St.meld. nr. 15 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i Europarådet i 2005

Til innhaldsliste

4 Menneskerettar og demokrati

4.1 Den europeiske menneskerettskonvensjonen

Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og dei 14 protokollane til denne er hovudfundamentet for Europarådet sitt arbeid for menneskerettane. Konvensjonen vart vedteken i Roma i 1950 og er seinare utvida med protokollar. Konvensjonen har ei unik stilling i det europeiske menneskerettsvernet, særleg på grunn av mynda som Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har til å ta bindande avgjerder mot statar som er part i konvensjonen, og ved at alle einskildpersonar har rett til å fremje klagesaker. Med utvidinga av Europarådet gjeld det no 800 millionar einskildpersonar i 46 land.

Noreg er tilslutta EMK og protokoll 1 til 11 utan atterhald. I august 2005 ratifiserte Noreg også protokoll 13 om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve. Den tok til å gjelde for Noreg 1. desember 2005. Etter denne protokollen er forbodet mot dødsstraff absolutt også for handlingar som er gjorde i krig eller når krig trugar. I tillegg har Noreg ratifisert protokoll 14, men denne protokollen har enno ikkje teke til å gjelde, då alle medlemslanda må ratifisere han først. Denne protokollen vart vedteken som eitt av fleire reformtiltak for å sikre framtida til domstolen. Protokoll 14 opnar for meir effektive prosedyrar i handsaminga av innkomne klager. Noreg har òg underskrive protokoll 12 om eit generelt forbod mot diskriminering. EMK og dei protokollane som inneheld materielle føresegner, er inkorporerte i norsk lovgjeving gjennom menneskerettslova og har derfor forrang framfor anna norsk lovgjeving.

EMK artikkel 52 gjev generalsekretæren rett til å be om opplysningar frå konvensjonspartane om korleis den interne retten i landa sikrar iverksetjing av ei eller fleire av føresegnene i konvensjonen. Etter at fleire artiklar i internasjonal presse hadde kome med påstandar om hemmelege CIA-fangeleirar og ulovleg fangetransport av mistenkte terroristar i fleire av medlemslanda i Europarådet, bad generalsekretæren i november 2005 alle medlemslanda om informasjon om lovverk og praksis med omsyn til aktivitet som er utførd av andre lands tenestemenn. Han bad om opplysningar om korleis statane sikrar at det ikkje går føre seg utanrettsleg fridomskrenking, og i kva grad det finst eit effektivt system for å etterforske og straffe dei skuldige, dersom dette skulle skje. Noreg gav som dei andre medlemslanda i februar 2006 svar om at norske styresmakter ikkje har grunn til å tru at slike overtramp har skjedd på norsk territorium. Generalsekretæren har i oppfølginga av saka mellom anna kome med ein rapport som er grunna på svara frå medlemslanda, og vil i den vidare handsaminga arbeide med forslag til nye forpliktande tiltak som kan hindre brot på EMK i denne samanhengen. Parlamentarikarforsamlinga har oppnemnt ein eigen rapportør til å etterforske påstandane om at andre lands tenestemenn har utført ulovleg aktivitet i medlemslanda. Den endelege rapporten frå undersøkinga vil verte framlagd i første halvdel av 2006.

4.2 Den europeiske menneskeretts­domstolen

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) er den viktigaste drivkrafta i Europarådet sitt arbeid for menneskerettane. Domstolen er skipa i medhald av EMK. Personar og organisasjonar som meiner at rettane deira etter konvensjonen er krenkte, kan rette klage om dette til domstolen. Frå november 1998 har domstolen fungert i si noverande form med ein fast dommar frå kvart medlemsland. Det er enno ikkje valt dommar frå det nyaste medlemslandet, Monaco. Når det skjer, vil det vere 46 dommarar i domstolen.

