St.meld. nr. 15 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Til innhaldsliste

3 Det politiske samarbeidet

3.1 Europarådet. Medlemsland og institusjonar

Av det som i dag er 47 potensielle medlemmer til Europarådet, er Kviterussland det einaste landet som enno ikkje er medlem. Handsaminga av søknaden frå Kviterussland er framleis suspendert på grunn av dei innanrikspolitiske tilhøva i landet. Dei grunnleggjande vilkåra for medlemskap i Europarådet er eit fungerande demokratisk styresett med frie val, respekt for rettsstaten og vern om menneskerettane, medrekna minoritetsvern. Kviterussland har enno eit godt stykke igjen før vilkåra er oppfylte. På toppmøtet kom det kritikk av regimet i Minsk fordi det nektar folket sitt dei rettane som krevst for medlemskap i Europa­rådet.

Dei politiske hovudorgana i Europarådet er ministerkomiteen og parlamentarikarforsamlinga. Ministerkomiteen består av utanriksministrane i medlemslanda. Ei omlegging til årlege i staden for halvårlege møte er framleis under utprøving. Noreg er positiv til ei slik reform. Vi ynskjer at møta skal innehalde meir aktuell politisk debatt og såleis kunne medverke til å utnytte organisasjonen fullt ut. Mellom møta i ministerkomiteen har komiteen av faste representantar fullmakt til å gjere vedtak på vegner av Europarådet. I komiteen av faste representantar, som normalt møter ein gong i veka, sit ambassadørane i Strasbourg. Parlamentarikarforsamlinga er samansett av representantar for nasjonalforsamlingane i medlemslanda og har ein rådgjevande funksjon i høve til ministerkomiteen. Forsamlinga samlast til fire sesjonar i året, kvar på ei veke. Den norske delegasjonen til parlamentarikarforsamlinga omfattar ti stortings­representantar – fem medlemmer og fem varamedlemmer. Stortingsrepresentant Per-Kristian Foss er formann for den norske delegasjonen. Den politiske situasjonen i Aserbajdsjan og Moldova, omveltingane i Georgia og Ukraina, samt konflikten i Tsjetsjenia stod i 2005 sentralt i arbeidet til parlamentarikarane.

Den europeiske menneskerettsdomstolen skal sjå til at medlemslanda etterlever den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som tok til å gjelde i 1953. I domstolen sit ein dommar frå kvart av medlemslanda. Sverre Erik Jebens er norsk dommar (sjå nærare kap. 4.2).

Eit anna sentralt organ er Kongressen for lokale og regionale styresmakter, som møtest ein gong i året, og som er samansett av folkevalde representantar for kommunale og regionale styresmakter i medlemslanda. Kongressen arbeider for å fremje lokalt og regionalt demokrati og sjølvstyre. Kongressen tek òg initiativ til samarbeidsprosjekt på lokalt og regionalt nivå, med særleg vekt på demokratiutvikling og oppbygging av lokale og regionale styresmakter i dei nye medlemslanda. Frå Noreg deltek representantar for kommunar og fylkeskommunar. Kongressen arbeider i to kammer – eitt for regionale og eitt for lokale folkevalde. Leiar i KS, Halvdan Skard, er president i lokalkammeret.

Europarådet sin utviklingsbank (CEB) er ei vidareføring av det tidlegare europeiske sosialfondet. Banken har 38 medlemsland og gjev lån til prosjekt til flyktning- og asylføremål, infrastruktur, utvikling av små og mellomstore føretak, utbygging av helse- og sosialsektoren og støtte til offer for miljøkatastrofar. Banken prioriterer dei nye medlemslanda i Sentral- og Aust-Europa. Noreg har skipe eit eige fond for pilotprosjekt i land på Balkan og vil ta initiativ til å skipa eit fond for å betre den nasjonale oppfølginga av menneskeretts­konvensjonen i dei landa som er opphav til flest klager til EMD. Noreg sit i styret for banken.

