebrot.

  • 50) Medlemsstatane bør fastsetje høvelege framgangsmåtar som gjer det mogleg å overvake korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar etterlever dette direktivet. Sjølv om det ikkje er føremålstenleg at dette direktivet grip inn i handlefridomen til medlemsstatane med omsyn til val av rette styresmakter eller om kontrollen av dei kollektive forvaltingsorganisasjonane skal utførast som ein før- eller etterkontroll, bør det sikrast at desse styresmaktene er i stand til å løyse dei problema som kan oppstå i samband med bruken av dette direktivet, på ein effektiv måte og innan rimeleg tid. Medlemsstatane bør ikkje ha plikt til å utnemne nye rette styresmakter. Vidare bør det vere mogleg for medlemmer av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, rettshavarar, brukarar, kollektive forvaltingsorganisasjonar og andre partar som det kjem ved, å melde frå til den rette styresmakta om verksemd eller tilhøve som etter deira syn inneber at kollektive forvaltingsorganisasjonar, og eventuelt brukarar, har gjort seg skuldige i eit lovbrot. Medlemsstatane bør syte for at dei rette styresmaktene har fullmakt til å innføre sanksjonar eller tiltak dersom dei internrettslege føresegnene om gjennomføringa av dette direktivet, ikkje vert etterlevde. Dette direktivet fastset ikkje spesifikke typar sanksjonar eller tiltak, så lenge dei er verknadsfulle, svarar til brotet og hindrar nye brot. Slike sanksjonar eller tiltak kan omfatte ordrar om å avsetje styremedlemmer som har handla med aktløyse, inspeksjonar av lokala til ein kollektiv forvaltingsorganisasjon eller tilbakekalling av fullmakta til ein organisasjon som har fått utferda ei fullmakt til å drive verksemd. Dette direktivet bør vere nøytralt med omsyn til eksisterande fullmakts- og tilsynsordningar i medlemsstatane, medrekna eit representativitetskrav til den kollektive forvaltingsorganisasjonen, i den grad desse ordningane er i samsvar med EU-retten og ikkje hindrar at dette direktivet vert nytta fullt ut.

  • 51) For å sikre at krava til multiterritoriell lisensiering vert etterlevde, bør det fastsetjast særskilde føresegner om overvaking av gjennomføringa av desse krava. Dei rette styresmaktene i medlemsstatane bør difor samarbeide med Kommisjonen. Medlemsstatane bør hjelpe kvarandre gjennom informasjonsutveksling mellom dei rette styresmaktene for å lette overvakinga av kollektive forvaltingsorganisasjonar.

  • 52) Det er viktig at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane respekterer retten til privatliv og vern av personopplysningar for alle rettshavarar, medlemmer, brukarar og alle andre personar som dei handsamar personopplysningar for. Direktiv 95/46/EF regulerer den handsaminga av personopplysningar i medlemsstatane som skjer innanfor ramma av det nemnde direktivet og under tilsyn frå dei rette styresmaktene i medlemsstatane, særleg offentlege uavhengige styresmakter som er peikte ut av medlemsstatane. Rettshavarar bør få høveleg informasjon om korleis opplysningar om deira person vert handsama, kven som mottek slike opplysningar, fristar for kor lenge opplysningane kan lagrast i databasane, og korleis rettshavarane kan utøve rettane sine for å få tilgang til, rette eller slette personopplysningar om seg sjølve, i samsvar med direktiv 95/46/EF. Særleg bør eintydig identifikasjon som gjer indirekte identifikasjon av ein person mogleg, handsamast som personopplysningar slik det er fastsett i det nemnde direktivet.

  • 53) Føresegnene om handhevingstiltak bør ikkje røre ved dei fullmaktene som uavhengige offentlege nasjonale styresmakter har, slik det er fastsett av medlemsstatane i medhald av direktiv 95/46/EF, til å overvake etterlevinga av dei nasjonale føresegnene som er vedtekne for å gjennomføre det nemnde direktivet.

  • 54) Dette direktivet er i samsvar med dei grunnleggjande rettane og dei prinsippa som er forankra i pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar («pakta»). Føresegnene om tvisteløysing i dette direktivet bør ikkje hindre partane i å utøve retten til å bringe ei sak inn for ein domstol, slik det vert garantert i pakta.

  • 55) Ettersom måla for dette direktivet, som er å gjere det enklare for medlemmer å føre kontroll med verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar, garantere tilstrekkeleg innsyn i kollektive forvaltingsorganisasjonar og betre den multiterritorielle lisensieringa av opphavsrettar til musikkverk for bruk på nettet, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, men som på grunn av omfanget og verknadene av tiltaka betre kan nåast på unionsplan, kan Unionen vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet, slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten om Den europeiske unionen. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette direktivet lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  • 56) Føresegnene i dette direktivet rører ikkje ved bruken av konkurransereglar og anna relevant lovgjeving på andre område, medrekna fortruleg handsaming, forretningsløyndomar, personvern, dokumenttilgang, avtalerett og internasjonal privatrett som gjeld lovkonflikt og domsmakta til domstolane, organisasjonsfridomen til arbeidstakarane og arbeidsgjevarane, og organisasjonsretten deira.

  • 57) I samsvar med den felles politiske fråsegna frå medlemsstatane og Kommisjonen av 28. september 2011 om forklarande dokument7 har medlemsstatane plikta seg til at meldinga om innarbeidingstiltaka i rettkomne tilfelle skal følgjast av eitt eller fleire dokument som syner samanhengen mellom dei ulike delane av eit direktiv og dei tilsvarande delane av dei nasjonale innarbeidingsdokumenta. Med omsyn til dette direktivet reknar regelgjevaren det som rettkome at slike dokument vert oversende.

  • 58) Datatilsynsmannen til EU vart rådspurt i samsvar med artikkel 28 nr. 2 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 45/20018 og gav ei fråsegn den 9. oktober 2012 –

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Avdeling I

Allmenne føresegner

Artikkel 1

Føremål

I dette direktivet er det fastsett krav som er naudsynte for å sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar forvaltar opphavsrett og nærståande rettar på ein tilfredsstillande måte. Det vert òg fastsett krav til kollektive forvaltingsorganisasjonar i samband med multiterritoriell lisensiering av opphavsrettar til musikkverk for bruk på nettet.

Artikkel 2

Verkeområde

  • 1. Avdeling I, II, IV og V, bortsett frå artikkel 34 nr. 2 og artikkel 38, skal nyttast på alle kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte i Unionen.

  • 2. Avdeling III og artikkel 34 nr. 2 og artikkel 38 skal nyttast på kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte i Unionen, og som forvaltar opphavsrettar til musikkverk for multiterritoriell bruk på nettet.

  • 3. Dei relevante føresegnene i dette direktivet skal nyttast på einingar som ein kollektiv forvaltingsorganisasjon eig eller kontrollerer direkte eller indirekte, heilt eller delvis, så framt desse einingane driv ei verksemd som, dersom ho hadde vore driven av den kollektive forvaltingsorganisasjonen, ville ha vore underlagd føresegnene i dette direktivet.

  • 4. Artikkel 16 nr. 1, artikkel 18 og 20, artikkel 21 nr. 1 bokstav a), b), c), e), f) og g) og artikkel 36 og 42 skal nyttast på alle uavhengige forvaltingseiningar som er etablerte i Unionen.

Artikkel 3

Definisjonar

I dette direktivet tyder:

  • a) «kollektiv forvaltingsorganisasjon» alle organisasjonar som ved lov eller gjennom tildeling, lisens eller anna avtalefesta ordning har fullmakt til å forvalte opphavsrett eller nærståande rettar til opphavsretten på vegner av meir enn éin rettshavar, til felles nytte for desse rettshavarane, og som har dette som det einaste eller viktigaste føremålet sitt, og som oppfyller eitt eller begge av dei følgjande kriteria:

    • i) han er eigd eller kontrollert av medlemmene sine,

    • ii) han vert driven på ideelt grunnlag,

  • b) «uavhengig forvaltingseining» alle organisasjonar som ved lov eller gjennom tildeling, lisens eller anna avtalefesta ordning har fullmakt til å forvalte opphavsrett eller nærståande rettar til opphavsretten på vegner av meir enn éin rettshavar, til felles nytte for desse rettshavarane, og som har dette som det einaste eller viktigaste føremålet sitt, og som:

    • i) verken er eigd eller kontrollert, direkte eller indirekte, heilt eller delvis, av rettshavarane, og

    • ii) ikkje vert driven på ideelt grunnlag,

  • c) «rettshavar» alle personar eller einingar, bortsett frå kollektive forvaltingsorganisasjonar, som er innehavarar av ein opphavsrett eller nærståande rett, eller som innanfor ramma av ei avtale om utnytting av rettar eller ved lov, har rett til ein del av inntektene frå rettar,

  • d) «medlem» ein rettshavar eller ei eining som representerer rettshavarar, medrekna andre kollektive forvaltingsorganisasjonar og samanslutningar av rettshavarar, som oppfyller krava til medlemskap i den kollektive forvaltingsorganisasjonen, og som er tekne opp av organisasjonen,

  • e) «vedtekter» vedtektene, reglane eller dokumenta om stiftinga av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon,

  • f) «generalforsamling for medlemmer» organet i den kollektive forvaltingsorganisasjonen der medlemmer tek del og nyttar røysteretten sin, utan omsyn til kva juridisk form organisasjonen har,

  • g) «styremedlem»

    • i) alle medlemmer av styret, når det ifølgje nasjonal lovgjeving eller ifølgje vedtektene til den kollektive forvaltingsorganisasjonen, er fastsett at styret skal ha ei einskapleg samansetjing,

    • ii) alle medlemmer av styret eller kontrollorganet, når det ifølgje nasjonal lovgjeving eller ifølgje vedtektene til den kollektive forvaltingsorganisasjonen, er fastsett at styret skal ha ei todelt samansetjing,

  • h) «inntekter frå rettar» inntekter som vert kravde inn av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon på vegner av rettshavarar, anten som følgje av ein einerett, ein rett til vederlag eller ein rett til godtgjersle,

  • i) «administrasjonskostnader» dei beløpa som ein kollektiv forvaltingsorganisasjon debiterer, trekkjer frå eller motreknar mot inntekter frå rettar eller frå eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, for å dekkje dei kostnadene han har i samband med administrasjonen av opphavsrett eller nærståande rettar,

  • j) «representasjonsavtale» alle avtaler mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar der éin kollektiv forvaltingsorganisasjon gjev ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å forvalte rettane som han representerer, medrekna avtaler som er gjorde i medhald av artikkel 29 og 30,

  • k) «brukar» alle personar eller einingar som utfører handlingar som krev fullmakt frå rettshavarar, vederlag til rettshavarar eller godtgjersle til rettshavarar i form av betaling, og som ikkje handlar i eigenskap av å vere forbrukar,

  • l) «repertoar» dei verka som ein kollektiv forvaltingsorganisasjon forvaltar rettane til,

  • m) «multiterritoriell lisens» ein lisens som omfattar territoriet til meir enn éin medlemsstat,

  • n) «nettrettar til musikkverk» alle rettar som ein opphavsmann har til eit musikkverk i samsvar med artikkel 2 og 3 i direktiv 2001/29/EF, og som er naudsynte for å kunne levere ei netteneste.