I 2005 tok domstolen meir enn 27 600 avgjerder, og av desse var 1105 dommar og resten avgjerder om å avvise klager. I dommane vart det funne brot på EMK i 994 saker. Dette inneber ein auke frå 2004 på om lag 36 prosent i talet på saker som vart avslutta. Dommar retta mot fem land – Tyrkia, Ukraina, Hellas, Russland og Italia – utgjorde i 2005 64 prosent av alle dommane der det vart funne brot på EMK.

Trass i auka effektivitet er domstolen ikkje i stand til å halde tritt med den aukande mengda av nye saker. Dette er det største trugsmålet mot legitimiteten og framtida til EMD. I 2005 kom det inn om lag 45 000 klager. På slutten av 2005 var det meir enn 81 000 saker som ikkje var handsama. Av desse gjeld meir enn halvparten klager frå fire land: Russland, Tyrkia, Romania og Polen. Dette gjev domstolen eit alvorleg kapasitetsproblem. Handsamingstida er aukande og er no på fleire år. På sikt vil desse problema gå ut over truverdet til domstolen. Dette er bakgrunnen for den omfattande reformpakken som vart vedteken av ministrane i mai 2004. Den norske haldninga vann fram, og det er no semje om at det er særs viktig å setje i verk reformtiltaka i pakken som er vedteken.

På toppmøtet var det semje om at protokoll 14 måtte ta til å gjelde innan mai 2006. Ved årsskiftet hadde 21 av dei 46 medlemslanda ratifisert protokollen. Dei fleste landa er no i ferd med å ratifisere, men protokollen vil truleg ikkje ta til å gjelde før tidlegast hausten 2006. Domstolen har sjølv rekna ut at protokoll 14 kan gje ein effektivitetsgevinst på rundt 20 %, men han kan ikkje løyse dei grunnleggjande problema som domstolen står overfor. For å finne ei meir langsiktig løysing på kapasitetsproblemet til domstolen vart det derfor på toppmøtet i Warszawa vedteke å oppnemne ei gruppe av vismenn som skal greie ut korleis ein kan sikre eit effektivt kontrollapparat for menneskerettskonvensjonen i framtida. Gruppa av vismenn, under leiing av tidlegare president for EF-domstolen, Gil Carlos Iglesias, byrja arbeidet i oktober 2005 og skal leggje fram ein førebels rapport i mai 2006. Den endelege rapporten er venta i slutten av 2006. Ein av medlemmene, britiske Lord Woolf, la i desember 2005 fram ein rapport, som var utarbeidd på oppdrag av generalsekretæren og presidenten i domstolen, om korleis arbeidsmetodane til domstolen kan leggjast om for å auke effektiviteten ytterlegare innanfor ramma av gjeldande konvensjonsføresegner. Lord Woolf kjem med forslag til nokre forbetringar, men legg samstundes vekt på at domstolen i dag arbeider svært effektivt, og at det trengst meir grunnleggjande reformer av menneskerettssystemet.

Frå norsk side har ein stadig teke opp att at styrkinga av domstolen i Strasbourg må gå hand i hand med gjennomføring av nasjonale tiltak for å førebyggje brot på EMK og bøte på skaden for den det gjeld dersom brot likevel skjer. Det trengst òg betre rettleiing til dei som ynskjer å klage til EMD, for å redusere talet på klart ugrunna klager, som utgjer ca. 85 prosent av sakene som vert sende til domstolen.

Ministerkomiteen har ansvaret for å sjå til at avgjerder frå domstolen vert etterlevde i medlemslanda, og har møte for å gjennomgå oppfølginga av dommar seks gonger per år. I dei aller fleste tilfella set medlemslanda i verk naudsynte tiltak etter at dei har fått ein dom mot seg, men eit fåtal saker må komiteen følgje opp aktivt. Reformpakken frå 2004 inneheld òg tiltak for å sikre raskare og betre etterleving av dommane. I 2005 vart det ikkje sagt dom i noko sak mot Noreg.

