St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

8 Vurderingar og framtidsperspektiv

Samarbeidet i NATO har sidan i fjor haust vore prega av førebuingane til det kommande toppmøtet i Istanbul i juni. Det er klar vilje i Alliansen til å leggje usemja om Irak bak seg og rette fokus framover og konsentrere seg om dei oppgåvene som samlar brei oppslutning. I 2003 fekk ein for første gong sjå eit militært engasjement i NATO-regi utanfor det euroatlantiske området.

Den viktigaste oppgåva for Alliansen i tida framover vil vere Afghanistan. Det mest sentrale spørsmålet vil vere utvidinga av NATO-nærværet utover Kabul gjennom etablering av nye PRT-lag og støttebasar for desse før vala i 2004. Mykje tyder på at utvidinga av ISAF vil bli langt meir ressurskrevjande enn ein først hadde sett føre seg. I tal inneber dette ei mogeleg dobling av den noverande styrken på om lag 6500 mann, i tillegg til omfattande støtte i form av helikopter, kampfly, tankfly m.m. Noreg og dei andre allierte må vente press for å stille med auka ressursar. Parallelt med utbygginga av PRT-laga må ein yte økonomisk og anna støtte slik at folk i Afghanistan opplever at fred fører til framgang i landet. Om ein ikkje lukkast, kan Afghanistan igjen verte ein fristad for terroristar og eit humanitært kriseområde. Noreg vil også i tida framover medverke både politisk, økonomisk og militært i Afghanistan.

Sjølv om NATO greidde å arbeide seg ut av Irak-krisa, er dei underliggjande konfliktlinjene framleis til stades. USA ønskjer eit tungt NATO-engasjement i Irak, til dømes gjennom at Alliansen overtek ansvaret i den polske sektoren. Den amerikanske målsetjinga er å få til eit forpliktande vedtak på toppmøtet i Istanbul om eit mest mogeleg substansielt NATO-engasjement i Irak. Dette forslaget får støtte av fleire europeiske allierte, deriblant Polen, Italia og Danmark.

Men det er inga semje innanfor Alliansen om å diskutere eit slikt mogeleg NATO-nærvær i Irak. Frankrike, Tyskland og Belgia er sterkt imot vedtak som kan skape inntrykk av at det berre er eit spørsmål om tid før NATO engasjerer seg i Irak. Ei avklaring vil først komme etter at rolla til FN i Irak er meir definert og etter at ei internasjonalt godteken irakisk regjering har bede NATO om hjelp. Desse føresetnadene rekk knapt å bli oppfylte før toppmøtet i juni. Det vil vere ein klar føresetnad for norsk støtte til eit auka NATO-engasjement at desse to vilkåra er oppfylte.

Sjølv om ein over Atlanteren er samde om at internasjonal terrorisme og masseøydeleggingsvåpen utgjer den største trusselen mot tryggleiken, er semja mindre om kor akutte desse truslane er og korleis dei skal møtast. Kampen mot terrorisme kan berre vinnast gjennom bruk av både politiske, økonomiske, militære og andre verkemiddel, men korleis dei ulike verkemidla bør kombinerast er stadig tema for drøftingar.

Trass i ulike vurderingar og haldningar i fleire viktige spørsmål, utviklar det praktiske samarbeidet innan Alliansen seg på ein god måte. NATO si rolle som reiskap for europeisk stabilitet og integrasjon vert ført vidare med utvidinga av Alliansen. Framgangen dei nye medlemmene har vist gjennom handlingsplanen for medlemskap, gjev òg grunn til håp når det gjeld utviklinga i Kroatia, Albania og Makedonia. Regjeringa legg vekt på at døra til NATO framleis skal stå open, samtidig som ein tar omsyn til Alliansen sine behov og utviklinga internt i kandidatlanda.

NATO-Russland-rådet har utvikla seg til eit godt praktisk instrument for å knyte Russland, Europa og Nord-Amerika tettare saman, noko som òg verkar positivt inn på Noreg sitt eige tilhøve til Russland. Regjeringa ønskjer å fylle NATO-Russland-samarbeidet med konkret innhald. Det er viktig å auke interessa for samarbeidet også nedover i det russiske systemet, særleg på militær side. Trass i ei lovande utvikling står NRC overfor vesentlege utfordringar. Etter norsk syn er det viktig at ein no tek til å drøfte også dei kontroversielle sakene der synet til dei allierte og Russland skil lag.

Utvidinga av NATO-Russland-rådet våren 2004 med mellom anna dei baltiske landa vil tilføre NRC ein ny dimensjon og nok gjere samarbeidet enda meir utfordrande, men vil òg kunne auke den politiske relevansen av drøftingane der. Sett med norske auge er NATO-utvidinga særs viktig fordi ho omfattar land som grensar opp til den nordiske regionen. Dette er endå ein grunn for Noreg til å intensivere arbeidet for å gjere Russland til ein partnar og dermed bidra til å auke tilliten på tvers av dei gamle skiljelinjene i Europa. I tillegg ønskjer ein på norsk side å leggje vekt på å nytte NRC i forsvaret mot åtak med masseøydeleggingsvåpen og mot oljeforureining til havs, som er saker som har mykje å seie for oss og der samarbeid med Russland kan vere ein viktig del av løysinga.

