St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettære spørsmål (5. komité)

Hovudsaka i 5. komité var det regulære FN-budsjettet for 2004-2005. Generalforsamlinga vedtok òg budsjett for FN-straffedomstolane og finansieringa av FNs fredstryggjande operasjonar i Den demokratiske republikken Kongo, Aust-Timor, Liberia og Elfenbeinskysten. Fleire spørsmål vart utsette til vidareførte sesjonar i komiteen våren 2003.

Noreg deltok aktivt i forhandlingane og spela ei viktig rolle når det gjaldt å sikre ressursar til politisk prioriterte område som urfolk, menneskerettar og humanitær verksemd.

8.1 Det regulære FN-budsjettet for 2004-2005

For andre gong vart det presentert eit framlegg til eit toårsbudsjett som var utarbeidd på grunnlag av eit resultatbasert format. Dette inneber auka fokus på resultat og måling av effektiviteten av aktivitetane til FN.

I presentasjonen sin heldt Generalsekretæren fram at budsjettframlegget var utarbeidd i tråd med organisasjonen sine prioriteringar og ville, dersom det vart vedteke, medverke til å føre reformprosessen vidare. Framlegget innebar ein moderat auke på 0,5 % i forhold til budsjettet for 2002-2003.

Forhandlingane var vanskelege. Særleg Japan, USA, Canada, Australia og EU-landa hadde ei svært restriktiv haldning til budsjettauke. Det har vore konstante krav frå desse landa om reformer, effektivisering, betre samordning og sparing ved innføring av ny teknologi. Frå norsk side støttar ein krav om effektivisering, men ein har samtidig peikt på at FN må sikrast nok ressursar til å gjennomføre dei mandata som medlemsstatane har pålagt organisasjonen. Det vart understreka frå norsk side at kjerneaktivitetar, særleg på områda menneskerettar og humanitær verksemd, i større grad bør dekkjast over det regulære FN-budsjettet.

Generalforsamlinga vedtok eit toårig budsjett for 2004-2005 på om lag USD 3,16 mrd. Dette innebar eit kutt på om lag USD 51 mill. i høve til Generalsekretærens budsjettframlegg.

For Noreg var det viktig at ein i budsjettforhandlingane fekk gjennomslag for to nye stillingar til sekretariatet for Det faste forumet for urfolk, seks nye stillingar til kontoret for FNs høgkommissær for menneskerettar, tre nye stillingar til Kontoret for samordning av humanitær verksemd og ei tilleggsløyving til FNs høgkommissær for flyktningar. Innsatsområde knytte til utvikling og sosiale spørsmål vart òg prioriterte, mellom anna handel og utvikling og oppfølging av Monterreykonferansen om finansiering for utvikling. Det vart og løyvd tilleggsmidlar til mellom anna styrking av FNs antiterrorismekomité, FNs arbeid med nedrusting, Kontoret til spesialsamordnaren for Midtausten og FNs kontor i Nairobi.

Det lukkast for vestlanda å få gjennomslag for at Generalsekretæren i større mon, og som ei prøveordning, skal kunne omdisponere personell når situasjonen krev det. Ein fekk òg gjennomslag for ein noko meir rasjonell budsjettprosess og handsaming av budsjettet i dei ulike komiteane.

8.2 FNs finansielle situasjon

Sjølv om FNs finansielle situasjon ikkje er like prekær som tidlegare, har organisasjonen framleis sesongprega likviditetsproblem på grunn av manglande og for sein innbetaling av medlemslanda sine kontingentar. Dette medfører at FN av og til må låne frå budsjettet til fredstryggjande operasjonar for å kunne dekkje skyldnadene sine. Dette er svært uheldig.

Medlemslanda hadde ved årsskiftet 2003-2004 ei gjeld til FN på om lag USD 1,6 mrd. Av dette var om lag USD 442 mill. til det regulære FN-budsjettet, USD 1,066 mrd. til FNs fredstryggjande operasjonar, USD 88 mill. til krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda og USD 7 mill. til prosjektet for oppgradering av FNs bygningsmasse. USA skulda ved utgangen av 2003 om lag USD 268 mill. til det regulære FN-budsjettet, USD 482 mill. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 12 mill. til krigsforbrytardomstolane.

8.3 Finansiering av FNs straffedomstolar

Generalforsamlinga vedtok i desember 2003 toårige budsjett for krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda på høvesvis USD 298,23 mill og USD 235,32 mill. Ei dobling av utgiftene til drift av domstolane over dei siste åra har ført til at Generalforsamlinga har sett fram krav om meir effektiv drift og framdriftsplan med sluttdato for virket til domstolane. Desse føreligg no. For begge domstolane skal vidare investeringar etter planen stanse i 2004, og det vert teke sikte på at domsavgjerdsfasen vert avslutta i 2007-2008.

På den 58. generalforsamlinga fremja ei rekkje medlemsland krav om kutt i budsjettframlegga frå Generalsekretæren. Det vart peikt på frå norsk side at kutt i budsjetta kunne setje domstolanes sluttstrategiar i fare. Resultatet av forhandlingane vart eit reelt kutt i Generalsekretærens framlegg til budsjett for krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia på USD 2,7 mill og for Rwanda på USD 200 000. Generalforsamlinga valde å utsetje handsaminga av budsjettet for 2005 for etterforskingsverksemda ved begge domstolane.

8.4 Skalaen for utlikning av FNs utgifter

Det følgjer av FN-pakta at medlemslanda skal dekkje organisasjonens utgifter, og av FNs prosedyrereglar at desse skal dekkjast i høve til landa si evne til å betale. Generalforsamlinga vedtok i 2000 ein metode for korleis FNs utgifter skal utliknast. Sjølv om denne metoden skal gjelde fram til 2006, vart forhandlingane om utlikning av utgiftene vanskelege. Fleire utviklingsland, som etter gjeldande metode ville få svært stor prosentauke i bidraga sine, protesterte. Japan heldt òg fram at dei fann det japanske bidraget (19,468 % av det regulære budsjettet) urimeleg høgt. Saka løyste seg ved at Russland sa seg villig til å yte meir enn dei skulle etter den fastlagde skalaen, og ved at enkelte land i vestgruppa avstod frå å dra nytte av dette til fordel for enkelte utviklingsland. Noregs bidrag til det regulære FN-budsjettet er 0,679 %.

Det vart noko enklare å få til semje om utlikninga av utgiftene for FNs fredstryggjande operasjonar. Noregs tilskot er her 0,685 %.

Krigsforbrytardomstolane vert finansiert med 50 % etter bidragsskalaen for det regulære FN-budsjettet og med 50 % etter bidragsskalaen for budsjetta for FNs fredstryggjande operasjonar.

Til forsida