Noreg hadde formannskapen i ministerkomiteen frå mai til november i 2004 og sat i byrået fram til i november 2005. Det gav eit særskilt godt høve til å påverke dagsordenen og samarbeide tett med dei landa som hadde vervet i 2005: Polen, Portugal og Romania.

3.2 Det 115. møtet i ministerkomiteen

Ministermøtet vart halde i Strasbourg 16.–17. november 2005. Romania tok over som formann etter Polen. Hovudtemaet for møtet var status for oppfølginga av handlingsplanen som vart vedteken på toppmøtet. Debatten dreidde seg difor om dei fire hovudpunkta: styrking av menneskerettssystemet, tiltak for å styrkje demokratiet i Europa, styrking av den menneskelege dimensjonen, samarbeid mellom Europarådet, EU og OSSE, og reformarbeidet for å gjere organisasjonen meir effektiv. Ministrane oppmoda sterkt alle landa til å ratifisere protokoll 14 til EMK så snart som mogleg. Protokollen inngår i reformpakken som skal sikre framtida til EMD. Russland, som er den einaste medlemsstaten som ikkje har underskrive protokollen, viste ei meir positiv tilnærming enn tidlegare. Mange uttrykte forventning til det utvida samarbeidet med EU og det pågåande arbeidet med å forhandle fram ei samarbeidsavtale.

Det norske innlegget støtta eit tettare samarbeid mellom Europarådet og EU og vidareutvikling av samarbeidsavtala mellom Europarådet og OSSE. Det alleuropeiske perspektivet på samarbeidet var viktig. Samstundes måtte ein unngå dobbeltarbeid og utnytte dei komparativt største fordelane i kvar av organisasjonane. Noreg gav sterk støtte til å styrkje Den europeiske menneskerettsdomstolen og var mest eksplisitt på at domstolen må få tilført ekstra ressursar alt frå 2006. Noreg framheva òg at det trengst å reformere og effektivisere Europarådet. Debatten spegla brei støtte til tiltaka som alt var sett i gang for å følgje opp handlingsplanen, men mange land ynskte fortgang i den vidare oppfølginga av konklusjonane frå toppmøtet.

3.3 Utviklinga i medlemslanda

I tillegg til den vedvarande debatten om aktuelle politiske spørsmål i medlemslanda har ministerkomiteen skipa systematiske mekanismar for å sjå til at medlemslanda oppfyller pliktene sine på kjerneområda til Europarådet. På grunnlag av innspel frå medlemslanda utarbeider generalsekretæren regelmessige rapportar om medlemslanda på spesifikke felt. På grunnlag av rapportane vert situasjonen vurdert på møte i komiteen av faste representantar. Konklusjonane frå desse møta gjev viktige retningsliner for samarbeidsprogramma til Europarådet.

Situasjonen i Tsjetsjenia har vore kontinuerleg på dagsordenen. Ved utgangen av 2005 var det framleis grunn til djup uro over tilhøva i delrepublikken. Minister­komiteen har dessutan følgt nøye med på utviklinga i Armenia og Aserbajdsjan. Valet på ny nasjonalforsamling i Aserbajdsjan i november fekk særleg fokus. Utviklinga på Balkan har òg stått sentralt, både når det gjeld situasjonen i Bosnia-Hercegovina, Kosovo og Serbia og Montenegro. Hendingar i Ukraina, Moldova og Georgia har på same vis vorte følgde nøye.

3.3.1 Europarådet sitt engasjement på Balkan

Europarådet har også i 2005 lagt ned eit stort arbeid i prosessen med å stabilisere dei politiske tilhøva på Balkan. Mykje av dette arbeidet har gått føre seg innanfor ramma av pakta for stabilitet for Søraust-Europa, men Europarådet har òg gjennomført eigne program i regionen. Ministerkomiteen har arbeidd med å integrere europeiske strukturar i landa i dette området, men det vil framleis vere ei stor utfordring å skape stabile tilhøve på Balkan. Europarådet har skipa fleire kontor, som er samlokaliserte med feltkontora til OSSE i Beograd, Pristina, Sarajevo, Podgorica, Skopje og Tirana. Assistanse innan politiarbeid og arbeid knytt til utviklinga av rettsstaten står fremst blant oppgåvene i området. Europarådet har eit særleg ansvar på det sistnemnde feltet.

