Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Åndsverklova gjev den som har skapt eit litterært eller kunstnarisk verk einerett til å framstille eksemplar av verket og gjere det tilgjengeleg for ålmenta. Lova vernar òg prestasjonane og arbeida til innehavarar av nærståande rettar, som utøvande kunstnarar, produsentar og kringkastarar.

Bruk av verna materiale krev som hovudregel samtykke (lisens) frå forskjellige innehavarar av opphavsrett og nærståande rettar, til dømes forfattarar, utøvande kunstnarar, komponistar, tekstforfattarar, produsentar og forleggjarar. Vanlegvis kan rettshavaren velje mellom å forvalte rettane sine sjølv eller å gjere det gjennom ein organisasjon (kollektiv forvalting). På mange område er det verken praktisk mogleg eller økonomisk lønsamt for ein rettshavar å forvalte rettane sine sjølv. På slike område vil kollektiv forvalting av rettar vere føremålstenleg og ei viktig inntektskjelde for mange rettshavarar. Kollektiv forvalting forenklar òg masseklarering av rettar, noko som gjer det mogleg å tilby tenester som inneheld store mengder verna materiale. I Noreg er det organisasjonar som mellom anna TONO, Kopinor, Gramo, Norwaco og BONO som utøver kollektiv forvalting av rettar.

Kollektiv forvalting av opphavsrett omfattar mellom anna utferding av lisensar for brukarar, kontroll av brukarar, overvaking av bruken av rettane, handheving av rettane, oppkrevjing av vederlag for bruken og fordeling av inntekter til rettshavarane.

Fram til direktivet vart vedteke, var verksemda til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane ikkje regulert på EU-nivå. I Noreg er det ikkje spesielle reglar for korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal utøve verksemda si, bortsett frå at det finst visse føresegner om slik forvalting i forskrift til åndsverklova §§ 3-2 til 3-7.

Det har vore store skilnader i dei nasjonale reglane til dei ulike EU-landa med omsyn til korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal drivast, særleg når det gjeld openheit, innsyn og tilhøvet til medlemmer og utanforståande rettshavarar. Ifølgje Europakommisjonen har det vore ei rekkje problem med korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar i visse land har fungert, noko som mellom anna har resultert i manglande utnytting av opphavsrettsleg verna materiale på tvers av landegrensene i den indre marknaden. Dette er til skade for både medlemmer av kollektive forvaltingsorganisasjonar, utanforståande rettshavarar og brukarar. EU har difor funne det påkravd med einsarta regulering av dette området.

Gjennom vedtakinga av direktiv 2014/26/EU tek EU sikte på å harmonisere reglar om betre styringsformer og auka openheit og innsyn (klarleik) i verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar. Reglane skal medverke til at rettshavarane kan føre ein meir effektiv kontroll med organisasjonane, og at forvaltinga kan verte meir effektiv.

Vidare har direktivet som føremål å leggje til rette for og forenkle multiterritoriell (grensekryssande) lisensiering av musikkverk for bruk på nettet. Sjølv om strukturen på internett gjer det mogleg å tilby musikktenester i heile Europa frå eitt land, er marknaden likevel oppsplitta, og multiterritorielle lisensar er lite utbreidde. Ein vurderer det difor som føremålstenleg å også innføre grunnleggjande reglar som gjeld for kollektive forvaltingsorganisasjonar som tilbyr multiterritoriell lisensiering av musikkverk.