Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

I samsvar med avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 skal vedlegg XVII (Opphavsrett) til EØS-avtala endrast.

Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til at EØS-avtala, og særleg artikkel 98, gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 fastset at europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden, skal innlemmast i EØS-avtala, vedlegg XVII.

Artikkel 2 fastset at teksta til direktiv 2014/26/EU på norsk og islandsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for den europeiske unionen, skal gjelde.

Artikkel 3 fastset at avgjerda tek til å gjelde 23. september 2017 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.