St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

4 Europeisk tryggings- og forsvarspolitikk

4.1 ESDP og tilhøvet mellom NATO og EU

Etter at utviklinga av eit strategisk samarbeid mellom NATO og EU langt på veg hadde stått stille i tre år, kom det til eit gjennombrot under tingingane på EU-toppmøtet i København 13. desember 2002. Det vart funne ei løysing som opna for at ein kunne setje ut i livet dei såkalla Nice-vedtaka om deltakarerettane til Noreg og dei fem andre europeiske NATO-landa som ikkje er med i EU. Dette la i sin tur eit grunnlag for vedtak i NATO sitt råd same dagen om å gje støtte til krisehandteringsoperasjonar planlagde og leidde av EU, den såkalla Berlin pluss-agendaen.

EU vil etter dette få automatisk tilgang til NATO sitt militære planleggingsapparat. NATO vil måtte tilpasse sitt eige apparat for forsvarsplanlegging til dei nye behova og gje støtte til EU-leidde operasjonar i dei tilfella der Alliansen ikkje sjølv er engasjert. Dei allierte har erklært si fulle støtte til utviklinga av den europeiske pilaren i NATO.

EU vil ha permanente konsultasjonar på politisk og militært nivå med dei seks europeiske NATO-medlemmene som ikkje er med i unionen. Dei seks landa skal ha full rett til å ta del i alle EU-leidde operasjonar som går føre seg med bruk av ressursar frå NATO. Dei kan òg verte inviterte til EU-operasjonar som går føre seg utan bruk av NATO-ressursar. Dette inneber deltaking i førebuinga av militære planar og deltaking ved dei militære hovudkvartera som utfører operasjonane.

For å gje dei seks, og andre tredjeland som tek del i EU-operasjonar, høve til å følgje utviklinga, skal det opprettast ein deltakarkomité for kvar einskild operasjon. Deltakarkomiteen vil ha det daglege ansvar for å følgje operasjonane, medan EU skal ha den overordna politiske og strategiske kontrollen.

For Noreg vert det i tida som kjem viktig å arbeide for at det vert etablert rutinar og prosedyrar som gjer det mogleg å følgje EU sin tryggings- og forsvarspolitikk i det daglege. Ein vil òg søkje å sikre seg tilstrekkeleg innsyn i og innverknad på planlegginga og gjennomføringa av EU-leidde operasjonar der Noreg deltek. Mellom anna arbeider ein frå norsk side med få tettare kontakt med EU sin militære stab.

Då EU tok over ansvaret for politistyrken i Bosnia 1. januar 2003, vart land utanfor EU òg inviterte til å delta. Noreg deltek såleis med seks politifolk og to sivile rådgjevarar. Nesten umiddelbart etter gjennombrotet under toppmøtet i København i desember starta EU planlegginga for å ta over den NATO-leidde operasjonen i Makedonia. Frå NATO si side har det vore ein del misnøye med manglande informasjon frå EU i den innleiande planleggingsfasen. Det er blitt påpeika at EU ikkje har følgt dei prosedyrar ein har blitt samde om for å handtere ein slik overgangsfase. For Noreg og dei andre allierte ikkje-EU-landa har det vore viktig å sjå til at desse landa sine interesser vert varetekne på ein tilfredsstillande måte, og at dette kan danne presedens for liknande prosessar i framtida.

Parallelt med den meir prinsipielle debatten om EU sin tilgang til NATO-ressursar, tok ein opp igjen arbeidet med overføring av delar av NATO sine krisehandteringsoperasjonar på Balkan til EU. På toppmøtet i København sa EU at dei i prinsippet òg var klar til å ta over operasjonane i Bosnia.

I og med desembervedtaka har dei to organisasjonane teke eit stort og viktig steg framover i eit arbeid som i røynda har gått føre seg sidan NATO-toppmøtet i Washington i 1999. Siktemålet har vore å utvikle eit strategisk samarbeid og ei funksjonell arbeidsdeling mellom dei to organisasjonane. Gjennom å stille NATO sine kollektive ressursar til rådvelde for EU kunne ein oppnå optimal utnytting av ressursar og unngå unødig dobbeltarbeid og duplisering av strukturar. Eit tett samvirke mellom NATO og EU vil styrkje det internasjonale samfunnet si totale evne til krisehandtering.

