St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Saker som vart handsama i plenum

3.1 Generaldebatten

189 land heldt innlegg i generaldebatten på den 58. generalforsamlinga, og av desse var 50 representerte ved statsleiarar, 25 ved statsministrar, 12 ved vistestatsministrar og 81 ved utanriksministrar. At det er så mange høgtståande politikarar til stades under generaldebatten, gjer at opninga av generalforsamlinga også fungerer som ein viktig internasjonal politisk møteplass.

Fred og tryggleik samt tryggleik for FN-personell og humanitært personell dominerte generaldebatten. Særleg gjekk spørsmål knytta til Irak, terrorisme og FN-reform igjen. Sentrale utviklingsspørsmål som oppfølging av tusenårsmåla og status etter den internasjonale konferansen om finansiering for utvikling i Monterrey og WTO-møtet i Cancún prega òg debatten. Noreg vart trekt fram av somme land for innsatsen i fredsprosessane i Sri Lanka og Sudan, for initiativet til Terrorismekonferansen og for å yte meir hjelp enn FNs mål på 0,7 prosent av BNI.

Generaldebatten vart sterkt prega av Irak-krigen, både haldningar til sjølve krigen og følgjene for FNs arbeid framover. Det var likevel klar vilje til å sjå framover snarare enn å sementere motsetningar.

FNs generalsekretær slo fast at medlemslanda, trass i brei støtte til prinsippet om at FNs tryggingsråd bør utvidast, ikkje har lukkast å verte samde om ei løysing sjølv om saka har stått på dagsordenen i meir enn ti år. Generalsekretæren sa at det no hasta med å finne ei løysing dersom ein ønskte at Tryggingsrådets vedtak skulle møtast med større respekt, ikkje minst i utviklingslanda.

Mange av innlegga, også det norske, tok opp dette temaet. Debatten viste enno ein gong at dei viktigaste aktørane her nøytraliserer kvarandre. Dei alliansefrie statane (NAM) ønskjer på den eine sida å utvide rådet og gjere noko med vetospørsmålet. På den andre sida er dei svært skeptiske til reformer som kan endre Tryggingsrådets ansvarsområde, særleg i høve til tema som humanitær intervensjon og tryggleiken til individet. Det vil verte vanskeleg å semjast om nye faste medlemmer.

Diskusjonen om terrorisme vart òg ein viktig diskusjon om menneskerettar. USA og fleire andre land argumenterte for aktiv nedkjemping og kontrolltiltak. Mange land understreka at ein òg må fokusere på grunnleggjande årsaker, og at nedkjempinga må gå føre seg innanfor ramma av menneskerettar og humanitær rett. Dei arabiske landa nytta høvet til å understreke at Palestina-konflikten gjev grobotn for terrorisme. Det norske initiativet til ein høgnivåkonferanse om terrorisme dagen før generaldebatten gjorde sitt til å leggje eit grunnlag for terrorismedebatten som var breiare og meir nyansert enn det som elles ville ha vore tilfelle.

Tilvisingane til tusenårsmåla og Monterrey- og Johannesburg-møta om utviklingsfinansiering og berekraftig utvikling medverka til å fremje utviklingsspørsmåla i generaldebatten.

Vonbrotet over utfallet av WTO-møtet i Cancún var nærast unisont, men berre dei fattige bomullsproduserande landa med Mali i spissen konkretiserte problema.

Miljøspørsmål var påfallande lite framme i debatten. Dei små øystatane var likevel svært konsistente i fokuset sitt på miljøverntema som Kyotoprotokollen, forvalting av fiskeriressursar og berekraftig utvikling.

Det norske innlegget ved utanriksminister Petersen la vekt på FNs sentrale plass i internasjonal politikk og mellomstatleg samarbeid. Hovudtema elles var kampen mot terrorisme, Irak, Midtausten, Afghanistan og tusenårsmåla. Utanriksministeren la òg vekt på verdien av reform og helsa velkomen at Generalsekretæren ville opprette eit høgnivåpanel.

