St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

5 Partnarsamarbeidet

Samarbeidet med Russland, Ukraina, partnarlanda i Europa, Sentral-Asia og Kaukasus og landa rundt Middelhavet er ein viktig del av Alliansens politikk for å spreie stabilitet og tryggleik i det euroatlantiske området. Særleg legg ein stor vekt på forholdet til Russland. Samarbeidet er til nytte både for NATO og for samarbeidslanda. Ei rekkje tidlegare partnarland er no medlemmer av Alliansen. Dei fleste partnarlanda bidreg til dei operasjonane NATO leier. Det er også i NATO si eiga interesse å bidra til politiske, økonomiske og militære reformer i partnarlanda.

Samstundes er NATO i ferd med å intensivere dialogen med land som ikkje tek del i partnarsamarbeidet, som Kina, Japan og Australia. Denne utviklinga må sjåast i lys av dei bidraga desse landa yter til internasjonale operasjonar, men òg at Alliansen i dei seinare åra har utvida sitt geografiske virkefelt.

5.1 Russland

Då NATO-Russland-rådet (NRC) blei oppretta i mai 2002, var det stilt store forventningar til samarbeidet. Ein såg for seg ein tett politisk dialog og eit omfattande praktisk samarbeid. Desse forventningane er ikkje fullt ut innfridde. NRC har likevel gjeve gode resultat på ei rekkje område.

Arbeidet i NRC vart den første tida etter opprettinga brukt til organisering av samarbeidet og utvikling av retningslinjer for dei einskilde områda. I 2003 tok ein for alvor til med konkrete prosjekt på både sivil og militær side. Utviklinga i den militære delen av samarbeidet er positiv, trass i ein viss skepsis på russisk militær side. Arbeidsplanen for 2004 omfattar mellom anna prosjekt med vekt på militært samvirke i fredsoperasjonar, leite- og redningsteneste til havs, taktisk missilforsvar og logistikk. Russland har vedteke å etablere ein styrke for fredsoperasjonar som kan operere saman med NATO. Dette er eit positivt initiativ som på sikt kan gje Alliansen og Russland evne til å utføre felles operasjonar.

Også dei politiske konsultasjonane tok eit steg framover i 2003. I tillegg til spørsmål knytte til konvensjonell nedrusting har utviklinga på Balkan stått i sentrum. NRC har vedteke fråsegner om grensetrygging på Balkan og støtta opp om forsvarsreform i Bosnia-Hercegovina. På norsk initiativ vart det i fråsegna frå NRC-utanriksministermøtet i desember uttrykt støtte til vidare reformer i Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, og landa fekk ros for arbeidet dei har gjort for forsoning og regionalt samarbeid. Dette var første gongen NRC uttala seg om utviklinga i Serbia.

Trass i ei lovande utvikling i 2003 står NRC overfor store utfordringar, særleg på den politiske sida. Skal samarbeidet vidareførast, er det naudsynt å drøfte også kontroversielle politiske spørsmål, anten det dreier seg om saker der NATO-landa og Russland er usamde eller der det er intern usemje i Alliansen. Ved å arbeide for at konsultasjonane munnar ut i felles initiativ der det er naturleg, kan ein gjere Russland til ein verkeleg partnar, påverke russiske posisjonar og komme fram til felles løysingar i sentrale utanrikspolitiske spørsmål.

Det kanskje viktigaste hinderet for eit nærare samarbeid i 2003 var spørsmålet om ratifikasjon av den tilpassa CFE-avtalen, som blei signert i Istanbul i 1999. Russland ønskjer at dei allierte skal ratifisere avtalen, noko som vil gjere det mogeleg for dei baltiske landa og Slovenia å tiltre. Dette legg ein frå russisk side stor vekt på når NATO no er utvida. På russisk side hevdar ein at så lenge særleg dei baltiske landa ikkje har tiltredd CFE, ligg vegen open for stasjonering av store mengder allierte styrkar og materiell på deira territorium. Dei allierte har fleire gonger sagt frå om at dei vil vere tilbakehaldne med slik stasjonering. Samtidig har dei allierte stått fast på at ein ikkje kan gå vidare med arbeidet for å ratifisere avtalen før Russland oppfyller forpliktingane sine frå Istanbul-toppmøtet i 1999 når det gjeld tilbaketrekking av styrkar frå Moldova og Georgia. Russland hevdar at alt CFE-relatert materiale er trekt ut frå begge landa, og at berre politiske forpliktingar som er heilt uavhengig av CFE no står att. Det er eit visst håp om at dette spørsmålet kan finne si løysing før Istanbul-toppmøtet i juni.