Avdeling II

Kollektive forvaltingsorganisasjonar

Kapittel 1

Representasjon av rettshavarar, medlemskap og organisering av kollektive forvaltingsorganisasjonar

Artikkel 4

Allmenne prinsipp

Medlemsstatane skal syte for at kollektive forvaltingsorganisasjonar handlar på beste måte for dei rettshavarane som dei representerer rettane til, og at dei ikkje pålegg dei plikter som objektivt sett ikkje er naudsynte for vern av rettane og interessene deira eller for effektiv forvalting av rettane deira.

Artikkel 5

Rettane til rettshavarane

  • 1. Medlemsstatane skal syte for at rettshavarane har dei rettane som er fastsette i nr. 2–8, og at desse rettane er fastsette i vedtektene eller medlemskapsvilkåra til den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 2. Rettshavarar har rett til å gje ein kollektiv forvaltingsorganisasjon etter eige val fullmakt til å forvalte rettar, kategoriar av rettar eller typar verk og anna verna arbeid etter eige val, for territorium etter eige val, uavhengig av kva medlemsstat den kollektive forvaltingsorganisasjonen eller rettshavaren er statsborgar, busett eller etablert i. Med mindre den kollektive forvaltingsorganisasjonen har objektive grunnar til å nekte og påta seg forvalting, er han plikta til å forvalte slike rettar, kategoriar av rettar eller typar verk og anna verna arbeid, så framt forvaltinga høyrer inn under verkeområdet for verksemda til organisasjonen.

  • 3. Rettshavarar skal ha rett til å tildele lisensar for ikkje-kommersiell bruk av alle rettar, kategoriar av rettar eller typar verk og anna verna arbeid etter eige val.

  • 4. Rettshavarar har rett til å seie opp den fullmakta om forvalting av rettar, kategoriar av rettar eller typar verk og anna verna arbeid som dei har tildelt ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, eller kalle tilbake frå ein kollektiv forvaltingsorganisasjon rettar, kategoriar av rettar eller typar verk og anna verna arbeid etter eige val, som fastsett i medhald av nr. 2, for territorium etter eige val, etter at dei har gjeve eit rimeleg varsel som ikkje overstig seks månader. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen kan avgjere at ei slik oppseiing eller tilbakekalling skal ta til å gjelde først når rekneskapsåret er avslutta.

  • 5. Dersom ein rettshavar har uteståande beløp i tilknyting til utnytting av rettar som fann stad før fullmakta vart oppsagd eller tilbakekallinga av rettar tok til å gjelde, eller det vart nytta ein lisens som var tildelt før ei slik oppseiing eller tilbakekalling tok til å gjelde, skal rettshavaren kunne halde fram med å nytte rettane sine i medhald av artikkel 12, 13, 18, 20, 28 og 33.

  • 6. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal ikkje avgrense utøvinga av dei rettane som er fastsette i nr. 4 og 5, ved å krevje som eit vilkår for utøvinga av desse rettane, at forvaltinga av rettane eller kategoriane av rettar eller typane verk og anna verna arbeid som vert omfatta av oppseiinga eller tilbakekallinga, skal overlatast til ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon.

  • 7. I tilfelle der ein rettshavar gjev ein kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å forvalte rettane sine, må han samtykke spesifikt for kvar rett eller kategori av rettar eller type verk og anna verna arbeid som han gjev fullmakt til den kollektive forvaltingsorganisasjonen til å forvalte. Alt slikt samtykke skal vere dokumentert.

  • 8. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal informere rettshavarane om rettane deira i medhald av nr. 1–7 og om alle vilkår som er knytte til den retten som er fastsett i nr. 3, før han innhentar samtykke frå dei til å forvalte rettar eller kategoriar av rettar eller typar verk og anna verna arbeid.

    Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal informere dei rettshavarane som alt har gjeve han fullmakt, om rettane deira i medhald av nr. 1–7, og dessutan om alle vilkår som er knytte til den retten som er fastsett i nr. 3, innan 10. oktober 2016.

Artikkel 6

Reglar for medlemskap i kollektive forvaltingsorganisasjonar

  • 1. Medlemsstatane skal syte for at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane følgjer dei reglane som er fastsette i nr. 2–5.

  • 2. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal godta rettshavarar og einingar som representerer rettshavarar, medrekna andre kollektive forvaltingsorganisasjonar og samanslutningar av rettshavarar, som medlemmer dersom dei oppfyller medlemskapskrava, som skal byggje på objektive og ikkje-diskriminerande kriterium med høve til innsyn. Desse medlemskapskrava skal takast med i vedtektene eller medlemskapsvilkåra til den kollektive forvaltingsorganisasjonen og gjerast offentleg tilgjengelege. I tilfelle der ein kollektiv forvaltingsorganisasjon ikkje godtek ein førespurnad om medlemskap, skal han gje rettshavaren ei tydeleg forklaring om årsaka til dette.

  • 3. Vedtektene til ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal omfatte høvelege og effektive framgangsmåtar som gjer det mogleg for medlemmene å ta del i avgjerdsprosessen til organisasjonen. Dei ulike medlemskategoriane skal vere representerte på ein rimeleg og balansert måte i avgjerdsprosessen.

  • 4. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal gje medlemmene sine høve til å kommunisere elektronisk med organisasjonen, òg i spørsmål som gjeld utøving av medlemsrettar.

  • 5. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal føre register over medlemmene sine og ajourføre desse registera jamleg.

Artikkel 7

Rettar for rettshavarar som ikkje er medlemmer av kollektive forvaltingsorganisasjonar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar følgjer dei reglane som er fastsette i artikkel 6 nr. 4, artikkel 20, artikkel 29 nr. 2 og artikkel 33 med omsyn til rettshavarar som ved lov eller gjennom tildeling, lisens eller anna avtalefesta ordning har eit direkte rettstilhøve til organisasjonen, men som ikkje er medlemmer.

  • 2. Medlemsstatane kan nytte andre føresegner i dette direktivet på dei rettshavarane som er nemnde i nr. 1.

Artikkel 8

Generalforsamling for medlemmer i kollektive forvaltingsorganisasjonar

  • 1. Medlemsstatane skal syte for at generalforsamlinga for medlemmer er organisert i samsvar med dei reglane som er fastsette i nr. 2–10.

  • 2. Det skal kallast inn til generalforsamling for medlemmer minst éin gong i året.

  • 3. Generalforsamlinga for medlemmer skal ta avgjerder om eventuelle endringar i vedtektene og medlemskapsvilkåra til den kollektive forvaltingsorganisasjonen dersom desse vilkåra ikkje vert regulerte i vedtektene.

  • 4. Generalforsamlinga for medlemmer skal ta avgjerder om utpeiking eller avsetjing av styremedlemmer, vurdere den allmenne innsatsen til styremedlemmene og godkjenne vederlag og andre ytingar til dei, som til dømes monetære og ikkje-monetære ytingar, pensjonar og pensjonsrettar, rett til sluttvederlag og andre vederlag.

    I ein kollektiv forvaltingsorganisasjon med eit styre som byggjer på eit todelt system, skal ikkje generalforsamlinga for medlemmer ta avgjerder om utpeiking eller avsetjing av styremedlemmer eller godkjenning av vederlag eller andre ytingar, dersom fullmakta til å ta slike avgjerder er delegert til kontrollorganet.

  • 5. I samsvar med føresegnene som er fastsette i kapittel 2 i avdeling II, skal generalforsamlinga for medlemmer i alle fall ta avgjerder om følgjande:

    • a) dei allmenne prinsippa for fordelinga av uteståande beløp til rettshavarar,

    • b) dei allmenne prinsippa for bruken av beløp som ikkje kan fordelast,

    • c) den allmenne investeringsstrategien med omsyn til inntekter frå rettar og eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar,

    • d) dei allmenne prinsippa med omsyn til frådrag frå inntekter frå rettar og frå eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar,

    • e) bruken av beløp som ikkje kan fordelast,

    • f) risikohandsamingsstrategien,

    • g) godkjenninga av kjøp, sal eller pantsetjing av fast eigedom,

    • h) godkjenninga av fusjonar og alliansar, oppretting av dotterføretak og kjøp av andre einingar eller aksjar eller rettar i andre einingar,

    • i) godkjenninga av låneopptak, yting av lån eller stilling av lånegaranti.

  • 6. Generalforsamlinga for medlemmer kan delegere dei fullmaktene som er førte opp under nr. 5 bokstav f), g), h) og i), ved ei avgjerd eller ei føresegn i vedtektene, til det organet som utøver tilsynsfunksjonen.