3.2 FN-reform

Årets debatt om FN-reform omfatta tre hovudområde: 1) Generalsekretærens panel av framståande personar for å kome med framlegg til korleis FN best kan styrkjast for å møte dei nye globale tryggingsutfordringane, 2) vidareføring av fjorårets reformpakke om sterkare fokusering på menneskerettar, samordning av hjelpeaktivitetane på landnivå og forenkling av FNs omstendelige budsjettprosess og 3) initiativet til presidenten i Generalforsamlinga for å revitalisere Generalforsamlinga. Presidenten lanserte ein tiltakspakke for å styrkje Generalforsamlinga si rolle og betre Generalforsamlinga sine arbeidsmetodar. Det lét seg ikkje gjere å verte samde om dei mest radikale framlegga, til dømes å spreie generalforsamlinga ut over heile året, særleg på grunn av motstand frå tonegjevande land som USA, Japan og Russland. Det vart likevel konsensus om å styrkje Generalkomiteens rolle som organisatorisk rådgjevar for Generalforsamlinga og om å styrkje sambanda med Tryggingsrådet og ECOSOC. Presidenten i Generalforsamlinga vil før neste generaldebatt kome med framlegg om eit aktuelt emne som eit samlande tema. Vidare vert det bede om ein plan for å betre informasjonen om og kjennskapen til dei vedtaka som vert gjorde av Generalforsamlinga. Innan 1. april i år skal presidenten dessutan kome med framlegg til korleis arbeidsmåtane og arbeidsprogrammet for sesjonen kan rasjonaliserast ved mellom anna å slå saman dagsordenspunkt og ved å handsame nokre resolusjonar berre kvart andre eller kvart tredje år. Vedtak om rasjonalisering av arbeidsmetodane og dagsordenen skal etter planen gjerast innan 1. juli 2004.

Noreg medverka aktivt i reformdebatten med omsyn til revitalisering av Generalforsamlinga, mellom anna gjennom eit eige arbeidspapir for reform av 1. komité.

3.3 Humanitære spørsmål

Hovudtemaet i debatten, og i det norske innlegget, var behovet for å styrkje tryggleiken for FN-personell og humanitært personell og reversere den uheldige utviklinga på dette området. Fordømminga av åtaket på FN-hovudkvarteret i Bagdad 19. august 2003 var unison. I forhandlingane om resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og vern for FN-personell var det likevel ikkje mogleg å oppnå semje om omtale av enkelthendingar. Dessutan går somme land av suverenitetsomsyn mot omtale i resolusjonar av det store problemet som manglande tilgang for FN-utsende og humanitære hjelpearbeidarar til offera utgjer.

Eit anna gjennomgangstema i debatten var at dei utilstrekkelege ressursane til humanitære føremål ikkje vert godt nok fordelte etter behov, med «gløymde kriser» som resultat. Innsatsen for å få bukt med desse krisene må opprioriterast. Som i tidlegare år er førebygging og demping av verknadane av naturkatastrofar eit tema som særleg opptek mange utviklingsland. Russland, Kviterussland og Ukraina stod saman om å sikre at følgjene av Tsjernobylulukka framleis skal stå på den internasjonale dagsordenen.

Det lukkast å styrkje hovudresolusjonen om humanitær hjelp med vedkjenning av den aukande valden som humanitært personell er utsett for. Vidare vart det fokusert på tiltak mot seksuelle overgrep som flyktningar kan verte utsette for. Resolusjonen gjaldt òg finansieringa av OCHA, og det vart peikt på at meir bør dekkjast over det regulære FN-budsjettet.

I tidlegare år har alle dei generelle humanitære resolusjonane stort sett vorte vedtekne med konsensus. Ei handfull statar valde likevel i år å bryte konsensus om nokre resolusjonar. USA kravde votering på resolusjonen om tryggleik for humanitært personell og vern for FN-personell fordi Den internasjonale straffedomstolen (ICC) var nemnd. EU-resolusjonen om hjelp til det palestinske folket vart det òg votert over. Rwanda overraska med å be om votering på resolusjonen om humanitær hjelp til Den demokratiske republikken Kongo på grunn av omtala av utanlandske styrkar i DR Kongo. Dei andre landresolusjonane om humanitær hjelp vart vedtekne med konsensus: Somalia, Mellom-Amerika, Djibouti, Etiopia, Timor-Leste, Malawi og Komorane.

3.4 Oppfølginga av Tusenårserklæringa

Generalsekretæren legg kvart år fram ein rapport om status for oppfølginga av Tusenårserklæringa. Den første store gjennomgangen av status for oppfølginga av tusenårsmåla vil verte gjord på den 60. generalforsamlinga i 2005.

I debatten under den 58. generalforsamlinga var mellom anna fordømming av terrorisme eit gjennomgåande tema, og det vart særleg fokusert på behovet for å identifisere dei underliggjande årsakene. Frå norsk side valde vi, på same måte som mange G77-land og Sverige, å leggje vekt på behovet for å oppfylle også tusenårsmål 8 (om dei utvikla landa sine eigne plikter med omsyn til ODA, gjeldslette og handelshindringar). Det vart dessutan sendt ut ei fellesnordisk pressemelding om nordisk støtte til mål 8 på FN-dagen 24. oktober.

