St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

5 Sluttkommuniké frå møte i det nordatlantiske rådet ved forsvarsministrane Brussel 1. desember 2003

  1. Det nordatlantiske rådet møttest ved forsvarsministrane den 1. desember 2003. Saman med forsvarsministrane og representantane for allianselanda møtte kollegaene deira frå landa som er inviterte til å bli medlemmer av Alliansen.

  2. Vi står ved eit viktig vegskilje i utviklinga av Alliansen. Vi er engasjerte i nye operasjonar, er i gang med å utvikle større kapasitetar og førebur oss på å ta opp sju nye medlemsland. På bakgrunn av denne vedvarande omdanninga diskuterte vi eit breitt spekter av saker av felles interesse, og konsentrerte oss om pågåande allianseoperasjonar og krisehandteringsspørsmål og framgangen i omdanninga av dei militære kapasitetane i NATO. Vi diskuterte òg kva som må vere gjort på forsvarsområdet før Istanbul-toppmøtet, og gav rettleiing om dette nødvendige arbeidet.

  3. Dei militære kapasitetane våre må vere eigna til å svare fort og effektivt, overalt der Alliansen vedtek det, på tryggingsutfordringar frå alle hald, også dei som terrorismen representerer. Vi gjekk gjennom det verdifulle arbeidet som er gjort med tanke på dette sidan Praha-toppmøtet, og tok særskilt føre oss framgangen i opprettinga av NATO-reaksjonsstyrken, gjennomføringa av den nye kommandostrukturen og oppfyllinga av kapasitetstilsegna frå Praha. Alliansen merkte seg særleg den fleirnasjonale NATO-bataljonen til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen som vart oppretta i dag. Skal vi kunne utføre dei operasjonane vi har teke på oss, er det avgjerande at styrkane våre får større utplasseringsevne og blir meir allsidige. Vi har gjeve ei eiga fråsegn om diskusjonane vi har hatt om desse og andre sider ved den pågåande omdanninga av dei militære kapasitetane.

  4. Vi er djupt takksame overfor alle som har teke del i NATO-leidde operasjonar, og uttrykkjer sterk medkjensle med dei pårørande til dei som har mist livet i tenesta. Vi uttrykkjer òg medkjensle med alle offer for terrorismen, som vi fordømmer i alle sine former overalt der han opptrer.

  5. I Afghanistan leier Alliansen no den internasjonale tryggingsstyrken ISAF under mandat frå FN. Med denne operasjonen har vi vist at vi står parat til å sende styrkar dit Alliansen vedtek det for å sikre vår felles tryggleik. Målet er å vere med på å hjelpe fram ein samla, suveren stat, integrert i verdssamfunnet, mellom anna ved å hjelpe overgangsstyret i Afghanistan med å oppretthalde tryggleik og stabilitet og å gjennomføre valprosessen i samsvar med Bonn-prosessen. Vi vedtok at ISAF gradvis skal utvidast ut over Kabul i samsvar med resolusjonar frå Tryggingsrådet i FN, mellom anna i form av styrkar i avgrensa omfang som kan utplasserast mellombels for å utføre spesifikke oppgåver, føresett at alle militære vilkår er oppfylte og at behova i samband med Kabul-oppdraget er stetta. Vi vil framleis vurdere omfanget av slike spesifikke oppgåver. Vi gler oss over at Tyskland som eit pilotoppdrag har sendt eit PRT-lag (Provincial Reconstruction Team), underlagt ISAF, til Kunduz. Vi reknar med at det vil bli etablert fleire slike PRT-einingar, og meiner at det kan bli aktuelt for ISAF å ta på seg den militære kommandoen over desse når militære behov og kapasitetar tilseier det. For å nå desse måla vil det vere nødvendig å rådføre seg med og hente inn bidrag frå rammenasjonane for PRT, og nødvendige ressursar må stillast til disposisjon, mellom anna ved Kabul internasjonale lufthamn. Styrkane våre vil òg måtte samarbeide nært med FN-hjelpeoppdraget i Afghanistan og andre internasjonale organisasjonar i området, mellom dei EU.

  6. Alliansen har på avgjerande vis vore med på å skape fred og stabilitet på Balkan, og vi sluttar framleis fullt opp om desse måla. I lys av den positive utviklinga i Bosnia-Hercegovina vil SFOR bli redusert til ein avskrekkingsstyrke på rundt 7 000 mann innan juni neste år. I månadene framover vil vi sondere utsiktene for ytterlegare omleggingar av SFOR, og vil mellom anna vurdere å avvikle operasjonen innan utgangen av 2004 med påfølgjande overgang til eit nytt NATO-oppdrag for militær kontakt og rådgjeving (NATO-hovudkvarteret i Sarajevo) og eit nytt EU-oppdrag innanfor ramma av Berlin Pluss-ordningane; i samband med dette bør militærstyresmaktene i NATO, i samsvar med avtala tekstar og prosedyrar, drøfte Bosnia-Hercegovina med tilsvarande instansar i EU og halde Militærkomiteen informert om kva som kjem fram.

