St.meld. nr. 15 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Til innhaldsliste

3 Tale av statsminister Bondevik til det tredje toppmøtet i Warszawa 16. mai 2005

President, eksellensar, damer og herrar

Dei europeiske landa har ein felles arv. Vi har ein åndeleg og intellektuell arv frå dei store antikke middelhavskulturane. Frå Athen har vi demokratiet, frå Roma rettsstaten, frå Jerusalem dei menneskelege verdiane i jødedomen, kristendomen og islam. Grunnprinsippet i denne arven er respekt for menneskeverdet. Å verne og fremje menneskeverdet er hovudoppgåva til Europarådet.

I tala mi vil eg rette søkjelyset mot fire sett av europeiske kjerneverdiar. For det første menneskeverd og dermed menneskerettar. For det andre solidaritet og nestekjærleik. For det tredje toleranse og mangfald. For det fjerde demokrati. Europarådet er ein viktig byggjestein i det europeiske byggverket av institusjonar. Vi har mykje å vinne på å samarbeide nærare med EU og OSSE. Vi må syte for at alle desse tre organisasjonane samarbeider og samordnar arbeidet sitt og ikkje tevlar med kvarandre.

For det fyrste: Dersom vi skal lukkast med dette, må vi fokusere på kjerneaktivitetar og på område der Europarådet verkeleg kan gjere noko for å fremje menneskeverdet. Den mest påtrengjande oppgåva er å sikre at Den europeiske menneskerettsdomstolen held fram med å vere ein effektiv reiskap for å fremje menneskerettane. Derfor ber eg dykk alle om å ratifisere protokoll 14 før året er omme, og å gjennomføre dei reformene som trengst for å få gjennomført konvensjonen på nasjonalt plan. Vi må syte for at vismannsgruppa er uavhengig og samansett av røynde personar, slik at ho kan vere med og tryggje framtida for menneskerettssystemet på lang sikt. Det er vi, medlemsstatane, som kan få det til. Dette er organisasjonen vår, og vi må oppfylle dei skyldnadene som vi har teke på oss, og dei måla som vi har sett oss.

For det andre, når det gjeld solidaritet og nestekjærleik: Den europeiske samfunnsmodellen byggjer på sosial utjamning, grunna på nestekjærleik. Solidariteten vår må strekkje seg lenger enn til dei vi lett kan identifisere oss med. Vi må gjere som den miskunnsame samaritanen og vere solidariske med dei som er på utsida av vårt eige samfunn, dei som tenkjer og ter seg heilt annleis enn vi gjer. Ein solidaritet som ikkje omfattar dette, ber i seg kimen til utstøyting.

For det tredje, kor viktig det er med toleranse og mangfald: Dessverre har det i samfunnet vårt utvikla seg ein viss grad av toleranse for utstøyting. Men vi kan ikkje berre lene oss tilbake og godta dette. Vi må arbeide for eit integrerande samfunn. Eit samfunn der alle vert verdsette fordi dei har ein eigenverdi som menneske, og der alle kjenner seg som ein verdsett del av samfunnet. Vi må sikre like rettar for grupper som står i fare for å falle utanfor, til dømes eldre, menneske med funksjonshemmingar og medlemer av minoritetar.

Avlidne pave Johannes Paul II sa: «Ordet ’Europa’ må få same tyding som ’openskap’». Han minte oss om at Europa har utvikla seg gjennom møte mellom ulike folkeslag og kulturar. Det kulturelle mangfaldet i Europa veks fortare enn nokon gong. Jamvel land med tradisjonelt einsarta folkesetnad, som mitt eige, er i ferd med å verte meir fleirkulturelle. Det gjev store opningar. For å kunne utnytte desse må vi fremje samforståinga mellom folkegrupper med ulik etnisk, kulturell og religiøs tilhøyrsle. Men vi må ikkje la desse skilnadene verte misbrukte. Vi har sett dramatiske følgjer av dette i form av terrorisme og rasistisk motivert vald, men òg i meir daglegdagse former som diskriminering på bustad- og arbeidsmarknaden. Vi må kjempe mot framandfrykt. Vi må fremje toleranse og respekt for kvarandre. Dessverre veks tallause born over heile verda opp i ein atmosfære av hat og intoleranse, og mange vert dessutan nekta grunnleggjande menneskerettar. Vi må lære borna våre å ha medynk med og omtanke for andre. Vi må hjelpe dei til å ikkje ottast dei som er annleis. Skulane våre må fremje toleranse og forståing. Dei må opplyse elevane om dei ulike kulturane og religionane på ein grundig og systematisk måte. Eg er svært nøgd med at desse tankane er nedfelte i handlingsplanen.

For det fjerde: Europa står for demokrati. Folkemeininga er viktig for eit velfungerande demokrati. Det er innlysande at all politikkutforming må vere føremål for offentleg gransking og ordskifte. Men slik er det ikkje alle stader i Europa i dag. Dette er ei utfordring vi må ta. Alle må ha høve til å påverke kva som skjer i samfunna våre.

På dette toppmøtet forpliktar vi oss ikkje berre sterkare og djupare til å følgje opp kjerneverdiane våre. Vi legg òg viktige nye dimensjonar inn i arbeidet for eit meir humant Europa, eit Europa som har omsut for alle innbyggjarane sine. Vi aukar innsatsen for jamstilling mellom kjønna. Vi tek opp kampen mot vald i heimen og vald mot kvinner og born. Og vi forpliktar oss til å kjempe mot endå eit trugsmål mot grunn­verdiane våre: menneskehandel. Vi har ein skyldnad til å verne om menneskeverdet og fridomen til individet, og dermed til å få slutt på denne forma for slaveri. Nesten to hundre år etter at det britiske parlamentet vedtok å stogge slavehandelen i det britiske imperiet, blømer dessverre denne handelen enno her i Europa! Eg bed dykk alle om å skrive under konvensjonen om tiltak mot menneskehandel og å ta i bruk dei midla som må til for å få slutt på denne styggedomen.

Vi lever i eit Europa som endrar seg snøgt. Dersom Europarådet framleis skal kunne spele ei avgjerande rolle når det gjeld å forsvare og fremje menneskerettane og menneskeverdet, må det vere innstilt på reform og endring. Rådet må halde fram med å fremje god styring og kjempe mot korrupsjon. Det må halde fram med å fremje demokrati og rettferd, slik at vanlege borgarar kan delta i samfunnet på like vilkår.

Om Rådet rettar søkjelyset mot dei europeiske kjerneverdiane og fokuserer på dei felta det har mest sakkunne på, vil det verte styrkt som eit system for alleuropeisk samarbeid. Vi treng Europarådet, og det lyt vere så effektivt som råd!

Til forsida