St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

6 Brev av 13. desember 2002 frå høgrepresentanten for den felles utanriks- og tryggingspolitikken i Den europeiske unionen, Javier Solana, til generalsekretæren i NATO, George Robertson

Herr Generalsekretær

EU sitt råd har avtala følgjande reglar for gjennomføring av Nice-vedtaka om deltaking for europeiske allierte utanfor EU.

ESDP: Gjennomføring av Nice-vedtaka om deltaking for europeiske allierte utanfor EU

Oppfylling av NATO-tilsegner for visse medlemsstatar i EU

  1. I traktaten om Den europeiske unionen heiter det (artikkel 17.1):

    «Unionspolitikken etter denne artikkelen skal ikkje vere til skade for den særskilde tryggings- og forsvarspolitikken til visse medlemsstatar, og skal respektere dei pliktene visse medlemsstatar, som ser sitt fellesforsvar realisert gjennom Det nordatlantiske forsvarssambandet (NATO), har etter Atlanterhavspakta, og skal vere i tråd med den felles tryggings- og forsvarspolitikken som er etablert innanfor desse rammene.»

  2. For dei aktuelle medlemsstatane tyder dette at dei handlingar og avgjerder dei er med på innanfor rammene for militær krisehandtering i EU, til kvar tid skal respektere alle deira plikter som NATO-allierte. Dette inneber òg at ESDP ikkje under noko omstende og ikkje i noka krise skal brukast mot ein alliert, på den tilsvarande føresetnad at den militære krisehandteringa i NATO ikkje skal omfatte noko tiltak mot EU eller medlemsstatane i denne organisasjonen. Det er òg ein føresetnad at det ikkje skal setjast i verk noko tiltak som bryt med prinsippa i FN-charteret.

Deltaking i ESDP-samråd i fredstid for europeiske allierte utanfor EU

  1. Som det var semje om under Det europeiske rådet i Nice, vil EU føre permanente og vedvarande konsultasjonar med dei europeiske allierte utanfor EU, der alle tryggings-, forsvars- og krisehandteringsspørsmål vil bli tekne opp. Ytterlegare møte i 15 + 6-format vil bli haldne når det er nødvendig. Konsultasjonane vil særskilt, slik det passar, omfatte tilleggsmøte i formatet EU + 6 før møte i EU sin utanriks- og tryggingspolitiske komité (PSC) og i EU sin militærkomité (EUMC) der det kan bli gjort vedtak i saker som verkar inn på tryggingsinteressene til dei europeiske allierte utanfor EU. Målet med desse konsultasjonane er at EU og dei europeiske allierte utanfor EU skal utveksle synspunkt og drøfte saker og interesser som desse allierte tek opp, slik at EU kan ta omsyn til dette. Som i CFSP (FUSP) vil desse konsultasjonane gje dei europeiske allierte utanfor EU høve til å medverke i den europeiske tryggings- og forsvarspolitikken og til å bli delaktige i EU sine vedtak, tiltak og fråsegner i samband med ESDP.

  2. Konsultasjonane mellom EU og dei europeiske allierte utanfor EU vil bli grundig førebudde, mellom anna gjennom konsultasjonar som omfattar presidentskapen, rådssekretariatet og representantane for dei europeiske allierte utanfor EU, og gjennom oversending av relevante dokument. Møte vil bli følgde opp på ein grundig måte, mellom anna ved at rådssekretariatet oversender referat av diskusjonane. Målet med desse ordningane er å sikre at konsultasjonane vert både omfattande og intensive.

  3. Avviklinga av møte i 15 + 6-format, slik Nice-ordningane gjev rom for, vil bli forenkla ved at det vert utpeika faste samtalepartnarar hos PSC. For å gje rom for dialog med EUMC og hjelpe til med å førebu 15 + 6-møta på representantnivå i Militærkomiteen, kan dei europeiske allierte utanfor EU òg peike ut samtalepartnarar hos Militærkomiteen. Dei utpeika samtalepartnarane hos dei ulike EU-organa får høve til å pleie bilaterale kontaktar frå dag til dag, noko som vil styrkje dei regulære konsultasjonane på 15 + 6-nivå.

Tilhøve til EUMC og nasjonale hovudkvarter som er involverte i EU-leidde operasjonar.

  1. Ordningane i NATO for EU-medlemmer utanfor NATO vil tene som grunnlag for å utvikle passande ordningar for dei europeiske allierte utanfor EU i dei militære EU-strukturane; her må ein komme i hug at dei militære strukturane er ulike i dei to organisasjonane. Dersom operativ planlegging vert utført i NATO, vil dei europeiske allierte utanfor EU delta heilt og fullt. Dersom operativ planlegging vert utført i eitt av dei europeiske hovudkvartera på strategisk nivå, vil dei europeiske allierte utanfor EU i eigenskap av bidragsytarar bli inviterte til å sende offiserar til vedkommande hovudkvarter.

Deltaking i EU-leidde øvingar

  1. EU aktar ikkje å gjennomføre militærøvingar på lægre nivå enn styrkehovudkvarter (FHQ). Øvingar under dette nivået vil framleis vere medlemsstatane sitt ansvar.

  2. EU er forplikta til dialog, samråd og samarbeid med dei europeiske allierte utanfor EU, og ordningane for dette må òg inngå i aktuelle øvingar.

  3. Ordningane som gjer at desse allierte kan ta del i EU-øvingar, vil spegle dei ordningane som gjer at dei kan delta i EU-leidde operasjonar. Europeiske allierte utanfor EU vil ha høve til å delta i EU-øvingar der det er tanken at NATO sine ressursar og evner skal brukast. Sidan det òg kan vere aktuelt for dei å delta i EU-leidde operasjonar som ikkje gjer bruk av NATO sine ressursar og evner, vil dei europeiske allierte utanfor EU òg ha behov for å delta i relevante øvingar, og EU må leggje til rette for dette. Europeiske allierte utanfor EU bør bli inviterte til å observere andre relevante øvingar der dei ikkje er deltakarar.

