St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

4 Utviklinga innan medisinsk teknologi og kompetansehevingstiltak for lærarar og foreldre

4.1 Utviklinga i medisinsk teknologi og omfanget av cochleaimplantat

Utviklinga og bruken av cochleaimplantat, CI, har ført til heilt nye mogleigheiter for sterkt tunghørte og døve. Lyden som implantatet gir, blir betre og betre, og døve barn som får operert inn CI, vil i hovudtrekk kunne fungere som tunghørte. CI vart først operert inn på vaksne døvblitte, deretter fekk barn og unge tilbodet. Ved utgangen av 2002 har 152 barn og unge fått operert inn CI. Barna som får CI, blir yngre og yngre. No får barn under to år tilbod om CI, og i 2002 vart tre barn opererte før dei var to år.

I sjukehusa har ein utstyr som gjer det mogleg kort tid etter fødselen å kartleggje om det nyfødde barnet er hørselshemma. Da kan ein tidleg setje i gang tiltak i forhold til hørselssvekkinga.

Tabell 4.1 Talet på barn opp til 16 år som har fått CI1

Alder vedOperasjonsår
operasjon-88-89-90-91-92-93-94-95-96-97-98-99200020012002
113
2125510101011
3122134574
4111122442
5111131
611112
7112131
822
91123
10111
1112
1211
131
14
15111
161
Sum31131032871222263132

1 Tabellen viser talet på barn og unge som har fått operert inn CI, og alderen da operasjonen vart utført. Det er berre Rikshospitalet som utfører slike operasjonar. Den første operasjonen skjedde i 1988.

Vaksne kan få operasjon ved Haukeland sjukehus i Bergen eller ved Rikshospitalet i Oslo. Det er berre Rikshospitalet som opererer barn og unge.

4.2 Utviklinga innan kommunikasjonsteknologi med særleg verknad for hørselshemma

Inntil for kort tid sidan hadde den døve berre teksttelefonen å hjelpe seg med når han eller ho skulle ha kontakt med døve andre stader i landet.

Den teknologiske utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi, IKT, er svært positiv for dei døve. Bilettelefonen, videokonferanseutstyr og utviklinga innan datateknologien gjer det mogleg for dei døve å kommunisere med kvarandre ved hjelp av teiknspråk. Videokonferanseutstyr med store skjermar opnar for det «virtuelle klasserommet». Døve elevar ulike stader i fylket eller landet kan vere kopla saman og få undervisning i eitt eller fleire av skolefaga av ein teiknspråkkunnig lærar. Denne utviklinga er medverkande til at døve elevar kan bu heime og vere elevar ved heimeskolane.

Bilettelefonen gjer det også mogleg å fjerntolke. Tolken treng ikkje vere i det rommet der samtalen går føre seg. Tolkane får dermed frigjort mykje reisetid.

Også mobiltelefonen er eit godt hjelpemiddel for dei døve. Å halde kontakt med venner og kjende ved hjelp av SMS-meldingar har dei døve som dei hørande nytte og glede av.

4.3 Kompetansehevingstiltak for lærarar og foreldre

4.3.1 Kompetanseheving i teiknspråk for lærarar

I samband med at dei døve grunnskoleelevane fekk rett til opplæring i og på teiknspråk, vart det lagt til grunn at dei som underviser døve elevar, skal ha utdanning i teiknspråk tilsvarande 30 studiepoeng. Departementet sette i gang eit omfattande vidareutdanningstilbod til lærarar som underviste eller skulle undervise døve elevar i grunnskolen. Programmet gjekk over to år, og om lag 250 lærarar ved senterskolane og frå kommunar med døve elevar gjennomførte eit kurs i teiknspråk tilsvarande 30 studiepoeng. Det var Universitetet i Oslo og Høgskolen i Sør-Trøndelag som arrangerte kursa.

Seinare fekk Statped i oppdrag å gi eit tilsvarande tilbod for lærarar i vidaregåande opplæring. Høgskolen i Sør-Trøndelag, i samarbeid med Vestlandet kompetansesenter (heretter Vestlandet) og med hjelp av dei andre hørselssentra, stod for opplegg og gjennomføring av den desentraliserte vidareutdanninga. Det deltok lærarar frå dei statlege vidaregåande skolane og knutepunktskolane, i alt fekk 102 lærarar denne opplæringa. I tillegg nytta 44 andre tilsette ved sentra seg av dette tilbodet.

Ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, Universitetet i Bergen og Institutt for spesialundervisning ved Universitetet i Oslo kan ein få utdanning i teiknspråk for pedagogar og for dei som vil bli teiknspråktolkar.

Frå og med 1996 kan tilskottet frå Barne- og familiedepartementet til barnehagar med funksjonshemma barn også nyttast til kortvarige kurs i teiknspråk for personalet i barnehagar som har døve og sterkt tunghørte barn.

4.3.2 Teiknspråkopplæring for foreldre

Frå hausten 1996 fekk foreldre til døve og sterkt tunghørte barn og elevar tilbod om 40 vekers opplæring i teiknspråk. Opplæringa varer frå barnet er fødd til det er 16 år. Det er dei statlege kompetansesentra for hørselshemma og Ål folkehøgskole og kurssenter for døve som står for den praktiske gjennomføringa av kursa. Sysken kan ta del i opplæringa ved Ål folkehøgskole. Det blir også arrangert nettverkskurs.

Hos Fylkesmannen i Aust-Agder er det tilsett ein koordinator for å leie opplæringa. Det er også blitt utvikla læremiddel til denne opplæringa, og mykje er på CD-plater.

4.4 Konklusjon

Den rivande utviklinga innan medisin og IKT og den breie satsinga på opplæring i teiknspråk for både foreldre og lærarar fører til at ein større og større del av dei hørselshemma elevane får opplæringa i heimkommunen.

Utfordringa for Statped blir å leggje til rette for at meir av tenestetilbodet blir gitt lokalt, same kvar i landet eleven bur, men samtidig å finne ein balanse mellom det lokale fagmiljøet og fagmiljøa ved hørselssentra, til beste for elevane.

Samarbeidet med dei lokale helsetenestene må også varetakast der det er behov for det.

Til forsida