På norsk side har ein ført vidare rolla som pådrivar, både i ønsket om meir substansielle konsultasjonar og når det gjeld utviding av det praktiske samarbeidet. Norske hovudsaker er sivil trygging, omlegging av den russiske forsvarssektoren og spreiingsspørsmål, i tillegg til samarbeidet på militær side. Noreg ønskjer òg at det blir halde eit toppmøte mellom NATO og Russland i Istanbul. Dette ville vere det første NRC-toppmøtet sidan NRC vart oppretta i Roma i 2002.

5.2 Ukraina

Samarbeidet og dialogen med Ukraina går vidare på basis av handlingsplanen frå Praha i 2002. Landet yter bidrag til fleire NATO-leidde operasjonar. Det langsiktige målet for Ukraina er full integrasjon i dei euroatlantiske strukturane, inkludert medlemskap i NATO. Eit stabilt og demokratisk Ukraina er ein føresetnad for stabilitet i heile regionen.

Men samarbeidet med Ukraina har ikkje utvikla seg så godt som ein kunne ha håp om. Det som framfor alt vantar, er politisk vilje til å konkretisere samarbeidet med NATO, arbeide med dei einskilde elementa i handlingsplanen og gjennomføre grunnleggjande politiske og militære reformer. Dette er naudsynt dersom ein skal leggje eit grunnlag for å ta del i Alliansen sin handlingsplan for medlemskap slik som Ukraina ønskjer. Dei fleste allierte meiner at Ukraina kunne gjort meir for å følgje opp i praksis sine politiske erklæringar på desse felta.

Noreg vil bidra til at NATO og Ukraina vidareutviklar det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet. Første prioritet må vere konkret iverksetjing av handlingsplanen.

5.3 Andre partnarar

Istanbul-toppmøtet vil markere utvidinga av NATO med sju tidlegare partnarland (Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia). Eit viktig spørsmål i forlenginga av utvidinga vil vere korleis partnarsamarbeidet (EAPC - Euro-Atlantic Partnership Council og PfP - Partnership for Peace) skal drivast vidare. Etter utvidinga vil dei gjenverande partnarlanda bli både færre og meir ulike innbyrdes. Det er difor eit ønske i Alliansen om å omforme partnarsamarbeidet slik at det framleis kan vere til nytte både for NATO og for partnarlanda sjølve.

Etter utvidinga står ein grovt sett igjen med tre grupper land: dei tre landa på Balkan (Kroatia, Makedonia og Albania) som tek del i Alliansen sitt førebuande program for medlemmer (MAP), dei sentralasiatiske og kaukasiske republikkane og dei vesteuropeiske partnarane (Sverige, Finland, Austerrike, Irland og Sveits).

Innrettinga av partnarsamarbeidet varierer allereie noko mellom dei ulike gruppene. For MAP-landa legg ein størst vekt på støtte til politiske, økonomiske og militære reformer. For landa i Sentral-Asia og Kaukasus legg ein særleg vekt på regional stabilitet og landa sine bidrag i kampen mot terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Samarbeidet med dei vesteuropeiske partnarlanda konsentrerer seg særleg om auka evne til militært samvirke og støtte til NATO-leidde operasjonar.

Men det er no eit klart ønske om å tilpasse samarbeidet til det enkelte land i endå større grad enn i dag. Når NATO no dessutan har gått inn i Afghanistan, har samarbeidet med landa i Sentral-Asia og i Kaukasus fått ny aktualitet. Det er desse partnarane som mest treng bistand frå NATO for å gjennomføre reformer og for å verte sterkare integrerte i det euroatlantiske samarbeidet. Utviklinga i desse landa vil òg få mykje å seie for den internasjonale kampen mot terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Frå norsk side legg vi til grunn at ei styrkt rolle for NATO passar godt inn i vårt eige engasjement overfor regionen.