  • 7. For føremåla med nr. 5 bokstav a) til d) kan medlemsstatane krevje at generalforsamlinga for medlemmer fastset meir detaljerte vilkår for bruken av inntektene frå rettar og innkomene frå investering av inntektene frå rettar.

  • 8. Generalforsamlinga for medlemmer skal kontrollere verksemda i den kollektive forvaltingsorganisasjonen gjennom i alle fall å ta avgjerder om utpeiking og oppseiing av revisor og godkjenning av den årlege innsynsrapporten som er nemnd i artikkel 22.

    Medlemsstatane kan tillate alternative system eller reglar for utpeiking og oppseiing av revisor så framt desse systema eller reglane er utforma på ein måte som sikrar den frie stillinga til revisoren i høve til dei personane som leier verksemda i den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 9. Alle medlemmer av den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal ha rett til å ta del i og røyste i generalforsamlinga for medlemmer. Medlemsstatane kan likevel tillate avgrensing av den retten som medlemmene av den kollektive forvaltingsorganisasjonen har til å ta del i og nytte røysteretten på generalforsamlinga for medlemmer, på grunnlag av eitt av eller begge dei følgjande kriteria:

    • a) kor lenge medlemskapen har vart,

    • b) beløp som er mottekne av eller er uteståande til ein medlem,

      så framt desse kriteria er fastsette og vert nytta på ein rimeleg og høveleg måte.

    Dei kriteria som er fastsette i første leddet bokstav a) og b), skal takast med i vedtektene eller medlemskapsvilkåra til den kollektive forvaltingsorganisasjonen og gjerast offentleg tilgjengelege i samsvar med artikkel 19 og 21.

  • 10. Alle medlemmer av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal ha rett til å peike ut ein annan person eller ei anna eining til fullmaktshavar som kan ta del i og røyste på deira vegner i generalforsamlinga for medlemmer, så framt slik utpeiking ikkje fører til interessekonfliktar, til dømes dersom fullmaktshavaren og medlemmen som peikar han ut, høyrer til forskjellige kategoriar av rettshavarar i den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

    Medlemsstatane kan likevel fastsetje avgrensingar med omsyn til utpeikinga av fullmaktshavarar og utøvinga av røysterettane til medlemmene som dei representerer, så framt slike avgrensingar ikkje rører ved det høvet medlemmene har til å delta i avgjerdsprosessen i ein kollektiv forvaltingsorganisasjon på ein høveleg og effektiv måte.

    Kvar fullmakt skal berre gjelde for éi generalforsamling for medlemmer. Fullmaktshavaren skal ha dei same rettane i generalforsamlinga for medlemmer som den medlemmen som peikar han ut, ville ha hatt. Fullmaktshavaren skal røyste i samsvar med instruksane frå den medlemmen som har peika han ut.

  • 11. Medlemsstatane kan avgjere at fullmakta til generalforsamlinga for medlemmer skal kunne utøvast av ei forsamling av representantar som medlemmene av den kollektive forvaltingsorganisasjonen vel minst kvart fjerde år, så framt:

    • a) medlemmene av den kollektive forvaltingsorganisasjonen er sikra høveleg og effektiv deltaking i avgjerdsprosessen, og

    • b) dei ulike medlemskategoriane er representerte på ein rimeleg og balansert måte i forsamlinga av representantar.

    Dei reglane som er fastsette i nr. 2–10, skal nyttast tilsvarande på forsamlinga av representantar.

  • 12. Medlemsstatane kan avgjere at i kollektive forvaltingsorganisasjonar med ei juridisk form som inneber at dei ikkje har ei generalforsamling for medlemmer, skal fullmakta til denne forsamlinga utøvast av det organet som utøver tilsynsfunksjonen. Dei reglane som er fastsette i nr. 2–5, 7 og 8, skal nyttast tilsvarande på det organet som utøver kontrollfunksjonen.

  • 13. Medlemsstatane kan avgjere at dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon har medlemmer som er einingar som representerer rettshavarar, skal alle eller nokre av fullmaktene til generalforsamlinga for medlemmer utøvast av ei forsamling av desse rettshavarane. Dei reglane som er fastsette i nr. 2–10, skal nyttast tilsvarande på forsamlinga av rettshavarar.

Artikkel 9

Tilsynsfunksjon

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at kvar kollektive forvaltingsorganisasjon har ein tilsynsfunksjon som fortlaupande skal kunne ettersjå arbeidet til dei personane som leiar verksemda til organisasjonen, og kor godt dei oppfyller pliktene sine.

  • 2. Dei ulike medlemskategoriane i kollektive forvaltingsorganisasjonar skal vere representerte på ein rimeleg og balansert måte i det organet som utøver tilsynsfunksjonen.

  • 3. Alle som utøver tilsynsfunksjonen skal leggje fram for generalforsamlinga for medlemmer ei årleg individuell fråsegn om interessekonfliktar, der dei opplysningane som er nemnde i artikkel 10 nr. 2 andre leddet, er tekne med.

  • 4. Det organet som utøver tilsynsfunksjonen, skal møtast jamleg og minst ha makt til å

    • a) utøve dei fullmaktene som generalforsamlinga for medlemmer har delegert til dei, mellom anna i medhald av artikkel 8 nr. 4 og 6,

    • b) ettersjå arbeidet til dei personane som er nemnde i artikkel 10, og kor godt dei oppfyller pliktene sine, medrekna gjennomføringa av avgjerdene frå generalforsamlinga for medlemmer, og særleg dei allmenne prinsippa som er førte opp i artikkel 8 nr. 5 bokstav a) til d).

  • 5. Det organet som utøver tilsynsfunksjonen, skal rapportere til generalforsamlinga for medlemmer minst éin gong i året om korleis det utøver fullmaktene sine.

Artikkel 10

Pliktene til dei personane som leier verksemda i den kollektive forvaltingsorganisasjonen

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at alle dei kollektive forvaltingsorganisasjonane gjer dei tiltaka som er naudsynte for at dei personane som leier verksemda i organisasjonen, skal gjere dette på ein god, forsvarleg og høveleg måte og ved å nytte god forvaltings- og rekneskapspraksis og gode internkontrollordningar.

  • 2. Medlemsstatane skal sikre at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane innfører og nyttar prosedyrar for å unngå interessekonfliktar, og at dei identifiserer, handterer, overvaker og opplyser om eksisterande eller potensielle interessekonfliktar dersom slike konfliktar er uunngåelege, og at dei gjer det på ein slik måte at det ikkje får negative følgjer for dei kollektive interessene til dei rettshavarane som organisasjonen representerer.

    Dei prosedyrane som er nemnde i første leddet, skal omfatte ei årleg individuell fråsegn frå kvar av dei personane som er nemnde i nr. 1, til generalforsamlinga for medlemmer, med opplysningar om følgjande:

    • a) eventuelle interesser knytte til den kollektive forvaltingsorganisasjonen,

    • b) eventuelle vederlag som er mottekne frå den kollektive forvaltingsorganisasjonen i det føregåande rekneskapsåret, òg i form av pensjonsordningar, naturalytingar og andre typar ytingar,

    • c) eventuelle beløp som rettshavarar har motteke frå den kollektive forvaltingsorganisasjonen i det føregåande rekneskapsåret,

    • d) ei fråsegn om eventuelle eksisterande eller potensielle konfliktar mellom personlege interesser og interessene til den kollektive forvaltingsorganisasjonen eller mellom pliktene overfor den kollektive forvaltingsorganisasjonen og pliktene overfor andre fysiske eller juridiske personar.

Kapittel 2

Forvalting av inntekter frå rettar

Artikkel 11

Innkrevjing og bruk av inntekter frå rettar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane følgjer dei reglane som er fastsette i nr. 2–5.

  • 2. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal vise aktsemd ved innkrevjing og forvalting av inntekter frå rettar.

  • 3. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal halde følgjande frå kvarandre i rekneskapen:

    • a) inntekter frå rettar og eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, og

    • b) eventuelle eigne aktiva og inntekter frå desse, frå administrasjonskostnader eller frå anna verksemd.

  • 4. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal ikkje kunne nytte inntekter frå rettar eller eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, til andre føremål enn fordeling til rettshavarar, bortsett frå når organisasjonen etter ei avgjerd som er teken etter artikkel 8 nr. 5 bokstav d), har fått lov til å trekkje frå eller motrekne mot administrasjonskostnadene sine, eller når han etter ei avgjerd som er teken etter artikkel 8 nr. 5, har fått lov til å nytte inntektene frå rettar eller eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar.

  • 5. Dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon investerer inntekter frå rettar eller eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, skal han gjere dette på beste måte for rettshavarane som han representerer rettane til, i samsvar med den allmenne investerings- og risikohandsamingsstrategien som er nemnd i artikkel 8 nr. 5 bokstav c) og f), og med tilvising til dei følgjande reglane:

    • a) ved potensielle interessekonfliktar skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen sikre at investeringa heilt og halde tek i vare interessene til desse rettshavarane,

    • b) aktivaa skal investerast for å sikre tryggleik, kvalitet, likviditet og lønsemd i den samla porteføljen,

    • c) aktivaa skal spreiast på høveleg måte for å unngå overdriven vektlegging av særskilde aktiva og akkumulert risiko i den samla porteføljen.

Artikkel 12

Frådrag

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at dersom ein rettshavar gjev ein kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å forvalte rettane sine, har den kollektive forvaltingsorganisasjonen plikt til å opplyse rettshavaren om administrasjonskostnader og andre frådrag frå inntektene frå rettar og frå eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, før organisasjonen får samtykke til å forvalte rettane til rettshavaren.

  • 2. Frådraga skal vere rimelege jamført med tenestene som den kollektive forvaltingsorganisasjonen yter til rettshavarane, eventuelt òg medrekna dei tenestene som er nemnde i nr. 4, og skal fastsetjast på grunnlag av objektive kriterium.

