St.meld. nr. 15 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Til innhaldsliste

5 Det mellomstatlege samarbeidet

5.1 Menneskerettar, likestilling og menneske­handel

5.1.1 Menneskerettar

Det mellomstatlege arbeidet for menneskerettar i Europarådet finn i hovudsak stad i Styringskomiteen for menneskerettar og i underkomiteane for vidareutvikling av menneskerettane og for sakshandsamingsspørsmål.

I 2005 har styringskomiteen og Komiteen for sakshandsaming prioritert arbeidet med å undersøkje korleis medlemsstatane har følgt opp fem tilrådingar frå ministerkomiteen om ulike tiltak for å betre den nasjonale gjennomføringa av EMK og dermed minske talet på nye klager til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dette arbeidet inngår i oppfølginga av reformpakken som vart vedteken i mai 2004 for å sikre framtida til domstolen, og Noreg har vore mellom dei statane som har understreka at dette arbeidet må prioriterast.

Dei same komiteane har også arbeidd med endringar av dei reglane som gjeld når ministerkomiteen fører tilsyn med statane si etterleving av dommar frå menneskeretts­domstolen. Siktemålet er å gjere tilsynet meir effektivt og å søkje å sikre at dommar som avdekkjer systemfeil, vert prioriterte, slik at ein unngår at domstolen må handsame ein flaum med klager som gjeld same systemfeil.

Det vart i 2005 arrangert eit seminar om vern av menneskerettar i kampen mot terrorisme, der målet var å undersøkje korleis Europarådet sine retningsliner om dette har verka. Etter dette vart komiteen av spesialistar på menneskerettar og kampen mot terrorisme oppattnemnd, og komiteen har byrja å vurdere spørsmålet om bruk av diplomatiske garantiar i samband med utlevering eller bortvising av personar der det kan vere grunn til å frykte tortur. Noreg er ikkje medlem av denne komiteen.

Komiteen for vidareutvikling av menneskerettane har sluttført arbeidet med ei handbok om menneskerettar og vern av miljøet, som er basert på praksis frå menneskerettsdomstolen. Handboka skal gjevast ut i 2006.

5.1.2 Likestilling

Toppmøtet støtta vidare innsats for større likestilling og peika særleg på områda nasjonale likestillingsapparat, vald mot kvinner og menneskehandel. Styringskomiteen for likestilling har ei sentral oppgåve med å integrere likestilling i resten av verksemda til Europarådet. Fokus for Europarådet sitt arbeid på likestillingsområdet er å fremje like utsikter og rettar for kvinner og menn, å hindre vald mot og handel med kvinner og å vidareutvikle det metodiske arbeidet med å integrere likestilling i verksemda til Europarådet og i medlemslanda.

Europarådet har lege i framkant internasjonalt med arbeidet sitt for å utvikle metodar for å integrere likestilling på alle fagområde og har mellom anna utarbeidd sentrale dokument om korleis dette arbeidet best kan utviklast metodisk. Relevante røynsler og standardar frå EU sitt arbeid er trekte inn. Noreg deltok i 2005 mellom anna i nettverk om integrering og i arbeidsgrupper om budsjettarbeid og om krav og standardar på likestillingsområdet.

Det vart i 2005 utarbeidd rapportar om kvinner og menn i freds- og konfliktarbeid, om ekteskap inngått under tvang, om permisjon for foreldre og om budsjettarbeid i eit kjønnsperspektiv.

Sverige er vertskap for eit ministermøte i juni 2006. Tema vil vera «Menneskerettar og økonomiske utfordringar i Europa – likestilling». Ein resolusjon og ein handlingsplan vert førebudde med sikte på vedtak på møtet.

5.1.3 Menneskehandel

Handel med kvinner for seksuell utnytting har òg vore eit viktig tema i Styringskomiteen for likestilling. Komiteen fekk utarbeidd ein rapport som synte at ein europeisk konvensjon om menneskehandel kunne fylle ut FN sin tilleggsprotokoll om organisert kriminell verksemd (Palermoprotokollen). Noreg medverka aktivt i førebuinga av konvensjonen og var mellom dei landa som skreiv under konvensjonen då han vart opna for underskriving på toppmøtet. Frå norsk side vert det arbeidd med å få ratifisert konvensjonen, som tek til å gjelde når ti land har ratifisert han, venteleg i 2007. Føremålet med konvensjonen er å førebyggje og unngå nasjonal og inter­nasjonal menneskehandel, å tryggje og hjelpe offer for menneskehandel, å sikre effektiv straffeforfølging av bakmennene og å fremje internasjonalt samarbeid for å nå desse måla. For å sikre effektiv gjennomføring gjev konvensjonen døme på skiping av ein egen mekanisme for overvaking.

Trongen for ein eigen konvensjon på området kjem mellom anna av at ein i tillegg til fokuseringa i FN-protokollen på kriminalisering og straffeforfølging av bakmennene ynskjer at statane i større grad skal forplikte seg til å tryggje ofra og menneskerettane deira. Den nye konvensjonen gjeld både nasjonal og internasjonal menneskehandel og pålegg statane som ratifiserer han, å underleggje seg ein felles mekanisme for overvaking, som skal sørgje for at pålegga i konvensjonen vert effektivt gjennomførde på nasjonalt plan. Konvensjonen har ein meir effektiv mekanisme for overvaking enn FN-konvensjonen mot internasjonal kriminalitet.