Ut frå dommar som er felte dei siste åra, kan ein seie at det er eit mønster i utviklinga at stadig fleire saker gjeld alvorlege brot på EMK og har opphav i konfliktområde. I 2005 vart det felt dom i dei tre første av fleire hundre saker som sivile i Tsjetsjenia har klaga inn for domstolen mot Russland (Isayeva mot Russland, Khashiyev og Akayeva mot Russland og Isayeva m.fl. mot Russland). Dommane slår fast brot på retten til liv fordi tryggingsstyrkane ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til sivile i planlegginga av militære aksjonar mot opprørsstyrkane. Dommane slår òg fast at det ikkje har vorte sett i verk effektiv etterforsking, og at det ikkje finst effektiv nasjonal rett til prøving for klagarane. Russland har godteke dommane og har betalt skadebot til saksøkjarane. Ministerkomiteen vil no overvake at Russland gjennomfører tiltak for å sikre at denne typen brot vert etterforska, og at dei ansvarlege vert stilde for retten, samt at liknande brot ikkje hender i framtida.

Ei anna sak som har fått mykje merksemd i ministerkomiteen, er dommen i saka Ilascu med fleire mot Moldova og Russland frå juli 2004. Ilascu og tre andre vart fengsla i strid med EMK art. 5 (rettferdig rettargang) av styresmaktene i den moldovske utbrytarrepublikken Transnistria og vart handsama på eit vis som innebar brot på EMK art. 3 (mot umenneskeleg og nedverdigande straff). To av dei sat framleis fengsla då det vart felt dom, og sit enno fengsla. Dommen slo fast at dersom ikkje dei to statane straks sørgde for at klagarane vart sette fri, innebar dette eit brot på statane si plikt til å rette seg etter dommar frå domstolen (artikkel 46.1). Det har vore problem med etterlevinga av Ilascu-dommen fordi kontrollen med kva som skjer i Transnistria-området, er vanskeleg for dei to statane som fekk dommen mot seg, og dei sjølvutnemnde styresmaktene i Transnistria er ikkje godtekne som uavhengige av det internasjonale samfunnet. Ministerkomiteen har følgt utviklinga i saka på kvart møte sidan dommen vart sagd.

Pilotdommen i saka Broniowski mot Polen frå juni 2004 vart løyst i 2005 ved at Polen innførde ei ny lov som gjorde det mogleg å få skadebot for eigedommar som vart eksproprierte i det tidlegare Aust-Polen. Etter dette vart det inngått eit forlik som vart godkjent av domstolen. Dette tyder at dei rundt 200 liknande uteståande klagesakene for domstolen kan avsluttast utan vidare handsaming i domstolen og verte tilbakeførde til Polen.

Italia er det landet som har flest saker til oppfølging i ministerkomiteen på grunn av strukturelle problem med for lang sakshandsaming i rettsapparatet og manglande iverksetjing av dommar.

Regjeringa ser det som særs viktig å verne om stillinga til domstolen i tida som kjem.

4.3 Den reviderte europeiske sosialpakta

Noreg ratifiserte den reviderte europeiske sosialpakta i 2001. Pakta er ein revisjon og ei vidareutvikling av den europeiske sosialpakta av 1961. Ho inneheld reglar og rettslege standardar på områda arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, helse og sosiale spørsmål og trygd. Den reviderte pakta omfattar den opphavlege pakta frå 1961 (med endringar), tilleggsprotokollen frå 1988 og sju nye artiklar.

Sosialpakta er den viktigaste konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar i Europarådet. Den reviderte pakta har på fleire område teke omsyn til utviklinga og dei grunnleggjande sosiale endringane som har skjedd sidan 1961. Moderniseringa gjeld mellom anna styrking av rettane til born og ungdom, likestillingsaspekt og familien sine rettar. Dei nye artiklane inneheld mellom anna føresegner om vern av arbeidstakarar når arbeidstilhøve vert avslutta, og når arbeidsgjevar går konkurs, og om sikring mot sosial utstøyting og retten til bustad.

