St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

7 Brev av 13. desember 2002 frå generalsekretær George Robertson til høgrepresentanten for den felles utanriks- og tryggingspolitikken i Den europeiske unionen, Javier Solana

Takk for ditt brev av 13. desember 2002. Det nordatlantiske rådet har i dag godkjent følgjande vedtak.

Vedtak i Det nordatlantiske rådet (NAC)

  1. Rådet ønskjer å vidareføre eit nært og tydeleg tilhøve mellom NATO og EU, og står klar til å støtte EU-leidde operasjonar der Alliansen som heilskap ikkje engasjerer seg militært, i samsvar med vedtaka som vart gjorde på toppmøtet i Washington og seinare ministermøte. Alle allierte seier seg på nytt forplikta til ESDI og til å styrkje den europeiske søyla i Alliansen. Vi helser velkommen og ser fram til den fullstendige iverksetjinga av dokumentet «ESDP: Gjennomføring av Nice-vedtaka om deltaking for europeiske allierte utanfor EU», som EU har vedteke og som løyser deltakingsspørs­målet på ein måte som er tilfredsstillande for alle allierte. På dette grunnlaget tek Rådet på seg heilt og fullt å støtte og leggje til rette for den vidare utviklinga av EUs ESDP på ein måte som også styrkjer Alliansen.

  2. Rådet er fast bestemt på snarleg å avklare dei detaljerte ordningane for gjennomføring av kvart av elementa i Berlin pluss, og likeins alle andre uløyste spørsmål om tilhøvet mellom NATO og EU, i samsvar med vedtaka frå NATO-toppmøtet i Washington og idet ein tek omsyn til dei relevante konklusjonane frå Det europeiske rådet i Nice. Vi ser fram til å komme fram til ei fullstendig avklaring av tilhøvet mellom dei to organisasjonane. Som utanriksministrane våre vart samde om i Brussel den 15. desember 2000, ser vi fram til å få samanfatta dette mangslungne arbeidet i ein rammeavtale som skal formaliserast saman med EU, utan at det skal vere til skade for vedtaka som er nemnde nedanfor.

  3. Vi er no i stand til å gje EU rask tilgang til dei kollektive ressursane og evnene i Alliansen ved operasjonar der Alliansen som heilskap ikkje er engasjert militært. Med tanke på dette har vi i dag gjort følgjande vedtak:

    • Det strategiske samarbeidet mellom NATO og EU og gjennomføringa av Berlin pluss-ordningane vil vere avgrensa til NATO-medlemmer og dei EU-medlemmene utanfor NATO som har underteikna rammedokumentet for Partnarskap for fred (PFP) og såleis er partar i PFP, og som har inngått bilaterale tryggingsavtalar med NATO.

    • EU er no med omgåande verknad sikra tilgang til planleggingsevner i NATO som er i stand til å bidra til militær planlegging for EU-leidde operasjonar. Det trengst såleis inga godkjenning frå sak til sak. Militærstyresmaktene i NATO får hermed i oppgåve å gjennomføre dette vedtaket straks, på grunnlag av det arbeidet dei har utført. EU kan gjere seg nytte av planleggingsevnene i NATOs militære kommandostruktur på permanent og vedvarande basis. Denne tilgangen dekkjer alle former for operativ planlegging, utan unntak. Ekspertar frå medlemsland i EU som ønskjer å delta, vil kunne engasjere seg i NATO-aktivitetar til støtte for EU-planlegging.

    • NATO-evner og felles NATO-ressursar til bruk i EU-leidde operasjonar vil snart vere førehandsutpeika, og vert då å rekne som tilgjengelege for EU. Ekspertar frå NATO og EU vil no som ei hastesak utvikle dei nødvendige ordningane for utpeiking, frigjering, overvaking, tilbakeføring og tilbakekalling av slike evner og ressursar. Vedtak om frigjering av slike ressursar og evner vil bli gjorde av NAC, og så lenge slike EU-leidde operasjonar pågår, vil NAC bli halde orientert om bruken av desse.

    • Innanfor NATO skal vi fastsetje eit spekter av kommandoalternativ for EU-leidde operasjonar, mellom anna med ei vidareutvikling av rolla til NATO sin militære nestkommanderande i Europa (DSACEUR) for å gjere han i stand til å utføre sin europeiske oppgåver fullstendig og effektivt. Ordningar for å få til dette vil bli utarbeidde som hastesak.

    • Arbeidet med å tilpasse forsvarsplanleggingssystemet i NATO slik at tilgangen på styrkar til EU-leidde operasjonar får ein større plass, vil bli framskunda. Målet for oss, som for EU, er å utvikle dei militære evnene som trengst for at dei oppdraga begge organisasjonane ser føre seg, skal kunne utførast på den tydelege, opne, konsekvente og samarbeidsbaserte måten som er nødvendig.

    • For å få til dette vil vi i samarbeid med EU framskunde utarbeidinga av ordningar for samarbeidet mellom NATO og EU om utvikling av evner, og gjev hermed den internasjonale staben i oppdrag å gjennomføre desse i nært samarbeid med EU. NATO vil halde fram med å stille sin ekspertise til rådvelde for EU innanfor spesialeininga Headline Goal Task Force Plus, der dei nasjonale ekspertane til dei allierte som ønskjer det, får høve til å delta.

    • Vi ber om at EU raskt må avklare korleis styrkebidraga frå europeiske allierte utanfor EU vil bli behandla innanfor planleggingsprosessen i EU og i EU-leidde operasjonar.

  4. Ordningar for alle andre uavklara element i samkvemmet mellom NATO og EU vil bli utarbeidde parallelt som ei prioritert oppgåve. Særskilt vil vi straks setje i gang forhandlingar med EU om å inngå ein permanent tryggingsavtale mellom NATO og EU med sikte på at ein slik avtale skal vere heilt og fullt iverksett innan 1. mars 2003. Vidare vart stats- og regjeringssjefane våre i Praha samde om å planleggje ei fellesøving med EU i 2003. Med vedtakinga av dette dokumentet stadfester vi som vårt syn at denne øvinga bør finne stad i november 2003.

  5. Vi tek på oss å få på plass dei detaljerte ordningane desse vedtaka krev, både internt og mellom NATO og EU, innan 1. mars 2003. I tillegg til dei avtala møta mellom grupper frå dei to organisasjonane vil NATO-stabar arbeide vidare med å utvikle tettast moglege kontaktar med EU-stabar for å lette gjennomføringa av desse ordningane.

Til forsida