St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Allmenne kommentarar

Arbeidet i 3. komité på denne generalforsamlinga må karakteriserast som utfordrande og til tider vanskeleg. Som i FNs menneskerettskommisjon kom det tydeleg fram at ei rekkje land ikkje ønskjer fokus på menneskerettane internasjonalt og søkjer å svekkje både det normative grunnlaget og dei vernemekanismane som mødesamt er bygde opp over tiår.

Store delar av sesjonen var elles prega av meiningsskilnader langs aksar ein kjende att frå tidlegare år, både den vestleg-islamske dimensjonen og nord-sør-dimensjonen var framståande i ulike forhandlingssituasjonar. Samanlikna med tidlegare år stod særleg gruppa av muslimske statar (OIC) fram som velorganisert og samordna. Videre gjorde til dels store meiningsskilnader seg på nytt gjeldande også internt i vestgruppa. Trass i ein del positive resultat synest det som om meir polarisering og politisering - som i tidlegare år i første rekkje har vore framståande på det årlege møtet i Menneskerettskommisjonen i Genève - no har fått betre fotfeste i 3. komité òg. Å fremje tillitsskapande tiltak og finne samarbeidsmetodar og uformelle forum for konstruktiv dialog som kan byggje bruer på tvers av regionale grupper, vil vere ei av dei store utfordringane for menneskerettsarbeidet framover.

Forholdet mellom menneskerettar og terrorisme har vorte eit viktig tema i arbeidet i 3. komité. Det er viktig å sikre at kampen mot terrorisme vert ført utan urettmessig tilsidesetjing av menneskerettane. Mexico var hovudsponsor for ein resolusjon som fokuserer på vernet av menneskerettane og kampen mot terrorisme. Noreg har vore ein av pådrivarane i dette arbeidet og var òg medforslagsstillar til den meksikanske resolusjonen.

Ulike konfliktsituasjonar dannar ofte eit bakteppe for diskusjonane i 3. komité, og tematiske resolusjonar kan difor lett verte politiserte. Eit døme på dette var Egypts framlegging av ein resolusjon om situasjonen til dei palestinske borna. Noreg hadde, saman med fleirtalet av vestlege land, motførestellingar mot dette. Vi ønskte ikkje å setje fokus på rettane til born i særskilde geografiske område framfor rettane til andre born, og ønskte at Generalforsamlinga skulle handsame spørsmål om borna sine rettar på generisk vis. Noreg avstod difor under voteringa over resolusjonen, som likevel vart vedteken med eit klart fleirtal.

Meiningsskilnadene internt i gruppa av vestlege land var på mange måtar mindre merkbar enn på generalforsamlinga i fjor. Mellom anna vart spørsmål knytte til Den internasjonale straffedomstolen i langt mindre grad føremål for open strid. Frå vestleg side søkte ein medvite å unngå å setje kontroversielle spørsmål på dagsordenen unødig. I ei rekkje spørsmål herskar det likevel framleis usemje. USA var også på årets generalforsamling det einaste landet som røysta mot heile omnibusresolusjonen om born. Også i andre samanhengar, til dømes når det gjaldt den nordiske resolusjonen om «status for konvensjonane», kom USA med endringsframlegg som vart tekne til røysting, og tapte, før landet kunne slutte seg til konsensus. Når det gjaldt handsaminga av sosiale og økonomiske rettar, kom desse skiljelinene tydeleg fram. På initiativ frå Brasil handsama Generalforsamlinga for første gong resolusjonar om retten til helse og tilgang til medisinar, som tidlegare berre har vore tema i Menneskerettskommisjonen. Mange land, og mellom dei Noreg, ser det som ei uheldig utvikling at så mange resolusjonar som vert handsama i Menneskerettskommisjonen, vert overført til handsaming i Generalforsamlinga. Dette medverkar til overlapping og duplisering som ikkje er naudsynt eller i tråd med behovet for effektivisering av arbeidet i FN.

