St.meld. nr. 15 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Til innhaldsliste

1 Erklæringa frå det tredje toppmøtet 16.–17. mai 2005 i Warszawa

1.1 Warszawaerklæringa

Vi, stats- og regjeringssjefane i medlemsstatane i Europarådet, er samla i Warszawa 16.–17. mai 2005 til det tredje toppmøtet vårt og kan vitne om større alleuropeisk einskap enn nokon gong. Om vi skal kome vidare med å byggje eit Europa utan skiljeliner, må vi halde fram med å byggje på dei felles verdiane som er nedfelte i vedtektene til Europarådet: demokrati, menneskerettar, rettstryggleik.

Etter toppmøta i Wien (1993) og Strasbourg (1997) har rådet vakse, og det femner no om nesten heile verdsdelen. Vi set pris på det verdfulle tilskotet som parlamentarikarforsamlinga og Kongressen for lokale og regionale styresmakter har ytt i denne samanhengen. Vi ser fram til den dagen då Kviterussland er klar til å slutte seg til Europarådet.

Seksti år etter den andre verdskrigen, tretti år etter sluttdokumentet frå Helsinkikonferansen, tjuefem år etter skipinga av Solidaritet og femten år etter at Berlinmuren fall, heidrar vi alle dei som har gjort det mogleg å leggje smertefulle stridar bak oss og utvide området med demokratisk tryggleik. Den politiske tenkinga som styrer Europa i dag, handlar om inkludering, gjensidig utfylling og sams vilje til multilateralisme tufta på folkeretten.

Men vi er framleis urolege for nokre uløyste konfliktar som heimsøkjer visse delar av kontinentet; dei set tryggleiken, einskapen og den demokratiske stabiliteten til medlemsstatane i fare og er eit trugsmål mot folka i medlemsstatane. Vi skal samarbeide for å få til forsoning og politiske løysingar i samsvar med normene og prinsippa i folkeretten.

Dette toppmøtet gjev oss eit nytt høve til å vise at vi framleis vil rette oss etter dei felles verdiane og prinsippa som er rotfesta i den europeiske kulturelle, religiøse og humanistiske arven – ein arv som både er felles og rik på mangfald. Toppmøtet vil òg styrkje Europarådet sitt politiske mandat og auke tilskotet til felles stabilitet og tryggleik når Europa møter nye utfordringar og trugsmål som krev samordna og effektive svar.

Vi kan no rette merksemda mot desse utfordringane og halde fram med å byggje eit samla Europa som er tufta på dei felles verdiane og interessene våre, ved å styrkje samarbeidet og samhaldet mellom medlemsstatane. Vi vil framleis vere opne for samarbeid med granneregionane til Europa og resten av verda.

  1. Europarådet skal arbeide vidare for hovudmålet sitt, å forsvare og fremje menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. I alt arbeidet sitt må rådet sikte mot dette overordna målet. Vi forpliktar oss til å utvikle desse prinsippa slik at alle medlemsstatane kan setje dei ut i livet. Når vi spreier desse verdiane, skal vi styrkje Europarådet som ein effektiv reiskap for alleuropeisk samarbeid på alle relevante område. Vi er òg fastrådde på å halde fram med å styrkje og straumlineforme verksemda, strukturane og arbeidsmåtane til Europarådet ytterlegare og å gjere Europarådet opnare og meir effektivt for på den måten å sikre at det spelar si rette rolle i eit Europa i endring.

  2. Ettersom konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane og Den europeiske menneskerettsdomstolen spelar ei uvurderleg rolle når det gjeld å utforme, fremje og gjennomføre menneskerettsstandardar, må vi syte for at dei kan vere effektive. Derfor er vi på kort sikt sterkt forplikta til å gjennomføre dei omfattande tiltaka som vart vedtekne på den 114. sesjonen til ministerkomiteen, som gjeld den raskt veksande saksmengda i domstolen, under dette rask ratifisering og iverksetjing av protokoll 14 til konvensjonen. I tillegg oppnemner vi ei vismannsgruppe som skal utarbeide ein omfattande plan for å sikre at systemet vil fungere godt på lang sikt, samtidig som ho skal ta omsyn til dei første verknadene av protokoll 14 og dei andre vedtaka som vart gjorde i mai 2004.

  3. Vi er overtydde om at eit velfungerande demokrati og god styring på alle nivå er avgjerande for å førebyggje konfliktar, fremje stabilitet og leggje til rette for økonomisk og sosial utvikling og dermed for å skape berekraftige samfunn der folk ynskjer å bu og arbeide, no og i framtida. Dette målet kan ein berre nå dersom innbyggjarane og det sivile samfunnet deltek aktivt. Medlemsstatane må derfor ta vare på og utvikle effektive, opne og ansvarlege demokratiske institusjonar som tek omsyn til kva alle treng og ynskjer. Tida er inne for å auke Europarådet sin innsats i denne leia, særleg gjennom skipinga av Forumet for framtida til demokratiet.

  4. Vi har forplikta oss til å fremje rettstryggleiken i heile verdsdelen på grunnlag av Europarådet sitt potensial til å setje standardar og sitt tilskot til utvikling av folkeretten. Vi vil her understreke kor viktig det i denne samanhengen er med ei uavhengig og effektiv dømande makt i medlemsstatane. Vi vil vidareutvikle det rettslege samarbeidet i Europarådet for å betre tryggleiken til innbyggjarane våre og for å få verkeleggjort måla som er nedfelte i vedtektene til rådet, i heile verdsdelen.