Pålegga i konvensjonen er meint å vere standardar for eit minimum av tiltak som landa som er part i konvensjonen, må gjennomføre. For Noreg kan det derfor vere nærliggjande å vurdere om ein på nokre sentrale område ynskjer å gjennomføre pålegga i konvensjonen på ein meir effektiv måte enn kva som strengt teke følgjer av konvensjonen. Høgare standardar vil mellom anna kunne vere med å påverke andre land sin innsats på området – i retning av ei styrking av rettane til ofra. På nokre område har Noreg alt høgare standardar.

Menneskehandel er i høgaste grad eit problem som vedgår Noreg – mellom anna som mottakarland for den handelen med menneske som finn stad i vår del av verda. Effektiv kamp mot menneskehandel krev eit breitt internasjonalt samarbeid. Dei felles standardane som følgjer av den nye konvensjonen, vil utgjere eit sentralt grunnlag for ein slik felles innsats i kampen mot menneskehandel. Som eit føregangsland i kampen mot menneske­handel er Noreg tilfreds med at det no ligg føre eit europeisk folke­rettsleg bindande instrument.

5.2 Juridisk samarbeid

5.2.1 Sivilrettsleg samarbeid

Styringskomiteen for samarbeid om sivilrett dekkjer eit variert spekter av arbeidsområde og har no faste underkomitear på områda forvaltingsrett, statsborgarskap og familierett. Noreg hadde leiinga av styringskomiteen og byrået til og med det årlege møtet i april 2005. Årsmøtet vedtok mellom anna å tilrå at ministerkomiteen vedtek ein protokoll om å unngå tap av retten til å vere statsborgar ved statssuksesjon og ei tilråding med eit skjema til bruk for rettshjelp utanlands.

Oppgåvene til styringsgruppa er grunnleggjande for målsetjingane til Europarådet, mellom anna for å fremje eit effektivt og demokratisk rettsstell i dei sentral- og austeuropeiske landa. Sett i høve til budsjettsituasjonen i Europarådet har det likevel vore naudsynt med ei klar prioritering av kva for tema Europarådet skal arbeide vidare med innanfor samarbeidet om sivilrett. Det vart semje om ei gruppering av prioriterte tema, som er oversend ministerkomiteen.

Det vil framleis verte lagt vekt på arbeidet med å førebu nye instrument om rettsstellet. Samarbeidet om utvikling av rettsstellet i medlemsstatane går no i hovudsak føre seg i Den europeiske kommisjonen for effektivitet i rettsstellet, som vart oppnemnd i 2002 som eit særskilt organ under ministerkomiteen. Kommisjonen skal medverke til å betre effektiviteten og funksjonsmåten til domstolane i medlemslanda, slik at innbyggjarane får styrkt tilliten til rettferdige dommar. Den skal også leggje til rette for god gjennom­føring av Europarådet sine instrument for effektivitet og rettferd i rettssystema. Etter vedtektene sine arbeider kommisjonen særleg med data som syner kor effektivt rettsstellet i medlemsstatane er, og korleis det verkar. Det gjev grunnlag for å drøfte tiltak som kan fremje høg kvalitet. Kommisjonen gjev også rettleiing og støtte til medlemsland som ynskjer hjelp i arbeidet med å skipe eit godt rettsstell. Kommisjonen har ikkje overvakings- eller kontrolloppgåver. Dersom kommisjonen finn det tenleg med nye instrument eller endringar i dei som alt er vedtekne, skal dei ta det opp med Styringskomiteen for samarbeid om sivilrett.

Kommisjonen for effektivt rettsstell har arbeidd aktivt og har to plenumsmøte kvart år. Under kommisjonen har to ekspertgrupper av særleg sakkunnige arbeidd med kriterium for evaluering av og tidsfristar for rettsstellet. Noreg har i 2005 vore representert i kommisjonen gjennom administrasjonsrådet for menneskeretts­domstolen og dessutan med ein sakkunnig ekspert i Ekspertkomiteen for evaluering av rettsstellet.

Europarådet har også skipa ein møteplass for representantar for europeiske dommarar, Det rådgjevande rådet for europeiske dommarar. Her møter ein framståande dommarar frå kvar medlemsstat. Rådet gjev fråsegner til ministerkomiteen om prinsipielle spørsmål i rettsstellet sett i lys av røynslene frå domstolane i medlemsstatane og uttalar seg om åtgjerder som kan vere naudsynte eller tilrådelege. Til dømes har rådet gjeve fråsegn om alternativ løysing av tvistar for å avhjelpe saksmengde og saksavvikling i nasjonale domstolar.

Det 26. europeiske møtet mellom justisministrar vart halde i april 2005 i Helsingfors. Hovudemnet var dei sosiale sidene ved retten, med nærare drøfting av retten sitt svar på gjeldsproblem i kredittsamfunnet og av dei sosiale oppgåvene til strafferetten. Justisministrane handsama òg eit framlegg til ei europeisk fengselsavtale og oppfølging av resolusjonen mot terrorisme frå det førre ministermøtet. Dei nye fengselsreglane vart vedtekne av ministerkomiteen i januar 2006 og er retningsgjevande for korleis straff skal gjennomførast. Dei er meir detaljerte enn dei gamle reglane frå 1987 og tek omsyn til utviklinga i Europa når det gjeld tiltak mot kriminalitet, praksis for straffeutmåling og fengselsforvalting. Det er òg teke omsyn til rettspraksis frå menneskerettsdomstolen i Strasbourg og vurderingane til Europarådets torturkomité (CPT), særleg standardane som komiteen har utvikla. Styringskomiteen for samarbeid om sivilrett vedtok òg nye retningsliner om eigne arbeidsme­todar.

