Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføring av direktivet si avdeling I-III om allmenne føresegner, kollektive forvaltingsorganisasjonar og multiterritoriell lisensiering vil ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Ein reknar med at gjennomføringa av avdeling IV om handheving kan medføre visse ressursmessige konsekvensar for det offentlege. Mellom anna skal styresmaktene syte for at visse tvistar som omfattar kollektive forvaltingsorganisasjonar som tilbyr multiterritorielle lisensar, skal kunne handterast gjennom ein uavhengig og upartisk prosedyre for alternativ tvisteløysing. Korleis denne tvisteløysingsmekanismen kan gjennomførast, må greiast ut nærmare. Kulturdepartementet vil kome tilbake med nærmare informasjon om dette i ein lovproposisjon.

I medhald av direktivet skal det òg vere ei tilsynsstyresmakt som skal overvake at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane etterlever føresegnene i direktivet. Tilsynsstyresmakta skal òg kunne påleggje sanksjonar ved brot på føresegnene. Sjølv om direktivet ikkje inneheld noka plikt til å opprette eit nytt organ, vil gjennomføring og iverksetjing av dette kunne medføre visse økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Ein har førebels ikkje teke stilling til kva for eit organ som skal vere tilsynsstyresmakt i Noreg. Det er difor vanskeleg å kalkulere kva kostnader oppgåva vil medføre. Intensjonen til Kulturdepartementet når det gjeld denne plikta, er likevel ei minimumsgjennomføring som vil innebere minst mogleg kontrolloppgåver. I Danmark er det Kulturministeriet som er tilsynsstyresmakt, og dei har i denne samanhengen opplyst at dette ikkje er ei arbeidskrevjande oppgåve. Kulturdepartementet legg til grunn at oppgåvene også i Noreg vil kunne leggjast til eit eksisterande organ, og går ut frå at kostnadene vil verte moderate. Tilråding om korleis denne plikta skal gjennomførast, vil Kulturdepartementet kome tilbake til i ein lovproposisjon.

Gjennomføringa av direktivet vil òg medføre visse økonomiske og administrative konsekvensar for kollektive forvaltingsorganisasjonar som vert omfatta, til dømes TONO, Kopinor, Gramo, Norwaco og BONO. For desse organisasjonane vil direktivet kunne få ei rekkje mindre administrative konsekvensar, mellom anna når det gjeld etterleving av reglane om organisering, openheit, innsyn og forvalting av inntekter. Desse konsekvensane er likevel usikre ettersom det ikkje ligg føre noka oversikt over i kva grad dei norske organisasjonane allereie oppfyller krava i direktivet. Kulturdepartementet vil kome tilbake til dette i ein lovproposisjon.

Ein reknar likevel med at direktivet vil ha positive økonomiske konsekvensar for rettshavarane, gjennom at verksemda til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane vert underlagd harmoniserte reglar. Reglane kan òg medverke til at organisasjonane vert drive på ein meir effektiv måte, noko som kan føre til at utbetalingane til rettshavarane aukar.