St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

2 Kort historikk om opplæringstilboda for hørselshemma

Dei siste 15 åra har det skjedd ei stor omlegging av dei statlege spesialpedagogiske tilboda, frå statlege spesialskolar til eitt statleg spesialpedagogisk støttesystem, heretter også forkorta til Statped, som styret for Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har vedteke at ein skal nytte.

2.1 Omstruktureringa av spesialundervisninga frå 1992: Frå statlege spesialskolar til statlege spesialpedagogiske kompetansesenter

Behandlinga av Innst. S. nr. 160 (1990-91) i Stortinget, jf. St.meld. nr. 54 (1989-90) og St.meld. nr. 35 (1990-91) (begge meldingane hadde same tittel) Om opplæring av barn, unge og voksne med særskilte behov innebar ei omorganisering av fleire av dei statlege spesialskolane til 20 spesialpedagogiske kompetansesentra, 18 statlege og 2 private. Dei resterande spesialskolane vart anten nedlagde eller overførte til anna forvaltningsnivå.

For dei fleste institusjonane vart det ei omlegging frå skoledrift til utoverretta verksemd. Berre ved dei seks kompetansesentra for hørselshemma og somme av tiltaka for døvblinde vart det halde oppe skoletilbod. Skådalen kompetansesenter hadde eit førskoletilbod, og i Bergen samarbeidde Vestlandet kompetansesenter med kommunen om eit førskoletilbod. Desse tilboda vart førte vidare.

Hovudmålet for kompetansesentra er å sikre at alle barn, unge og vaksne med særskilde behov får tilpassa og tilrettelagd opplæring i deira eigne oppvekstmiljø.

Kompetansesentra vart organiserte som 13 senter med landsdekkjande oppgåver og 7 senter med regionale oppgåver. Dei landsdekkjande senter skulle gi hjelp til elevar med syns-, hørsels-, åtferds-, språk- eller talevanskar, dei regionale sentra hjelp til elevar med store samansette lærevanskar.

Det vart oppretta eit styre for dei landsdekkjande senter med sekretariat i Molde og eit styre for dei regionale sentra med sekretariat på Hamar. I tillegg vart det oppretta eit eige utviklingsprogram for dei tre nordlegaste fylka: Programmet for Nord-Noreg. Dette skulle leggje vekt på å utvikle lokale, spesialpedagogiske tyngdepunkt, og nettverkssamarbeid. Dette arbeidet vart også leidd av eit eige styre.

I 1996 vart det under styret for dei landsdekkjande kompetansesentra oppretta eit særskilt styre, Sektorstyre hørsel, for dei 6 hørselssentra.

2.2 St.meld. nr. 23 (1997-98) og utvikling til eit statleg spesialpedagogisk støttesystem

Stortinget behandla våren 1998 Innst. S. nr. 228 (1997-98) jf. St.meld. nr. 23 Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov. Den spesialpedagogiske tiltakskjeda og det statlege støttesystemet.

Frå 1. januar 1999 vart det etablert eit felles styre for alle dei spesialpedagogiske kompetansesentra.

For hørselssektoren vart det få endringar:

  • Ressursnivået vart ikkje endra.

  • Fylkesaudiopedagogtenesta vart ein del av Statped, knytt til dei statlege hørselssentra. Tidlegare var desse stillingane i hovudsak knytte til statens utdanningskontor i fylka.

  • Skolane ved hørselssentra skulle halde fram som før.

Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen oppmoda om at det vart gjennomført ein ressursgjennomgang i hørselsomsorga.

2.3 Mål for opplæringa. Kommunalt og fylkeskommunalt ansvar, og oppgåvene til Statped

Opplæringens mål er å ruste barn, unge og voksne til å møte livets oppgaver og mestre utfordringer sammen med andre. Den skal gi hver elev kyndighet til å ta hånd om seg selv og sitt liv, og samtidig overskudd og vilje til å stå andre bi.

(Læreplan for grunnskole, videregående opplæring og voksenopplæring, Generell del)

Det er eit overordna mål at skolen skal vere ein inkluderande skole som gir opplæring tilpassa dei behov den enkelte eleven har. Dette gjeld også dei hørselshemma elevane.

Etter opplæringslova er det kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for opplæringa av elevane i grunnskole og vidaregåande opplæring. Det er også kommunane sitt ansvar å gi barnehagetilbod.

Statped har som ei av sine oppgåver å gi opplæring til teiknspråklege elevar etter avtale med oppdragsgivar - kommune eller fylkeskommune. Ei like viktig oppgåve for Statped er å støtte kommunar og fylkeskommunar med råd og rettleiing når desse gir opplæring til hørselshemma elevar eller har hørselshemma barn i førskolealder.

2.4 Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped)

Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet består av 16 statleg åtte kompetansesentra, og 14 spesialpedagogiske einingar som Statped kjøper tenester frå. Dei einingane Statped kjøper tenester frå, er åtte av anten kommunar, fylkeskommunar, stiftelsar eller private organisasjonar. I alt omfatta Statped 1145 årsverk i 2002; 916 av årsverka er knytte til dei heilåtte statlege sentra.

Det overordna målet for Statped er å gi rettleiing og støtte til dei opplæringsansvarlege instansane i kommunane og fylkeskommunane, slik at barn, unge og vaksne med store og særskilde opplæringsbehov blir sikra eit forsvarleg opplærings- og utviklingstilbod. Tenestene vil vere på individ- eller systemnivå og skal i kvart enkelt tilfelle vere eit avtalefesta samarbeid med oppdragsgivarane. Samla sett skal Statped kunne gi spesialpedagogisk støtte på område der ein ikkje kan vente at kommunane og fylkeskommunane har kompetanse.

Statped skal i samarbeid med høgskolar og universitet utvikle ny spesialpedagogisk kunnskap. Det er også ei oppgåve for Statped å spreie den spesialpedagogiske kunnskapen til kommunar og fylkeskommunar, gjennom både individ- og systemretta arbeid og kurs.

Dei faglege ansvarsområda er

  • hørselsvanskar

  • synsvanskar

  • døvblinde

  • språk-, tale-, lese- og skrivevanskar

  • samansette lærevanskar

  • sosiale og emosjonelle vanskar

  • erverva hjerneskade

  • djup og særleg alvorleg psykisk utviklingshemming

  • framandspråklege elevar med spesielle opplæringsbehov

  • tidleg stimulering av små barn med funksjonshemming

  • leppe-, kjeve- og ganespalte

  • informasjonsteknologi for funksjonshemma

Statped er leidd av eit eige styre og ein direktør som har det daglege ansvaret for verksemda. Styret har det samla overordna ansvaret. Under styret har Sektorstyre hørsel ansvaret for den faglege aktiviteten innan hørselssektoren. Under styret er det også eit rådgivande organ for Nord-Noreg ut 2003.

Til forsida