  5. Vi har sett oss føre at alle skyldnader knytte til medlemskap i Europarådet skal oppfyllast. For dette føremålet vil politisk dialog mellom medlemsstatane, som er forplikta til å fremje demokratisk ordskifte og rettstryggleik, evaluering, deling av bestepraksisar, hjelp og overvaking – som vi på ny gjev klar støtte til – verte nytta fullt ut. Vi skal arbeide for vidast mogleg aksept av Europarådet sine konvensjonar og fremje gjennomføringa av dei med sikte på å styrkje felles standardar på områda menneskerettar, demokrati og rettstryggleik.

  6. Vi skal fremje europeisk identitet og einskap tufta på sams grunnverdiar, respekt for den felles arven vår og det kulturelle mangfaldet. Vi har sett oss føre å sikre at mangfaldet vårt vert ei kjelde til gjensidig vinning, mellom anna ved å fremje politisk, tverrkulturell dialog og tverreligiøs dialog. Vi vil halde fram arbeidet med nasjonale minoritetar og dermed styrkje utviklinga av demokratisk stabilitet. For å utvikle forståing og tillit mellom europearar vil vi fremje mellommenneskeleg kontakt og utveksle gode praksisar for fri rørsle for personar innanfor verdsdelen med det målet å byggje eit Europa utan skiljeliner.

  7. Vi er fastrådde på å byggje solidariske samfunn ved å sikre like sosiale rettar for alle, å motarbeide utestenging og å gje utsette samfunnsgrupper vern. Vi ser den europeiske sosialpakta som svært viktig på dette området og stør det som no blir gjort for å gje pakta større gjennomslag i utviklinga av sosialpolitikken i medlemsstatane. Vi har sett oss føre å gjere samfunna våre meir solidariske på områda sosial- og helsepolitikk, utdanning og kultur.

  8. Vi er fastrådde på å sikre tryggleiken for borgarane våre samtidig som vi skal vise full respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane og oppfylle dei andre internasjonale skyldnadene våre på dette området. Europarådet vil halde fram kampen mot terrorisme, som er eit av dei største trugsmåla mot demokratiske samfunn og ikkje kan rettferdiggjerast i nokon samanheng eller i nokon kultur. Rådet vil òg styrkje innsatsen i kampen mot korrupsjon, organisert kriminalitet – medrekna kvitvasking av pengar og økonomisk kriminalitet – menneskehandel, kyberkriminalitet og utfordringar som følgjer med vitskapleg og teknologisk utvikling. Mot desse trugsmåla skal vi fremje tiltak tufta på verdigrunnlaget vårt.

  9. Vi fordømmer sterkt alle former for intoleranse og diskriminering, særleg dei som er grunna på kjønn, rase og religion, medrekna antisemittisme og islamofobi. Vi stadfester at vi er fastrådde på å vidareutvikle reglar og effektive system i Europarådet for å førebyggje og få bukt med desse fenomena. Vi vil òg setje i verk fleire jamstillingstiltak i medlemsstatane, og vi vil styrkje arbeidet for røynleg jamstilling mellom kvinner og menn på alle samfunnsområde. Vi forpliktar oss til å få slutt på valden mot kvinner og born, medrekna vald i heimen.

  10. Vi er fastrådde på å syte for at Europarådet og andre organisasjonar som er med på å byggje eit demokratisk og trygt Europa, utfyller kvarandre.

    • Vi har sett oss føre å skape ei ny ramme for betre samarbeid og samhandling mellom Europarådet og Den europeiske unionen på område som begge organisasjonane er opptekne av, særleg når det gjeld menneskerettar, demokrati og rettstryggleik.

    • Vi gjev kollegaen vår Jean-Claude Juncker i personleg oppdrag å utarbeide ein rapport om tilhøvet mellom Europarådet og Den europeiske unionen på grunnlag av vedtaka frå toppmøtet og ta omsyn til den viktige menneskelege dimensjonen i det europeiske byggverket.

    • Vi har òg sett oss føre å syte for betre praktisk samarbeid mellom Europarådet og OSSE og ser lyst på dei utsiktene til betre samverknad som felleserklæringa frå dette toppmøtet opnar for.

    • Vi forpliktar oss til å fremje samarbeid mellom Europarådet og Dei sameinte nasjonane og til å nå tusenårsmåla i Europa.

For å få organisasjonen inn på denne nye kursen vil vi følgje den vedlagde handlingsplanen.

Vi forpliktar statane i organisasjonen til å fremje dei oppgåvene og målsetjingane som kjem til uttrykk i vedtaka frå dette toppmøtet, både i Europarådet og i andre internasjonale fora og organisasjonar vi er medlemmer av.

Vi avsluttar dette toppmøtet i Polen med å heidre minnet om pave Johannes Paul II.

Vi oppmodar alle europearar til å slutte seg til verdigrunnlaget for arbeidet til Europarådet – menneskerettar, demokrati og rettstryggleik – og til å verte med oss og gjere Europa til eit kreativt samfunn som er ope for kunnskap og ulike kulturar, og som er eit sivilt og solidarisk samfunn.

Til forsida