Tilhøvet til partnarlanda vil truleg komme til å stå mykje meir sentralt i tida framover. Særleg vil landa i Kaukasus og Sentral-Asia spele ei viktig rolle både i samband med operasjonane i Afghanistan og i den breiare kampen mot internasjonal terrorisme. For Noreg vil det vere viktig å sikre fokus på behova til dei meir avanserte partnarane, i første rekkje Finland og Sverige, fordi dei er nære naboar, men òg fordi dei kan bidra særs aktivt til partnaraktivitetar og NATO-operasjonar. Ei anna prioritert sak for Noreg er at Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina på NATO-toppmøtet i Istanbul vert inviterte til å ta del i PfP.

I tida framover vil det truleg gå mot stadig meir individuelt tilpassa samarbeidsordningar mellom NATO og ulike grupper partnarland. I eit endra trusselbilete bør det vere eit mål å utvide partnarsamarbeidet til også å omfatte landa i eit utvida Midtausten i forlenginga av dagens Middelhavsdialog. Framover mot toppmøtet i Istanbul vil ein såleis sjå på korleis ein kan gjere dialogordningane meir meiningsfylte og forpliktande på ein måte som tener interessene til både NATO og partnarlanda.

Omforminga for å tilpasse Alliansen til nye oppgåver held fram. Misforholdet mellom ambisjonar og ressursar i Alliansen er aukande. Å minske dette gapet er blant Alliansen sine aller største utfordringar. Den nye kommandostrukturen er etablert og NATO-reaksjonsstyrken har fått ein førebels kapasitet. Framleis står det att å få på plass mange av dei konkrete forsvarsevnene som styrken er heilt avhengig av. I tida framover må ein òg avklare når styrken skal kunne nyttast og forholdet mellom NATO-reaksjonsstyrken og reaksjonsstyrken til EU.

Noreg vil framleis bidra vesentleg til å utvikle ønskte militære kapasitetar i dei nye medlemslanda gjennom ulike typar støtte- og samarbeidsverksemd. Som alliert har Noreg ei viktig rolle i å bidra til ein smidig overgang til NATO-medlemskap for våre mest nærliggjande nye allierte: Estland, Latvia og Litauen.

Etter gjennombrotet om prinsippa for samarbeidet NATO-EU ser ein no konturane av eit verkeleg strategisk partnarskap mellom dei to organisasjonane. Dei har òg utvikla ei felles tilnærming til Balkan og byrja eit samarbeid om militære kapasitetar og terrorisme. Det synest klart at EU vil overta etter NATO i Bosnia mot slutten av 2004. Noreg vil framleis gjere sitt yttarste for å sikre eit best mogeleg samarbeid mellom NATO og EU på Balkan. Planlegginga for Bosnia vert samstundes ei prøve på EUs vilje til å involvere tredjeland i alle fasar av krisehandtering.

Som ikkje-medlem av EU vil det vere avgjerande for Noreg at NATO også i framtida er det sentrale organet for både tryggings- og forsvarspolitiske konsultasjonar mellom dei allierte. Utfordringa for Noreg vert difor å bidra til ein mest mogeleg effektiv allianse. Samstundes må vi sikre at våre interesser blir ivaretekne best mogeleg i forhold til EU. Dette er ei stor utfordring fordi ei rekkje EU-land ikkje ønskjer meir enn ein avgrensa dialog med NATO av omsyn til eigenarten til dei to organisasjonane. Eit anna omsyn som verkar inn på vurderinga i sentrale EU-land, er ønsket om å avgrense den amerikanske innverknaden på europeiske spørsmål, som mange meiner først og fremst går via NATO. Og til sist vert det, etter kvart som samarbeidet innanfor EU vert utdjupa og forsterka, stadig meir krevjande for Noreg som står utanfor EU å delta fullt ut i desse politiske prosessane.

Avgjerdene om å overta kommandoen over ISAF, om å støtte polakkane i Irak, om å setje i verk ein ny kommandostruktur og å utvikle ein eigen reaksjonsstyrke, viste i 2003 ein handlekraftig allianse som kan møte nye utfordringar på ein effektiv måte. Det viktigaste framtidsperspektivet for NATO er at stadig omforming og tilpassing til nye oppgåver truleg vil prege arbeidet i Alliansen også i åra framover.

På same tid minner utviklinga både på Balkan, i Afghanistan og i Irak oss om at NATO også må vere i stand til å halde oppe eit politisk og militært engasjement i felt over lang tid om ein skal lukkast i å stabilisere dagens viktigaste kjelder til uro og uføreseielege truslar mot dei allierte landa.

Til forsida