  7. I Kosovo, derimot, er ein stor NATO-styrke framleis nødvendig. KFOR spelar ei sentral rolle når det gjeld å oppretthalde tryggleik og stabilitet. Styrken vil bli omstrukturert, men vil inntil vidare ikkje bli redusert til mindre enn 17 500 mann. NATO og EU har gjort avtale om ein samordna framgangsmåte for Vest-Balkan. I den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia har NATO-støtta til EU-operasjonen Concordia, som NATO har evaluert etter den prosessen som førebels er etablert, til fulle demonstrert at Berlin Pluss-ordningane er effektive. Dette viser kor viktig det er at NATO og EU samarbeider nært med kvarandre på meir generelt grunnlag. Innanfor den avtala ramma for den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU vil vi arbeide for å utvikle samarbeidet ytterlegare der det trengst. Partnarane til NATO spelar ei avgjerande rolle i NATO-leidde operasjonar, noko som berre er eitt døme på kor viktige partnarskapane er for tryggleiken i det euroatlantiske området.

  8. Operasjonen Active Endeavour er framleis eit vesentleg og effektivt innslag i kampen mot terrorisme i Middelhavsområdet. Hittil har styrken kontrollert 36 000 fartøy, og har eskortert nær 350 allierte sivile skip trygt forbi Gibraltar.

  9. Alliansen støttar Polen i leiinga av ein fleirnasjonal divisjon i Irak. Det nordatlantiske rådet vil jamleg vurdere NATO-bidraget til stabiliseringsinnsatsen i Irak.

  10. Med sikte på Istanbul-toppmøtet har vi gjeve pålegg om at:

    • NATO-reaksjonsstyrken bør utviklast vidare med sikte på å oppnå ein minste operativ kapasitet snarast råd og seinast i oktober 2004, og full operativ kapasitet seinast i oktober 2006; for at denne kapasiteten skal kunne nyttast effektivt, bør det setjast i verk tiltak for å sikre Alliansen auka evne til etter grundig førearbeid å planleggje og setje i gang operasjonar på kort varsel når Alliansen vedtek å handle;

    • det bør arbeidast vidare med den fleirnasjonale NATO-bataljonen til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen for å oppnå full operativ kapasitet frå juli 2004, samtidig som NATO-reaksjonsstyrken vert vidareutvikla;

    • gjennomføringa av den nye kommandostrukturen bør halde fram i samsvar med den avtala gjennomføringsplanen, og bør resultere i ein meir effektiv struktur. Vi ser fram til å oppnå ein vesentleg redusert fredstidsorganisasjon med den nye kommandostrukturen;

    • arbeidet med å gjennomføre både dei nasjonale og dei fleirnasjonale sidene ved kapasitetstilsegna frå Praha bør halde fram som hastesak med særleg fokus på utplasseringsevne og uthald og på å rette opp manglar i stridsstøtte og administrativ støtte under strid;

    • arbeidet med å gjere alliansestyrkane meir allsidige og flyttbare, mellom anna utviklinga av resultatmål for begge desse eigenskapane, og med styrkegenereringsprosessen, bør halde fram som ei særleg prioritert sak;

    • rapportar om desse og andre relevante sider ved innsatsen for å omdanne dei militære NATO-kapasitetane bør leggjast fram for stats- og regjeringssjefane i Istanbul;

    • det bør arbeidast vidare med å sikre vern av utplasserte NATO-styrkar mot regionale ballistiske rakettar og med å utforske alternativ for å verne Alliansens territorium, styrkar og tettfolka område mot heile spekteret av missiltruslar på ein effektiv måte gjennom ein passande kombinasjon av politisk og forsvarsmessig innsats i tillegg til avskrekking;

    • arbeidet med å styrkje Partnarskap for fred bør halde fram med sikte på å fremje forsvarsreformer og forsvarsomlegging og utviklinga av dei kapasitetane som trengst for å betre samvirkeevna mellom partnarstyrkar og NATO i heile spekteret av oppdrag som partnarane og dei allierte måtte utføre saman;

    • gjennomgangen av NATO-organ som vart vedteken på Praha-toppmøtet, skal vere ferdig i tide til at ein sluttrapport kan leverast til ministrane i desember 2004.

  11. Vi rettar ei varm takk til Lord Robertson of Port Ellen for den leiarrolla han har hatt i omdanninga av NATO. Vi er trygge på at den nye generalsekretæren, Jaap de Hoop Scheffer, vil vidareføre NATO-omdanninga og byggje vidare på dei gode resultata som alt er oppnådde i Alliansen, og vi lovar han vår fulle støtte.

Til forsida