5.2.2 Strafferettsleg samarbeid

Styringskomiteen for strafferettslege spørsmål, kriminologi og fengselssaker heldt det årlege møtet sitt i mars 2005. På møtet vedtok komiteen å tilrå ministerkomiteen å vedta ein konvensjon om kvitvasking og finansiering av terrorisme. Føremålet med den nye konvensjonen er mellom anna å styrkje den eksisterande konvensjonen om tiltak mot kvitvasking. Konvensjonen legg til rette for å lette det internasjonale samarbeidet om å oppspore og inndra utbytte frå kriminelle handlingar. Komiteen vedtok òg å tilrå ministerkomiteen å vedta to tilrådingar om vern av vitne og om retningsliner for bruk av særskilde metodar for etterforsking. Ministerkomiteen vart òg tilrådd å vedta å institusjonalisere konferansen om påtalemakta innanfor Europarådet.

5.2.3 Folkerett

Europarådet har ein eigen adhockomité for rådgjevarar i folkerett, som er eit forum for meiningsutveksling om aktuelle folkerettslege emne, og som møtest to gonger i året. Komiteen uttalar seg òg om spørsmål som ministerkomiteen har fremja for han. Komiteen utarbeider ikkje utkast til konvensjonar, men har dei siste åra utvida arbeidsfeltet sitt ved å leggje fram visse skriftlege arbeid. I tillegg evaluerer komiteen konvensjonar innanfor ansvarsområdet sitt.

Domstolane for krigsforbrytarar frå Rwanda og det tidlegare Jugoslavia og skipinga av Den internasjonale straffedomstolen har vore gjennomgangstema. Det same gjeld diskusjonane om pågåande prosessar innanfor internasjonal humanitærrett.

Komiteen arbeider med emne som vert handsama av Kommisjonen for folkerett i FN, og heldt i 2005 fram dialogen med representantar for Kommisjonen for folkerett om desse emna. Komiteen har òg ei observatørrolle for reservasjonar til multilaterale konvensjonar, mellom anna konvensjonar mot terrorisme, og utarbeider ei oversikt over tilslutning av medlemsland til internasjonale mekanismar for tvisteløysing.

Noreg legg stor vekt på arbeidet i komiteen. Utviklinga i retning av å utvide verkeområdet til komiteen, mellom anna med omsyn til meir substansiell drøfting, har fulle støtte frå oss. Den aukande dialogen med FN-kommisjonen for folkerett er positiv.

5.3 Sosiale spørsmål

5.3.1 Sosialt samhøyr og sosialpolitikk

Toppmøtet vedtok at det skulle oppnemnast ei vismannsgruppe for å gå gjennom Den europeiske komiteen for sosialt samhøyr sin strategi for å stake ut ein ny veg for sosialpolitikken i framtida. Dei nordiske landa gjekk saman om å fremje ein dansk kandidat, som vart innvald i vismannsgruppa.

Noreg deltek i ei ekspertgruppe om integrerte sosiale tenester og har der orientert om skipinga av den nye arbeids- og velferdsforvaltinga. Avtaler om samarbeid mellom stat og kommune var eit av punkta som særleg vekte interesse. Noreg deltek i delavtala på sosial- og helseområdet i Komiteen for rehabilitering og integrering av funksjonshemma. Det er mellombels tilsett ein norsk ekspert til sekretariatet for komiteen i Europarådet.

I november 2004 var Noreg vert for konferansen «Human Rights – Disabilities – Children», som vart arrangert i Strasbourg. Som eit ledd i oppfølginga av denne konferansen er det teke initiativ til å oppnemne ei ekspertgruppe som mellom anna skal utarbeide tilrådingar for å betre tilhøva for funksjonshemma born, mellom anna gjennom betre integrering i lokalsamfunna. Den nyoppnemnde ekspertgruppa skal gje ein rapport til Komiteen for rehabilitering og integrering av funksjonshemma innan utgangen av 2006.

I samarbeid med Russland, som har formannskapen i Europarådet frå mai 2006, vil Noreg som formannskap i Nordisk ministerråd, arrangere ein konferanse om betring av livskvaliteten for funksjonshemma. Konferansen vil finne stad i Russland hausten 2006.

5.3.2 Tilgang til sosiale rettar

Noreg har delteke i to ekspertkomitear for trygdespørsmål. Ekspertkomiteen for samordningsinstrument på trygdeområdet vart sett til å vurdere tolkingsspørsmål og andre spørsmål av administrativ art i høve til Europarådet sine samordnings­instrument på trygdeområdet (trygdekonvensjonen, dei to mellombelse trygdeavtalene og forsorgs- og sjukehjelpskonvensjonen).

Ekspertkomiteen for standardsetjingsinstrument på trygdeområdet har mellom anna hatt i oppgåve å overvake medlemslanda si rapportering på trygdeområdet, særleg i høve til den europeiske trygdekodeksen med protokoll. Ekspertkomiteen har mellom anna gått gjennom merknadene og konklusjonane til ekspertkomiteen i ILO når det gjeld rapportane frå dei einskilde medlemslanda. Ekspertkomiteen for standardsetjings­instrument på trygdeområdet observerer og rapporterar om felles europeiske trendar og utviklingstrekk på trygdeområdet og utarbeider informasjonsoversikter om aktuelle spørsmål og god administrativ praksis til bruk for Den europeiske komiteen for sosialt samhøyr. Det vert i denne samanhengen fokusert på den framtidige bereevna til trygdeordningane og særleg på spørsmål som gjeld universell trygdedekning, privatisering og implikasjonane for alderspensjonar, likestilling og tiltak overfor pleietrengjande eldre.

