St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)

4.1 Allmenne spørsmål

Arbeidet i 1. komité vart i år i stor grad prega av spørsmålet om reform etter at det har vore ein aukande frustrasjon over arbeidsmetodane i komiteen dei seinare åra. Mange frykta at årets sesjon som tidlegare ville verte prega av lite effektiv tidsutnytting, lang og uinteressant generaldebatt, og at mykje tid ville verte brukt på ei repetitiv handsaming av meir enn 50 resolusjonar og vedtak.

Trass i ei forsiktig haldning hjå mange medlemsland kunne ein alt på denne generalforsamlinga spore ein del betringar i komiteen. Land som i utgangspunktet var skeptiske, viste ein aukande vilje til å diskutere reformer. Somme land trekte resolusjonane sine, og dei tematiske debattane vart òg betre enn tidlegare. Mellom anna var det ei god meiningsbryting om verifikasjon av nedrustings- og ikkjespreiingsavtaler. Resolusjonane og røystemønsteret var likevel elles stort sett samanfallande med tidlegare år.

4.2 Reformspørsmålet

USA tok opp behovet for reform av FN før generalforsamlinga, og Noreg følgde opp denne utfordringa ved å kome med eit framlegg til uformelle diskusjonar. Det vart teke til orde for ei straumlineforming av komiteen med ein meir fokusert og kortare generaldebatt, handsaming av færre resolusjonar og ei betre tematisk organisering av arbeidet. Mellom anna på grunnlag av det norske papiret tok leiaren for komiteen initiativet til uformelle reformsamråd. I samband med desse samråda presenterte EU eit arbeidspapir som i det store og heile følgde opp dei norske tankane. USA presenterte òg ein revidert versjon av synspunkta sine.

Dei uformelle samråda viste likevel at mange land i Den alliansefri rørsla (NAM) var lite oppglødde for reformframstøyten. Desse ønskte snarare å drøfte reform som ein del av den breiare debatten om revitalisering av Generalforsamlinga. NAM-landa aksepterte likevel etter kvart at reformspørsmålet var kome for å verte. Eit amerikansk resolusjonsframlegg om reform vart vedteke utan votering etter at NAM-landa hadde fått gjennom mange endringsframlegg. Hovudbodskapen i resolusjonen er at Generalsekretæren skal rapportere om reformspørsmålet til neste generalforsamling på grunnlag av vidare samråd med medlemslanda.

Noreg følgde opp reformdiskusjonane ved å arrangere eit møte i Noreg i byrjinga av desember 2003 med deltaking av formannen for komiteen og representantar frå 19 land. Føremålet med møtet var å halde oppe momentumet og den politiske interessa frå debatten i New York, å arbeide for størst mogleg semje på tvers av regionane og å synleggjere Noregs engasjement. Møtet innfridde langt på veg desse målsetjingane. Den noverande formannen for komiteen planlegg å kalle inn til ytterlegare samråd før neste generalforsamling.

4.3 Kjernefysisk nedrusting

Dei to kjernevåpenresolusjonane frå Ny agenda-koalisjonen (Brasil, Egypt, Irland, Mexico, New Zealand, Sverige og Sør-Afrika) fekk også på denne generalforsamlinga mykje merksemd. Ordlyden i resolusjonane var svært lik ordlyden i resolusjonane frå i fjor, og Noreg avstod difor på begge i år òg, til liks med dei fleste NATO-landa. Noreg røysta som i tidlegare år for den japansk-australske resolusjonen om kjernevåpen, som understrekar verdien av Ikkjespreiingsavtala og gjennomføringa av nedrustingspliktene i avtala. USA røysta mot på grunn av den klare støtta til Prøvestansavtala.

4.4 Andre spørsmål

Pakistan stod bak ein ny resolusjon om regionale tillitsskapande tiltak som i hovudsak syntest å vere motivert ut frå Kashmir-konflikten. I tillegg til at teksten var problematisk, spela òg Pakistans manglande tilslutning til viktige avtaler som Ikkjespreiingsavtala inn i vurderinga av resolusjonen. Sjølv om Pakistan gjorde endringar i teksten, valde Noreg og dei fleste andre vestlege land å røyste mot resolusjonen.

Oppfølginga av FNs handlingsprogram for nedkjemping av ulovlege handvåpen står høgt på den internasjonale dagsordenen, noko som òg kom til uttrykk i 1. komité. Frankrike la fram eit nytt resolusjonsutkast som legg vekt på verdien av OSSEs regionale tilskot til gjennomføringa av FNs handlingsprogram. Noreg var medforslagsstillar til denne resolusjonen, som vart vedteken med konsensus. Den allmenne handvåpenresolusjonen, som fokuserer på gjennomføringa av handlingsprogrammet, vart òg vedteken med konsensus. Denne resolusjonen inneber mellom anna at det skal opprettast ei arbeidsgruppe som skal forhandle fram eit internasjonalt instrument for merking og sporing av handvåpen. Arbeidsgruppa hadde under sveitsisk leiing sitt første møte i februar i år og skal møtast att i juni. Frå norsk side tek ein sikte på å vere aktivt med i dette arbeidet.

Også i år såg ein ei polarisering mellom vestlege land og landa i Den alliansefrie rørsla. Dette gjaldt resolusjonen om multilateralisme, som på nytt understreka at multilateralisme er sjølve kjerneprinsippet innan nedrusting og ikkje-spreiing. Vestlege land aksepterte ikkje denne formuleringa og valde å avstå eller røyste mot resolusjonen. Noreg avstod. Dei to Midtausten-resolusjonane vart vedtekne utan endringar i røystemønsteret frå tidlegare år. India fekk også i år vedteke resolusjonen sin om terrorisme og masseøydeleggingsvåpen utan røysting.

Til forsida