St.meld. nr. 15 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Til innhaldsliste

2 Europarådet sitt tredje toppmøte

Europarådet sitt tredje toppmøte vart halde i Warszawa 16.–17. mai 2005. Møtet medverka til å fremje samkjensle og einskap i Europa. For første gong vart alle innlegg og debattar sendt direkte over Internett. Det vart vedteke ei politisk erklæring og ein handlingsplan med retningsliner for samarbeidet framover.

Frå norsk side deltok vi aktivt i førebuinga av vedtaka på toppmøtet og fekk saman med dei andre nordiske og dei baltiske landa gjennomslag for ei rekkje saker, først og fremst styrking av det europeiske menneskerettssystemet, samarbeidsavtala om tettare samordning med OSSE og tiltak for på sikt å gjere organisasjonen opnare og meir kostnadseffektiv.

Toppmøtet gjorde vedtak om å oppnemne ei vismannsgruppe til å kome med nye framlegg til å sikre effektiviteten til domstolen på lang sikt. Det vart gjeve sterk tilslutning til at Europarådet skal vere ein garantist mot tilbakeslag og udemokratiske tendensar i medlemslanda. Ei rekkje land peika òg på nytta av at Europa, i høve til utfordringane på det globale planet, står fram som ein forsvarer av desse rettane.

Demokrati og godt styresett skal styrkjast gjennom å skipe eit forum for framtida til demokratiet, med deltaking ikkje berre av styresmaktene, men òg det sivile samfunnet. Forumet skal møtast årleg for å setje søkjelys på aktuelle problem og utfordringar for demokratiet. Samarbeidet mellom kommunar og regionar på tvers av landegrensene skal styrkjast ved å skipe eit eige ekspertsenter for godt styresett på lokalplanet.

Arbeidet for å skape større forståing mellom kulturar og religionar fekk eit gjennombrot på toppmøtet. Det vart vedteke å oppnemne ein samordnar som skal samordne tiltak og førebu dialog med regionar som grensar til Europa. Alle medlemslanda forplikta seg til å fremje tverrkulturell og tverreligiøs dialog. Det faglege innhaldet i skuleverket i Europa skal utformast slik at det gjev større kunnskap om tverrkulturelle tilhøve, og utveksling av unge skal hjelpast fram, både mellom medlemslanda og i høve til granneland til Europa. Det vart vidare gjort fleire vedtak for å styrkje dei humane og sosiale verdiane, slik at Europa skal stå fram som ein global rollemodell for humanitet.

Det vart teke steg for å møte trugsmål mot tryggleiken til borgarane i Europa gjennom tre nye konvensjonar mot terrorisme, menneskehandel og kvitvasking, samt eit styrkt samarbeid mot organisert kriminalitet, korrupsjon og kriminalitet i informasjonssamfunnet. Med desse vedtaka er det teke steg mot meir alleuropeisk samhandling på grunnlag av felles kjerneverdiar. Sosiale rettar og tiltak for ungdom skal styrkjast. Kampanjearbeid for ulike sårbare grupper og offer for menneskehandel, funksjonshemma, born, kvinner og framand­kulturelle skal setjast i gang. Det vart vedteke eit treårig handlingsprogram for å styrkje barnerettar og ein tiårig handlingsplan for å skape like vilkår og rettferd for funksjonshemma. Det vart òg vedteke å utforme eit handlingsprogram mot vald i kvardagen.

Toppmøtet gav styringssignal om eit nærare samarbeid mellom Europarådet og OSSE og mellom Europarådet og EU. På møtet vart ei samarbeidsavtale mellom Europarådet og OSSE godkjend. Avtala inneber at dei to organisasjonane i første omgang skal samordne verksemdene sine i kampen mot terrorisme, menneskehandel og intoleranse og samarbeide om tiltak for nasjonale minoritetar. Det var òg semje om eit mandat om forsterka og utdjupa samarbeid mellom Europarådet og EU. Det skal utarbeidast ei samarbeidsavtale mellom dei to organisasjonane.

Etter innspel frå dei nordiske og baltiske landa vart det òg vedteke å gjere tiltak for å gjere organisasjonen opnare og meir kostnadseffektiv. Organisasjonsstrukturen og arbeids­metodane til organisasjonen må verte meir effektive for å kunne halde stramme budsjettrammer. Arbeidet vart sett i gang umiddelbart, og det er bedt om ein rapport om framdrifta til det neste møtet mellom utanriksministrane i mai 2006.

Regjeringa vil framleis følgje opp dei sakene som Noreg gav særskild prioritet på toppmøtet. Noreg skal øve påtrykk for å få gjennomført reforma av menneske­rettssystemet, for å utvide samarbeidet med andre organisasjonar og for å medverke konstruktivt i reformarbeidet i sjølve organisasjonen. Frå norsk side vil vi òg følgje opp vedtaket om å styrkje innsatsen for tverreligiøs og kulturell dialog, skipinga av eit ekspertsenter for lokaldemokrati, og medverke i kampanjearbeidet for sårbare grupper.

Til forsida