Serbia og Montenegro vart medlem av Europarådet i 2003. Det vart då lagt opp ein strategi for korleis landet skulle etterkome det medlemskapen forpliktar til. Styresmaktene har vist gode intensjonar, og mange av konvensjonane til Europarådet er snart underskrivne og ratifiserte. Biletet av situasjonen i landet er likevel blanda. Særleg med omsyn til konstitusjonell reform, opplæring av dommarar og tiltak mot organisert kriminalitet og korrupsjon står mykje arbeid att. Blant dei aktuelle satsingsområda er demokratiske institusjonar, vern av menneskerettar og minoritetar, samsvar med prinsippa for rettsstaten og utdanning. Fullt samarbeid med Den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) er framleis ikkje oppnådd, og styresmaktene treng å attskape tilliten på dette området.

Europarådet har vore til stades i Kosovo sidan krigshandlingane tok slutt, i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1244 om Kosovo. Organisasjonen har samarbeidd med representantar for det internasjonale samfunnet på staden. Viktige arbeidsområde er bruk av Europarådet sine mekanismar for vern av menneskerettar, tilnærming til europeiske standardar, gjennomføring av korrupsjonslover, desentralisering og restaurering av kulturarven. Hausten 2005 vart det i samarbeid med Europakommisjonen gjennomført eit pilotprosjekt for folketeljing i Kosovo.

Også i Bosnia-Hercegovina har Europarådet heldt fram arbeidet på satsingsområda sine etter at landet vart medlem av organisasjonen i 2002. Ein har ynskt velkomen dei framstega som har vorte gjorde, og har oppmoda styresmaktene til å arbeide vidare med å gjennomføre demokratiske reformer. Det har vorte gjennomført reformer innanfor politiet, forsvaret og kringkastinga. Også innanfor domstolen, og då særleg kammeret for krigsforbrytarar og i arbeidet til Srebrenicagruppa, kan det merkast ei betring. Særleg merksemd har vorte vist situasjonen i skulen med separat undervisning for dei etniske gruppene. Ministerkomiteen har fleire gonger oppmoda Bosnia-Hercegovina til å finne ei løysing. Veneziakommisjonen gav ei tilråding i mars, der trongen for konstitusjonell reform vart framheva. Ministerkomiteen har difor oppmoda styresmaktene til å institusjonalisere samtaler om å fase ut funksjonane til Høgrepresentanten. Det er utarbeidd eit strategidokument for arbeidet til Europarådet dei neste to åra.

I høve til pakta om stabilitet for Søraust-Europa konsentrerer Europarådet engasjementet sitt om utvikling av lovgjeving som er i samsvar med den europeiske menneskeretts­konvensjonen. Det vert fokusert på styrking av lokalt demokrati, oppnemning av ombodsmenn, respekt for nasjonale minoritetar, styrking av ytringsfridom, frie media og utvikling av utdanningsprogram. Dagsordenen er ambisiøs, men er uttrykk for prioriteringar som er grunnleggjande for arbeidet i Europarådet. Dette er heilt i tråd med norske prioriteringar.

3.3.2 Europarådet sitt engasjement i Kaukasus

Kaukasus er framleis høgt prioritert. Regionen er prega av uløyste konfliktar som hindrar demokratisk utvikling. Ministerkomiteen har følgt utviklinga nøye, og fleire tiltak er sette i gang for å gje hjelp i arbeidet med reformer. Situasjonen er enno prega av nokre framsteg, men òg somme tilbakesteg.