Ekspertkomiteane har òg ansvar for å fremje arbeidet med å få medlemsstatane til å ratifisere dei ulike europarådsinstrumenta på trygdeområdet. I 2005 vart det vedteke å slå dei to komiteane saman under eit sams mandat.

5.3.3 Helsekomiteen

Handlingsplanen frå toppmøtet nemner helse og menneskerettar og peiker på styrkt innsats innan pasientretta arbeid og lik tilgang på helsetenester. Dei mangeårige planane for å styrkje arbeidet på helseområdet, mellom anna ved å føre over aktivitetar frå delavtala til hovudprogrammet, tok ei ny vending i 2005. I staden kom det eit framlegg frå sekretariatet om å overføre arbeid innan standardar for blodtryggleik og organtransplantasjon frå hovudprogrammet til ei høveleg delavtale. Dette skal utgreiast nærare i 2006 med sikte på å ta ei endeleg avgjerd i samband med handsaminga av budsjettet for 2007. Ministerkomiteen godkjende i juni tilrådinga om fagleg opplæring av personell innan organtransplantasjon.

Helsekomiteen har i 2005 mellom anna vedteke eit utkast til tilråding om helse­tenester i eit fleirkulturelt samfunn, som skal sendast til godkjenning i ministerkomiteen i 2006.

Våren 2005 vart konferansen «Patient safety as a European Challenge» gjennomførd med stort hell under den polske formannskapen i Ministerrådet. Med tilskot frå Europarådet vart «The European Day of Organ Donation and Transplantation» avvikla i oktober av sveitsiske styresmakter. Europarådet hadde ei viktig rolle, saman med mellom andre serbisk-montenegrinske styresmakter, i ein europeisk konferanse i Beograd om lindrande handsaming. Til dømes er hjelpeprogrammet til Moldova viktig for å styrkje lovarbeidet og arbeidet innan mental helse og organtransplantasjon.

Viktige område som helsekomiteen vil arbeide med framover, er system for å følgje politikkutforminga innan mental helse og nye utviklingstrendar innan utdanning av helsepersonell.

5.3.4 Bioetikk-komiteen

Bioetikk-komiteen er Europarådets styringskomité for bioetiske spørsmål. Han handsamar emne knytte til konvensjonen om menneskerettar og biomedisin (biomedisinkonvensjonen). Konvensjonen vart opna for underskriving i 1997, og Noreg er eitt av dei 33 landa som har underskrive konvensjonen. Denne konvensjonen tek sikte på å verne vørdnaden og identiteten til alle menneske og utan diskriminering garantere respekten for integriteten og andre grunnleggjande rettar knytt til bruken av biologi og medisin. Det er fleire protokollar og tilrådingar som er knytte til biomedisinkonvensjonen. For tida vert det arbeidd med forslag til tilpassingar i helselovgjevinga, slik at Noreg kan ratifisere konvensjonen.

Mykje av verksemda til komiteen i 2005 har vore konsentrert om å utarbeide eit utkast til tilråding om forsking på humant biologisk materiale. Utkastet inneheld retningsliner for innsamling og oppbevaring av humant biologisk materiale og forskarar sin bruk av dette, grunna på samtykke. Utkastet er no ferdighandsama i komiteen og skal på vårparten 2006 handsamast i ministerkomiteen. I 2005 har komiteen òg drøfta utkastet til protokoll om genetisk testing.

5.3.5 Kampen mot narkotikamisbruk

Pompidougruppa er Europarådet si samarbeidsgruppe for narkotikaspørsmål på ministernivå. Gruppa har til føremål å medverke til kampen mot narkotikaproblema med vekt på å minske både tilbodet og etterspurnaden i narkotikamarknaden. Det vert samarbeidd nært med andre regionale og internasjonale organisasjonar på narkotikaområdet. Nederland har formannskapen i gruppa fram til utgangen av 2006.

Det er oppnemnt seks ekspertgrupper til å arbeide med problematikk på områda handsaming, førebygging, etikk, rettshandheving, flyplassproblematikk og forsking. Noreg har gjeve eit frivillig tilskot til arbeidet med prosjekt innan førebyggingsdelen av arbeidsprogrammet for 2004–2006.

I tillegg til arbeidet i ekspertgruppene og arbeidet med å gjennomføre prosjekta i arbeidsprogrammet har arbeidet med å evaluere arbeidet i og strukturen for Pompidougruppa stått sentralt i 2005 under den nederlandske formannskapen. Resultata frå evalueringa vil danne grunnlag for avgjerder om det framtidige arbeidet i gruppa. Det vert teke sikte på eit vedtak på ministermøtet i november 2006. Regjeringa ser på Pompidougruppa som eit viktig forum for informasjonsutveksling og tiltaksutvikling.

