St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

2 Transatlantiske band

Irak-spørsmålet førte til store spenningar mellom medlemmene i NATO. Europeiske land var splitta seg imellom. Men størst merksemd og bekymring vekte motsetningane over Atlanterhavet. Usemje over Atlanterhavet er langt frå noko nytt, men situasjonen i 2003 var ny, og motsetningane over Atlanterhavet var fleire og stakk djupare. Den umiddelbare årsaka til spliden var handsaminga av Irak-spørsmålet. Amerikanarane ønskte å stille Saddam Hussein til ansvar, om nødvendig med makt, for brot på ei rekkje FN-resolusjonar retta mot landet. Sentralt i dette stod uvissa om Iraks program for masseøydeleggingsvåpen og manglande irakiske svar på viktige spørsmål fra FN i samband med dette. USA fekk støtte frå europeiske allierte som Storbritannia, Spania, Italia og Polen. Ei rekkje av dei landa som var inviterte til å bli medlemmer i Alliansen, støtta også opp om den amerikanske linja.

Fleire andre europeiske allierte, med Frankrike og Tyskland i spissen, var sterkt imot denne linja. Tyskland sa endå klart frå om at dei ikkje ville støtte opp om væpna åtak mot Irak sjølv om Tryggingsrådet skulle fatte vedtak om å oppfordre medlemslanda til slik støtte. Også Frankrike gav i mars uttrykk for at dei ikkje på noko vilkår ville støtte ein resolusjon i Tryggingsrådet som gav mandat til bruk av makt mot Irak.

Spliden om Irak skapte stor forbitring både på europeisk og amerikansk side, og spela òg ei rolle under drøftingane i NATO om støtte til defensive tiltak overfor Tyrkia. Irak-krisa sette samhaldet mellom dei allierte på ein alvorleg prøve. Mens dei fleste allierte støtta eit forslag frå generalsekretæren om å byrje beredskapsplanlegging for forsvar av Tyrkia i lys av situasjonen i Irak, gjekk Frankrike, Tyskland, Belgia og Luxembourg imot. Dei fire landa meinte at slik planlegging kunne bli oppfatta i den lei at Alliansen budde seg på krig, og meinte at dette kunne ha negativ innverknad på arbeidet for ei fredeleg løysning i FN. Frå norsk side og frå ei rekkje andre allierte blei det vist til at det ikkje var nokon motsetnad mellom kva som skjedde i Tryggingsrådet og kva NATO sette i verk av defensive tiltak. Eit anna viktig omsyn var ønsket om og plikta til å vise solidaritet med ein alliert.

Sjølv etter lange og vanskelege konsultasjonar lukkast det ikkje Rådet i NATO å bli samde om å setje i verk desse beredskapstiltaka. Dette var bakgrunnen for at Tyrkia 10. februar bad om formelle konsultasjonar etter artikkel 4 i Atlanterhavspakta, som gjeld situasjonar der ein alliert meiner at den territorielle integriteten, det politiske sjølvstendet eller tryggleiken til landet er trua. Eit nytt forslag vart då lagt fram som utelukkande omhandla tiltak som skulle styrkje Tyrkia defensivt.

Etter kvart som drøftingane drog ut, og ikkje minst etter den formelle førespurnaden frå Tyrkia, blei tonen i NATO skarpare. Saka utvikla seg - ikkje minst i media - frå å vere eit spørsmål om bistand til beredskapen i Tyrkia til å bli eit spørsmål om samhaldet mellom dei allierte og truverdet til Alliansen. Det lukkast til slutt å oppnå semje om saka i Forsvarsplanleggingskomiteen (DPC), der Frankrike ikkje deltek. Løysninga var altså at Tyskland, Belgia og Luxembourg til slutt gav opp motstanden mot planlegging for forsvar av Tyrkia, medan Frankrike aksepterte at vedtaket om dette vart gjort i ein komité der landet ikkje deltok.

Ikkje lenge etter held Frankrike, Tyskland, Belgia og Luxemburg eit toppmøte der dei tok til orde for etablering av eit eige militært hovudkvarter for EU, noko som òg fekk verknader for det transatlantiske samarbeidet. I og med spliden som nett hadde vore om Irak og semja om eit rammeverk for krisehandtering som nett var oppnådd mellom NATO og EU, vart dette toppmøtet teke nokså ille opp på amerikansk hald. Dette blei tolka slik at desse landa ønskte at EU skulle føre ein tryggings- og forsvarspolitikk frikopla frå NATO. Også fleire EU-land vart overraska over dette utspelet.

