St.meld. nr. 26 (2004-2005)

Kredittmeldinga 2004

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Kredittilsynet i 2004

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga til Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak, forsikringsmeklarar, børsar og autoriserte marknadsplassar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapsførarlova § 13. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei tilfella der slikt tilsyn ikkje blir ført av myndigheitene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskap og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingar om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn nødvendig, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, som er oppnemnde av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd. Ein ny periode starta 1. mars 2002.

Styret i Kredittilsynet har i 2004 vore samansett slik:

  • Sivilingeniør Finn Hvistendahl, leiar

  • Advokat Endre Skjørestad, nestleiar

  • Advokat Eli Aas, styremedlem

  • Professor Erling Steigum, styremedlem

  • Lagdommar Nina Mår, styremedlem

  • Tingrettsdommar Marianne Berg, første varamedlem

  • Avdelingsdirektør Lasse Ekeberg, andre varamedlem

Representantar for dei tilsette:

  • Seniorrådgivar Ellen Jakobsen

  • Seniorrådgivar Lisbeth Strand

Fagdirektør i Noregs Bank Birger Vikøren har vore observatør i styret. Spesialrådgivar Thorvald Grung Moe har vore avløysar.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga:

«Ved utgangen av 2004 var det 186 fast tilsette i Kredittilsynet, mot 178 ved utgangen av 2002. Av dei fast tilsette er 47 prosent kvinner. Delen tilsette med høgre utdanning er 85 prosent.

Mens Kredittilsynet hadde 24 medarbeidarar med god erfaring (normalt meir enn fem års arbeid) frå bransjane under tilsyn i 1995, var talet 48 ved utgangen av 2004.»

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet i 2004 var 145,863 millionar kroner, ein auke på 8,2 prosent frå 2003. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Sjå Kredittilsynet si årsmelding for nærmare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga. Samstundes med årsmeldinga for 2004 la Kredittilsynet fram ein eigen rapport om «Tilstanden i finansmarkedet».

Til forsida