Kina nytta høvet til å fremje ein resolusjon på bakgrunn av erfaringane med SARS-epidemien. Kina fekk stor tilslutning til ein resolusjon om å styrkje kapasitetsbygging innan offentleg helse. Noreg var, saman med omlag 150 andre land, medforslagsstillar til resolusjonen.

Russland på si side fekk som i fjor tilslutning til ein resolusjon som omhandlar trugsmål mot global tryggleik. I resolusjonen vert det understreka at FN må styrkje kompetansen og kapasiteten sin for å kunne vere verdsleiande når det gjeld å svare på slike utfordringar. Generalsekretæren si oppnemning av eit høgnivåpanel vart difor ønskt velkomen. Resolusjonen gav òg støtte til medlemslanda sitt styrkte samarbeid i kampen mot terrorisme.

3.5 Oppfølging av spesialsesjonen om hiv/aids

I juni 2001 vart det halde ein spesialsesjon i FN om hiv/aids. Det vart vedteke ei politisk erklæring der verdssamfunnet sette seg konkrete og tidfesta mål for kva som må gjerast på ei rekkje område for å nedkjempe epidemien. Før årets innleiande generaldebatt vart det arrangert eit høgnivåmøte om oppfølginga av spesialsesjonen. Om lag 15 stats- og regjeringssjefar og 80 ministrar, hovudsakleg utanriksministrar, mellom dei Jan Petersen, deltok og viste at dei fleste landa erkjenner at aidskrisa er noko anna enn berre ei helsesak. Generalsekretæren peikte i innleiinga si på at ein ligg etter det skjemaet som medlemslanda har vorte samde om når det gjeld å nedkjempe epidemien, trass i påviselege framsteg når det gjeld større ressursar og lågare medisinprisar. Likevel var det få land, med unntak av Frankrike og Noreg, som signaliserte større tilskot, sjølv om det krevst ein mykje større internasjonal innsats dersom ein skal kunne klare å stoppe og reversere epidemien. Utanriksminister Powell omtala elles aids som eit større trugsmål enn terrorisme.

I dei følgjande resolusjonsforhandlingane var hovudproblemet vektlegginga av på den eine sida førebyggjande tiltak, som EU og USA fokuserte på, og handsaming og billigare medisinar, som utviklingslanda med India og Brasil i spissen la mest vekt på. I resolusjonen vert dei smitta sine menneskerettar framheva, mellom anna ikkje-diskriminering og likestillingsaspekt. Det vart òg slege fast at det i 2005 skal arrangerast eit nytt høgnivåmøte for oppfølging av erklæringa frå spesialsesjonen. Modalitetane og formatet for møtet vil det verte gjort vedtak om på den 59. generalforsamlinga.

3.6 Malaria

Debatten om tiåret for nedkjemping av malaria (2001-2010) likna mykje på debatten om nedkjemping av hiv/aids. Noreg stod tilslutta EUs innlegg, som var det einaste innlegget som vart framført av vestlege land. I innlegget vart det lagt vekt på at arbeidet med å nedkjempe sjukdomen må ha ein klar fattigdomsprofil. Faren for spreiing er aller størst i dei minst utvikla landa. Vidare vart det understreka at ein må søkje å utvikle nye og billigare medisinar og auke produksjonen av og tilgangen på billige myggnett i Afrika. I resolusjonen, som vart vedteken ved konsensus, vert det slege fast at det krevst meir internasjonalt samarbeid og meir midlar både nasjonalt og internasjonalt via Det globale fondet mot aids, tuberkulose og malaria (GFATM) for å nedkjempe sjukdomen effektivt. FN og WHO vert oppmoda til, i samarbeid med utviklingslanda og regionale organisasjonar, mellom andre Den afrikanske union, å gjennomgå og evaluere gjennomførte tiltak i 2005, ettersom ein då er kome midtvegs i FN-tiåret for nedkjemping av malaria.

3.7 Minetiltak

Årets debatt stadfesta nok ein gong Minekonvensjonen som den sentrale ramma for minetiltak. Mange land understreka at minetiltak i større grad må integrerast i det langsiktige utviklingssamarbeidet, og fleire nemnde omfanget av problema på grunn av miner særleg i Afrika.

Frå norsk side har det vore lagt vekt på lokalt og nasjonalt eigarskap til minetiltak. FN-systemet er som Den internasjonale raudekrossen og andre frivillige organisasjonar viktige aktørar når det gjeld minetiltak. Samordning må likevel først og fremst gå føre seg på lokalt og nasjonalt plan.

