St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

5 Vurderingar og framtidsperspektiv

2002 vart eit hendingsrikt år for NATO, der etableringa av NATO-Russland-rådet i mai, det vellukka toppmøtet i Praha i november og gjennombrotet i forholdet mellom EU og NATO i desember utgjorde høgdepunkta.

Utviklinga gjennom året har gjeve samarbeidet i NATO ny kraft. Oppfølginga av vedtaka frå Praha vil styrkje Alliansen som ein effektiv tryggings- og forsvarspolitisk reiskap i møtet med dei nye utfordringane. Samstundes utgjer usemja som seinare har dukka opp i samband med Irak-spørsmålet og støtta til Tyrkia ei stor utfordring for Alliansen.

Opprettinga av NATO-Russland-rådet utgjer ein historisk sjanse til å knyte Russland, Europa og Nord-Amerika tettare saman ved forpliktande og effektivt samarbeid. Vi ser allereie at det nye samarbeidet mellom NATO og Russland verkar positivt inn på Noreg sitt eige tilhøve til naboen i aust. 2002 vart prega av ei konstruktiv og samarbeidsorientert tilnærming til bilaterale spørsmål, noko som særleg gav seg uttrykk under president Putin si vitjing i Oslo om hausten. Det er all grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram.

Utfordringa vert å fylle NATO-Russland-rådet med innhald. Arbeidsprogrammet for 2003 viser at ein er kommen eit langt stykke på veg, særleg når det gjeld Balkan, internasjonal terrorisme, ikkje-spreiing og forsvarsreform. Det er grunn til å håpe på at framgangen på desse områda vil medverke til betre samarbeid om handteringa av kjernefysisk materiale.

Støtta til NATO-Russland-rådet på russisk side har til no i stor grad vore størst hos president Putin og hans nærmaste medarbeidarar. Ei av utfordringane er å auke entusiasmen for samarbeidet nedover i det russiske systemet. Det vil vere viktig at samarbeidet gjev meirverdi for alle partar.

NATO si rolle som reiskap for europeisk integrasjon vert ført vidare. Forhandlingane om medlemskap for dei sju landa som vart inviterte i Praha går etter planen. Framgangen desse landa har vist gjennom Handlingsplanen for medlemskap, gjev òg grunn til forventingar når det gjeld utviklinga av stabilitet, demokratiske institusjonar og rettsvesen i Kroatia, Albania og Makedonia. Ei liknande positiv utvikling som følgje av samarbeidet med NATO kan òg forventast i partnarlanda.

På grunn av arbeidet med utvidinga har tilhøvet til dei andre partnarlanda komme noko i bakgrunnen etter toppmøtet i Praha. Den største utfordringa i partnarsamarbeidet er å verte samde om realistiske program og å følgje opp desse på ein måte som sørgjer for at interessa for og kvaliteten i samarbeidet kan haldast oppe både hos dei allierte og den einskilde partnar. Her kan Noreg framleis spele ei rolle som pådrivar, særleg i høve til samarbeidet med Finland og Sverige.

Oppfølginga av vedtaka frå Praha om militær omforming av Alliansen er i full gang. Når det gjeld NATO sin reaksjonsstyrke, vil ein etter alt å dømme ha ferdig eit samla konsept for den nye styrken til forsvarsministermøtet i juni 2003. Det største uteståande spørsmålet er å få på plass i tide dei kritiske kapasitetane som styrken vil vere heilt avhengig av. Dette går i stor grad på om arbeidet med kapasitetspakken går etter planen.

NATO si evne til omstilling og tilpassing har alltid vore organisasjonen sin styrke, og er avgjerande for at organisasjonen framleis skal spele ei sentral rolle. Oppfølginga av kapasitetstilsegna går framover, men framdrifta synest ikkje like stor som under toppmøtet i Praha. Press på forsvarsbudsjetta og avvegingar mellom nasjonale omsyn og omsynet til Alliansen, skaper uvisse om tempoet i oppfølginga. Dette gjeld òg innanfor dei fleirnasjonale samarbeidsløysingane, inkludert det norskleidde arbeidet med strategisk sjøtransport.

Arbeidet med ein ny kommandostruktur, inkludert lokalisering, går etter planen. Han vil venteleg verte vedteken på forsvarsministermøtet i juni. Det vil føre til at talet på permanente hovudkvarter vert redusert, noko ein vil merke i medlemslanda. Den politiske verknaden blir mellom anna at det synlege NATO-nærværet minkar.