5.4 Innvandringsspørsmål og nasjonale minoritetar

5.4.1 Nasjonale minoritetar

Ministerrådet vedtok i november 2004 å oppattnemne Ekspertkomiteen for trygging og vern av nasjonale minoritetar, der Noreg deltek. Ekspertkomiteen er eit forum for utveksling av informasjon, synspunkt og røynsler med tiltak for å betre situasjonen for nasjonale minoritetar i dei einskilde medlemslanda og i høve til internasjonale avtaler og konvensjonar. Noreg er representert i ei ekspertgruppe for romspørsmål, som er oppnemnd av Styringskomiteen for migrasjon. Ho har mellom anna handsama spørsmålet om skuldingar om tvangssterilisering av romkvinner i Slovakia. Noreg har i denne samanhengen informert om arbeidet med skadebotordningar for tvangs­steriliserte romanikvinner i Noreg. Det har vore stor interesse i ekspertgruppa både for den norske erkjenninga av at tvangssterilisering har gått føre seg, og for arbeidet med skadebot. Europarådet har bede Sverige i samarbeid med Noreg om å arrangere eit seminar med dette temaet.

5.4.2 Innvandringsspørsmål

Ekspertkomiteen for statsborgarskap utarbeidde i 1997 den europeiske konvensjonen om statsborgarskap. Noreg deltek i ekspertkomiteen, der det no vert arbeidd med stats­borgarspørsmål som ikkje er regulerte i konvensjonen. I 2003 vart det starta arbeid med eit tilleggsinstrument om statsløyse i samband med statssuksesjon. Komiteen sluttførde ein protokoll om dette i 2004. Denne vart lagd fram for styringskomiteen i april 2005.

Noreg er representert i Europarådets adhoc­ekspertgruppe for rettslege aspekt ved territorialt asyl, flyktningar og statslause personar. Denne vedtok i 2005 ei tilråding om internt fordrivne personar, som er oversendt ministerkomiteen for vedtak.

Sidan 2002 har ekspertgruppa utarbeidd ei rekkje utkast til tilrådingar om mellom anna minimumsstandardar i forvaring av asylsøkjarar, om felles definisjon av omgrepet «medlemskap i ei spesiell sosial gruppe» etter føresegnene i flyktningkonvensjonen, om tolking av vilkåra for eksklusjon frå flyktningstatus i samsvar med føresegnene i flyktningkonvensjonen, om retningsliner for tvungen retur av personar utan lovleg opphald i eit medlemsland, og om retningsliner for tvungen retur av personar utan lovleg opphald i eit medlemsland. Alle tilrådingane er no vedtekne av ministerkomiteen.

I samband med handsaminga av det ordinære budsjettet for 2006 vart det i desember 2005 vedteke å utsetje aktivitetane i komiteen til 2007. Det inneber at det ikkje vert halde noko møte i komiteen i 2006.

Arbeidet med migrasjons- og integrerings­spørsmål vert leidd av Styringskomiteen for migra­sjon. Noreg deltek i byrået og sit som viseformann i komiteen. Styrings­komiteen har teke til å førebu ein konferanse for ministrar med ansvar for innvandring og integrering. Ministerkonferansen skal haldast i Ukraina i 2008. Innanfor ramma av den såkalla politiske plattforma har komiteen halde to møte med land utanfor Europarå­det. Føremålet med plattforma er å skipe eit breiare forum for diskusjon av migrasjons­spørsmål. Tema for desse sesjonane har vore samarbeid for utvikling og korleis migrantar vert framstilt i media. Komiteen arbeider òg med ei tilråding om utenlandske studentar og rettane deira.

5.5 Born og ungdom

5.5.1 Barnepolitisk samarbeid

Styringskomiteen for sosialt samhøyr handterer sosialpolitiske spørsmål om mellom anna barne- og familiepolitikk, trygd og arbeid. Noreg deltek òg i Ekspert­komiteen for born og familiar. Ei ny tilråding om rettane til born og unge i institusjonar vart vedteken av ministerkomiteen i 2005. Noreg la stor vekt på å få forhandla fram den viktige tilrådinga og spela ei aktiv rolle i utforminga av henne.

I samarbeidet om barnepolitikk er dei prioriterte aktivitetane dei næraste tre åra (2006–2008) i hovudsak knytt til det nye treårige barneprogrammet «Building a Europe for and with Children», som vart vedteke på toppmøtet. Eit sentralt tiltak i handlings­planen er å utvikle retningsliner og nasjonale strategiar for førebyggjande tiltak og vern av born og unge som vert utsett for vald. I arbeidet med utforminga av tilrådingane frå Europarådet skal Noreg ha ei pilotrolle samen med Romania. Arbeidet må sjåast i samanheng med den globale kartlegginga som FN gjer av vald mot born.

Noreg deltok i førebuingane og gjennomføringa av ei regional høyring for Europa og Sentral-Asia om vald mot born i Ljubljana i juli 2005. Den slovenske regjeringa var vertskap saman med Europarådet og ulike FN-organ. Representantar for Redd Barna, PRESS (ungdomsorganisasjonen til Redd Barna) og Plan Noreg deltok aktivt under høyringa. Høyringa vart avløyst av ein regional konferanse om oppfølginga av verds­kongressen mot seksuell utnytting av born i Yokohama i 2001. Merksemda mot handel med born og seksuell utnytting av born er aukande, men dette problemet er framleis omfattande både i Europa og andre verdsdelar. Denne utfordringa vert fanga opp i det nye barneprogrammet i samanheng med førebyggande tiltak og vern av born mot vald.