Armenia og Aserbajdsjan vart begge medlemmer av Europarådet i 2001. Europarådet har eigne rådgjevingskontor i Jerevan og i Baku. Landa har forplikta seg til å halde fram dialogen om å finne ei fredeleg løysing i Nagorno-Karabakh. Konflikten vert kvart år drøfta i parlamentarikarforsamlinga, der ein har teke til orde for ein kampanje for toleranse- og informasjonsarbeid i dei to landa. I ei avrøysting godkjende folket i Armenia hausten 2005 dei konstitusjonelle reformene som var utarbeidde i samarbeid med Europarådet. Ministerkomiteen har ei overvakingsgruppe som rapporterer jamleg om utviklinga. Ei anna sak som har vore drøfta i ministerkomiteen, gjeld dei politiske fangane i Aserbajdsjan. I valet på ny nasjonalforsamling hausten 2005 vart det rapportert om alvorlege manglar. Det vert sett som eit alvorleg tilbakesteg i høve til oppfølginga av forpliktingane til Europarådet.

Europarådet har dei siste åra hatt ei viktig rolle i Tsjetsjenia. Europarådet er den einaste internasjonale organisasjonen som er til stades i republikken. Dette legg eit stort ansvar på Europarådet. Sidan januar 2004 har russiske styresmakter og Europarådet samarbeidd i Tsjetsjenia om ei rekkje aktivitetar, til dømes utvikling av lokalstyre, etterforsking av forsvinningar og rehabilitering av born og kvinner. I 2005 har omlag 20 slike aktivitetar vorte gjennomførde. Gjennomføring av desse samarbeidsprogramma og menneskerettssituasjonen i Tsjetsjenia får kontinuerleg merksemd frå ministerkomiteen. Mange aktivitetar har vorte utførde i samarbeid med den russiske menneskeretts­kommissæren, som samordnar Europarådet sine program i Tsjetsjenia. Europarådet sin menneskeretts­kommissær har òg gjort ein stor innsats for å skape dialog i området og har vorte beden av den tsjetsjenske presidenten om å halde fram med dette arbeidet.

I Georgia har ministerkomiteen merka seg framstega som er gjorde i oppfyllinga av landets forpliktingar, særleg etter «Roserevolusjonen» i 2003. Rapportørgruppa for demokratisk stabilitet har som oppgåve å overvake nokre prioriterte område, til dømes bygging av demokratiske institusjonar, medrekna regionale og lokale, reform av domstolane og iverksetjing av tiltak i kampen mot korrupsjon og organisert kriminalitet. Det har vorte utarbeidd ein handlingsplan for Georgia, og mellom anna vil det verte oppnemnd ei arbeidsgruppe for reform av lovverket. I motsetnad til Adjaria, som no er fredeleg reintegrert i Georgia, finst det enno ingen konkret plan for Abkhasia. Her har situasjonen forverra seg, lik situasjonen i Sør-Ossetia, og det var få teikn på ei løysing mot slutten av 2005.

3.3.3 Europarådet sitt engasjement i Ukraina og Moldova

Ministerkomiteen har ynskt velkomen dei framstega som er gjorde i Ukraina etter presidentvalet i 2004. I nært samarbeid med Ukraina har det vorte utarbeidd ein handlingsplan for å bringe ukrainsk lovverk, institusjonar og praksis i samsvar med europeiske standardar på områda menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. Europarådet ynskjer å tilby hjelp på mange område og vil framleis følgje situasjonen nøye.

Ministerkomiteen har også hatt den vanskelege situasjonen i Moldova jamleg på dagsordenen med særleg oppfølging av tiltak for demokrati, rettstryggleik og menneskerettar. Det har mellom anna vorte gjennomført fleire lokalval i hovudstaden Chisinau, utan at styresmaktene har klart å mobilisere tilstrekkeleg med veljarar. Konflikten i Transnistria har ført til mange debattar i ministerkomiteen i 2005. Ein har særleg følgt to viktige saker. Den første saka gjaldt stenginga av moldovske/rumenske skular i området. Det ser no ut til at denne situasjonen har funne ei førebels løysing. Den andre saka gjeld vanskane med å sette fri dei to attverande fangane i den såkalla Ilascu-saka, sjå punkt 4.2 nedanfor. På tross av regelmessig påtrykk frå ministerkomiteen overfor Russland, som saman med Moldova er dømd i saka, er ho enno ikkje avslutta. Komiteen ser med stor uro på at dette har utvikla seg slik at ingen vil innrømme juridisk ansvar, og at slike saker derfor vanskeleg kan løysast. Motvilje mot å sleppe inn utsendingar i Transnistria gjer dialog endå vanskelegare. Europarådet samarbeider no med Europakommisjonen i dette området.