Gjennombrotet på EU-toppmøtet i desember førte til eit meir dynamisk og målretta samarbeid mellom NATO og EU. Ein ser no konturane av ein strategisk partnarskap som er til beste for europeisk tryggleik. Grunnlaget for EU si overtaking av den NATO-leidde krisehandteringsoperasjonen i Makedonia er no lagt.

Denne utviklinga gjorde det òg mogleg å få på plass dei permanente deltakarordningane for dei allierte ikkje-EU-landa. Eit mål for Noreg er å kunne bidra til at EU byggjer opp si evne til effektiv krisehandtering. Norske styrkar er difor meldt inn til EU sitt styrkeregister. Samstundes ønskjer ein å ta aktivt del i både EU sine førebuingar og i konkrete operasjonar, og å sikre viktige norske interesser andsynes EU. Den store utfordringa for Noreg og dei andre allierte ikkje-EU-landa vert då å sikre at ordningane for kontakt med EU sine sivile og militære strukturar vert fylte med substans. Det krev full utnytting av deltakararrangementa, og ikkje minst aktiv og synleg deltaking i EU-leidde militære operasjonar.

Semja om EU sin bruk av NATO-ressursar legg forholda til rette for eit forpliktande tryggingspolitisk og operasjonelt samarbeid mellom NATO og EU. Ein bør likevel ikkje ta for gitt at det framtidige samarbeidet mellom dei to organisasjonane vert uproblematisk. Erfaringar sidan desember 2002 viser at det gjenstår mykje før NATO og EU har funne fram til ei effektiv og rasjonell samarbeidsform der ein kan byggje på det beste frå begge organisasjonane.

På europeisk side har ein lagt vekt på at USA må ta tilstrekkeleg omsyn til synspunkta til sine allierte. Alle allierte er klar over at USA på grunn av si overlegne militære slagkraft vil vere den leiande makta i Alliansen. Det aukande militære gapet over Atlanterhavet underbyggjer dei militære og politiske skilnadene. USA er ikkje berre talmessig og teknologisk overlegent. Også den militære tankegangen vert påverka av dette, mellom anna med omsyn til korleis militære operasjonar skal gjennomførast. Dersom dei europeiske allierte ikkje heng med i den teknologiske utviklinga, vil det verte stadig vanskelegare å operere saman med amerikanske styrkar, sjølv med omsyn til forsvar av eige territorium.

Eit halvt hundreår med NATO-medlemskap, og fleire hundreår med kulturelt og økonomisk samkvem, knyter den transatlantiske verda saman. Det er heller ikkje noko nytt at tilhøvet mellom USA og nokre av dei største europeiske allierte er prega av ulike syn på viktige og prinsipielle saker. For NATO er det likevel viktig at ein til slutt finn fram til felles løysingar. Dette føreset at alle medlemmer legg avgjerande vekt på det som bind landa saman, særleg verdigrunnlaget Alliansen er bygd på.

Etter kvart som EU tek over meir av ansvaret for krisehandtering og tryggleik i Europa, kan NATO verte noko mindre synleg. Oppslutninga om Alliansen vil i såfall i mindre grad kunne takast for gitt, etter som truslane mot tryggleiken vår vert mindre klåre, og må møtast lengre unna vårt eige territorium.

Kollektivt forsvar, slik det er nedfelt i artikkel 5 i Washingtontraktaten, vil framleis vere ei oppgåve for NATO. Men utviklinga i EU må følgjast nøye. Under arbeidet med EU sitt konvent har einskilde land mellom anna ytra ønske om å opprette ein europeisk tryggings- og forsvarspolitisk union. Ei særskild utfordring er at Noreg sine noverande konsultasjonsordningar med unionen blir svekte når dei inviterte landa set seg på EU-sida av bordet. Desse møta vil ha enda mindre eigenverd for EU enn dei har i dag. Difor er det naudsynt å styrkje dei bilaterale konsultasjonane mellom Noreg og EU-landa.

Som ikkje-medlem av EU vil det vere avgjerande for Noreg at NATO òg i framtida er det sentrale organet for både forsvars- og tryggingspolitiske konsultasjonar mellom dei allierte. Utfordringa for Noreg vert difor å bidra til ein mest mogleg effektiv allianse, samstundes med at vi gjennom aktiv deltaking i EU sine avgjerdsstrukturar og operasjonar sikrar at våre interesser blir varetekne på ein god måte også innanfor ei EU-ramme.

Til forsida