  • 3. Administrasjonskostnadene skal ikkje overstige dei grunngjevne og dokumenterte kostnadene som den kollektive forvaltingsorganisasjonen har i samband med forvaltinga av opphavsrett og nærståande rettar.

    Medlemsstatane skal sikre at dei krava som gjeld bruken av og innsynet i beløp som er trekte frå eller motrekna mot administrasjonskostnader, skal nyttast på alle andre frådrag som er gjorde for å dekkje kostnader som er knytte til forvaltinga av opphavsrett og nærståande rettar.

  • 4. Dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon yter sosiale, kulturelle eller utdanningsmessige tenester som vert finansierte gjennom frådrag frå inntekter frå rettar eller frå eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, skal slike tenester ytast på grunnlag av rimelege kriterium, særleg med omsyn til tilgangen til og omfanget av desse tenestene.

Artikkel 13

Fordeling av uteståande beløp til rettshavarar

  • 1. Utan at det rører ved artikkel 15 nr. 3 og artikkel 28 skal medlemsstatane sikre at alle kollektive forvaltingsorganisasjonar jamleg fordeler og betalar uteståande beløp til rettshavarar på ein samvitsfull og korrekt måte, i samsvar med dei allmenne fordelingsprinsippa som er nemnde i artikkel 8 nr. 5 bokstav a).

    Medlemsstatane skal òg sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar, eller medlemmer av dei dersom desse medlemmene er einingar som representerer rettshavarar, fordeler og betalar desse beløpa til rettshavarane snarast mogleg og seinast ni månader etter avsluttinga av det rekneskapsåret då inntektene frå rettar vart kravde inn, med mindre objektive grunnar særleg i samband med rapportering frå brukarane, identifisering av rettar, rettshavarar eller knyting av opplysningar om verk og anna verna arbeid til rettshavarar, gjer at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane, eller eventuelt medlemmene deira, ikkje er i stand til å halde denne fristen.

  • 2. Dersom dei uteståande beløpa til rettshavarane ikkje kan fordelast innan den fristen som er fastsett i nr. 1, fordi det ikkje er mogleg å identifisere eller lokalisere dei relevante rettshavarane, og unntaket for denne fristen ikkje kan nyttast, skal desse beløpa bokførast kvar for seg i rekneskapen til den kollektive forvaltingsorganisasjonen.

  • 3. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte i samsvar med nr. 1, for å identifisere og lokalisere rettshavarane. Særleg skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen innan tre månader etter at den fristen som er fastsett i nr. 1, har gått ut, gjere opplysningar om verk og anna verna arbeid som det ikkje er identifisert eller lokalisert éin eller fleire rettshavarar til, tilgjengelege for:

    • a) dei rettshavarane som han representerer, eller dei einingane som representerer rettshavarane, dersom desse einingane er medlemmer av den kollektive forvaltingsorganisasjonen, og

    • b) alle kollektive forvaltingsorganisasjonar som han har inngått representasjonsavtaler med.

    Dei opplysningane som er nemnde i første leddet, skal omfatte følgjande dersom dei er tilgjengelege:

    • a) tittelen på verket eller det andre verna arbeidet,

    • b) namnet på rettshavaren,

    • c) namnet på den relevante forleggjaren/utgjevaren eller produsenten, og

    • d) eventuelle andre relevante opplysningar som er tilgjengelege, og som kan medverke til at rettshavaren vert identifisert.

    Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal òg verifisere dei registera som er nemnde i artikkel 6 nr. 5, og andre lett tilgjengelege register. Dersom dei førnemnde tiltaka ikkje gjev resultat, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen gjere desse opplysningane tilgjengelege for ålmenta innan eitt år etter at tremånadersperioden er omme.

  • 4. Dersom dei uteståande beløpa til rettshavarane framleis ikkje kan fordelast tre år etter avsluttinga av det rekneskapsåret då inntektene frå rettar vart kravde inn, og så framt den kollektive forvaltingsorganisasjonen har gjort alle naudsynte tiltak for å identifisere og lokalisere rettshavarane som er nemnde i nr. 3, skal desse beløpa reknast som beløp som ikkje kan fordelast.

  • 5. Generalforsamlinga for medlemmer i ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal avgjere korleis beløp som ikkje kan fordelast i samsvar med artikkel 8 nr. 5 bokstav b), skal nyttast, utan at det rører ved rettshavarane sin rett til å gjere krav på slike beløp frå den kollektive forvaltingsorganisasjonen etter lovgjevinga i medlemsstatane om foreldingsfristar for krav.

  • 6. Medlemsstatane kan avgrense eller fastsetje tillaten bruk av beløp som ikkje kan fordelast, mellom anna ved å syte for at slike beløp vert nytta på ein særskild og uavhengig måte til finansiering av sosial, kulturell og utdanningsmessig verksemd for rettshavarar.

Kapittel 3

Forvalting av rettar på vegner av andre kollektive forvaltingsorganisasjonar

Artikkel 14

Rettar som vert forvalta gjennom representasjonsavtaler

Medlemsstatane skal sikre at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som forvaltar rettar for ein rettshavar gjennom ei representasjonsavtale, gjer dette på ein måte som ikkje medfører skilnadshandsaming, særleg med omsyn til gjeldande satsar, administrasjonskostnader og vilkåra for innkrevjing av inntekter frå rettar og fordeling av uteståande beløp til rettshavarar.

Artikkel 15

Frådrag og utbetalingar innanfor representasjonsavtaler

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon ikkje gjer frådrag, utanom for administrasjonskostnader, frå inntektene frå dei rettane som han forvaltar gjennom ei representasjonsavtale, eller frå eventuelle innkomer frå investering av desse inntektene frå rettar, med mindre den andre kollektive forvaltingsorganisasjonen som er part i representasjonsavtala, gjev uttrykkjeleg samtykke til slike frådrag.

  • 2. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal jamleg fordele og betale uteståande beløp til andre kollektive forvaltingsorganisasjonar på ein samvitsfull og korrekt måte.

  • 3. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal utføre denne fordelinga og utbetalinga til dei andre kollektive forvaltingsorganisasjonane snarast mogleg og seinast ni månader etter avsluttinga av det rekneskapsåret då inntektene frå rettar vart kravde inn, med mindre objektive grunnar knytte særleg til rapportering frå brukarane, identifisering av rettar, rettshavarar eller tilknyting av opplysningar om verk og anna verna arbeid til rettshavarar, gjer at den kollektive forvaltingsorganisasjonen ikkje er i stand til å halde denne fristen.

    Den andre kollektive forvaltingsorganisasjonen, eller medlemmer av organisasjonen dersom desse medlemmene er einingar som representerer rettshavarar, skal fordele og betale dei uteståande beløpa til rettshavarane snarast mogleg, men seinast seks månader frå mottak av desse beløpa, med mindre objektive grunnar særleg i samband med rapportering frå brukarane, identifisering av rettar, rettshavarar eller knyting av opplysningar om verk og anna verna arbeid til rettshavarar, gjer at den kollektive forvaltingsorganisasjonen, eller eventuelt medlemmene av organisasjonen, ikkje er i stand til å halde denne fristen.

Kapittel 4

Tilhøvet til brukarane

Artikkel 16

Lisensiering

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at forhandlingar mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar om lisensiering av rettar, vert førte i god tru. Dei kollektive forvaltingsorganisasjonane og brukarane skal gje kvarandre alle naudsynte opplysningar.

  • 2. Lisensieringsvilkåra skal byggje på objektive og ikkje-diskriminerande kriterium. Ved lisensiering av rettar skal kollektive forvaltingsorganisasjonar ikkje vere plikta til å nytte lisensvilkår som vert avtalte med ein brukar, som rettleiande for andre typar nettenester, dersom brukaren tilbyr ein ny type netteneste som har vore tilgjengeleg for ålmenta i Unionen i mindre enn tre år.

    Rettshavarar skal få eit høveleg vederlag for bruken av rettane. Satsane for einerettar og rettar til vederlag skal stå i eit rimeleg høve til mellom anna den økonomiske handelsverdien av bruken av rettane, både med omsyn til typen og omfanget av bruken av verket og anna verna arbeid, og til den økonomiske verdien av tenesta som den kollektive forvaltingsorganisasjonen leverer. Dei kollektive forvaltingsorganisasjonane skal informere den aktuelle brukaren om kva for kriterium som er nytta til å fastsetje satsane.

  • 3. Kollektive forvaltingsorganisasjonar skal snarast mogleg svare på førespurnader frå brukarane og mellom anna spesifisere kva slags opplysningar som er naudsynte for at organisasjonen skal kunne tilby ein lisens.

    Når alle dei relevante opplysningane er mottekne, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen snarast mogleg anten tilby ein lisens eller gje brukaren ei grunngjeven fråsegn som viser kvifor han ikkje ønskjer å lisensiere ei viss teneste.

  • 4. Ein kollektiv forvaltingsorganisasjon skal gje brukarane høve til å kommunisere elektronisk med organisasjonen, medrekna eventuell rapportering om bruken av lisensen.

Artikkel 17

Pliktene til brukarane

Medlemsstatane skal vedta føresegner som sikrar at brukarane, innan ein frist som er avtalt eller fastsett på førehand, og i eit format som er avtalt eller fastsett på førehand, gjev den kollektive forvaltingsorganisasjonen dei relevante opplysningane som dei har om bruken av dei rettane som den kollektive forvaltingsorganisasjonen representerer, og som er naudsynte for innkrevjing av inntekter frå rettar og for fordeling og utbetaling av uteståande beløp til rettshavarar. Når det skal avgjerast kva for eit format slike opplysningar skal leggjast fram i, skal dei kollektive forvaltingsorganisasjonane og brukarane i størst mogleg grad ta omsyn til frivillige industristandardar.