I 2005 handsama regjeringskomiteen, som består av representantar for alle dei landa som har ratifisert sosialpakta, rapportar for perioden 2002 og 2003. Den europeiske komiteen for sosiale rettar (den uavhengige ekspertkomiteen) kritiserte i konklusjonane sine Noreg for mellom anna bruk av overtid, som komiteen i nokre tilfelle fann vart nytta i for lang tid (artikkel 2 §1). Noreg peika på at regelverket vårt var i samsvar med EU-direktiv 94/104, og viste dessutan til at regelverket var endra i den nye arbeidsmiljølova, som det vil verte rapportert om i 2006. Noreg vart vidare kritisert for å ha for strenge reglar om trekk i lønn. Det vart understreka at trekk i lønn berre kan nyttast når det er avtala på førehand. Noreg vart saman med fleire andre land kritisert for å gje studentar frå EØS-land betre vilkår enn studentar frå land som ikkje er EØS-medlem, når det gjeld lån og stipend frå Statens lånekasse (artikkel 10 §4). Noreg krev lengre butid for studentar frå land utanfor EØS. Ein av medlemmene i ekspertkomiteen deler Noreg si oppfatning om at ein ut frå sosialpakta ikkje kan utleie full likestilling mellom studentar på same måte som etter EØS-reglane. Alle dei kritiserte landa merka seg kritikken. Noreg vart òg kritisert for manglande reglar om ikkje-diskriminering av funksjonshemma i arbeidslivet (artikkel 15), men kunne her syne til ny lovgjeving.

4.4 Europarådets menneskeretts­kommissær

Sidan oktober 1999 har Europarådet hatt ein eigen kommissær for menneskerettar. Svenske Thomas Hammarberg etterfølgjer i 2006 Alvaro Gil-Robles frå Spania som kommissær. Menneskerettskommissæren skal medverke til å fremje kunnskap om og respekt for menneskerettar i medlemslanda. Arbeidet til kommissæren inneber vitjing i medlemslanda, og rapportane gjev verdifulle innspel for å identifisere kvar problema ligg, og kva tiltak som kan vere tenlege for å betre menneskerettssituasjonen.

Kommissæren arbeider med dei overordna problemstillingane i landa og ser ikkje på einskildsaker. Rapportane gjev etter norsk syn positive innspel, og stillinga representerer ein positiv tilvekst til Europarådet. Gil-Robles har lukkast særs godt med å byggje opp ein institusjon som har høgt truverd, og som vert lytta til. Dette gjev kommissæren ei særleg uavhengig stilling, som gjer det mogleg å halde dialog med både styresmakter og sivilsamfunnet i landa.

I 2005 vitja kommissæren Russland (Tsjetsjenia), Spania, Italia, Island og Frankrike. Kommissæren sine representantar kom òg til Noreg på ei oppfølgingsvitjing. Etter den første vitjinga til Noreg i 2001 vart det utarbeidd ein rapport om situasjonen, som sidan har vorte følgd opp, no seinast ved den avsluttande vitjinga i september 2005. Representantane for kommissæren møtte eit utval av statlege og ikkje-statlege organisasjonar som Redd Barna, Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter, Sivilombodsmannen, Justis­departementet, Kommunal- og regional­departementet (som tidlegare ansvarleg for innvandringspolitikken), Norsk senter for menneskerettar og Oslo fengsel. Den avsluttande rapporten om Noreg vil verte handsama av ministerkomiteen i første halvår 2006.

4.5 Vern av nasjonale minoritetar

Europarådet gjennomfører eit omfattande arbeid for å verne nasjonale minoritetar. Sentralt i dette arbeidet står rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar, som tok til å gjelde for Noreg i juli 1999. Hovudføremålet med konvensjonen er å hindre diskriminering av nasjonale minoritetar, å syte for at dei oppnår reell likestilling, å garantere at dei har full organisasjons- og ytringsfridom og å fremje kulturen til minoritetane. Rammekonvensjonen pålegg statane å sende generalsekretæren i Europarådet fullstendig informasjon om lovgjeving og andre tiltak som er gjennomførde for å setje prinsippa i rammekonvensjonen ut i livet.

