St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, Miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Allmenne spørsmål

Medan dei fleste økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmåla vert detaljhandsama i andre fora, representerer Generalforsamlinga det viktigaste forumet for å sjå desse problemstillingane i eit overordna perspektiv. Føremålet er mellom anna å kunne signalisere behov for retningsendringar. Dette fører dermed også til at arbeidet i 2. komité vert prega av freistnader på å påverke premissane for det som går føre seg i andre multilaterale organisasjonar, til dømes forhandlingane i Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Arbeidet i komiteen lid under manglande vilje til reell diskusjon og usemje om både diagnose og moglege løysingar.

Dei fleste vestlege land, leidde av EU og USA, har lenge prøvd å omstrukturere dagsordenen i 2. komité slik at særleg dei makroøkonomiske spørsmåla skal kunne handterast under eitt, til dømes innanfor ramma av oppfølginga etter Monterreykonferansen om finansiering for utvikling. Desse initiativa lukkast ein heller ikkje med på den 58. generalforsamlinga. G77 er uroleg for at ei omlegging vil innebere ei nedprioritering av utviklingsspørsmåla. G77 ser nok òg større verdi i 2. komité som forum for mellomstatlege forhandlingar om desse emna. USA kravde til slutt votering over arbeidsprogrammet for neste års generalforsamling. Resultatet vart 146-3-1. USA, Israel og Marshalløyane røysta mot, og Nauru avstod. Noreg stod tilslutta EUs røysteforklaring, som mellom anna peikte på at den positive røystegjevinga ikkje må tolkast slik at ein er nøgd med arbeidsprogrammet, men heller som støtte til vidare arbeid med arbeidsmetodane til komiteen.

5.2 Finansiering for utvikling

Mellom debattane som tiltrekte seg særleg merksemd, var fleire paneldebattar med eksterne innslag og ikkje minst høgnivådialogen om finansiering for utvikling. Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson deltok på vegne av Noreg på høgnivåmøtet og leidde eitt av dei åtte rundeborda. I sitt hovudinnlegg la ho vekt på auka offisiell utviklingshjelp (ODA), gjeldslette og dei utvikla landa si etterleving av eigne plikter (tusenårsmål 8). Leiarane i Verdsbanken og IMF heldt i det høvet, og for første gong, formelle innlegg i plenum på generalforsamlinga. Dette vart av mange tolka som vidareføring av ein meir konstruktiv dialog mellom FN og Bretton Woods-institusjonane, som i stor grad medverka til det positive utfallet av Den internasjonale konferansen om finansiering for utvikling i Monterrey i Mexico i mars 2002.

Etterfølgjande resolusjonsforhandlingar representerte eit steg attende. Med unntak av å stadfeste at pliktene frå Monterrey står ved lag, vart det gjort få operative vedtak. Norske framlegg om rapportering eller rapporteringsrammer for tusenårsmål 8 eller tidfesta mål vann ikkje fram.

5.3 Korrupsjon

Debatten om korrupsjon viste sterk vilje til å nedkjempe korrupsjon og økonomisk kriminalitet på internasjonalt plan. Fleire utviklingsland framheva at FN og andre internasjonale aktørar bør gje råd og fagleg hjelp på landnivå. Frå norsk side vart det i debatten lagd vekt på verdien av å nedkjempe korrupsjon for å nå tusenårsmåla. Den nye FN-konvensjonen vart vedteken av Generalforsamlinga 31. oktober 2003. I 2. komité vart det deretter forhandla fram ein resolusjon om korrupsjon i ein utviklingskontekst. Forhandlingane vart i størst grad prega av usemje om kor retningsgjevande FN-konvensjonen skulle vere for terminologien i resolusjonen. Bruken av terminologi i resolusjonen vil verte teken opp til diskusjon att på komande generalforsamling.

5.4 Gjeldshandtering

Debatten om gjeldskrisa og utvikling var prega av utolmod frå utviklingslanda si side når det gjeld å få sletta utenlandsgjelda. Dei utvikla landa og dei internasjonale finansinstitusjonane vart oppmoda til å handle omgåande for å løyse gjeldsproblemet. Noreg var eitt av få industriland som heldt innlegg under dette dagsordenspunktet. Frå norsk side vart det uttrykt støtte til uroa frå utviklingslanda for at det er få land som førebels har fullført handsaminga si under det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries Initiative ), men samtidig vart det lagt vekt på at ansvaret for dette ligg først og fremst hjå utviklingslanda. Frå norsk side vart det i debatten vidare understreka at gjeldslette åleine ikkje er nok for fattigdomsnedkjemping.