Striden om støtte til Tyrkia og om tilhøvet mellom EU og NATO i samband med krisehandtering var ei stor belastning for NATO og prega arbeidet i Alliansen gjennom heile året. På norsk hald vart striden om Tyrkia oppfatta som alvorleg fordi han synte at enkelte medlemmer av Alliansen av politiske grunnar ikkje fann å vilje styrkje beredskapen til ein alliert sjølv om landet bad om slik støtte. Men først og fremst var spliden i Alliansen uttrykk for ei djupare usemje over Atlanterhavet, ei usemje som dreia seg om Irak, men som òg hadde djupare årsaker.

Denne underliggjande usemja skuldast mellom anna at verdssynet til USA og dei europeiske landa ikkje heilt har halde følgje. Bortfallet av ein felles trussel etter den kalde krigen er nok ei forklaring. Men det er òg verdt å minne om dei særs djuptgåande verknadene terroråtaka mot USA 11. september 2001 hadde på amerikansk tenkjemåte og politikk, mellom anna når det gjeld synet på internasjonalt samarbeid. Sidan dette hende, har vi vore vitne til ei langt meir pågåande amerikansk tilnærming enn før i internasjonale fora, ei tilnærming som for europeiske land somme tider kan verke konfronterande. Amerikanarane syner òg større vilje enn før til å gjere ting sjølve framfor å bruke multilaterale forhandlingar som kan dra ut i tid. Eit multilateralt rammeverk med klare spelereglar gjev derimot gjerne små land som Noreg større evne til å påverke politiske utfall. Faren for at legitime interesser i andre land ikkje blir høyrde eller tekne omsyn til, er alltid til stades når stormaktene i større grad vel unilaterale tilnærmingsmåtar.

Når det gjeld NATO, har ein sett med bekymring på at USA i tryggingspolitikken i større grad enn før har gjort bruk av enkeltståande koalisjonar av villige land, noko som på ein gong gjev USA større kontroll og meir fridom. Dette heng saman med ei utvikling i dei storpolitiske maktforholda som gjer at USA har mindre behov enn før for føreseielege allianseforhold og kan oppleve internasjonale rammeverk som stengsler for eigen handlefridom. Samtidig vert trugsmåla mot landet oppfatta som meir uføreseielege. Ei utvikling der USA gong på gong har etterlyst større europeisk vilje til auka investeringar i reelle militære forsvarsevner som er tilpassa truslane i vår eiga tid, er òg ein del av dette biletet. Men det er ein fare at auka bruk av ad-hoc-koalisjonar kan redusere NATO til eit verktøy som amerikanarane kan bruke når dei måtte ha behov for styrkar som kan operere saman med deira eigne.

Dette er ei utvikling Noreg ikkje vil vere tent med. Vi treng eit aktivt og engasjert USA i NATO. Vi treng opne drøftingar og eit reelt samarbeid mellom USA og Europa for å møte dei tryggingspolitiske utfordringane som ligg i internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen på ein effektiv og god måte. Ei ny arbeidsdeling mellom NATO og EU er etter norsk syn ein viktig føresetnad for å bevare eit aktivt amerikansk engasjement i Europa. Noreg meiner at det nye samarbeidet mellom NATO og EU må tuftast på fortsatt tette transatlantiske band og amerikansk nærvær i Europa. Ein må unngå at EU eller dei einskilde EU-landa lèt den direkte kontakten med USA gå framom kontaktane innanfor Alliansen. Ei marginalisering av NATO som forum for konsultasjonar og samarbeid vil vere til skade for norsk tryggleik. For å unngå dette må Alliansen framleis være relevant og attraktiv også for amerikanarane. Her spelar Alliansen som politisk rammeverk og bidragsytar til internasjonal krisehandtering ei stor rolle.

Når stats- og regjeringssjefane i NATO møtest i Istanbul i slutten av juni 2004, vil dei gjere opp status for samarbeidet i Alliansen og peike ut retninga framover. Dei viktigaste sakene vil vere det vidare engasjementet i Afghanistan, utviklinga på Balkan og forholdet til EU, spørsmålet om ei utvida NATO-rolle i Irak, samarbeidet mellom NATO og landa i Midtausten og partnarsamarbeidet og forholdet til Russland. Frå norsk side legg vi stor vekt på at Afghanistan skal vere ein hovudprioritet. NATO har her teke på seg eit stort ansvar, og det vil vere viktig for utviklinga både i Afghanistan og i regionen, for den globale tryggleiken og for truverdet til NATO at Alliansen lukkast i å medverke til å stabilisere landet.

Til forsida