For Noreg er eit tettast mogleg samarbeid mellom NATO og EU av høg interesse. Vedtaka i desember var eit stort og viktig steg framover. Noreg hadde allereie sagt seg tilfreds med vedtaka om deltakarrettar for dei seks europeiske NATO-landa på EU-toppmøtet i Nice, og hadde streka under at ein så snart som mogleg måtte få på plass eit forpliktande tryggingspolitisk og operasjonelt samarbeid mellom NATO og EU.

Ei ny arbeidsdeling er etter norsk syn ein viktig føresetnad for å bevare eit aktivt amerikansk engasjement i Europa, og for å bevare NATO som det sentrale organet for euroatlantisk tryggleik. Noreg meiner det nye samarbeidet mellom NATO og EU må tuftast på framleis tett transatlantisk samband og amerikansk nærvær i Europa. Dette må òg omfatte deltaking i operasjonar. Ein må vidare unngå at dei einskilde EU-landa lèt den direkte kontakten med USA gå framom kontakten innanfor Alliansen. Ei marginalisering av NATO som forum for konsultasjonar og samarbeid vil gjere skade på norsk tryggleik.

Men Noreg har òg lagt vekt på at dei europeiske allierte tek over ein større del av byrda for eigen tryggleik. Denne haldninga vart understreka ved at Noreg heldt fram med si deltaking då politioperasjonen i Bosnia vart ført over frå FN til EU. For Noreg er det såleis svært viktig at vi fekk tilgang til samarbeid og politiske og militære konsultasjonar med EU frå dag til dag. Dette måtte etter norsk syn omfatte både det reelle innhaldet i dei militære samarbeidsordningane og ei avklaring av statusen for dei bidrag som Noreg hadde meldt inn til EU. Frå norsk side vart det såleis overfor EU lagt stor vekt på at vår deltaking ikkje måtte avgrensast til konkrete operasjonar. Eit samarbeid i fredstid måtte omfatte både generisk planlegging av EU-leidde operasjonar og EU si styrke- og forsvarsplanlegging. Frå norsk side vart det i den samanheng streka under at slik tett kontakt var ein føresetnad for å kunne tilpasse våre eigne bidrag til dei behov EU identifiserte.

Eit spørsmål som òg vil komme opp, er utviding av samarbeidet ut over det reint militære. Særleg terroråtaka mot USA i 2001 har vist at mange av dei nye utfordringane ikkje kan møtast med tradisjonelle militære middel. Ein må òg nytte tiltak innan til dømes sivil beredskap, for mellom anna å tryggje sivilbefolkninga mot effektane ved bruk av masseøydeleggingsvåpen. I tråd med eiga vektlegging av det utvida tryggings­omgrepet, har Noreg lagt stor vekt på ei utviding av samarbeidet mellom NATO og EU ut over det reint militære. Det er likevel liten tvil om at det blant ein del EU-land er stor skepsis mot å opne for dette.

Samstundes må dei to organisasjonane etter norsk syn avklare forholdet sitt til dei landa som ikkje er medlemmer av begge organisasjonane. Det må vere substans i deltakarordningane til dei seks allierte ikkje-EU-landa, og dei fire EU-landa må verte knytta tettare til NATO sitt arbeid for å støtte EU-leidde krisehandteringsoperasjonar. Frå norsk side vil det verte lagt stor vekt på ei avklaring av desse spørsmåla.

4.2 Situasjonen på Vest-Balkan

NATO heldt fram med operasjonane i Kosovo, Bosnia-Hercegovina og Makedonia, men med nedtrappa styrkenivå. Noreg valde å konsentrere innsatsen i Kosovo. Frå norsk side er det lagt vekt på at styrkane må vere velorganiserte og talrike nok til å handtere den situasjonen som møter dei på bakken. USA har lagt stor vekt på at styrkenærværet på Balkan må rasjonaliserast, men har òg gjeve uttrykk for at ein vil stå solidarisk med andre allierte for å gjennomføre NATO sin innsats på Balkan. Omgrepet «inn saman, ut saman» har vore eit viktig signal til andre allierte om at USA ikkje vil gå til einsidige styrkereduksjonar på ­Balkan.

Hovudoppgåva for den NATO-leidde internasjonale fredsstyrken i Kosovo (KFOR) er framleis stabilisering av tryggleiken og assistanse til FN-administrasjonen UNMIK. Frå omlag 40 000 KFOR-soldatar i 2001 vart styrken i 2002 redusert til knappe 28 000. Frå norsk side har vi peika på at denne nedtrappinga må skje i takt med ei betring av tryggleiken i operasjonsområdet, og ikkje tvingast fram før situasjonen tillèt det. Dette gjeld i like stor grad for SFOR i Bosnia.

