St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

Forhandlingane og debatten i 6. komité gjekk i hovudsak føre seg i ein god og konstruktiv atmosfære. 6. komité vedtek normalt resolusjonane sine utan røysting og utan dei store kontroversane. Debatten om kloning var i år som i fjor svært vanskeleg og førte til ytterlegare polarisering av dette omstridde spørsmålet.

Det vart halde fellesnordiske innlegg om FNs kommisjon for internasjonal handelsrett (Sverige), om Folkerettskommisjonens arbeid generelt (Finland), om internasjonalt ansvar for skadelege følgjer av handlingar som ikkje er i strid med folkeretten (Noreg), om internasjonale organisasjonar sitt ansvar (Finland), om reservasjonar til traktatar (Sverige) og om delte naturressursar (Noreg). Noreg heldt eigne nasjonale innlegg om Konvensjonen om juridisk immunitet for statar og eigedomen deira, om Den internasjonale straffedomstolen, om tiltak for å avskaffe internasjonal terrorisme og om bruksområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell. Vidare stod Noreg tilslutta EUs innlegg om Spesialkomiteen for FN-pakta og for styrking av organisasjonen si rolle og om Komiteen for samband med vertslandet.

9.1 Kloning

Costa Rica og USA arbeidde hardt for å få tilslutning til eit resolusjonsutkast som ville ha gjeve mandat til å starte forhandlingar om ein konvensjon med totalforbod mot kloning av menneske (reproduktiv og terapeutisk kloning). Det kostarikanske resolusjonsframlegget samla etter kvart mange medforslagsstillarar, mellom dei Noreg. Det vart difor etter kvart klart for Belgia, som hadde lagt fram eit konkurrerande resolusjonsframlegg, som opna for unntak når det gjeld terapeutisk kloning, at dei truleg ville kome til å tape ei røysting på substans. Belgia vurderte difor lenge å leggje fram eit såkalla ikkjehandsamingsframlegg for å unngå røysting på det kostarikanske framlegget. Den islamske konferansen (OIC) fremja til slutt framlegg om utsetjing av all vidare handsaming av spørsmålet i to år. Dette framlegget vart vedteke. I plenum utfordra landa i «den kostarikanske gruppa» vedtaket frå 6. komité, og det vart inngått eit kompromiss som medfører at spørsmålet kjem opp til ny handsaming på neste generalforsamling. I fråveret av semje om korleis menneskeleg kloning skal regulerast på det internasjonale planet, held forskinga og den teknologiske utviklinga fram. Dei landa som ønskjer eit vidtrekkande forbod mot kloning av menneske, og som har vedteke streng nasjonal lovgjeving på dette området, synest å ha mest å tape på manglande semje og ytterlegare utsetjing. Alle krefter må difor setjast inn på at 6. komité på neste generalforsamling kan gjere eit vedtak som gjev mandat til å starte forhandlingar - med så brei deltaking og oppslutning som mogleg - om ein konvensjon med forbod mot kloning av menneske.

9.2 Internasjonal terrorisme

Hovudarbeidet når det gjeld iverksetjing av tiltak for å nedkjempe internasjonal terrorisme vert gjort i Tryggingsrådet, først og fremst representert ved arbeidet til Antiterrorismekomiteen (Counter-Terrorism Committee, CTC). I tillegg har Generalforsamlinga i 6. komité vidareført freistnadene sine på mellom anna å få utarbeidd ein allmenn terrorismekonvensjon. Det er eit faktum at dette arbeidet står i fare for å mislukkast på bakgrunn av usemje om spørsmålet om ein definisjon av omgrepet «terrorisme». Det var dessverre ingen framgong å spore på den 58. generalforsamlinga når det gjeld dette spørsmålet, og utsiktene til eit gjennombrot i forhandlingane er svært små. I resolusjonen vart det vedteke å vidareføre ad hoc-komiteens mandat og fastsett at komiteen skal møtast i ei veke sommaren 2004, slik at han kan halde fram med arbeidet sitt med ein allmenn terrorismekonvensjon og med arbeidet sitt med ein internasjonal konvensjon om kjernefysisk terrorisme. Noregs gjennomføring av ein terrorismekonferanse parallelt med opninga av generalforsamlinga gav eit godt grunnlag for dei vidare drøftingane om terrorisme på generalforsamlinga.

9.3 Den internasjonale straffedomstolen - ICC

Under handsaminga i 6. komité av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) vart det vedteke ein resolusjon som mellom anna oppmodar til snarleg ratifikasjon av Roma-vedtektene og til å verte part i Avtala om privilegium og immunitet for domstolen. Resolusjonen helsar velkome valet av dommarar og hovudanklagar, samt opprettinga av eit fast sekretariat for domstolen. FNs generalsekretær vert oppmoda til å leggje forholda til rette for inngåing av ei avtale om forholdet mellom domstolen og FN.