3.8 Afrika-spørsmål

Debatten om Afrika-spørsmål var prega av god oppslutning på høgt nivå. Etter fjorårets forsiktige optimisme til NEPAD som Afrikas nye utviklingsplan gav ein i år uttrykk for at særleg institusjonsbygginga for gjennomføringa av NEPAD var eit svært positivt signal om ein ny giv i Afrikas vilje og evne til å handtere eigne utfordringar. Frå norsk side fekk vi tilslutning til verdien av det sivile samfunnet, og særleg kvinnene, si deltaking, til styrkt samordning mellom FN-organisasjonane og til understreking av dei nasjonale kontaktorgana si rolle i oppfølginga av NEPAD. Det vart òg vedteke ein resolusjon om oppfølging av Generalsekretærens tilrådingar i rapporten om «Årsaker til konflikt og fremjing av fred og berekraftig utvikling i Afrika» med vekt på forsterka internasjonal innsats for fattigdomsnedkjemping, fremjing av menneskerettar, utvikling av demokratiske institusjonar og fredsbygging på det afrikanske kontinentet.

Mosambik introduserte elles ein resolusjon om ein internasjonal dag 7. april 2004 til minne om offera for folkemordet i Rwanda. Canada prøvde å få med ei tilvising til behovet for humanitær intervensjon i slike samanhengar, men fekk ikkje gjennomslag for at dette svært omstridde omgrepet skulle nemnast i denne teksten. Også EUs ønske om å vise til den internasjonale straffedomstolen (ICC) måtte fråfallast. Noreg stod som medforslagsstillar til resolusjonen.

3.9 Regionale spørsmål

Generalforsamlinga vedtok resolusjonar om Midtausten, Mellom-Amerika, Cuba og Afghanistan. Debatten om Midtausten var eit døme på saker som ein ikkje klarer å bringe framover i FN på grunn av ein fastlåst politisk situasjon.

Midtausten

Handsaminga av Midtausten-spørsmålet på den 58. generalforsamlinga må sjåast i samanheng med dei to ekstraordinære sesjonane som vart arrangerte parallelt med generalforsamlinga. Etter amerikansk veto i Tryggingsrådet 14. oktober 2003 mot ein resolusjon om den israelske separasjonsmuren som vert bygd på okkuperte område, kom spørsmålet opp i ein ekstraordinær sesjon 21. oktober. Palestinarane greidde då å få EU med på ein felles posisjon som slo fast at bygginga på okkupert område er i strid med folkeretten, og Israel vart pålagd å stoppe bygginga. Då saka kom opp på nytt 8. desember, avstod eit samla EU, og Noreg, under røystinga om ei rådgjevande fråsegn frå Den internasjonale domstolen i Haag. Resolusjonen vart likevel vedteken med eit svært snautt fleirtal, og mindre enn halvparten av medlemslanda i FN røysta for han. Palestinarane prøvde deretter å få underkjent Israels fullmakter for dei okkuperte områda og gje observatørdelegasjonen ein slags representantstatus for desse. Dette lukkast dei ikkje med, og saka vart utsett.

Den palestinske observatørdelegasjonen fører ein markeringspolitikk i FN gjennom å fremje mange Midtausten-resolusjonar og ved å arbeide for stadig vidareførte spesialsesjonar i Tryggingsrådet og i Generalforsamlinga. Det er delte meiningar om denne politikken medverkar konstruktivt til å setje Midtausten-konflikten på den politiske dagsordenen, eller om han skaper politisk slitasje i forholdet til elles sympatisk innstilte medlemsland. Til dømes fremja Nederland eit konkret framlegg i generaldebatten om å kutte ned på talet på Midtausten-resolusjonar. Forholdet mellom palestinarane og Israel vert dessutan meir tilspissa ved at Israel går svært hardt ut mot alle palestinske utspel, noko som gjer at partane vert meir uforsonlege.

Mellom-Amerika

Resolusjonen om Mellom-Amerika har etter kvart fått eit særs rituelt preg. Konfliktane som var bakgrunnen for resolusjonen, er løyste for lenge sidan. Situasjonen i dag rettferdiggjer ikkje eit eige dagsordenspunkt om Mellom-Amerika.

Cuba

Under handsaminga av resolusjonsforslaget om blokaden av Cuba gjorde vi det i eit eige innlegg klart at ein er prinsipielt imot denne typen einsidige tiltak. Ein påtala òg den aktuelle menneskerettssituasjonen på Cuba. Resolusjonen vart vedteken nær samrøystes.