Kapittel 5

Innsyn og rapportering

Artikkel 18

Opplysningar til rettshavarar om forvaltinga av rettane deira

  • 1. Utan at det rører ved nr. 2 i denne artikkelen, artikkel 19 og artikkel 28 nr. 2, skal medlemsstatane sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar minst éin gong i året gjer minst dei følgjande opplysningane tilgjengelege for alle rettshavarar som dei i det tidsrommet som opplysningane gjeld for, har tildelt inntekter frå rettar eller gjort utbetalingar til:

    • a) kontaktopplysningar som rettshavaren har gjeve den kollektive forvaltingsorganisasjonen fullmakt til å nytte, for å kunne identifisere og lokalisere rettshavaren,

    • b) inntekter frå rettar som er tildelte rettshavaren,

    • c) beløp som den kollektive forvaltingsorganisasjonen har betalt til rettshavaren, for kvar kategori av rettar som er forvalta, og for kvar type bruk,

    • d) det tidsrommet der bruken fann stad, og som rettshavaren har fått tildelt beløp og betaling for, med mindre objektive grunnar knytte til rapportering frå brukarane hindrar den kollektive forvaltingsorganisasjonen i å gje desse opplysningane,

    • e) frådrag som er gjorde for administrasjonskostnader,

    • f) frådrag som er gjorde for andre føremål enn administrasjonskostnader, medrekna frådrag som kan vere pålagde ved nasjonal lovgjeving for å kunne yte sosiale, kulturelle eller utdanningsmessige tenester,

    • g) eventuelle inntekter frå rettar som er tildelte rettshavarane, men som er uteståande for eit visst tidsrom.

  • 2. Dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon tildeler inntekter frå rettar og har medlemmer som er einingar som har ansvar for å fordele inntektene frå rettar til rettshavarane, skal organisasjonen gje desse einingane dei opplysningane som er førte opp i nr. 1, dersom dei ikkje alt har desse opplysningane. Medlemsstatane skal sikre at einingane minst éin gong i året gjer minst dei opplysningane som er førte opp i nr. 1, tilgjengelege for alle rettshavarar som dei har tildelt inntekter frå rettar eller gjort utbetalingar til, i det tidsrommet som opplysningane gjeld for.

Artikkel 19

Opplysningar til andre kollektive forvaltingsorganisasjonar om forvalting av rettar gjennom representasjonsavtaler

Medlemsstatane skal syte for at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon minst éin gong i året gjer minst følgjande opplysningar tilgjengelege elektronisk for kollektive forvaltingsorganisasjonar som han forvaltar rettar på vegner av gjennom ei representasjonsavtale, for det tidsrommet som opplysningane gjeld for:

  • a) dei tildelte inntektene frå rettar, dei beløpa som den kollektive forvaltingsorganisasjonen har betalt for kvar kategori av rettar som er forvalta og for kvar type bruk, for dei rettane som han forvaltar gjennom representasjonsavtala, og eventuelle inntekter frå rettar som er tildelte, men som er uteståande for eit visst tidsrom,

  • b) frådrag som er gjorde for administrasjonskostnader,

  • c) frådrag som er gjorde for andre føremål enn administrasjonskostnader, som nemnt i artikkel 15,

  • d) opplysningar om lisensar som er tildelte eller avviste, som gjeld verk og anna verna arbeid som er omfatta av representasjonsavtala,

  • e) avgjerder som er vedtekne av generalforsamlinga for medlemmer, i den grad desse avgjerdene er relevante for forvaltinga av rettane gjennom representasjonsavtala.

Artikkel 20

Opplysningar til rettshavarar, andre kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar på bakgrunn av ein førespurnad

Utan at det rører ved artikkel 25, skal medlemsstatane sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar, som svar på ein tilbørleg grunngjeven førespurnad, snarast mogleg gjer minst følgjande opplysningar tilgjengelege elektronisk for kollektive forvaltingsorganisasjonar som han forvaltar rettar for gjennom ei representasjonsavtale, eller for rettshavarar eller brukarar:

  • a) dei verka eller andre verna arbeid som han representerer, dei rettane som han forvaltar, anten direkte eller gjennom representasjonsavtaler, og dei territoria som er omfatta, eller

  • b) dersom det ikkje er mogleg å fastsetje slike verk eller anna verna arbeid på grunn av omfanget av verksemda til den kollektive forvaltingsorganisasjonen, dei typane verk eller anna verna arbeid som han representerer, dei rettane som han forvaltar og dei territoria som er omfatta.

Artikkel 21

Offentleggjering av opplysningar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar offentleggjer minst følgjande opplysningar:

    • a) vedtektene til organisasjonen,

    • b) medlemskapsvilkåra til organisasjonen og vilkåra for å seie opp ei fullmakt om forvalting av rettar dersom dette ikkje går fram av vedtektene,

    • c) standardlisensavtaler og gjeldande standardsatsar, medrekna rabattar,

    • d) lista over dei personane som er nemnde i artikkel 10,

    • e) dei allmenne prinsippa til organisasjonen med omsyn til fordeling av uteståande beløp til rettshavarar,

    • f) dei allmenne prinsippa til organisasjonen med omsyn til administrasjonskostnader,

    • g) dei allmenne prinsippa til organisasjonen med omsyn til frådrag, utanom for administrasjonskostnader, frå inntekter frå rettar og frå eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, medrekna frådrag for sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester,

    • h) ei oversikt over dei representasjonsavtalene som organisasjonen har inngått, og namna på dei kollektive forvaltingsorganisasjonane som organisasjonen har gjort desse representasjonsavtalene med,

    • i) dei allmenne prinsippa for bruken av beløp som ikkje kan fordelast,

    • j) dei tilgjengelege prosedyrane for klagehandsaming og tvisteløysing i samsvar med artikkel 33, 34 og 35.

  • 2. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal offentleggjere og ajourføre dei opplysningane som er nemnde i nr. 1, på den offentlege nettstaden sin.

Artikkel 22

Årleg innsynsrapport

  • 1. Medlemsstatane skal syte for at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, uavhengig av kva for juridisk form han har etter nasjonal lovgjeving, utarbeider og offentleggjer ein årleg innsynsrapport, medrekna den særrapporten som er nemnd i nr. 3, for kvart rekneskapsår og seinast åtte månader etter at rekneskapsåret er avslutta.

    Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal offentleggjere den årlege innsynsrapporten på nettstaden sin, og rapporten skal vere tilgjengeleg for ålmenta på denne nettstaden i minst fem år.

  • 2. Den årlege innsynsrapporten skal innehalde minst dei opplysningane som er oppførte i vedlegget.

  • 3. Ein særrapport skal ta føre seg bruken av dei beløpa som vert trekte frå for sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester, og skal innehalde minst dei opplysningane som er oppførte i nr. 3 i vedlegget.

  • 4. Rekneskapsopplysningane i den årlege innsynsrapporten skal reviderast av éin eller fleire personar som ved lov har fullmakt til å utføre revisjon av rekneskap, i samsvar med europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/43/EF9.

    Revisjonsrapporten, medrekna eventuelle atterhald, skal inngå i den årlege innsynsrapporten.

    I dette nummeret skal rekneskapsopplysningar omfatte den finansrekneskapen som er nemnd i nr. 1 bokstav a) i vedlegget og all finansiell informasjon som er nemnd i nr. 1 bokstav g) og h) og i nr. 2 i vedlegget.

Avdeling III

Multiterritoriell lisensiering av nettrettar til musikkverk gjennom kollektive forvaltingsorganisasjonar

Artikkel 23

Multiterritoriell lisensiering i den indre marknaden

Medlemsstatane skal syte for at kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte på territoriet deira, oppfyller krava i denne avdelinga når dei tildeler multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk.

Artikkel 24

Ressursar til å handsame multiterritorielle lisensar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som tildeler multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk, har tilstrekkeleg med ressursar til at han på ein open og effektiv måte kan handsame elektronisk dei opplysningane som krevst for forvaltinga av slike lisensar, mellom anna med omsyn til identifisering av repertoaret og overvaking av bruken av det, fakturering av brukarar, innkrevjing av inntekter frå rettar og fordeling av uteståande beløp til rettshavarar.

  • 2. For føremåla med nr. 1 skal ein kollektiv forvaltingsorganisasjon oppfylle minst dei følgjande krava:

    • a) Han skal vere i stand til å identifisere tydeleg heile eller delar av musikkverk som organisasjonen har fullmakt til å representere.

    • b) Han skal vere i stand til å identifisere tydeleg alle eller delar av rettane for kvart relevante territorium og rettshavarane til desse rettane, for kvart musikkverk eller del av det som organisasjonen har fullmakt til å representere.

    • c) Han skal nytte eintydige identifikatorar for å identifisere rettshavarar og musikkverk, samstundes som det i størst mogleg grad vert teke omsyn til frivillige industristandardar og praksis som har vakse fram på internasjonalt plan eller på unionsplan.

    • d) Han skal nytte høvelege middel til effektivt og innan rimeleg tid å kunne identifisere og utbetre inkonsekvensar i opplysningar som vert tekne hand om av andre kollektive forvaltingsorganisasjonar som tildeler multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk.

Artikkel 25

Innsyn i opplysningar om multiterritorielt repertoar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som tildeler multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk, på elektronisk måte og etter ein tilbørleg grunngjeven førespurnad, gjev nettenesteleverandørar, rettshavarar som han representerer rettane til, og andre kollektive forvaltingsorganisasjonar ajourførte opplysningar som gjer det mogleg å identifisere det nettbaserte musikkrepertoaret som han representerer. Opplysningane skal omfatte:

    • a) dei musikkverka som vert representerte,

    • b) dei rettane som vert fullt ut eller delvis representerte, og

    • c) dei territoria som vert omfatta.

