Prop. 97 S (2017–2018)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Til innhaldsliste

Tilråding

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden, i samsvar med eit vedlagt forslag.