St.meld. nr. 33 (2003-2004)

Om Noregs deltaking i den 58. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 57. generalforsamling

Til innhaldsliste

7 4. Komité

7.1 Vest-Sahara

Som i tidlegare år vart resolusjonen om Vest-Sahara vedteken utan røysting, trass i fundamental usemje mellom Marokko og Algerie/Polisario om substansen i spørsmålet. Tryggingsrådet vedtok i juli 2003 ein resolusjon som ønskjer velkomen fredsplanen for sjølvstyre, som vart lagt fram for partane i januar same året av Generalsekretærens spesialutsending for Vest-Afrika, James Baker. Marokko har førebels avvist denne planen fordi han inneber at det må haldast ei folkerøysting om sjølvstyre for innbyggjarane av Vest-Sahara. Algerie la fram eit resolusjonsutkast i 4. komité med ei tilvising til tryggingsrådsresolusjonen og fredsplanen, som Marokko ikkje kunne godta fordi han etter oppfatninga deira var for positiv. Etter lengre forhandlingar kom ein likevel fram til eit kompromiss, slik at semja vart oppretthalden.

7.2 Midtausten

Debatten om Midtausten i 4. komité speglar den fastlåste situasjonen i regionen og er føreseieleg. Det er små variasjonar i røystemønsteret frå år til år. Dette gjeld både spørsmålet om menneskerettar i okkuperte område og fredsprosessen i Midtausten allment.

Den viktigaste debatten i 4. komité kom etter at USA uttrykte ønske om å kunne røyste for minst ein av resolusjonane om humanitær hjelp til det palestinske området. Som største bidragsytar til UNRWA meinte USA at det var rimeleg at minst ein tekst var akseptabel for dei. USA gjorde difor framlegg om ein samleresolusjon som erstatta fire andre. Palestinarane innsåg fordelen med å redusere talet på resolusjonar frå sju og godtok prinsippet, men gjorde framlegg om så mange endringar at teksten vart uakseptabel for amerikanarane.

Noreg støtta tidleg USAs haldning, men først etter at EU-landa etter lang tid vart samde om ein felles posisjon, gjekk palestinarane med på å la ein allmenn tekst om humanitær hjelp passere. Alle dei tunge gjevarane gav då samla uttrykk for at USA måtte få høve til å delta i ein resolusjon.

7.3 Fredstryggjande operasjonar

I innleiinga av debatten blei det mellom anna fokusert på tiltak for å betre tryggleiken til uvæpna sivilt personell, sterkare fokus på afrikansk deltaking og kapasitet før utplassering av styrkar samt behov for eit tettare samarbeid med andre regionale organisasjonar (EU, NATO, ECOWAS m.v.).

Noreg gav i sitt innlegg full støtte til FN-sekretariatet sitt arbeid for å effektivisere organisasjonen sine fredstryggjande operasjonar. I tillegg vart det teke til orde for eit styrkt samarbeid mellom Tryggingsrådet, sekretariatet og troppebidragsytande land. SHIRBRIG vart nemnd som ein viktig faktor for å kunne gjennomføre raskare utplassering av styrkar, og det vart gjort framlegg om å utvikle SHIRBRIG-konseptet i andre regionar. SHIRBRIGs medverknad ved oppstarten av FN-operasjonen i Liberia synest å ha styrkt organisasjonen sitt omdømme blant troppebidragsytande utviklingsland. Det vart vidare argumentert for ein gjennomgang av kommando- og kontrollkonseptet på operativt nivå for å sikre ein einsarta kommandostruktur over militære styrkar, og framleis fokus på behovet for tilstrekkeleg satsing på demobilisering, avvæpning og reintegrering i FNs operasjonar.

Fleire nasjonar tok til orde for at deltaking i operasjonar med FN-mandat burde vurderast på lik line med deltaking i FN-leidde operasjonar. Etter den kalde krigen har den organisatoriske ramma for leiing av fredsoperasjonar endra karakter. Andre aktørar enn FN, både regionale organisasjonar og ulike ad hoc-koalisjonar, deltek meir og meir. Dette er ein styrke for regional og global tryggleik. I debatten elles var behovet for meir robuste operasjonar med tilgang til betre etterretningar ein attergangar på lik line med behovet for naudsynet av å stille større krav til førebuingar og materiell. Enkelte nasjonar ønskte ei raskare refusjonsordning.

Til forsida