St.meld. nr. 26 (2004-2005)

Kredittmeldinga 2004

Til innhaldsliste

6 Verksemda til Folketrygdefondet i 2004

6.1 Innleiing

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i «lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som var fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna på grunn av at lova om folketrygd var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2004 blei sende til departementet i brev av 10. mars 2005, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

Folketrygdfondet må utøve verksemda si i tråd med dei rettslege rammene som ligg til grunn. Fondet må for det første handle i samsvar med dei reglane som Stortinget har fastsett i «Reglement for Folketrygdfondet» av 20. juni 1997. For det andre er Folketrygdfondet også underlagt eventuelle nærmare reglar og føresegner som er gitt av Kongen, med heimel i § 9 i reglementet. Denne kompetansen er i forskrift 17. januar 1992 og 21. juni 2002 delegert til Finansdepartementet. Av dette følgjer at Folketrygdfondet må handle innanfor dei rammene som både Stortinget og Finansdepartementet fastset.

6.2 Styre og administrasjon

I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 2004 er vist i boks 6.1.

Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år.

Boks 6.1 Styret i Folketrygdfondet frå 1. juli 2004

  • Rolf Sæther, Oslo (leiar)1

  • Varamedlem: Trine-Lise Wilhelmsen, Oslo1

  • Harald Ellefsen, Trondheim1

  • Varamedlem: Monica Mæland, Bergen1

  • Vibecke Groth, Oslo1

  • Varamedlem: Karine Nyborg, Bærum1

  • Linda Orvedal, Flåm1

  • Varamedlem: Petter Bjerksund, Bergen1

  • Oddvar Skaiaa, Grimstad1

  • Varamedlem: Liv Skaaheim, Førde1

  • Anne Breiby, Ålesund2

  • Varamedlem: Ernst Wroldsen, Tønsberg2

  • Roger H. Schjerva, Oslo2

  • Varamedlem: Sonja Tinnesand, Stavanger2

  • Per Arne Olsen, Tønsberg2

  • Varamedlem: Terje Søviknes, Os2

  • Ingvild Myhre, Oslo2

  • Varamedlem: Øyvind Bøhren, Bærum2

1 Oppnemnd for perioden 15.05.2002–15.05.20061

2 Oppnemnd for perioden 01.07.2004–30.06.20082

Ved utgangen av 2004 hadde fondet 25 tilsette. Dei samla administrasjons- og forvaltningskostnadene til fondet, medrekna husleige, lønn, styrehonorar o.a., utgjorde 40,9 millionar kroner i 2004, som er 8,6 millionar kroner meir enn i 2003.

6.3 Reglar for plasseringsverksemda

Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene som Stortinget har fastsett, og eventuelle nærmare retningslinjer som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i regelverket til fondet.

§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet blei endra ved behandlinga av Nasjonalbudsjettet 2005 og lyder etter dette som følgjer:

«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.

Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 prosent av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer noterte på norsk børs eller på børs i Danmark, Finland eller Sverige, og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Plassering i aksjer notert på børs i Danmark, Finland eller Sverige må samlet ikke overstige 20 prosent av Folketrygdfondets ramme for aksjeplasseringer. Innenfor rammen for aksjeplasseringer kan fondets midler plasseres i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper som har søkt eller har konkrete planer om å søke børsnotering. Plassering i denne type aksjer kan ikke overstige 5 prosent av rammen for aksjeplasseringer.

Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.

Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 prosent av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.

Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 prosent av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap i Norge. Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 3,0 prosent av total aksjekapital i ett enkelt selskap i Danmark, Finland og Sverige. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.

Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»

Med heimel i § 9 har Finansdepartementet kvart år fastsett ramma for kor mykje Folketrygdfondet kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Denne ordninga er endra frå 2004, jf. omtale i Nasjonalbudsjettet 2004. Endringa inneber at den årlege beløpsramma blir erstatta med ei maksimalgrense for Folketrygdfondet sine plasseringar i ikkje-statlege papir. Føresetnadene er at rammene skal vare over fleire år. I brev frå Finansdepartementet av 26. mars 2004 blei den maksimale ramma for plasseringane i ikkje-statlege papir frå 2004 sett til 35 prosent av kapitalen til fondet målt til bokført verdi per 31.12.

Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir forfell, må den delen av denne porteføljen som overstig 5 milliardar kroner, såleis replasserast som kontolån.

Styret i Folketrygdfondet har fastsett referanseporteføljar for renteporteføljen og for dei to aksjeporteføljane (Noreg og resten av Norden). Styret i fondet fastset årleg risikorammer for den norske aksjeporteføljen, for den nordiske aksjeporteføljen, for renteporteføljen og for totalporteføljen for fondet.