  • 2. Dei kollektive forvaltingsorganisasjonane kan om naudsynt gjere høvelege tiltak for å sikre dataintegritet og nøyaktige opplysningar, kontrollere bruken av opplysningane og verne forretningsmessig følsame opplysningar.

Artikkel 26

Nøyaktige opplysningar om multiterritorielt repertoar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som tildeler multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk, har innført ordningar som gjer det mogleg for rettshavarar, andre kollektive forvaltingsorganisasjonar og nettenesteleverandørar, å be om retting av dei opplysningane som er nemnde i lista over vilkår i artikkel 24 nr. 2, eller dei opplysningane som er gjevne etter artikkel 25, der slike rettshavarar, kollektive forvaltingsorganisasjonar og nettenesteleverandørar, på grunnlag av tilfredsstillande prov, meiner at det finst feil i dataa eller opplysningane om nettrettane deira til musikkverk. Dersom kravet er dokumentert i tilstrekkeleg grad, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen sikre at slike data eller opplysningar vert retta snarast mogleg.

  • 2. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal gje rettshavarar som har musikkverk som inngår i musikkrepertoaret til organisasjonen, og rettshavarar som i samsvar med artikkel 31 har overlate forvaltinga av nettrettane sine til musikkverk til organisasjonen, høve til å leggje fram for han opplysningar i elektronisk form om musikkverka sine, rettane sine til desse musikkverka og dei territoria som dei gjev organisasjonen fullmakt for. I samband med dette skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen og rettshavarane i størst mogleg grad ta omsyn til frivillige industristandardar eller den praksisen som har vakse fram på internasjonalt plan eller på unionsplan for utveksling av data, slik at rettshavarane kan spesifisere heile eller delar av musikkverket, alle eller delar av nettrettane, og dei territoria som dei gjev organisasjonen fullmakt for.

  • 3. Dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon gjev ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å tildele multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk etter artikkel 29 og 30, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har fått denne fullmakta, òg nytte nr. 2 i denne artikkelen med omsyn til rettshavarar som har musikkverk som inngår i repertoaret til den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har gjeve fullmakta, med mindre organisasjonane har avtalt noko anna.

Artikkel 27

Nøyaktig og rettidig rapportering og fakturering

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon overvaker korleis nettrettane til musikkverk som han representerer fullt ut eller delvis, vert nytta av dei nettenesteleverandørane som han har tildelt ein multiterritoriell lisens til for desse rettane.

  • 2. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal gje leverandørane av nettenester høve til å rapportere i elektronisk form om den faktiske bruken av nettrettar til musikkverk, og leverandørane skal på ein nøyaktig måte rapportere om den faktiske bruken av desse verka. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal tilby bruk av minst éin rapporteringsmåte som følgjer frivillige industristandardar eller den praksisen som har vakse fram på internasjonalt plan eller på unionsplan, for elektronisk utveksling av slike data. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen kan nekte å ta imot rapportar frå leverandøren av nettenester dersom dei har nytta eit vilkårleg format, så framt organisasjonen tilbyr rapportering ved hjelp av ein industristandard for elektronisk utveksling av data.

  • 3. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal fakturere leverandøren av nettenester elektronisk. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal tilby bruk av minst eitt format som følgjer frivillige industristandardar eller den praksisen som har vakse fram på internasjonalt plan eller på unionsplan. Fakturaen skal innehalde opplysningar om dei verka og dei rettane som er fullt ut eller delvis lisensierte, på grunnlag av dei opplysningane som er nemnde i lista over vilkår i artikkel 24 nr. 2, og bruken av desse verka og rettane, i den grad dette er mogleg ut frå dei opplysningane som er gjevne av nettenesteleverandøren, og det formatet som desse opplysningane er gjevne i. Nettenesteleverandøren kan ikkje nekte å ta imot ein faktura på grunn av fakturaformatet dersom den kollektive forvaltingsorganisasjonen nyttar ein industristandard.

  • 4. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal fakturere nettenesteleverandøren på ein korrekt måte straks etter at bruken av nettrettane til dette musikkverket er rapportert, med mindre dette ikkje er mogleg på grunn av årsaker som skuldast nettenesteleverandøren.

  • 5. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen skal ha innført høvelege ordningar som nettenesteleverandøren kan nytte dersom han meiner at fakturaen ikkje er korrekt, òg dersom han får fakturaer frå éin eller fleire kollektive forvaltingsorganisasjonar for dei same nettrettane til det same musikkverket.

Artikkel 28

Nøyaktig og rettidig utbetaling til rettshavarane

  • 1. Utan at det rører ved nr. 3, skal medlemsstatane syte for at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som tildeler multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk, fordeler dei uteståande lisensbeløpa til rettshavarar på ein korrekt måte, straks etter at bruken av verket er rapportert, med mindre dette ikkje er mogleg på grunn av årsaker som skuldast nettenesteleverandøren.

  • 2. Utan at det rører ved nr. 3, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen saman med kvar utbetaling han gjer i medhald av nr. 1, gje rettshavarane minst følgjande opplysningar:

    • a) det tidsrommet for den bruken som ligg til grunn for dei uteståande beløpa til rettshavarane, og dei territoria der bruken fann stad,

    • b) dei beløpa som er kravde inn, dei frådraga som er gjorde og dei beløpa som den kollektive forvaltingsorganisasjonen har fordelt for alle nettrettar til musikkverk som rettshavaren har gjeve den kollektive forvaltingsorganisasjonen fullmakt til å representere fullt ut eller delvis,

    • c) dei beløpa som er kravde inn for rettshavarar, dei frådraga som er gjorde, og dei beløpa som den kollektive forvaltingsorganisasjonen har fordelt med omsyn til kvar nettenesteleverandør.

  • 3. Dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon gjev ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å tildele multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk etter artikkel 29 og 30, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har fått fullmakta, straks og på korrekt måte fordele dei beløpa som er nemnde i nr. 1, og gje dei opplysningane som er nemnde i nr. 2, til den kollektive forvaltingsorganisasjonen som gjev fullmakta. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som gjev fullmakta, har ansvaret for vidarefordelinga av desse beløpa og for at desse opplysningane vert gjevne til rettshavarane, med mindre dei kollektive forvaltingsorganisasjonane har avtalt noko anna.

Artikkel 29

Avtaler mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar i samband med multiterritoriell lisensiering

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at representasjonsavtalene mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar der ein kollektiv forvaltingsorganisasjon gjev ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon fullmakt til å tildele multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk i sitt eige musikkrepertoar, ikkje inneber nokon einerett. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har fått fullmakt, skal forvalte desse nettrettane på ein ikkje-diskriminerande måte.

  • 2. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som gjev fullmakta, skal informere medlemmene sine om hovudvilkåra i avtala, mellom anna kor lenge ho varer og kostnadene knytte til dei tenestene som den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har fått fullmakta, leverer.

  • 3. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har fått fullmakta, skal informere den kollektive forvaltingsorganisasjonen som gjev fullmakta, om hovudvilkåra for lisensieringa av nettrettane til den sistnemnde organisasjonen, medrekna typen utnytting, alle føresegner som høyrer til eller påverkar lisensavgifta, kor lenge lisensen varer, rekneskapsperiodane og dei territoria som er omfatta.

Artikkel 30

Plikt til å representere ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon i samband med multiterritoriell lisensiering

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som ikkje tildeler eller tilbyr tildeling av multiterritorielle lisensar for nettrettane til musikkverk i sitt eige repertoar, ber om at ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon inngår ein representasjonsavtale for å representere desse rettane, er den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein slik førespurnad, plikta til å akseptere førespurnaden dersom han alt tildeler eller tilbyr tildeling av multiterritorielle lisensar for den same kategorien av nettrettar til musikkverk i repertoaret til éin eller fleire andre kollektive forvaltingsorganisasjonar.

  • 2. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein slik førespurnad, skal snarast mogleg gje eit skriftleg svar til den kollektive forvaltingsorganisasjonen som sende førespurnaden.

  • 3. Utan at det rører ved nr. 5 og 6, skal den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein førespurnad, forvalte det repertoaret som han representerer for den kollektive forvaltingsorganisasjonen som sender førespurnaden, på dei same vilkåra som dei han nyttar ved forvaltinga av sitt eige repertoar.

  • 4. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein førespurnad, skal i alle tilbod til nettenesteleverandørar ta med det repertoaret som han representerer for den kollektive forvaltingsorganisasjonen som har sendt førespurnaden.

  • 5. Administrasjonskostnadene for den tenesta som den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein førespurnad, yter til den organisasjonen som sender førespurnaden, skal ikkje overstige dei rimelege kostnadene til den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får førespurnaden.

  • 6. Den kollektive forvaltingsorganisasjonen som sender ein førespurnad, skal gje den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får førespurnaden, tilgang til dei opplysningane om sitt eige musikkrepertoar som krevst for å kunne tildele multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk. Dersom desse opplysningane er utilstrekkelege eller er oppgjevne på ein måte som gjer at den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får ein førespurnad, ikkje kan oppfylle krava i denne avdelinga, har den kollektive forvaltingsorganisasjonen som får førespurnaden, rett til å få dekt rimelege kostnader som oppstår ved oppfyllinga av desse krava, eller til å utelate dei verka der opplysningane er utilstrekkelege eller ikkje kan nyttast.

Artikkel 31

Tilgang til multiterritoriell lisensiering

Medlemsstatane skal sikre at dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon ikkje tildeler eller tilbyr tildeling av multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk, eller ikkje lèt ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon representere desse rettane for dette føremålet innan 10. april 2017, kan rettshavarar som har gjeve den nemnde kollektive forvaltingsorganisasjonen fullmakt til å representere nettrettane sine til musikkverk, kalle tilbake nettrettane til musikkverk frå denne kollektive forvaltingsorganisasjonen med sikte på multiterritoriell lisensiering på alle territorium, utan å kalle tilbake nettrettane til musikkverk med sikte på lisensiering på eitt territorium, og tildele multiterritorielle lisensar for nettrettane til musikkverk sjølve eller gjennom ein annan part som dei gjev fullmakt, eller gjennom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som oppfyller føresegnene i denne avdelinga.

