St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

2 Nye truslar og utfordringar

2.1 Internasjonal terrorisme

Terrorhandlingane i USA sette for alvor kampen mot terrorisme på den internasjonale dagsordenen. Trusselbiletet har vorte meir mangearta og omfattande. Samstundes er ein kjend med at terroristgrupper har freista å skaffe seg kjernefysiske, kjemiske og biologiske stridsmiddel. Masse­øydeleggingsvåpen i hendene på terroristorganisasjonar, eller i hendene på statar som støtter slik verksemd, er den største trusselen vi står overfor i dag. Arbeidet med å hindre spreiing av masse­øydeleggingsvåpen er difor nært knytt til kampen mot terrorisme. Handteringa av dei nye truslane har hatt stor politisk og militær innverknad på arbeidet i NATO.

Under Alliansen sitt toppmøte i Praha hausten 2002 vart det vedteke ei tiltakspakke som inkluderar utviklinga av eit militært konsept der rolla til NATO i forsvaret mot terrorisme vert nærmare definert. Pakka omfattar tiltak for å handtere konsekvensane ved bruk av masseøydeleggings­våpen, bistand til allierte nasjonar når det gjeld å takle konsekvensane av terrorangrep mot sivilbefolkninga, styrking av etterretning, betring av Alliansen sine krisehandteringsmekanismar, tettare samarbeid med partnarlanda, styrkt samarbeid med andre internasjonale organisasjonar og sivile styresmakter og auka fokus på dei økonomiske sidane av antiterrorismearbeidet.

På toppmøtet i Praha vart òg NATO sitt konsept for forsvar mot terrorisme vedteke. Konseptet slår fast at terror best kan nedkjempast gjennom ein kombinasjon av politiske, økonomiske, militære, juridiske og sosiale verkemiddel. Sentralt står defensive tiltak for redusere sårbarheita til eigne styrkar, eiga befolkning og eige territorium. Ansvaret for denne oppgåva ligg primært hos den einskilde staten, men ved behov skal bistand frå Alliansen vere tilgjengeleg. Vidare er målsetjinga for konseptet å styrkje Alliansen sin kapasitet til å støtte medlemsland som vert utsette for større terroråtak, mellom anna med masse­øydeleggingsvåpen.

NATO skal først og fremst vere ein samordnande instans for bistand frå allierte. Ein tek òg sikte på å betre mekanismane for krisehandtering i samband med terroråtak mot sivilbefolkninga. NATO skal i framtida kunne gjennomføre operasjonar retta mot både terroristar og dei som støttar terroristane. Dette krev effektiv kommando og kontroll og evne til å setje inn militære einingar med høg beredskap. I denne samanhengen vil opprettinga av NATO sin reaksjonsstyrke vere viktig.

Kampen mot internasjonal terrorisme står òg sentralt i dialogen mellom Alliansen og dei ulike partnarlanda, anten han går føre seg i Det euroatlantiske partnarskapsrådet, i NATO-Ukraina-kommisjonen eller i Middelhavsdialogen.

I kjølvatnet av terrorhandlingane i 2001 sette NATO i verk ei rekkje tiltak for å gje bistand til USA og gjere Alliansen mindre sårbar for terror­åtak. Etter førespurnad frå USA vedtok NATO å styrkje etterretningssamarbeidet, både bilateralt og innanfor Alliansen. I tida frå terroråtaka til mai 2002 overvakte allierte fly amerikansk luftrom. I tillegg har NATO sine ståande flåtestyrkar i Atlanterhavet og Middelhavet bytt på å patruljere og overvake det austlege Middelhavet ved hjelp av overflatefartøy og ubåtar. Dette har vore eit viktig uttrykk for solidariteten frå NATO sine medlemmer.