Afghanistan

Afghanistan-resolusjonen vart vedteke med konsensus i år òg. Noreg var medforslagsstillar. I forhandlingane om resolusjonane vart likevel debatten om menneskerettar, humanitær rett og kvinnene sine rettar meir tilspissa enn ein kunne vente. Det vart gjort fleire freistnader på å vatne ut tekstane på desse tre områda. Ein kan vente seg nye diskusjonar om desse emna i tida framover.

3.10 Havretts- og fiskerispørsmål

Noreg medverka under forhandlingane om dei to resolusjonane om havrett og fiskerispørsmål til å få spegla behovet for ei balansert tilnærming som inneber innsats mot negative faktorar som ureining og rovdrift saman med vidareutvikling av berekraftig og økosystembasert forvalting av marine ressursar.

I vidareføringa av det langvarige engasjementet for å leggje til rette for at utviklingsland i større grad skal kunne etterleve FNs havrettstraktat frå 1982 og gjere bruk av den handlefridomen som instrumentet opnar for, lukkast det for Noreg og USA som hovudpådrivarar å få vedteke at det skal opprettast eit fond for å hjelpe utviklingsland med å gjennomføre FN-avtala om fiske på ope hav, som tredde i kraft i desember 2001.

Noreg støtta Island i landet sitt arbeid for å få vedteke ein bindande plan for å opprette ein permanent prosess for å evaluere det globale marine miljøet. Eit framlegg til ein slik mekanisme skal vurderast i samband med 2004-møtet i den rådgjevande prosessen som er oppretta for uformell diskusjon i FN av havrettsspørsmål. Evalueringsprosessen er tenkt endeleg oppretta på eit internasjonalt møte i Reykjavik hausten 2004.

På bakgrunn av norsk engasjement for vern av kaldvasskorallar i det nordaustlege Atlanterhavet har Noreg også internasjonalt teke eit særleg ansvar for denne problematikken. Gjennom framlegg i ulike forum og framlegg til paragrafar i relevante resolusjonar har Noreg medverka til å styrkje medvitet om behovet for vern av slike korallar.

3.11 Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda

Det vart på denne generalforsamlinga halde ein felles debatt om domstolane sitt arbeid. Først presenterte dei to presidentane årsrapportane sine. Presidenten for Jugoslaviadomstolen meinte at domstolen ville kunne fullføre rettssakene for alle personar i domstolens varetekt på det noverande tidspunkt innan fristen som er sett til 2008. Likevel ville det ikkje vere mogleg å fullføre rettssakene for eventuelt nye tiltalte innan denne fristen.

Presidenten i Rwandadomstolen, nordmannen Erik Møse, understreka særleg at det trongst å auke talet på saksoppnemnde dommarar frå fire til ni og utvide kompetansen til desse dommarane dersom domstolen skulle halde tidsfristane. Han opplyste at han hadde oppmoda Tryggingsrådet om den naudsynte endringa i vedtektene. Tryggingsrådet vedtok 27. oktober 2003 resolusjon 1512 (2003) som endrar vedtektene i samsvar med oppmodinga frå Presidenten.

Det var også denne gongen lita interesse for den følgjande debatten, og berre Noreg, EU, Malaysia, Nigeria og Serbia-Montenegro deltok. Det var likevel ein litt meir positiv tone i innlegga enn tidlegare. Noreg roste domstolane for tiltak som var sette i verk i den aktuelle perioden for å betre arbeidsmetodane og effektiviteten til domstolane.

Noreg heldt eit felles innlegg om begge domstolane. At domstolane framleis møter problem i samarbeidet med fleire statar i det tidlegare Jugoslavia og Rwanda når det gjeld utlevering av tiltalte, vart nemnt i rapportane til begge presidentane. Samtidig vart det understreka at domstolane aldri har arbeidd så effektivt som no. Noreg uttrykte glede over betringa av rettshjelpsystemet og effektiviteten ved domstolane, til dømes tilførselen av tilleggsdommarar, som vert tilkalla når det trengst. Noreg la vidare vekt på at alle statar må oppfylle plikta til å samarbeide med domstolane. Frå norsk side vil ein framleis arbeide aktivt for at domstolane vert sikra tilstrekkelege ressursar og gode arbeidsforhold, slik at dei kan få fullført mandata sine innan rimeleg tid.

3.12 Andre saker

Under handsaminga av resolusjonen om Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) unngjekk ein på grunn av den nye situasjonen i Irak at det oppstod usemje om landet sitt samarbeid med organisasjonen slik ein har sett i føregåande år. I forhold til tidlegare år var resolusjonsteksten kortare og fokuserte meir på prosedyre enn på substans. Nord-Korea var det einaste landet som røysta imot resolusjonen.

Til forsida