Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

7 Konklusjon og tilråding

Direktivet regulerer korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal utøve og organisere verksemda si. Desse reglane skal medverke til at rettshavarane kan føre ein meir effektiv kontroll med organisasjonane, og at forvaltinga kan verte meir effektiv. Direktivet vil òg kunne gjere det lettare for tilbydarar av musikktenester på internett å klarere rettar for fleire territorium gjennom ein einskild kollektiv forvaltingsorganisasjon. Dette vert rekna for å ha positive konsekvensar for både tilbydarar, forbrukarar og rettshavarar til musikk som vert nytta i EØS-området.

Kulturdepartementet tilrår godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.