Men merksemda om dei mindre utvikla partnarane stiller på same tid NATO overfor utfordringar andsynes dei fem vesteuropeiske partnarane. På norsk side blir det understreka at desse fire EU-landa og Sveits kan ta del i den militære omforminga av NATO på ein heilt annan måte enn dei mindre utvikla partnarlanda. Framfor alt kan dei vere netto bidragsytarar til partnarsamarbeidet, og yte viktige bidrag til NATO-leidde krisehandteringsoperasjonar. På norsk side vil ein difor arbeide for at desse landa blir trekte endå sterkare inn i samarbeidet i Alliansen. Til sjuande og sist vil det vere opp til dei sjølve å definere omfanget av kontakten med NATO.

NATO drøfter òg om Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina skal få medlemskap i PfP. Krava frå Alliansen er at Bosnia-Hercegovina m.a. opprettar ein felles kommando over dei væpna styrkane i landet og gjennomfører meir djuptgripande forsvarsreformer, og at Serbia og Montenegro samarbeider fullt ut med den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia. Særleg gjeld det i sakene mot dei to bosniske serbarane Karadzic og Mladic som er skulda for krigsbrotsverk. Førebels er det oppretta eit særskilt samarbeidsprogram med kvart av dei to landa der fokus er retta mot aktivitetar innan demokratisk styring av forsvarssektoren, forsvarsreform o.l.

Noreg har teke til orde for at begge landa må inn i PfP så raskt som mogeleg. Tanken er at det vil vere lettare å bidra til at den politiske utviklinga går i riktig retning om ein samarbeider tett med desse landa, framfor å isolere eitt eller begge utanfor den euroatlantiske fellesskapen. Noreg har medverka i utstrekt grad til reform av tryggingssektoren mellom anna i Serbia og Montenegro. Vår innsats for å få Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina inn i PfP vil halde fram mot toppmøtet i Istanbul.

5.4 Middelhavslanda og Midtausten

Auka samarbeid med middelhavslanda og andre land i det såkalla «utvida Midtausten», det vil seie landa frå Mauritania i vest til Afghanistan i aust, har fått forsterka fokus dei siste månadene. Ei rekkje land har gjort framlegg både i NATO og andre forum til korleis den vestlege verda betre kan medverke til politisk, demokratisk, økonomisk og tryggingsmessig utvikling i regionen.

Frå amerikansk side har ein ønskt å gjere bruk av både G8, samarbeidet mellom USA og EU og NATO for å få til eit nytt og breitt internasjonalt engasjement overfor landa i regionen. For NATO sin del er det snakk om eit initiativ for å bidra til tryggleik og stabilitet i regionen som skal lanserast på toppmøtet i Istanbul. Dei amerikanske tankane går delvis i same retning som synspunkta til ei rekkje andre land, t.d. Tyskland, Spania, Italia og Storbritannia.

NATO har sidan 1994 ført ein dialog med sju land i Middelhavsområdet (Marokko, Mauritania, Tunisia, Algerie, Egypt, Jordan og Israel). Men det siste året har det vakse fram ei erkjenning av at dette samarbeidet ikkje har ført til nemneverdige resultat. Det er difor aukande semje om at samarbeidet må styrkjast, men det er førebels ikkje klart kva form og innhald dette vil få.

Frå norsk side ser ein det som viktig at ei NATO-rolle overfor regionen blir utforma med tanke på at ho skal støtte opp om tiltak i regi av andre aktørar og organisasjonar. Alliansen kan først og fremst spele ei rolle på det tryggingspolitiske området. Vidare vil det vere viktig at eit slikt initiativ er inkluderande og i utgangspunktet er ope for alle land i regionen. Ein legg òg stor vekt på at aktuelle land blir trekte inn i utforminga av eit nytt samarbeidsinitiativ så tidleg som mogeleg, slik at det finn ei form som er tenleg for reformarbeidet i desse landa. I dei første drøftingane av dette spørsmålet har ein frå norsk side også understreka det viktige i å halde oppe eit internasjonalt politisk engasjement for å finne fram til ei løysing på konflikten mellom israelarar og palestinarar. Dette vil framleis vere ein nøkkel til tryggleik og stabilitet i regionen.

I rekkja av samarbeidsinitiativ står forholdet til EU i ei særstilling. EU som organisasjon har sjølv store tryggingspolitiske ambisjonar. I tillegg til stort overlapp i medlemskap mellom NATO og EU gjer dette sitt til at samarbeidet med EU har ein annan karakter enn samarbeidet med enkeltland og med internasjonale organisasjonar som FN og OSSE.

Til forsida