Mest gledeleg i forhandlingane om resolusjonen om gjeldskrisa og utvikling var den breie oppslutninga om eit norsk framlegg om å oppnemne ei rådgjevande gruppe for gjeldshandtering. FNs konferanse for handel og utvikling (UNCTAD), IMF og Verdsbanken er mellom dei organisasjonane ein inviterer til å delta i gruppa. Elles var forhandlingane om gjeld vanskelege. G77s oppleving av framgangen i HIPC-initiativet skil seg openbert vesentleg frå gjevarlanda sitt syn. Det er òg sprikjande oppfatningar av verdien av gjeldslette for fattigdomsreduksjon.

5.5 Råvarer, handel og utvikling

Forhandlingane om andre resolusjonar om finansielle spørsmål og handel dreidde seg mellom anna om tema som utviklingslanda sin manglande innverknad i Bretton Woods-institusjonane, UNCTADs rolle, internasjonal handel, finansielle straumar og overføringar. Frå G77s side vart det elles lagd vekt på at råvarespørsmål framleis skal stå høgt på FNs dagsorden. UNCTADs rolle vart òg eit sentralt diskusjonstema i både råvarediskusjonane og i debatten om handel, der G77 støttar ei meir sentral rolle for UNCTAD enn dei vestlege landa. Særleg vanskeleg var forhandlingane om handelsresolusjonen, der utviklingslanda ønskte å leggje føringar på forhandlingane i WTO (Verdshandelsorganisasjonen).

5.6 Miljø og berekraftig utvikling

På området miljø og berekraftig utvikling kom det ikkje fram mykje substansielt nytt, korkje i debatten eller i resolusjonane som vart vedtekne. Det var liten vilje til å ta opp nye store saker eller ta omkamp så kort tid etter toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg. Dette er òg ei følgje av at miljøspørsmåla er mellom dei som i stor grad vert handtert i andre forum, til dømes i statspartsmøte til dei ulike konvensjonane og i FNs miljøvernprogram (UNEP) og Kommisjonen for berekraftig utvikling, CSD. Eitt unntak var vedtaket, etter eit japansk initiativ, om å arrangere ein konferanse om naturkatastrofar i Kobe i Japan i 2005.

Elles vart det gjort vedtak om eit FN-år om ørkenspreiing (2006) i ørkenspreiingsresolusjonen og gjeve støtte til ein global konferanse om fornybar energi i Bonn i juni 2004, «Renewables 2004». Det vart vidare gjort vedtak om eit nytt tiår for vatn frå 2005-2015 (Water for Life).

USA kravde votering på paragrafar i resolusjonane om klimaendringar og ørkenspreiingskonvensjonen då dei (som einaste land) ikkje kunne akseptere at statspartsmøte skal finansierast over det regulære FN-budsjettet. Dette var eit uventa brot på konsensustradisjonen i 2. komité.

Noreg støtta sterkt opp under arbeidet til FNs busetjingsprogram (UN-HABITAT) og framheva at nettopp busetjingsspørsmål skulle vere eitt av tre tema på CSD-sesjonen i april 2004. I ein eigen resolusjon vart det vedteke reviderte prosedyrereglar for UN-HABITATs styre.

5.7 Sør-sør-samarbeid

Trass i vestleg skepsis til oppretting av merkedagar og tiår vart det i resolusjonen om sør-sør-samarbeid omsider semje om å stifte ein årleg merkedag 19. desember for «Økonomisk og fagleg samarbeid mellom utviklingsland» («sør-sør-samarbeid»). G77 gav til gjengjeld avkall på ønsket om å innføre eit FN-tiår om same tema.

5.8 Mikrokreditt

I forhandlingane om mikrokreditt vart det semje om at FN-året i 2005 skal kallast «Det internasjonale mikrokredittåret» trass i at ein frå norsk og likesinna lands side ville nytte den vidare nemninga «mikrofinans». Vestlege land fekk likevel tilslutning til fleire tilvisingar til mikrofinans gjennom heile teksten slik at dette òg vert eit viktig element i feiringa av året.

5.9 Migrasjon og utvikling

Migrasjon er eit tema som framleis har til gode å verte omfattande handsama i FNs generalforsamling. Temaet seglar likevel no opp som meir og meir sentralt. Det skal arrangerast eit høgnivåmøte om migrasjon i 2006, etter at Den globale migrasjonskommisjonen har levert rapporten sin til Generalsekretæren.

Til forsida