6.4 Balansen til Folketrygdfondet i 2004

Kapitalen til Folketrygdfondet utgjorde 175,5 milliardar kroner ved utgangen av 2004.

Statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 2004 var 95,3 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris). Dette svarte til 65,4 prosent av dei samla plasseringane til fondet inklusive opptente renter. Tilsvarande tal ved utgangen av 2003 var 92,4 milliardar kroner, som utgjorde 66,3 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 988 millionar kroner ved det siste årsskiftet. Marknadsverdien av dei samla plasseringane i renteberande papir utgjorde 134,2 milliardar kroner pr. 31. desember 2004, og fondet hadde ein urealisert kursgevinst på desse papira på 9,5 milliardar kroner.

Fondet sine plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 24,7 milliardar kroner ved utgangen av 2004, mot 21,8 milliardar kroner ved utgangen av 2003 (kostpris). Dette svarte til 16,8 og 15,6 prosent av dei samla plasseringane.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar, jamfør St.prp. nr. 69 (1990–91) og Innst. S. nr. 228 (1990–91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei utvida frå 15 til 20 prosent av forvaltningskapitalen til fondet ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 2004 på 30,2 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 26,1 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 35 selskap noterte på Oslo Børs, 28 selskap noterte på børs i Danmark, Finland og Sverige og ein aksjepost i General Electric som fondet fekk som oppgjer ved sal av Amersham. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis 55 millionar kroner (kostpris). Eigenkapitalplasseringane svarte til 17,8 prosent av dei samla plasseringane til fondet (rekna til kostpris). Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka med 1,8 milliardar kroner (rekna til kostpris) frå utgangen av 2003 til utgangen av 2004.

Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar og grunnfondsbevis var ved utgangen av 2004 på 40,8 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 14,7 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla netto urealiserte kursvinstar og opptente, ikkje forfalne renter utgjorde 28 milliardar kroner ved utgangen av 2004.

6.5 Resultatet til Folketrygdfondet i 2004

Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna endring i urealiserte vinstar) var på 17 146 millionar kroner i 2004. Dette svarte til ein avkastningsrate på 10,6 prosent. Tilsvarande avkastning i 2003 var på 16,2 prosent. For den siste femårsperioden (2000–2004) har den gjennomsnittlege avkastningsraten vore 7,7 prosent for totalporteføljen til Folketrygdfondet, noko som tilsvarer avkastninga på referanseporteføljen. Avkastninga på plasseringane til fondet i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 2004 på 5,2 prosent, noko som er 2 prosentpoeng lågare enn i referanseporteføljen. Avkastninga på norske aksjar og grunnfondsbevis var på 36,5 prosent. Avkastninga på aksjeplasseringar i resten av Norden var på 18,9 prosent.

Aksjeavkastninga i Noreg i 2004 var 2 prosentpoeng lågare enn avkastninga til referanseindeksen for aksjeinvesteringane. Folketrygdfondet viser til at investeringspolitikken til fondet og risikoprofilen i den norske aksjemarknaden gjer at fondet vil tendere mot å gjere det betre enn referanseindeksen i nedgangstider og noko svakare enn referanseindeksen i dei periodane då kursoppgangen er særleg sterk.

Samla renteinntekter i 2004 var 6 105 millionar kroner, mens motteke aksjeutbytte var på 1 558 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på 8 813 millionar kroner. Endringa i urealiserte vinstar var delt i ein auke på 7963 millionar kroner for aksjar og grunnfondsbevis og ein auke på 850 millionar kroner for dei resterande verdipapira.

Folketrygdfondet hadde i perioden 2000–2004 (fem år) ei gjennomsnittleg årleg avkastning på dei norske eigenkapitalplasseringane på 7,1 prosent, som er 3,8 prosentpoeng høgare enn i referanseporteføljen. Avkastninga på plasseringane til fondet i renteinstrument i denne perioden var på 7,5 prosent, som er 0,6 prosentpoeng lågare enn i referanseporteføljen.

Den norske aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet i forhold til referanseporteføljen på 4,6 prosent i perioden 2000–2004 (fem år).

Folketrygdfondets administrasjonskostnadar har auka med 8,2 millionar kroner frå 2003 og var på 40,9 millionar kroner i 2004. Auken skuldast i hovudsak særskild juridisk konsulentstønad i 2004, auka lønnskostnadar og auka husleige. Departementet legg til grunn at dei forholda som utløyste den sterke kostnadsauken i 2004 ikkje i same grad vil gjere seg gjeldanda i seinare år.

Til forsida