St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

4 Kunngjering om utvidinga frå toppmøtet i Praha ved George Robertson, generalsekretæren i NATO

Så lenge NATO har eksistert, har det aldri vore ein eksklusiv organisasjon. Frå 12 medlemsland i starten har vi utvida gradvis til 14, 15 og 16, og så i 1999 til 19.

Døra til NATO står enno open. I 1999 laga leiarane ein handlingsplan for medlemsskap som skulle hjelpe land i heile Europa med å førebu seg på framtidig medlemskap. Kandidatlanda har arbeidd hardt for å modernisere og reformere sine væpna styrkar og oppfylle dei svært høge krava NATO stiller til verdiar, rettsstatleg styre og sterke demokratiske institusjonar. Alle kandidatland har stått overfor tunge og vanskelege avgjerder. Det viser kor sterkt dei har vilja NATO-medlemskap når dei har teke denne utfordringa.

I juni i fjor kunngjorde NATO-leiarane at dei ville tilby endå fleire å bli med i Alliansen.

Sidan då har vi arbeidd for å sikre at NATO sjølv er førebudd på utvidinga. Som resultat av ein omfattande indre reformprosess vil ein organisasjon som i utgangspunktet var meint for 12 medlemsland, vere klar til å fungere like effektivt med dobbelt så mange. Difor kan vi trygt seie at denne omgangen med utvidingar vil oppretthalde og auke styrken, samhaldet og vitaliteten i NATO, og at utvidinga ikkje er retta mot tryggingsinteressene til nokon partnarstat.

De har nyleg fått presentert ein omfattande rapport om utvidingsprosessen. I dag skal vi ta stilling til om vi skal invitere endå fleire land til samtalar om tiltreding.

Dette er eit avgjerande viktig vedtak i eit spørsmål som allianselanda gradvis er blitt einige om gjennom dei siste månadene. Eg trur vi no er komne til full semje. Eg føreslår difor for stats- og regjeringssjefane i NATO at dei inviterer følgjande nasjonar til medlemsskapsforhandlingar med NATO: Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia. Eg forstår det slik at det er semje om dette – Rådet har vedteke forslaget.

Når denne viktige avgjerda no er teken, gjev eg ordet til medlemmene av NAC på stats- og regjeringssjefnivå.

Til forsida