Innanfor det multilaterale menneskerettsarbeidet har ein i dag mist ein del av momentumet frå første halvdel av 1990-åra. I staden for å vere ein pådrivar for å vidareutvikle den normative ramma og samtidig styrkje implementeringa ser Noreg og andre likesinna land seg i stadig større grad nøydde til å fokusere på å forsvare det vi har sett på som alt oppnådd. Mykje tid og ressursar går med til å arbeide for å unngå svekkingar av tekstar og språk som ein tidlegare var samde om.

Noreg la på årets generalforsamling fram to resolusjonar om høvesvis internflyktningar og menneskerettsforsvararar.

Resolusjonen om internflyktningar fokuserer på situasjonen til menneske på flukt innanfor eigne landegrenser. Denne stadig veksande menneskegruppa fell utanfor definisjonen av flyktningar i FNs flyktningkonvensjon og lever ofte under svært vanskelege forhold. Resolusjonen framhevar behovet som internflyktningane har for vern og humanitær hjelp, og peiker på at både statane og FN-systemet må gjere meir for denne menneskegruppa.

Resolusjonen om menneskerettsforsvararar fokuserer på behovet for vern av enkeltindivid og grupper som fremjar menneskerettane. Desse lever i mange land under særs vanskelege forhold og opplever også å verte forfølgde for innsatsen sin.

Frå norsk side var det under begge desse forhandlingane ei viktig målsetjing å konsolidere det ein har oppnådd dei seinare åra. Samtidig la ein stor vekt på å få resolusjonane vedtekne med konsensus og søkte å få breiare støtte for dei. Dette lukkast ein med, samtidig som resolusjonane vart styrkte på enkelte viktige punkt.

6.2 Menneskerettssituasjonen i enkeltland

Noreg heldt eit innlegg i 3. komité der ein i tillegg til å omtale fleire tematiske problemstillingar òg tok opp menneskerettssituasjonen i fleire spesifikke land. Tilsvarande type innlegg vart òg haldne av mellom andre Canada, New Zealand, EU og USA. Mange land peiker på at slik kritikk av enkeltland kan verke mot føremålet sitt. Desse innvendingane rammar òg bruken av resolusjonar som berre fokuserer på menneskerettssituasjonen i spesifikke statar. På generalforsamlinga vert det likevel handsama relativt få resolusjonar som omtalar situasjonen i enkeltland, og i år vart situasjonen i Turkmenistan, Den demokratiske republikken Kongo, Burma og Iran føremål for eigne resolusjonar. Det var særleg knytt mykje spenning til om resolusjonen om Iran, som vart lagt fram av Canada, ville verte vedteken, og ein var lenge usikker på utfallet. Men resolusjonen vart vedteken med solid fleirtal. Noreg var medforslagsstillar til alle landresolusjonane, som alle vart vedtekne.

6.3 Kvinner

Emnet styrking av kvinnene sine rettar stod heilt sentralt i 3. komité. Dei ulike statane sine innlegg fokuserte i stor grad på problematikken vald mot kvinner. Vidare var det ei rekkje statar som fokuserte på tryggingsrådsresolusjon 1325 (2000) om kvinner og fred og tryggleik. Begge emna stod òg sentralt i Noregs innlegg. Noregs initiativ til ein internasjonal handlingsplan for nedkjemping av kjønnslemlesting vart òg framheva, samtidig som den nye konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet og konvensjonens verdi i kampen mot handel med kvinner vart vektlagt. Frå norsk side gav ein støtte til det nye resolusjonsinitiativet frå Nederland om avskaffing av alle former for vald mot kvinner. Resolusjonen vart imidlertid av fleire land oppfatta som selektiv og stigmatiserande. Då heller ikkje ekstraordinært lange og vanskelege forhandlingar førte fram til konsensus, valde Nederland å kutte drastisk ned på omfanget av resolusjonen, og det vart av taktiske årsaker vedteke å dele resolusjonen i to: 1) vald mot kvinner i heimen og 2) ein djuptgående studie av alle former for vald mot kvinner. Begge resolusjonane, som eit av elles relativt få lyspunkt under årets sesjon, vart vedtekne med konsensus. Noreg var under heile forhandlingsprosessen i kjernegruppa av Nederlands støttespelarar. Det er å vone at særleg resolusjonen om ein djuptgående studie av alle former for vald mot kvinner vil bane vegen for å ta opp fleire former for vald mot kvinner i framtida.