Forutan denne kollektive innsatsen har 14 NATO-land bidrege med styrkar, transport, spesialistar og støttepersonell til den USA-leidde kampanjen mot terroristnettverka og det brutale Talibanregimet i Afghanistan (Operasjon Enduring Freedom). Ei rekkje av partnarlanda har òg bidrege, til dømes med overflygingsløyve og flyplass- og hamnerettar for farty og fly som deltek i operasjonen. Styrkebidrag frå NATO-land utgjer òg hovudtyngda i den internasjonale tryggingsstyrken med FN-mandat i Afghanistan, ISAF. Noreg har teke del i operasjonane i Afghanistan med mellom anna spesialstyrkar og mineryddingslag. I samband med Enduring Freedom har seks norske jagarfly av typen F-16 vore utplasserte i Kirgisistan sidan oktober 2002. Noreg deltek òg i tryggingsstyrken.

Alliansen har òg stilt med støtte innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi og etterretning i samband med planlegginga av den tysk-nederlandske overtakinga av leiinga av ISAF III i februar 2003. Vidare vart styrkegenereringskonferansen for ISAF III tilrettelagd av SHAPE, hovudkvarteret for NATO sin øvstkommanderande i Europa. Det vil i framtida kunne bli ein meir direkte medverknad frå NATO når det gjeld stabiliseringa av situasjonen i Afghanistan.

Kampen mot internasjonal terrorisme vil i stor grad prege Alliansen sitt arbeid i åra framover. Regjeringa støttar aktivt opp om arbeidet med å styrkje NATO si evne til å bidra på dette feltet. Det politiske og militære samarbeidet må intensiverast. Det er brei semje om at Alliansen har eit særskild ansvar for å handtere denne trusselen.

2.2 Spreiing av masseøydeleggingsvåpen

Arbeidet med å hindre spreiinga av kjemiske, biologiske og kjernefysiske våpen har pågått i mange år. Det er etablert ei mengd forpliktande, internasjonale avtalar for å motverke at nye land skaffar seg slike våpen. Trass i ei rekkje initiativ og prosessar har det ikkje lukkast å oppnå universell tilslutning om desse ikkje-spreiingsregima.

Det er såleis brei semje i Alliansen om å styrkje innsatsen for å avgrense spreiing av masse­øydeleggingsvåpen. Arbeidet med det såkalla masseøydeleggingsinitiativet held fram. Initiativet går ut på å sikre at Alliansen har den naudsynte politiske og militære evna til å handtere dei utfordringane spreiing av slike våpen, og leveringsmidla deira, utgjer. Hendingar dei siste åra, ­mellom anna utbrotet av miltbrann i USA, funnet av ricin i London og våpeninspeksjonane i Irak, viser at spørsmålet er særs aktuelt.

I lys av terroråtaka mot USA og den påfølgjande bruken av miltbrannbakteriar, såg ein eit behov for raskt å setje i verk tiltak i NATO mot trusselen frå slike våpen. På forsvarsminister­møtet i juni 2002 vart det vedteke å setje i verk eit eige initiativ når det gjeld vern mot kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen. Hovudvekta vart lagd på kapasitetar for å verne utplasserte styrkar mot masseøydeleggingsvåpen, særskilt biologiske våpen. Det vart vidare vedteke å etablere prototypar av dei operative kapasitetane til desse initiativa. Desse vart demonstrerte på toppmøtet i Praha. Initiativa inneber fem konkrete prosjekt:

  • Fleirnasjonale reaksjonslag som skal handtere biologiske og kjemiske hendingar og hendingar som involverer radioaktiv stråling.

  • Fleirnasjonale mobile laboratorium med personell og utstyr til å ta prøver og analysar i operasjonsområdet.

  • Ei samanknyting av ulike kompetansesenter i Alliansen.

  • Utvikling av eit system for overvaking av sjukdom som snøgt skal kunne identifisere utbrot som skuldast biologiske stridsmiddel.

  • Utvikling av ein database med oversikt over dei samla lagra av medisinsk materiell i Alliansen.

Noreg har frå byrjinga støtta desse initiativa og bidrege aktivt til å utvikle prototypane. Fleire øvingar vil finne stad i løpet av 2003.