Artikkel 32

Unntak for musikknettrettar som krevst for radio- og fjernsynsprogram

Krava i denne avdelinga skal ikkje nyttast når kollektive forvaltingsorganisasjonar, på grunnlag av ei frivillig samling av dei naudsynte rettane og i samsvar med konkurransereglane i medhald av artikkel 101 og 102 i TVEU, tildeler ein multiterritoriell lisens for så vel nettrettane til musikkverk som eit kringkastingsføretak må ha for å kunne overføre radio- eller fjernsynsprogram eller gjere dei tilgjengelege for ålmenta, samstundes med eller etter den opphavlege sendinga, som for alt av nettmateriale, medrekna førehandsvisingar, som er produsert av eller for kringkastingsføretaket, og som utgjer eit tillegg til den opphavlege sendinga av radio- eller fjernsynsprogrammet.

Avdeling IV

Handhevingstiltak

Artikkel 33

Prosedyrar for klagehandsaming

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar gjev medlemmene sine og dei kollektive forvaltingsorganisasjonane som dei forvaltar rettar for gjennom ei representasjonsavtale, tilgang til effektive prosedyrar for å handsame klager innan rimeleg tid, særleg med omsyn til fullmakter om forvalting av rettar og oppseiing eller tilbakekalling av rettar, medlemskapsvilkår, innkrevjing av uteståande beløp til rettshavarar, frådrag og fordelingar.

  • 2. Kollektive forvaltingsorganisasjonar skal svare skriftleg på klager frå medlemmer eller frå kollektive forvaltingsorganisasjonar som dei forvaltar rettar for gjennom ei representasjonsavtale. Dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon avviser ei klage, skal dette grunngjevast.

Artikkel 34

Prosedyrar for alternativ tvisteløysing

  • 1. Medlemsstatane kan fastsetje at tvistar mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar, medlemmer av kollektive forvaltingsorganisasjonar, rettshavarar eller brukarar, om dei internrettslege føresegnene som er vedtekne i medhald av krava i dette direktivet, kan handsamast gjennom ein rask, uavhengig og upartisk prosedyre for alternativ tvisteløysing.

  • 2. Medlemsstatane skal sikre at for føremåla med avdeling III kan følgjande tvistar som omfattar ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som er etablert på territoriet deira, og som tildeler eller tilbyr tildeling av multiterritorielle lisensar for nettrettar til musikkverk, verte handsama gjennom ein uavhengig og upartisk prosedyre for alternativ tvisteløysing:

    • a) tvistar med ein eksisterande eller potensiell nettenesteleverandør om bruken av artikkel 16, 25, 26 og 27,

    • b) tvistar med éin eller fleire rettshavarar om bruken av artikkel 25, 26, 27, 28, 29, 30 og 31,

    • c) tvistar med ein annan kollektiv forvaltingsorganisasjon om bruken av artikkel 25, 26, 27, 28, 29 og 30.

Artikkel 35

Tvisteløysing

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at tvistar mellom kollektive forvaltingsorganisasjonar og brukarar, særleg om eksisterande lisensvilkår og framlegg om nye, eller om avtalebrot, kan leggjast fram for ein domstol, eller eventuelt for eit anna uavhengig og upartisk tvisteløysingsorgan som har sakkunne på området immaterialrett.

  • 2. Artikkel 33 og 34 og nr. 1 i denne artikkelen skal ikkje røre ved den retten som partane har til å gjere rettane sine gjeldande og verne om dei ved å føre ei sak inn for ein domstol.

Artikkel 36

Samsvar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte på territoriet deira, etterlever dei internrettslege føresegnene som er vedtekne i medhald av dei krava som er fastsette i dette direktivet, og at dette vert overvaka av dei rette styresmaktene som er peikte ut for dette føremålet.

  • 2. Medlemsstatane skal sikre at det finst framgangsmåtar som medlemmer av ein kollektiv forvaltingsorganisasjon, rettshavarar, brukarar, kollektive forvaltingsorganisasjonar og andre partar som det kjem ved, kan nytte til å melde frå til dei rette styresmaktene som er peikte ut for dette føremålet, om verksemd eller tilhøve som etter deira syn inneber eit brot på dei internrettslege føresegnene som er vedtekne i medhald av dei krava som er fastsette i dette direktivet.

  • 3. Medlemsstatane skal sikre at dei rette styresmaktene som er peikte ut for dette føremålet, har fullmakt til å innføre høvelege sanksjonar eller gjere eigna tiltak dersom dei internrettslege føresegnene som er vedtekne for gjennomføring ved dette direktivet, ikkje vert etterlevde. Desse sanksjonane og tiltaka skal vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot.

    Medlemsstatane skal melde frå til Kommisjonen om dei rette styresmaktene som er nemnde i denne artikkelen, og i artikkel 37 og 38, innan 10. april 2016. Kommisjonen skal offentleggjere dei opplysningane han har motteke om dette.

Artikkel 37

Utveksling av informasjon mellom rette styresmakter

  • 1. For å lette overvakinga av bruken av dette direktivet skal kvar medlemsstat sikre at den rette styresmakta som er peikt ut for dette føremålet, snarast mogleg svarer på ein førespurnad om opplysningar frå dei rette styresmaktene som er peikte ut for dette føremålet i ein annan medlemsstat, på område som er relevante for bruken av dette direktivet, særleg med omsyn til verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte på territoriet til den medlemsstaten som får førespurnaden, så framt førespurnaden er tilbørleg grunngjeven.

  • 2. Dersom den rette styresmakta meiner at ein kollektiv forvaltingsorganisasjon som er etablert i ein annan medlemsstat, men som driv verksemda si på territoriet til den rette styresmakta, ikkje etterlever dei internrettslege føresegnene som den medlemsstaten der den kollektive forvaltingsorganisasjonen er etablert, har vedteke i samsvar med dei krava som er fastsette i dette direktivet, kan den rette styresmakta sende over alle relevante opplysningar til den rette styresmakta i den medlemsstaten der den kollektive forvaltingsorganisasjonen er etablert, eventuelt saman med ei oppmoding om at denne styresmakta må gjere høvelege tiltak innanfor fullmaktene sine. Den rette styresmakta som får ein slik førespurnad, skal gje eit svar med forklaring innan tre månader.

  • 3. Den rette styresmakta som sender ein slik førespurnad, kan òg sende dei sakene som er nemnde i nr. 2, over til den ekspertgruppa som er oppretta i samsvar med artikkel 41.

Artikkel 38

Samarbeid om utviklinga av multiterritoriell lisensiering

  • 1. Kommisjonen skal fremje ei jamleg utveksling av informasjon mellom dei rette styresmaktene som er peikte ut for dette føremålet i medlemsstatane, og mellom desse styresmaktene og Kommisjonen, om situasjonen når det gjeld multiterritoriell lisensiering og korleis slik lisensiering utviklar seg.

  • 2. Kommisjonen skal jamleg gjennomføre konsultasjonar med representantar for rettshavarar, kollektive forvaltingsorganisasjonar, brukarar, forbrukarar og andre partar som det kjem ved, om røynslene deira med bruken av føresegnene i avdeling III i dette direktivet. Kommisjonen skal innanfor ramma av den utvekslinga av informasjon som er fastsett i nr. 1, gje dei rette styresmaktene alle relevante opplysningar som følgjer av desse konsultasjonane.

  • 3. Medlemsstatane skal sikre at dei rette styresmaktene innan 10. oktober 2017 legg fram for Kommisjonen ein rapport om situasjonen når det gjeld multiterritoriell lisensiering og korleis slik lisensiering utviklar seg på territoriet deira. Denne rapporten skal omfatte opplysningar som særleg gjeld tilgangen til multiterritorielle lisensar i dei aktuelle medlemsstatane og korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar etterlever dei internrettslege føresegnene som er vedtekne for å gjennomføre avdeling III i dette direktivet, og dessutan ei vurdering av utviklinga av multiterritoriell lisensiering av nettrettar til musikkverk gjennom brukarar, forbrukarar, rettshavarar og andre partar som det kjem ved.

  • 4. På grunnlag av dei rapportane som er mottekne i medhald av nr. 3, og dei opplysningane som er samla inn i medhald av nr. 1 og 2, skal Kommisjonen vurdere bruken av avdeling III i dette direktivet. Om naudsynt, og eventuelt på grunnlag av ein særrapport, skal ytterlegare tiltak vurderast for å handsame eventuelle problem. Denne vurderinga skal særleg omfatte følgjande:

    • a) talet på kollektive forvaltingsorganisasjonar som oppfyller krava i avdeling III,

    • b) bruken av artikkel 29 og 30, medrekna talet på representasjonsavtaler som er gjorde med kollektive forvaltingsorganisasjonar i medhald av dei nemnde artiklane,

    • c) den delen av repertoaret i medlemsstatane som er tilgjengeleg for lisensiering på fleire territorium.

Avdeling V

Rapportering og sluttføresegner

Artikkel 39

Melding om kollektive forvaltingsorganisasjonar

Innan 10. april 2016 skal medlemsstatane sende over til Kommisjonen ei liste over dei kollektive forvaltingsorganisasjonane som er etablerte på territoria deira, på grunnlag av dei opplysningane dei har til rådvelde.

Medlemsstatane skal snarast mogleg melde frå til Kommisjonen om eventuelle endringar i den nemnde lista.

Kommisjonen skal offentleggjere desse opplysningane og ajourføre dei.

