Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

5 Tilhøvet til norsk rett

I norsk rett er det få reglar som spesifikt regulerer korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal drive verksemda si. Lov 12. mai 1961 om opphavsrett til åndsverk m.v.(åndsverklova) inneheld likevel visse reglar om når rettar kan eller skal forvaltast kollektivt. Mellom anna har lova føresegner om avtale- og tvangslisensar som legg til grunn kollektiv forvalting, og på visse område vert det òg stilt krav om at departementet skal godkjenne forvaltingsorganisasjonen. I tilknyting til desse føresegnene finst det i forskrift til åndsverklova §§ 3-2 til 3-7 nærmare reglar om kollektiv forvalting.

Avtalelisens er ei ordning som i visse tilfelle gjer det mogleg å klarere alle rettar på eit avgrensa område ved å inngå avtale med ein representativ rettshavarorganisasjon. Det som kjenneteiknar ein avtalelisens, er at lova utvidar verknaden av avtala til òg å omfatte rettshavarar som ikkje er representerte av organisasjonen (såkalla utanforståande rettshavarar). Men dette er ei særskild ordning for forenkla klarering av rettar som skil seg frå kollektiv klarering av rettar gjennom kollektive forvaltingsorganisasjonar i det store og heile. Kollektive forvaltingsorganisasjonar er ut over dette underlagde forskjellige generelle rettsreglar alt ettersom kva juridisk organisasjonsform dei har.

Gjennomføringa av direktivet vil gjere det naudsynt med lovendringar. Direktivet inneheld til dels omfattande og svært detaljerte føresegner om korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal utøve og organisere verksemda si. Åndsverklova regulerer i all hovudsak sjølve rettane og i mindre grad korleis desse skal forvaltast. Det vert difor gjort framlegg om at føresegnene i direktivet vert gjennomførte i ei eiga lov åtskild frå åndsverklova.

Kulturdepartementet vil, etter å ha gjennomført ei høyring av spørsmåla, fremje ein Prop. L med framlegg til ny gjennomføringslov for Stortinget med dei naudsynte endringane.