I tillegg til etnisk motiverte valdshandlingar og organisert kriminalitet, var KFOR sine største utfordringar handteringa av situasjonen i det nordlege Kosovo, i tillegg til å yte støtte til UNMIKs forsøk på å få reell kontroll over den serbisk-kontrollerte delen av byen Mitrovica. Trass i ei positiv utvikling vil det ta tid å skape eit klima i provinsen der dei ulike befolkningsgruppene kan leve og arbeide fredeleg saman mot felles mål. Det er stor internasjonal semje om at spørsmålet om endeleg status for Kosovo må vente.

Den organiserte kriminaliteten, med smugling av narkotika, våpen og menneske, er svært omfattande i Kosovo, og utgjer truleg den største interne trusselen mot tryggleiken i området. UNMIK og KFOR har gjort framsteg i det sivil-militære samarbeidet, og står no betre rusta i kampen mot desse utfordringane.

KFOR-innsatsen er framleis eit uunnverleg bidrag for å betre levevilkåra i Kosovo. Styrken er breitt samansett med troppar frå eit trettitals allierte, partnarland og andre samarbeidsland. Personellet frå ikkje-allierte land utgjer under 20 prosent av den totale styrken. Den norske kontingenten i KFOR i 2002 utgjorde eit solid bidrag til operasjonen, og var med eit personell på om lag 800 blant dei største sett i forhold til folketal og militære ressursar. Den norske bataljonen er ein del av den fleirnasjonale brigaden i det sentrale Kosovo.

Situasjonen i Bosnia-Hercegovina er forholdsvis roleg, men sårbar. Stabiliseringsstyrken SFOR held fram med sitt arbeid, medan FN sitt politioppdrag, IPTF, ved årsskiftet vart teke over av EU. EUPM tel totalt over 900 tilsette, deriblant 500 politifolk frå EU sine medlemsland og tredjeland. Noreg har stilt med seks politimenn og to sivile politiske rådgjevarar, noko som er eit klart signal om norsk vilje til å støtte ei auka rolle for EU i europeisk tryggingspolitikk.

På den sivile sida har det vore framsteg i arbeidet med å utvikle fungerande sivile institusjonar, retur av flyktningar og sivil oppbygging. Mellom­etnisk rivalisering, kriminalitet og manglande økonomiske framsteg er likevel klare utfordringar for den unge staten. Mykje gjenstår før ein kan tale om ein berekraftig fredsprosess. Dei største utfordringane er framleis retur av fordrivne personar til område der dei er i mindretal, ytterlegare reduksjonar i einingane sine væpna styrkar, auka effektivitet innanfor alle felles institusjonar, samarbeid mellom einingane, overføring av mistenkte krigsforbrytarar til domstolen i Haag, kamp mot korrupsjon og organisert kriminalitet, reformer innanfor rettsvesen og politi og økonomisk reform.

Det nye tilhøvet mellom NATO og EU opnar for EU-overtaking av den militære operasjonen i Bosnia-Hercegovina i første halvdel av 2004. Frå norsk side er ein positiv til at EU får ei større rolle på Balkan, men vi ser det som svært viktig at det ikkje vert skapt situasjonar under overføringa av ansvaret som kan svekkje tryggleiken i landet.

Etter at spenninga mellom den slaviske og den albanske delen av befolkninga i Makedonia vart halden under kontroll på 90-talet, såg ein at væpna albansk ekstremisme fekk større oppslutning etter krigen i Kosovo. Framgangen til den kosovoalbanske geriljaen oppmuntra desse grupperingane til å søkje større rettar for det albanske mindretalet. EU fekk partane til å skrive under på ein fredsavtale, og ei samlingsregjering vart danna. Gjennom sterkt vestleg press lukkast ein likevel i å få partane til å skrive under ein rammeavtale som skulle bringe fred til landet gjennom å betre stillinga til det albanske mindretalet.

Avtalen bana vegen for ein NATO-leidd fredsoperasjon frå august 2001. Operasjonen bestod i 2002 av eit personell på noko over 400, og har som hovudoppgåver å verne dei internasjonale observatørane og å yte hjelp til styresmaktene sine forsvars- og tryggingspolitiske reformer. Som følgje av gjennombrotet i samarbeidet mellom NATO og EU vart dei to organisasjonane samde om at EU kunne overta operasjonen i Makedonia ved utgangen av mars 2003. Makedonias president sende i januar 2003 ein formell førespurnad til EU om å ta over operasjonen.

Til forsida