Noreg heldt eit eige innlegg der ein la vekt på verdien av at domstolen no er fullt operativ, og at anklagaren alt har utpeikt situasjonen i Ituri i Den demokratiske repbulikken Kongo som den første som fortener nærare oppfølging. Noreg oppmoda statar til raskt å verte part i Avtala om privilegium og immunitet for domstolen, å vedta nasjonal gjennomføringslovgjeving og å betale dei pliktige bidraga sine i tide. Frå norsk side vil ein framleis medverke aktivt til å verne om integriteten til domstolen. Samtidig vil vi arbeide for å integrere domstolen i systemet for vern av internasjonal fred og tryggleik. Vi vil halde fram med dialogen vår med dei statane som har innvendingar mot domstolen, med sikte på å skape så brei oppslutning som mogleg om domstolen og målsetjingane for domstolen.

9.4 Bruksområdet forFN-konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell

Bruksområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell og assosiert personell har av fleire statar og frivillige organisasjonar vorte oppfatta som for snevert. FNs generalsekretær har i ein rapport av 21. november 2000 kome med tilrådingar om både meir effektiv gjennomføring av føresegnene i konvensjonen og om utviding av bruksområdet ved å ta med alle typar FN-operasjonar og alle typar hjelpepersonell. I eit møte i ein ad hockomité i mars 2003 la New Zealand fram eit utkast til ein frivillig tilleggsprotokoll, som har til føremål å sikre at konvensjonen automatisk gjeld for alle FN-operasjonar. Sjølv om framlegget til ein tilleggsprotokoll er kontroversielt, var det framgang å spore i drøftingane på den 58. generalforsamlinga. Ingen statar uttrykte lenger ein eksplisitt motstand mot utarbeiding av ein frivillig tilleggsprotokoll. Adhockomiteen møtest att i april 2004 og no med eit klart mandat til mellom anna å utarbeide eit rettsleg instrument med sikte på utviding av bruksområdet for konvensjonen. Hovudspørsmålet vert definisjonen av kva FN-operasjonar som skal omfattast. New Zealands framlegg om at alle FN-operasjonar må omfattast, vert av mange statar sett på som å gå for langt. Fleire statar meiner ein bør avgrense seg til operasjonar der det eksisterer ein faktisk risiko. Frå norsk side har ein heile vegen aktivt støtta utarbeiding av ein tilleggsprotokoll, med mellom anna den grunngjevinga at det på sikt berre er ei utviding av bruksområdet for konvensjonen som fullt ut kan avhjelpe dei manglane som eksisterer under det noverande regelverket.

9.5 Andre spørsmål

Folkerettskommisjonen la i 1991 fram eit utkast til konvensjon om juridisk immunitet for statar og eigedomen deira, som inneheld reglar om i kva grad ein stat er unnateke frå eit vertslands domsmakt og tvangsmakt. Det har likevel vore monaleg usemje mellom medlemslanda i FN når det gjeld innhaldet i immunitetsreglane og kva slags type instrument desse eventuelt skulle nedfellast i. I februar 2003 kom ein ad hoc-komité til semje om eit utkast til artiklar om statsimmunitet. Men komiteen gav inga tilråding med omsyn til kva form artiklane skulle vedtakast i. Noreg gav klart uttrykk for eit ønske om at det vert vedteke ein konvensjon så snart som mogleg, basert på semja som er oppnådd i ad hoc-komiteen. I resolusjonen vert det fastsett at ad hoc-komiteen skal møtast ei veke i mars 2004 for å utarbeide ei fortale og sluttføresegner for ferdiggjering av utkast til ein konvensjon, i tråd med norske posisjonar.

Folkerettskommisjonen avslutta ingen tema i år. Handsaminga av rapporten frå folkerettskommisjonen bestod i vesentleg grad av kommentarar til kommisjonen sitt arbeid. Noreg kommenterte i fellesnordiske innlegg dei to emna delte naturressursar og internasjonalt ansvar for skadelege følgjer av handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. Innlegget om delte naturressursar fokuserte på verdien av vassressursane for fred, tryggleik, helse og miljø, og tok til orde for folkerettsleg regulering av grunnvassressursar. Slik regulering er viktig for å førebyggje konflikt når fleire statar utnyttar dei same førekomstane av grunnvatn. Det er eit viktig poeng at utnytting av grunnvassressursar må sjåast i samanheng med regulering av andre vassressursar og følgjeleg må regulerast noko ulikt frå utnytting av andre naturressursar, til dømes olje og gass. Innlegget om internasjonalt ansvar poengterte at vi treng folkerettsleg regulering av statars objektive skadebotansvar når lovlege handlingar i ein stat medfører skade i ein annan stat, slik at uskuldige offer kan haldast skadelause. Dette vil typisk kunne vere relevant når lovleg verksemd i eit land skader miljøet i eit anna land. Det vart òg lagt vekt på at føre-var-prinsippet veks fram som folkerettsleg sedvane.

Til forsida