St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

2 Felles pressemelding frå Generalsekretæren i NATO og formannskapet i EU etter Ministermøte mellom NATO og EU 3. juni 2003

Utanriksministrane i Det nordatlantiske forsvarssambandet og i Den europeiske unionen møttest i Madrid i dag for å gjere opp status for tilhøvet mellom NATO og EU.

Sidan den felles NATO-/EU-erklæringa frå 16. desember 2002 har vi hatt ein framgang utan sidestykke i arbeidet med å utvikle den strategiske partnarskapen som er avtala mellom dei to organisasjonane. Spesielt viktig er at vi i mars vedtok heile det avtalesettet som sikrar EU lett tilgang til felleskapasitetane og fellesressursane i NATO ved EU-leidde operasjonar. Desse «Berlin Pluss»-ordningane er avgjerande for ein effektiv partnarskap, og vil gje rom for å styrkje den europeiske tryggings- og forsvarspolitikken.

Berlin Pluss og NATO-/EU-avtalen om informasjonstryggleik, som tillet utveksling av graderte dokument, har saman bana veg for den første operative militære EU-innsatsen. Den 31. mars tok den EU-leidde operasjonen Concordia over etter NATO-operasjonen Allied Harmony. Dette EU-engasjementet, som vart iverksett i samråd med regjeringa i vertslandet og med tilgang til kapasitetane og ressursane i NATO, set Berlin Pluss ut i livet på ein måte som gagnar alle som er opptekne av tryggleik og stabilitet i den vestlege Balkan-regionen. NATO og EU har felles mål for framtida til regionen på Vest-Balkan.

Vi ønskjer begge å forebyggje konflikt, konsolidere stabiliteten og hjelpe dei aktuelle landa til å bli meir integrerte i EU- og NATO-strukturane. På denne bakgrunnen diskuterte utanriksministrane i dag ei samordning mellom NATO og EU i arbeidet for fred og stabilitet på Vest-Balkan.

Meir generelt sa utanriksministrane seg på nytt innstilte på å utvikle eit tettare samarbeid mellom dei to organisasjonane i kampen mot terrorismen. NATO og EU har utveksla opplysningar om kva dei gjer for å verne sivilbefolkninga mot terroriståtak med kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen (CBRN), og ser no nærare på korleis det kan samarbeidast på andre konkrete område i kampen mot terrorisme.

For å vere truverdige organisasjonar er både NATO og EU avhengige av effektive og moderne militære kapasitetar. Ved å samarbeide kan vi oppnå det maksimale til beste for alle medlemsland i NATO og EU. Ministrane gledde seg over at kapasitetsgruppa for NATO og EU er etablert og har hatt sitt første møte, og sa seg fast bestemte på å sikre at dei tiltak NATO og EU set i verk for å skaffe seg betre kapasitetar, er samkøyrde og gjensidig forsterkande.

Diskusjonane mellom utanriksministrane i NATO og EU om tryggingsspørsmål i vidare forstand som vart haldne under den uformelle arbeidslunsjen den 3. april 2003, viste at eit samstemt og ope tilhøve mellom NATO og EU er med på å vitalisere dei transatlantiske banda. Ministrane streka i dag under at dei er villige til å vidareutvikle den strategiske partnarskapen som dei to organisasjonane har gjort avtale om, og at dette skal skje på ein måte som sikrar gjensidig innsyn og full respekt for NATO og EU som uavhengige organisasjonar.

Til forsida