Noregs andre rapport om gjennomføringa av konvensjonen vart send til Europarådet i august 2005. Rapporten speglar oppfølging av tilråding og merknader frå den rådgjevande komiteen. Rapporten vil verte handsama av Europarådet våren 2006. Professor Asbjørn Eide har vore medlem av den rådgjevande komiteen sidan 2002. I september 2004 vart han vald til leiar av komiteen og har hatt denne funksjonen også i 2005.

Europarådet er òg engasjert i arbeidet med minoritetsspråk. Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk har som hovudføremål å fremje bruken av minoritetsspråk eller språk som vert nytta i delar av eit land. Denne avtala vert følgd opp ved at landa jamleg rapporterer om utviklinga, og ved at ei ekspertgruppe kjem på vitjing og utarbeider rapportar.

Noreg har òg eit medlem i Den europeiske kom­misjonen mot rasisme, intoleranse og framand­frykt (ECRI). Komiteen utarbeider generelle og landspesifikke tilrådingar om rasisme og intole­ranse og publiserer døme på god praksis. ECRI la fram den siste rapporten sin om Noreg i 2004.

Også Europarådet sin menneskerettskommissær er oppteken av å verne om minoritetane sine rettar og fokuserer mykje på dette i arbeidet sitt. Finland sitt initiativ om å skipe eit forum for roma og reisande i Europarådet vart vedteke av ministerkomiteen i 2004. Eit interimsstyre for forumet fungerte fram til første plenumssamling i desember 2005. Representantar for forumet vitja Noreg våren 2005 for å informere norske rom og romanifolk/tatarane om forumet og for å førebu val av norsk representant. Det er gruppene sjølve som gjennom visse valprosedyrar som er vedtekne av Europarådet, skal gjere framlegg om representantar til forumet. Styresmaktene skal ikkje delta i denne prosessen, men har hjelpt til med å leggja til rette for informasjon og praktisk gjennomføring av val. Rom og romanifolket i Noreg vart ikkje samde om ein norsk representant til den første plenumssamlinga til forumet. Dersom gruppene ynskjer det, vil styresmaktene halde fram med praktisk hjelp for at gruppene skal kunne velje ein norsk representant til forumet.

Under norsk formannskap i Europarådet 2004 arrangerte Det europeiske forumet for romungdom, med støtte frå Noreg, eit seminar om, for og med romungdom. Rapporten frå seminaret, «Alternativ til migrasjon», vart presentert for norske styresmakter og representantar for rom og romanifolket i Oslo i juni 2005.

4.6 Veneziakommisjonen

Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving hadde 1. januar 2006 49 medlemsstatar, eitt land var assosiert medlem, 10 hadde status som observatørar, og EU, OSSE og Sør-Afrika hadde ei særskild statusavtale. Noreg har vore aktivt med frå starten. Norsk medlem er professor Jan E. Helgesen.

Kommisjonen vart oppnemnd for å støtte demokratiseringsprosessen i dei sentral- og austeuropeiske landa ved å gje juridisk hjelp ved utforminga av grunnlover og andre sentrale lover. Etter kvart har arbeidsområdet vorte utvida til å omfatte land utanfor Europa. Noreg har tidlegare gjeve tilskot til finansieringa av samarbeidet med Sør-Afrika.

I 2005 gav Veneziakommisjonen hjelp i mellom andre desse statane: Albania, Armenia, Bosnia-Hercegovina, Georgia, Irak, Italia, Kasakhstan, Kirgisistan, Mexico, Romania, Russland, Serbia og Montenegro, Makedonia og Ukraina. Kommisjonen arbeider dessutan med utgreiingar og generelle juridiske spørsmål som er viktige for utviklinga av demokratiet og rettsstaten. Eit viktig prosjekt er å organisere det praktiske samarbeidet mellom forfatningsdomstolane eller øvste instans i det vanlege domstolsapparatet hos medlemsstatane. Kommisjonen held òg fleire seminar kvart år.