Artikkel 40

Rapport

Innan 10. april 2021 skal Kommisjonen vurdere bruken av dette direktivet og sende over til Europaparlamentet og Rådet ein rapport om bruken av dette direktivet. Denne rapporten skal innehalde ei vurdering av kva for verknad dette direktivet har på utviklinga av tenester over landegrensene, det kulturelle mangfaldet, tilhøvet mellom dei kollektive forvaltingsorganisasjonane og brukarane, og korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar som er etablerte utanfor Unionen, driv verksemda si i Unionen, og eventuelt om det er naudsynt med ei ny vurdering. Kommisjonen skal eventuelt leggje ved eit framlegg til regelverk saman med rapporten.

Artikkel 41

Ekspertgruppe

Det vert oppretta ei ekspertgruppe. Ho skal vere samansett av representantar for dei rette styresmaktene i medlemsstatane. Ekspertgruppa skal leiast av ein representant for Kommisjonen og skal møtast anten etter initiativ frå leiaren eller etter oppmoding frå ein delegasjon frå ein medlemsstat. Gruppa skal ha følgjande oppgåver:

  • a) vurdere kva for verknad innarbeidinga av dette direktivet har på verkemåten til kollektive forvaltingsorganisasjonar og uavhengige forvaltingsorgan i den indre marknaden, og kome nærmare inn på eventuelle vanskar,

  • b) leggje til rette for konsultasjonar i samband med alle spørsmåla som oppstår som følgje av bruken av dette direktivet,

  • c) fremje utvekslinga av informasjon om relevant utvikling innanfor lovgjeving og rettspraksis og på det økonomiske, sosiale, kulturelle og tekniske området, særleg med omsyn til den digitale marknaden for verk og anna verna arbeid.

Artikkel 42

Vern av personopplysningar

Den handsaminga av personopplysningar som vert utført innanfor ramma av dette direktivet, skal omfattast av direktiv 95/46/EF.

Artikkel 43

Innarbeiding i nasjonal lovgjeving

  • 1. Medlemsstatane skal innan 10. april 2016 setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.

    Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

  • 2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei viktigaste internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 44

Iverksetjing

Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 45

Adressatar

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg, 26. februar 2014.

For Europaparlamentet

For Rådet

M. SCHULZ

D. KOURKOULAS

President

Formann

Vedlegg

  • 1. Opplysningar som skal inngå i den årlege innsynsrapporten som er nemnd i artikkel 22 nr. 2:

    • a) finansrekneskap med balanse eller ei oversikt over aktiva og passiva, ei oversikt over inntekter og utgifter for rekneskapsåret og ei kontantstraumoppstilling,

    • b) ein rapport om verksemda i rekneskapsåret,

    • c) opplysningar om avslag på lisenstildelingar i medhald av artikkel 16 nr. 3,

    • d) ei utgreiing om den juridiske strukturen og styringsstrukturen i den kollektive forvaltingsorganisasjonen,

    • e) opplysningar om alle einingar som den kollektive forvaltingsorganisasjonen eig eller kontrollerer direkte eller indirekte, heilt eller delvis,

    • f) opplysningar om det samla vederlaget som dei personane som er nemnde i artikkel 9 nr. 3 og artikkel 10, har fått utbetalt det føregåande året, og andre ytingar som dei har fått,

    • g) den finansielle informasjonen som er nemnd i nr. 2 i dette vedlegget,

    • h) ein særrapport om bruken av dei beløpa som vert trekte frå for sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester, som inneheld dei opplysningane som er nemnde i nr. 3 i dette vedlegget.

  • 2. Finansiell informasjon som skal inngå i den årlege innsynsrapporten:

    • a) finansiell informasjon om inntektene frå rettar for kvar kategori av rettar som er forvalta, og for kvar type bruk (til dømes kringkasting, spreiing på nettet, offentleg framføring), medrekna opplysningar om innkomer frå investering av inntektene frå rettar, og bruken av slike innkomer (uavhengig av om dei vert fordelte til rettshavarane eller andre kollektive forvaltingsorganisasjonar eller vert nytta på annan måte),

    • b) finansiell informasjon om kostnadene i samband med forvalting av rettar og andre tenester som den kollektive forvaltingsorganisasjonen yter til rettshavarar, med ei omfattande utgreiing om minst følgjande:

      • i) alle drifts- og finanskostnader fordelte på kategoriar av rettar som er forvalta, og ei forklaring av den metoden som vert nytta til å fordele indirekte kostnader når det ikkje er mogleg å rekne slike kostnader til éin eller fleire kategoriar av rettar,

      • ii) drifts- og finanskostnader fordelte på kategoriar av rettar som er forvalta, og ei forklaring av den metoden som vert nytta til å fordele indirekte kostnader når det ikkje er mogleg å rekne slike kostnader til éin eller fleire kategoriar av rettar, berre med omsyn til forvaltinga av rettar, medrekna administrasjonskostnader som vert trekte frå eller motrekna mot inntekter frå rettar eller eventuelle innkomer frå investering av inntektene frå rettar, i samsvar med artikkel 11 nr. 4 og artikkel 12 nr. 1, 2 og 3,

      • iii) drifts- og finanskostnader i samband med andre tenester enn forvaltinga av rettar, men medrekna sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester,

      • iv) ressursar som vert nytta til å dekkje kostnader,

      • v) frådrag frå inntekter frå rettar, fordelte på kategoriar av rettar som er forvalta, og på type bruk, og føremålet med frådraget, til dømes kostnader som er knytte til forvaltinga av rettar eller til sosiale, kulturelle eller utdanningsmessige tenester,

      • vi) prosentdelane som kostnaden ved forvaltinga av rettar og andre tenester som den kollektive forvaltingsorganisasjonen yter til rettshavarane, utgjer jamført med inntektene frå rettar i det aktuelle rekneskapsåret, for kvar kategori av rettar som vert forvalta, og ei forklaring av metoden som vert nytta til å fordele indirekte kostnader når det ikkje er mogleg å rekne slike kostnader til éin eller fleire kategoriar av rettar,

    • c) finansiell informasjon om uteståande beløp til rettshavarar, med ei omfattande utgreiing om minst følgjande:

      • i) det samla beløpet som er tildelt rettshavarar, fordelt på kategori av rettar som er forvalta, og type bruk,

      • ii) det samla beløpet som er betalt til rettshavarar, fordelt på kategori av rettar som er forvalta, og type bruk,

      • iii) kor ofte det vert gjort utbetalingar, fordelt på kategori av rettar som er forvalta, og type bruk,

      • iv) det totale beløpet som er kravd inn, men som enno ikkje er tildelt til rettshavarar, fordelt på kategori av rettar som er forvalta, og type bruk, og i kva for eit rekneskapsår beløpa vart kravde inn,

      • v) det totale beløpet som er tildelt, men som enno ikkje er fordelt til rettshavarar, fordelt på kategori av rettar som er forvalta, og for type bruk, og i kva for eit rekneskapsår beløpa vart kravde inn,

      • vi) dersom ein kollektiv forvaltingsorganisasjon ikkje har utført fordelinga og utbetalingane innan den fristen som er fastsett i artikkel 13 nr. 1, skal det opplysast om årsakene til forseinkinga,

      • vii) dei samla beløpa som ikkje kan fordelast, saman med ei utgreiing om bruken av desse beløpa,

    • d) opplysningar om tilhøvet til andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, med ei utgreiing om minst følgjande:

      • i) beløp som er mottekne frå andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, og beløp som er betalte til andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, fordelte på kategori av rettar, type bruk og organisasjon,

      • ii) administrasjonskostnader og andre frådrag frå inntekter frå rettar som er uteståande til andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, fordelte på kategori av rettar, type bruk og organisasjon,

      • iii) administrasjonskostnader og andre frådrag frå dei beløpa som er utbetalte av andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, fordelte på kategori av rettar og organisasjon,

      • iv) beløp som er fordelte direkte til rettshavarar, og som stammar frå andre kollektive forvaltingsorganisasjonar, fordelte på kategori av rettar og organisasjon.

  • 3. Opplysningar som skal inngå i den særrapporten som er nemnd i artikkel 22 nr. 3:

    • a) dei beløpa som er trekte frå for sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester i rekneskapsåret, fordelte på type føremål, og for kvart av desse føremåla, ei fordeling på kategori av rettar som er forvalta, og type bruk,

    • b) ei utgreiing om bruken av desse beløpa, fordelt på type føremål, medrekna kostnadene knytte til forvalting av dei beløpa som er trekte frå for å finansiere sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester, og dei separate beløpa som er nytta til sosiale, kulturelle og utdanningsmessige tenester.

Fotnotar

1.

TEU C 44 av 15.2.2013, s. 104.

2.

Haldning frå Europaparlamentet av 4. februar 2014 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og rådsavgjerd av 20. februar 2014.

3.

Kommisjonsrekommandasjon 2005/737/EF av 18. mai 2005 om kollektiv tverrnasjonal forvalting av opphavsrett og nærståande rettar i samband med lovlege musikktenester på nettet (TEU L 276 av 21.10.2005, s. 54).

4.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/29/EF av 22. mai 2001 om harmonisering av visse sider ved opphavsrett og nærstående rettigheter i informasjonssamfunnet (TEF L 167 av 22.6.2001, s. 10).

5.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/115/EF av 12. desember 2006 om utleie- og utlånsrett og om visse opphavsrettsbeslektede rettigheter på området immaterialrett (TEU L 376 av 27.12.2006, s. 28).

6.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 95/46/EF av 24. oktober 1995 om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger (TEF L 281 av 23.11.1995, s. 31).

7.

TEU C 369 av 17.12.2011, s. 14.

8.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 45/2001 av 18. desember 2000 om personvern i forbindelse med behandling av personopplysninger i Fellesskapets institusjoner og organer og om fri utveksling av slike opplysninger (TEF L 8 av 12.1.2001, s. 1).

9.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/43/EF av 17. mai 2006 om lovfestet revisjon av årsregnskap og konsernregnskap, om endring av rådsdirektiv 78/660/EØF og 83/349/EØF og om oppheving av rådsdirektiv 84/253/EØF (TEU L 157 av 9.6.2006, s. 87).