Europarådet har frå 2006 styrkt dei samordnande funksjonane for handsaming av aktivitetane for born, mellom anna ved hjelp av det nye barneprogrammet. Noreg deltek aktivt i det førebuande arbeidet med konferansen for familieministrar i Portugal i mai 2006. Han vil ha fokus på mellom anna godt foreldreskap og oppseding av born.

5.5.2 Ungdomspolitisk samarbeid

Europarådet sitt arbeid med ungdom vert utvikla og gjennomført i eit nært samarbeid mellom medlemslanda, frivillige internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar, nasjonale ungdomsråd i medlemslanda og andre grupper som arbeider med ungdomsspørsmål internasjonalt. Denne samarbeidsforma set Europarådet i ei særstilling samanlikna med andre mellomstatlege organisasjonar som er engasjerte i arbeid med ungdom. Styrings­komiteen for ungdomsspørsmål omfattar alle dei 48 landa som har slutta seg til kulturkonvensjonen til Europarådet (som også er open for land som ikkje er medlemmer av Europarådet). Dei ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonane og andre relevante partnarar har ein eigen rådgjevande komité. Styringskomiteen og den rådgjevande komiteen møtest for å drøfte og gjere vedtak om prioriteringane på ungdomsområdet.

Europarådet forvaltar store ressursar i drifta av senter for ungdom i Strasbourg og Budapest og av Det europeiske ungdomsfondet. Sentra for ungdom gjer dei frivillige organisasjonane høve til å gjennomføre kurs og seminar. I tillegg har Europarådet eit eige program for opplæring og skolering av ungdomsleiarar og valde representantar for organisasjonane og ei avtale med Europakommisjonen om denne verksemda. Det europeiske ungdomsfondet gjev økonomisk støtte til ulike aktivitetar og prosjekt på barne- og ungdomsområdet.

I handlingsplanen frå toppmøtet vart det vedteke ein ny ungdomskampanje for mangfald, menneskerettar og deltaking, «All Different – All Equal» 2006–2007. Europarådet har oppnemnt ei styringsgruppe til å planleggje kampanjen. Noreg er med i denne styringsgruppa. Barne- og likestillingsdepartementet har i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og i samråd med Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar oppnemnt ein nasjonal kampanjekomité som skal førebu og gjennomføre tiltak og aktivitetar i Noreg. Kampanjen er òg prioritert i det norske formannskapsprogrammet i Nordisk ministerråd 2006.

I september 2005 vart det halde ein konferanse i Budapest for statsrådar med ansvar for ungdomspolitikk i medlemslanda. Temaet for konferansen var «Menneskeleg vørdnad og sosialt samhøyr: politiske svar på valden blant dei unge». Konferansen vedtok ei erklæring med tilrådingar og ein resolusjon om tiltak for ungdom i perioden 2006–2008.

5.6 Kultur, media og idrett

5.6.1 Kultur

Kulturkonvensjonen dekkjer områda kultur, utdanning, ungdom og idrett. Også i 2005 prioriterte Styringskomiteen for kultur områda tverrkulturell dialog og førebygging av konflikt, gjennomgang av kulturpolitikken i medlemslanda og tiltak for å fremje kulturelt mangfald. Ei av dei norske prioriteringane innanfor kultur på toppmøtet var å styrkje den tverreligiøse og tverrkulturelle dialogen. Dette fekk også gjennomslag. Styringskomiteen for kultur har utarbeidd ein presentasjon med gode døme på aktivitetar som medverkar til tverrkulturell dialog og førebygging av konflikt. Arbeidet vert sett i samband med publikasjonen om europeisk kulturpolitikk, som har som mål å presentere kulturpolitikken i medlemslanda. Styringskomiteen for kultur har i oppfølging av vedtak på toppmøtet mellom anna kome med forslag til tiltak for å vidareutvikle samarbeidet mellom Europarådet og EU.

Ministerkonferansen i Faro i oktober 2005 markerte avslutninga av aktivitetar i samband med 50-årsjubileet for det europeiske kultursamarbeidet. Konferansen understreka trongen for ein nærare definert strategi for tverrkulturelt samarbeid og trongen for ein dialog mellom kulturar og religionar som eit tilskot til å løyse konfliktar. Det vart vidare slått fast at Europarådet skal styrkje samarbeidet mellom medlemslanda og aktuelle geografiske granneområde, som dei sørlege middelhavslanda og Midtausten, og med andre internasjonale organisasjonar som EU og UNESCO.

5.6.2 Media

Dei mediepolitiske spørsmåla i Europarådet har i første rekkje vorte handterte av Styringskomiteen for massemedia og Den faste komiteen for fjernsyn over landegrensene. Noreg deltek i begge og i Ekspertgruppa for ytringsfridom og andre grunnleggjande rettar, Ekspertgruppa for demokratiske og sosiale følgjer av digital kringkasting, og i Det rådgjevande panelet for mangfald i media.

Styringskomiteen for massemedia har i fleire år vore særleg oppteken av utviklinga av ein fri og uavhengig mediesektor i Sentral- og Aust-Europa. Dette arbeidet skjer delvis gjennom utvikling av standardar for lovverk om ytringsfridom og rammevilkår for media, men òg gjennom praktiske tiltak for å sikre utvikling av og opplæring i desse standardane.

Ekspertgruppa for ytringsfridom og andre grunnleggjande rettar har hatt som mandat å vurdere korleis ytringsfridomen skal vegast opp mot andre grunnleggjande rettar, til dømes respekt for privatlivet og retten til rettferdig rettargang. Gruppa har også hatt til oppgåve å gjere framlegg om moglege tiltak for korleis media kan medverke til betre forståing mellom folkeslaga. Gruppa sitt utkast til erklæring om ytringsfridom og terrorisme vart vedteke av ministerkomiteen i 2005.