4.7 Den europeiske torturkomiteen

Den europeiske torturkonvensjonen skipar eit kontrollsystem der Den europeiske torturkomiteen (CPT) kan gjeste medlemslanda for å undersøkje korleis dei handsamar personar som er fråtekne fridomen. Siktemålet er å førebyggje brot på forbodet i EMK mot tortur og umenneskeleg og nedverdigande handsaming eller straff. Komiteen vitjar mellom anna fengsel, arrestar og psykiatriske institusjonar. Komiteen skal ha fritt tilgjenge til dei aktuelle stadene og kan ha fortrulege samtaler med dei innesperra utan vitne til stades. Komiteen er også i jamleg dialog med styresmaktene i dei einskilde medlemsstatane.

CPT har eitt medlem frå kvart medlemsland. Det er Stortinget sin delegasjon til parlamentarikarforsamlinga som nominerer kandidatar til det norske setet. Som norsk medlem av komiteen gjekk Ingrid Lycke Ellingsen av etter 12 år i 2005, og ny medlem vart Birgit Lie. Lie er vald inn for fire år.

Komiteen har vitja Noreg fire gonger, sist i 2005. I løpet av året gjorde komiteen undersøkingar også i 15 andre land: Spania, Tyrkia, Tyskland, Moldova, Storbritannia, Ukraina, Hellas, Russland, Malta, Albania, Aserbajdsjan, Belgia, Ungarn, Slovakia og San Marino. I oktober 2005 var komiteen i Noreg og vitja mellom anna Oslo politidistrikt, Politihuset i Trondheim og Politiet sitt utlendings­internat på Trandum. I tillegg vitja komiteen Trondheim, Stavanger og Ringerike fengsel samt Ila fengsel sin anstalt for forvaring og sikring og Sør-Trøndelag psykiatriske sjukehus. I utsegn etter vitjinga har komiteen framheva både positive og visse negative aspekt ved tilhøva i desse institusjonane. Det er mellom anna reist kritikk av at uniformert politi rutinemessig brukar hand- og fotjarn på personar som skal eskorterast til psykiatriske institusjonar, utstøyting av innsette frå fellesskap med andre innsette, og sonings­situasjonen for utanlandske innsette som korkje kan norsk eller engelsk. Den endelege rapporten vil liggje føre i løpet av første halvår 2006.

4.8 Nord-sør-senteret

Nord-sør-senteret vart skipa i 1989, dels for å spreie kunnskap om nord-sør-spørsmål i Europa og dels for å leggje til rette for ein dialog mellom nord og sør om menneskerettar og demokrati. Senteret, som ligg i Lisboa, har fokusert mest på aktivitetar i Middelhavsregionen, demokrati og menneskerettar i Afrika og utdanning. Toppmøtet stadfesta Nord-sør-senteret si rolle i Europarådet sitt arbeid med tverrkulturell dialog. Senteret deler årleg ut ein menneskerettspris til to personar frå høvesvis sør og nord. I 2005 gjekk prisen til den irske musikaren Bob Geldof for arbeidet han har gjort for å opplyse landa i nord om fattigdomen i Afrika, og til etiopiske Bogaletch Gebre for arbeidet ho har gjort for kvinnene sine rettar. Noreg sit i styret for senteret på vegner av dei nordiske landa.

4.9 Forum for demokrati

Det første forumet vart halde i Warszawa i november 2005 og hadde inkludering av det sivile samfunnet i politiske prosessar som tema. Noreg deltok med representantar for Kommunal- og regionaldepartementet og Landsorganisasjonen for norske ungdoms­organisasjonar. Fleire deltakarar uttrykte ynske om at demokratiforuma bør munna ut i konklusjonar som kan nyttast som innspel til det mellomstatlege samarbeidet i Europarådet.

Til forsida