USA tok initiativ til ein resolusjon om kvinner og politisk deltaking. Noreg deltok aktivt under forhandlingane av resolusjonen, som vart vedteken med konsensus.

6.4 Urfolksspørsmål

Årets debatt om urfolk konsentrerte seg i særleg grad om to emne. For det første vart det frå fleire lands side lagt stor vekt på at erklæringa om urfolksrettar må forhandlast ferdig snarast råd. Dette vart mellom anna framheva av dei nordiske landa. Av særskilde framsteg som var gjorde i tiåret for urfolk (1995-2004), vart det under debatten sett mykje fokus på opprettinga av det permanente forumet for urfolksspørsmål. I det nordiske innlegget vart formannen for forumet - Ole Henrik Magga - sin innsats og si gode leiing av forumet særskilt framheva. Meir framoverskodande gav dei nordiske landa uttrykk for at dei venta seg mykje av den komande sesjonen til forumet og det særlege fokuset som forumet har sett på situasjonen til urfolkskvinnene. Finland la dessutan fram, også på dei nordiske landa sine vegner, resolusjonen om det internasjonale urfolkstiåret.

6.5 Born

Debatten om borna sine rettar spente relativt vidt i år. Av hovudtema som vart sett på dagsordenen, var born og væpna konflikt, tilleggsprotokollane til barnekonvensjonen, smugling av og handel med born, aidsproblemet og utdanninga for jenter. Elles vart debatten noko politisert på grunn av Egypts særlege fokus på situasjonen til palestinske born. Noregs innlegg gav mellom anna støtte til utvidinga av Komiteen for barnekonvensjonen, der mellom andre professor Lucy Smith er medlem. Vidare fokuserte ein frå norsk side på at det er viktig at born får tilgang til IKT og e-læring.

Omnibusresolusjonen om borna sine rettar inneheld i år eit nytt element. Statane vert oppmoda til å avskaffe kroppsstraff for born i skular og oppbevaringsanstaltar. Singapore kravde votering over desse nye elementa. Likevel vart resolusjonen, inklusive det nye fokuset på kroppsstraff for born, også i år vedteke med eit overveldande fleirtal av medlemslanda i FN.

6.6 UNHCR

I handsaminga av spørsmål knytte til UNHCR la Noreg - til liks med ei rekkje andre land - vekt på reformrapporten frå Høgkommissæren for flyktningar. Rapporten understreka behovet for ei forsterking av Høgkommissærens kontor i ei tid med stadig større utfordringar på området flyktningar og internt fordrivne. Med omsyn til finansieringa av Høgkommissærens kontor synleggjorde debatten ei skiljeline mellom dei landa som støttar at større delar av UNHCRs verksemd vert dekt over det regulære FN-budsjettet (mellom andre Noreg), og dei som avgrensar seg til å mane Høgkommissæren til meir effektiv bruk av nesten berre frivillige midlar. Høgkommissæren vart frå norsk side også støtta i si aktive rolle for å fremje samarbeid mellom FN-systemet og ulike ikkje-statlege organisasjonar. Eit anna framståande tema under debatten var tryggleik for FN-personell og humanitært personell. Vidare tok særleg utviklingslanda opp behovet for å førebyggje konflikt og at det er naudsynt å motverke dei meir underliggjande årsakene til flyktningstraumane i dag. Det var Danmark som i år la fram både omnibusresolusjonen om UNHCR og resolusjonen om styrking av Høgkommissærens kontor («UNHCR 2004»). Frå dansk side vart det nedlagt eit solid arbeid, som førte til at begge resolusjonane vart vedtekne utan votering og med mange medforslagsstillarar.

Til forsida