Ekspertgruppa for sosiale og demokratiske følgjer av digital kringkasting har mellom anna drøfta korleis medlemslanda kan fremje spreiinga av digital kringkasting, med hovudvekt på tiltak for å hindre uheldige følgjer av digitalisering av kringkastinga. Europarådskonvensjonen av 1989 om fjernsyn over landegrensene er ratifisert av 31 land, mellom dei Noreg. Den faste komiteen for fjernsynssendingar over landegrensene, som er oppnemnd i medhald av konvensjonen, har mellom anna drøfta spørsmål om bruken av konvensjonen i høve til nye informasjonstenester og reklamefenomen, reglar til vern om mindreårige og trongen for meir samråd mellom reguleringsorgana i medlemslanda. Komiteen har vedteke at medlemslanda annakvart år skal rapportere om reglar og tiltak når det gjeld pornografiske sendingar. Arbeidet med revisjon av konvensjonen har stått sentralt i 2005.

Konferansen for ministrar med ansvar for media i Kiev i mars 2005 dreidde seg om utfordringane i samband med den teknologiske utviklinga, globaliseringa og aukande terrorisme. Det vart vedteke ei erklæring og ein handlingsplan om det vidare arbeidet på det mediepolitiske området. Den politiske erklæringa gjev dei overordna politiske måla for mediepolitikken i medlemslanda og legg vekt på ytringsfridomen og retten til informasjon.

Komitéstrukturen vart endra etter konferansen i Kiev. Det vart oppnemnt fire nye ekspertgrupper. Noreg er med i Ekspertgruppa for menneskerettar i informasjonssamfunnet og har hatt leiarvervet i Ekspertgruppa for mangfald i media. Den nye styringskomiteen har mellom anna arrangert ei høyring om mediesituasjonen i Kviterussland. Etter pålegg frå ministerkomiteen har styringskomiteen òg drøfta spørsmål om tilhøvet mellom nasjonale reglar for straff for ærekrenkingar og menneskerettane på medieområdet.

5.6.3 Idrett

Idrettskomiteen handsamar dei sentrale aktivitetane til Europarådet på idrettsfeltet. Noreg deltok på det årlege møtet i komiteen og har også delteke i gruppa med ansvar for å følgje opp dei pliktene som medlemsstatane har etter Europarådets antidoping­konvensjon. Noreg deltek vidare i Det europeiske forumet for samordning med Verdsantidopingbyrået (WADA), som har ansvar for å samordne synspunkta til europeiske styresmakter i spørsmål omkring WADA. Noreg har ytt eit frivillig økonomisk tilskot til skiping av eit elektronisk system for innsamling av data og presentasjon av nasjonale antidopingprogram.

I budsjettframlegget for 2006 gjorde generalsekretæren framlegg om å fjerne delar av idrettssamarbeidet frå det ordinære budsjettet og i staden plassere samarbeidet innanfor ei delavtale. Dette gjeld ikkje oppfølginga av dei to konvensjonane på idrettsområdet. På budsjettet for 2006 er det sett av midlar til overgangstiltak. Framtida til idrettssamarbeidet vil verte diskutert på det uformelle møtet for ministrar med ansvar for idrett i Moskva i oktober 2006.

5.7 Utdanning

Samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet går føre seg i Styringskomiteen for utdanning og Styringskomiteen for høgre utdanning og forsking. Noreg er frå 2004 vald inn i byrået for begge desse komiteane og har derfor eit godt høve til å påverke samarbeidet.

Det særeigne med Komiteen for høgre utdanning og forsking er at han har to representantar for kvart land, ein representant for styresmaktene og ein akademikar. For å gjere arbeidet i komiteen meir synleg har Styringskomiteen for høgre utdanning og forsking dei siste tre åra arrangert ein årleg konferanse og publisert resultata av arbeidet sitt i ein eigen bokserie. Dette skal halde fram som ei fast ordning.

I 2005 har Styringskomiteen for høgre utdanning og forsking mellom anna arbeidd med verkty for godkjenning av kvalifikasjonar frå høgre utdanning. Dette gjeld særleg arbeidet i ENIC-nettverket, som samordnar arbeidet med godkjenning av høgre utdanning mellom landa i Europa, Nord-Amerika og Australia. Bolognaprosessen har som mål å gjennomføre eit europeisk rom for høgre utdanning innan 2010. På ministermøtet i Bergen 19.–20. mai 2005 vart talet på medlemmer utvida slik at det no er i alt 45 land som er med i prosessen. Europarådet deltek i prosessen på fleire måtar: gjennom tett oppfølging av arbeidet i den internasjonale oppfølgingsgruppa, ved å utarbeide grunnlags­dokument og ved å hjelpe dei nye landa i prosessen. Komiteen har òg fokusert på offentleg ansvar for høgre utdanning og forsking. Ein har diskutert eit utkast til ei tilråding på området. Ein revidert versjon vil verte lagd fram på plenumsmøtet i 2006.

Styringskomiteen for utdanning varetek samarbeidet innanfor skule og opplæring. Kjerneområda for samarbeidet er språkopplæring, historieundervisning, opplæring i demokrati og menneskerettar og tverrkulturell dialog. Alle desse temaa har høg prioritet frå norsk side. 