Arbeidet for å hindre spreiing av biologiske, kjemiske og kjernefysiske våpen vil vere ei overordna oppgåve for Alliansen i åra som kjem. Berre ved felles innsats og samarbeid med andre organisasjonar vil ein oppnå resultat. I dette arbeidet vil FN spele den sentrale rolla. NATO sin innsats vil følgjeleg måtte tilpassast verksemda i FN.

NATO si grunnleggjande holdning til Irak-konflikten vart formulert på Praha-toppmøtet. Det vart mellom anna gjeve full støtte til gjennomføringa av Tryggingsrådet sin resolusjon 1441, som pålegg Irak å samarbeide med FN om fjerning av masseøydeleggingsvåpen. Samstundes oppfordra Alliansen Irak til fullt og umiddelbart å rette seg etter resolusjonen. Ein streka vidare under at NATO-landa stod samla i støtta til FN sitt arbeid. Ein gjentok at det ville innebere alvorlege konsekvensar for Irak om landet ikkje retta seg etter FN sin resolusjon. Dette har lege i botnen for NATO si vidare handsaming av Irak-spørsmålet.

På denne bakgrunnen foreslo USA i desember 2002 at NATO sitt råd skulle gje Alliansen sin militære øvstkommanderande i Europa, SACEUR, fullmakt til å drøfte beredskapsplanlegging på enkelte område. NATO sin generalsekretær la fram eit forslag i januar om å byrje planlegginga av visse beredskapstiltak. Forslaget gjaldt hovudsakleg tiltak av defensiv karakter, og tok for seg dei vernebehov Tyrkia måtte ha ved ein eventuell konflikt. Forslaget skulle vise seg å innleie ein vanskeleg debatt som kan komme til å prege Alliansen i 2003.

Også i samband med handsaminga av Irak-krisa i Tryggingsrådet har det vore djupe motsetningar mellom dei allierte. Usemja i desse spørsmåla stiller Alliansen overfor store utfordringar. For Noreg har det vore maktpåliggjande å arbeide for at dei transatlantiske banda NATO byggjer på, ikkje skal bli svekte som følgje av denne usemja. Dei allierte landa deler verdiar som har vore grunnfjellet i Atlanterhavspakta sidan ho vart underteikna i 1949. Det er naturleg med drøftingar innan eit slikt fellesskap, men i tida framover må alle bidra til at NATO kan leggje desse spenningane bak seg.

For å vurdere korleis ein kan møte den aukande rakettrusselen mot land, styrkar og tettfolka område, vart det under toppmøtet i Praha vedteke å setje i gang ei ny og meir omfattande utgreiing om rakettforsvar. Arbeidet vil ta for seg både politiske og forsvarsmessige sider.

Etter bortfallet av ABM-avtalen ønskte USA å trekkje allierte og nærståande land meir med gjennom konsultasjonar bilateralt og i NATO. Under forsvarsministermøtet i juni slo Alliansen fast at det er naudsynt å utplassere eit geografisk avgrensa rakettforsvar for å verne styrkar i felten. Det vart vidare fatta ei avgjerd om at når pågåande studiar om eit slikt teaterrakettforsvar er ferdige, skal dei allierte vurdere ulike alternativ for å byggje ut slikt forsvar.

Noreg har verdsett at desse spørsmåla no vert drøfta innanfor Alliansen. På denne måten får ein på norsk og anna alliert hald betre innsikt i den amerikanske tenkinga, og samstundes eit høve til å påverke arbeidet med å utforme langsiktige strategiar. Slik kan Noreg medverke til at trusselvurderingane vert mest mogleg nyanserte, og at dei tek omsyn til verkemiddel som rustingskontroll, nedrusting og ikkje-spreiing. Det faktum at russarane viser særskild interesse for arbeid med rakettforsvar i det nye NATO-Russland-rådet, har medverka til semje i Alliansen om vidare drøftingar.

Til forsida