3.4 Europarådet sitt arbeid mot internasjonal terrorisme

Arbeidet mot internasjonal terrorisme har vore særleg høgt prioritert i Europarådet sidan 11. september 2001. Den europeiske konvensjonen om kamp mot terrorisme frå 1977 er ein sentral konvensjon og sikrar utlevering av terroristar ved å gjere det klart at terror­handlingar ikkje kan kallast politiske (politiske handlingar inneber normalt unntak frå plikt til å utlevere). I mai 2003 vart ein endringsprotokoll, som mellom anna utvida lista over terrorhandlingar, opna for underskriving. Som første land ratifiserte Noreg protokollen i september same året.

Ein ny konvensjon om førebygging av terrorisme vart lagd ut for underskriving på toppmøtet. Konvensjonen har tre hovudsiktemål, nemleg kriminalisering av offentleg oppmoding til terrorhandlingar, rekruttering til terrorisme og øving i terrorhandlingar. Frå norsk side har vi vore særleg opptekne av at arbeidet skal gje konkrete resultat og at ein må unngå dobbeltarbeid i høve til arbeid i FN-regi. Konvensjonen tek til å gjelde når seks land har ratifisert han. Noreg var aktivt med i utarbeidinga av konvensjonen, men det vil krevje lovendringar før vi kan ratifisere han. Dette vil mest truleg verte handsama i arbeidet med ein spesiell del til ny straffelov, tidlegast i 2007.

Europarådet har oppnemnt ein eigen ekspertkomité som samordnar alt arbeid med terrorisme i Europarådet. I denne komiteen møter også organisasjonar som OSSE, Europakommisjonen, OECD, Interpol, Europol, FN og Den internasjonale raudekrossen som observatørar. Kamp mot terrorisme er eitt av dei fire formaliserte områda for samarbeid mellom Europarådet og OSSE.

Europarådet har ved sida av dette også utarbeidd eit sett retningsliner som kjem i tillegg til retningslinene om tiltak mot terrorisme. Dette gjeld tiltak for offer for terrorhandlingar, mediefridom i kampen mot terrorisme, særlege forhøyrsteknikkar, vern av vitne og utvikling av nye identitets- og reisepapir som følgje av kampen mot terrorisme.

3.5 Samarbeidet med andre organisasjonar

Europarådet og EU møtest ein til to gonger i året til samråd i høgnivåmøte. Noreg har, som rapportør for tilhøvet til EU, vore deltakar på høgnivåmøta i 2005. På høgnivåmøtet i 2005 diskuterte ein mellom anna førebuingane til toppmøtet og det framtidige politiske samarbeidet i Europa. Ein drøfta òg om EU formelt kunne verte part i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Pakta om dei grunnleggjande rettane er innarbeidd i EU si forfatning som vart underskriven i Roma hausten 2004. Dette vil verte rettsleg bindande om traktaten ein gong i framtida tek til å gjelde. Samstundes står det i forfatninga at EU skal verte part i EMK. Regjeringa ser det som ynskjeleg at EU vert part i EMK. Det vil sikre ein sams standard for menneske­rettar i Europa. Medlemslanda er samde om at det trengst eit tettare samarbeid mellom EU og Europarådet. På toppmøtet var det brei semje om å utarbeide ei avtale om forsterka og utdjupa samarbeid. Luxembourgs statsminister, Jean-Claude Juncker, vart beden om å utarbeide ein rapport om det politiske innhaldet i eit tettare og meir forpliktande samarbeid.

Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet har fleire gonger gått inn for eit slikt samarbeid. På høgnivåmøta i 2005 vart det òg drøfta utvida prosjektsamarbeid, og det var semje om å styrkje dette samarbeidet. Dette gjeld særleg prosjekt i Aust-Europa, mellom anna i Russland, Ukraina og landa i Kaukasus, som fell inn under EU sin granneskaps­politikk (ENP), på Balkan og i høve til Tyrkia. Prosjekta skal først og fremst medverke til å fremje menneskerettane, demokrati og rettsskipnad. Ei mogleg norsk medverking i desse prosjekta vil kunne gje ei positiv samordning.

I 2005 vart det sett i gang eit meir omfattande samarbeid mellom OSSE og Europarådet, og på toppmøtet vart det vedteke ei samarbeidsavtale. Denne avtala inneber at dei to organisasjonane i første omgang skal samordne verksemda i kampen mot terrorisme, menneskehandel, diskriminering og intoleranse og samarbeide om tiltak for nasjonale minoritetar. OSSE har styrken sin i det preventive diplomatiet og i evna til å handle raskt i felten ved hjelp av institusjonane og sendelaga sine, medan Europarådet først og fremst arbeider i djupet med utvikling av regelverk, standardar og juridiske instrument og sakkunne for å medverke til ei langsiktig demokratisk utvikling. OSSE og Europarådet har i 2005 hatt eit særleg godt samarbeid i Kaukasus og på Balkan. Frå norsk side vil ein gå inn for å utvide samarbeidet til fleire område og støtte opp om felles prosjekt i felt.

Annakvart år vert det fremja ein resolusjon om samarbeidet mellom Europarådet og FN. I 2006 skal ein på nytt fremje ein resolusjon. Europarådet deltek kvart år på generalforsamlinga i FN, der samarbeidet er oppført som eit eige punkt på dagsordenen. Samarbeidet vil halde fram på hovudområda til Europarådet, dvs. demokratibygging, menneskerettar og rettstryggleik. Det har vore vanskeleg å få tilslutning i FN til alle kjerneverdiane til Europarådet, då desse mellom anna omfattar forbod mot dødsstraff. Det vert samarbeidd med fleire av særorganisasjonane i FN og i ei rekkje land, framfor alt i Kaukasus og på Balkan. Regjeringa vil arbeide for eit tettare samarbeid mellom Europarådet og FN for å fremje synergi og unngå dobbeltarbeid.

Europarådet har opp gjennom åra utvikla nær kontakt med ei rekkje internasjonale ikkje-statlege organisasjonar som er aktive på Europarådet sine fagområde. Rundt 400 organisasjonar har status som samarbeidsorganisasjonar hos Europarådet. Samarbeidet med ikkje-statlege organisasjonar er særleg godt utvikla innanfor arbeidet med ungdom. Regjeringa vil gå inn for tiltak som i endå større grad vil opne organisasjonen og gje meir innsyn i arbeidet.

3.6 Europarådet sitt budsjett

Europarådet har dei siste åra hatt null realvekst i budsjetta sine. Dei store tilskotsytarane, Storbritannia, Tyskland, Russland, Italia og Frankrike, er av dei landa som ikkje har ynskt at budsjetta til Europarådet skulle vekse. På grunn av den kritiske situasjonen i Den europeiske menneskerettsdomstolen er det likevel i stor grad semje om at budsjettet for domstolen bør aukast for å kunne gjennomføre ein naudsynt reformprosess.

Dei fem landa som yter størst tilskot til Europarådet – Frankrike, Italia, Storbritannia, Tyskland og Russland – dekkjer kvar 12,8 % eller til saman 64 % av det ordinære budsjett til organisasjonen. Det ordinære budsjettet var i 2005 på 186 millionar euro, og Noreg stod for 2,978 millionar euro eller omlag 1,6 % av det totale budsjettet til Europarådet. Medrekna finansiering av pensjonar, delavtaler som Noreg er med i, og frivillige norske tilskot til Europarådet, betalte Noreg til saman 4,155 millionar euro.

Til forsida