Det europeiske senteret for moderne språk (ECML) i Graz har som målsetjing å fremje forsking og utvikling innanfor opplæringa i framandspråk. Målgruppa er først og fremst språkforskarar og lærarar. Noreg betaler eit årleg grunntilskott under ei delavtale og deltek i verksemda ved senteret.

Som eit program under Styringskomiteen for utdanning driv Europarådet eit etterutdanningsprogram for lærarar. Noregs tilskot til programmet er eit årleg tilbod om eit kurs i Noreg. Kurset i 2005 hadde temaet «Utdanning i fengsel» og vart halde i Bergen i juni 2005. Programmet «Education for democratic citizenship» skal stimulere medlemslanda til å styrkje opplæring i demokrati. I 2005 vart satsinga markert i alle dei 46 medlemslanda. Utdanningsdirektoratet har i tillegg medverka til ei kartlegging av praktiske tiltak mot diskriminering i skulen. Ein har presentert røynsler frå arbeidet i norske skular som har hatt som siktemål å fremje tverreligiøs og kulturell dialog.

5.8 Kulturminneforvalting og natur­forvalting

Styringskomiteen for kulturarv har ansvar for å fremje vernet av den fysiske kulturarven i Europa, dvs. kulturlandskap, kulturmiljø og kulturminne. Komiteen forvaltar Granadakonvensjonen om vern av Europas faste kulturminne, Maltakonvensjonen om vern av den arkeologiske kulturarven og rammekonvensjonen om verdien av kulturarv for samfunnet.

Europarådet vedtok rammekonvensjonen om verdien av kulturarv for samfunnet hausten 2005. Konvensjonen er den første som set kulturarven inn i ein sosial samanheng med dei følgjene dette har for krav om respekt frå samfunnet generelt. Konvensjonen vart opna for underskriving på ministerkonferansen i Faro (sjå òg kap. 5.6.1). Seks land skreiv under konvensjonen i 2005.

Den europeiske landskapskonvensjonen vart stadfesta av Noreg i 2001, som det aller første av medlemslanda i Europarådet. Føremålet er å fremje vern og forvalting av landskapet. Kvardagslandskapet, der folk bur og arbeider til dagleg, er det sentrale. Konvensjonen gjeld i liten grad statleg vern etter naturvern- eller kulturminnelova. Det er vedteke å oppnemne ein særskild komité for å samordne arbeidet med det vidare arbeidet med konvensjonen.

5.9 Regionalt og kommunalt samarbeid

Styringskomiteen for lokalt og regionalt demokrati arbeider med spørsmål knytte til lokalt sjølvstyre, kommunal økonomi og forvalting og den statlege styringa av kommunane. Komiteen arbeider mellom anna for å medverke til utvikling av demokratiske institusjonar på lokalt nivå i landa i Sentral- og Aust-Europa. Komiteen har òg ein aktiv dialog med Europarådskongressen for lokale og regionale styresmakter.

Ungarn var vertskap for den 14. konferansen for ministrar med ansvar for lokalt og regionalt demokrati i februar 2005 i Budapest. Ministerkonferansen konkluderte med ei erklæring og ein handlingsplan om godt lokalt og regionalt styresett. Det er vedteke å skipe eit ekspertsenter for reform av lokaldemokratiet i 2006.

Den europeiske konferansen for ministrar med ansvar for regional planlegging arbeider for berekraftig regional utvikling i Europa. Dette er ei brei tilnærming – økonomisk, sosialt, kulturelt og miljømessig. Ministrane har fokus på menneskerettar og demokrati, institusjonsbygging lokalt og regionalt, samt opplæring og utveksling av røynsler mellom nye og gamle medlemsland. Dette er ei viktig informasjons- og inspirasjonskjelde for norsk regional planlegging òg. Ministrane samlast tredjekvart år. Ein tenestemannskomité har hand om arbeidet mellom sesjonane. I 2005 har komiteen arbeidd med å følgje opp erklæringar og resolusjonar om den romlege dimensjonen i berekraftig utvikling og om opplæring av lokale og regionale styresmakter.

Komiteen skal òg fremje berekraftig utvikling. Eit spørsmål som vert handsama, er korleis ungdom, ut frå sine interesser og talent, kan vere ei drivkraft i utviklinga og betre livskvaliteten i heimtraktene sine. Dette høver godt med prioriteringane under den norske formannskapen i Europarådet i 2004. Framlegga frå komiteen kjem truleg opp på neste ministerkonferanse i oktober 2006 i Portugal.

5.10 Dyrevern

Europarådet forvaltar fem konvensjonar som gjeld dyrevern. Det har særleg vore fokus på oppfølginga av tre av desse konvensjonane: konvensjonen om forsøksdyr, konvensjonen om transport og konvensjonen om produksjonsdyr. Det vart ikkje arbeidd med dei to førstnemnde i 2005 fordi ein venta på at EU skulle klargjere standpunkta sine. Det er oppnemnt ein komité med ansvar for å utarbeide tilrådingar om vern av dei ymse dyreartane under konvensjonen om vern av produksjonsdyr. I 2005 vart det vedteke ei tilråding om hald av fisk i oppdrett. Noreg spela ei aktiv rolle i dette arbeidet. Det står att å utarbeide særskilde tilrådingar for dei ymse artane som vert haldne i oppdrett. Noreg deltek i ei arbeidsgruppe som skal utarbeide slike tilrådingar.

Til forsida