Nærare reglar for deltaking i EU-leidde operasjonar

  1. I vurderinga av ulike reaksjonsformer i ei krise, mellom anna ein eventuell EU-leidd operasjon, vil EU ta omsyn til forhold som interesserer og vedgår europeiske allierte utanfor EU, og konsultasjonane dei imellom vil vere tilstrekkeleg intensive til å sikre at dette blir vareteke.

  2. Ved ein EU-leidd operasjon der NATO sine ressursar og evner blir tekne i bruk, kan europeiske allierte utanfor EU delta i operasjonen om dei ønskjer det, og vil bli tekne med i planlegginga og førebuingane til operasjonen i samsvar med framgangsmåtane som er etablerte i NATO.

  3. Ved ein EU-leidd operasjon som ikkje krev bruk av NATO sine ressursar og evner, vil europeiske allierte utanfor EU, etter vedtak i Rådet, bli inviterte til å delta. Når det skal takast stilling til slik deltaking, vil Rådet ta omsyn til dei tryggingsmessige interessene til dei europeiske allierte utanfor EU. I eit konkret tilfelle der ein av dei europeiske allierte utanfor EU uttrykkjer uro over at ein planlagd autonom EU-operasjon vil bli gjennomført i det geografiske nærområdet til ein europeisk alliert utanfor EU, eller kan påverke dei nasjonale tryggingsinteressene til denne, vil Rådet konsultere vedkommande allierte og ta utfallet av denne konsultasjonen med i vurderinga av kor vidt vedkommande allierte får delta, idet ein kjem i hug dei relevante føresegnene i Traktat om Den europeiske union som sitert ovanfor og fråsegna i nr. 2 ovanfor.

Deltaking i førebuing, planlegging og styring av ein EU-leidd operasjon

  1. Konsultasjonane i 15 + 6-format vil vere eit forum der dei europeiske allierte utanfor EU, som potensielle bidragsytarar til ein EU-leidd militæroperasjon, kan bli engasjerte alt frå dei innleiande stadia i ei krise, i dialog med EU, og kan konsulterast om utviklinga av tenkinga i EU.

  2. Kontaktane med europeiske allierte utanfor EU vil bli intensiverte på alle nivå gjennom konsultasjonar i 15 + 6-format og andre ordningar etter kvart som den før-kritiske fasen utviklar seg. Denne prosessen vil vere viktig for å diskutere mellombels militære bidrag frå dei europeiske allierte utanfor EU i den før-operative fasen, og likeins relevante militære faktorar under utviklinga av dei strategiske militære alternativa, for såleis å leggje føringar for planlegginga og førebuingane som skal danne grunnlaget for eit rådsvedtak om å setje i gang ein EU-leidd operasjon. På denne måten kan dei europeiske allierte utanfor EU gjere sitt syn gjeldande, særleg når det gjeld dei tryggingsmessige sidene og korleis dei ser føre seg at EU bør svare på krisa, før Rådet gjer vedtak om eit militært alternativ.

  3. Deretter vil det bli ført vidare konsultasjonar i 15 + 6-forumet, mellom anna på PSC- og EUMC-nivå, for å diskutere utviklinga av operasjonskonseptet (CONOPS) og tilknytte spørsmål som til dømes kommando- og styrkestrukturar. Dei europeiske allierte utanfor EU vil få høve til å gjere kjent korleis dei ser på CONOPS, og på si eiga potensielle deltaking, før Rådet gjer vedtak om å gå til detaljert planlegging av ein operasjon og vedtak om formelt å invitere land utanfor EU til å delta. Når det er gjort vedtak om å la land utanfor EU delta, vil europeiske allierte utanfor EU, i eigenskap bidragsytarar, bli inviterte til å ta del i den operative planlegginga. Konsultasjonane i 15 + 6-forumet vil ta føre seg den vidare detaljplanlegginga av operasjonen, mellom anna OPLAN.

  4. Etter vedtak i Rådet om å setje i verk ein militær operasjon, og ein konferanse om korleis styrkar skal genererast, vil Bidragsytarkomiteen bli nedsett og samankalla for å diskutere fullføringa av innleiande operasjonsplanar og militære førebuingar til operasjonen.

  5. Som føresett i Nice vil Bidragsytarkomiteen spele ei nøkkelrolle i den daglege styringa av operasjonen. Han vil vere hovudforumet der medverkande nasjonar kollektivt tek opp spørsmål som gjeld bruken av styrkane deira i ein operasjon. Komiteen vil diskutere rapportar frå og spørsmål som vert tekne opp av operasjonssjefen, og vil etter behov gje råd til PSC. Bidragsytarkomiteen tek avgjerder om den daglege styringa av operasjonen og legg fram tilrådingar om moglege justeringar i den operative planlegginga, mellom anna eventuelle justeringar i målsetjingar, ved konsensus. Synspunkt som kjem til uttrykk i Bidragsytarkomiteen, vil PSC ta omsyn til når denne vurderer spørsmål om politisk kontroll og strategisk leiing av operasjonen. Rådssekretariatet vil utarbeide referat av diskusjonane under kvart møte i Bidragsytarkomiteen, som vil bli oversende til representantane i PSC og EUMC tidsnok til neste møte i dei respektive komiteane.

  6. Operasjonssjefen vil rapportere om operasjonen til Bidragsytarkomiteen slik at denne kan utføre sine oppgåver og spele si nøkkelrolle i den daglege styringa av operasjonen.

Med vennleg helsing

Javier Solana

Til forsida