St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

3 Internasjonale operasjonar

NATO leier i dag internasjonale operasjonar i Afghanistan, Bosnia-Hercegovina og Kosovo. Dette er krevjande engasjement der Alliansen har eit stort ansvar for stabilitet og tryggleik som igjen vil leggje grunnlaget for ei fredeleg politisk utvikling. I alle desse operasjonane deltek også store styrkar frå partnarland og andre tredjeland, noko som i seg sjølv viser verdien av partnarsamarbeidet for Alliansen. I tillegg til desse NATO-leidde operasjonane yter Alliansen også støtte til den polske sektoren i Irak, i hovudsak innanfor kommunikasjon og logistikk. NATO leier også ein maritim patruljeringsoperasjon i Middelhavet, som ledd i førebygging av internasjonal terrorisme.

3.1 Afghanistan

NATO si avgjerd om å engasjere seg i Afghanistan førte for første gong Alliansen ut i eit militært oppdrag utanfor Europa. Det var brei alliert semje om at denne avgjerda, som òg vart støtta aktivt på afghansk hald. Grunnlaget for avgjerda blei lagt under utanriksministermøtet i Reykjavik i juni 2002, då ministrane vedtok at ein måtte kunne møte truslar der dei måtte oppstå, utan geografiske grenser. Det er viktig å erkjenne at når NATO først har teke eit ansvar i Afghanistan, inneber dette eit langsiktig engasjement.

Større tryggleik er eit avgjerande vilkår for ei positiv politisk og økonomisk utvikling i Afghanistan. Dette er i tråd med tidlegare erfaringar, mellom anna frå Balkan. Det internasjonale engasjementet i den internasjonale styrken for stabilisering i Afghanistan (ISAF) har vist seg å vere heilt sentralt for å støtte overgangsregjeringa og det internasjonale bistandsarbeidet.

Den politiske bakgrunnen for avgjerda i NATO 16. april 2003 om å ta på seg ei leiarrolle for ISAF-styrken i Afghanistan er skildra ovanfor. Engasjementet i Afghanistan demonstrerte at NATO trass i all usemje var i stand til å samle seg om felles mål og ei krevjande ny oppgåve som stod heilt sentralt for å møte dei nye felles truslane mot Alliansen.

Samstundes var visse føresetnader på plass som letta denne avgjerda. Eit viktig moment var at ISAF-operasjonen hadde eit klart FN-mandat. ISAF blei etablert i desember 2001 ved tryggingsrådsresolusjon 1386. Hovudmålsetjinga med ISAF var å etablere tryggleik og leggje forholda til rette for befolkninga slik at det skulle bli mogeleg å velje ei representativ regjering. Gjennom at NATO tok over strategisk kommando, kontroll og koordinering av ISAF, håpa ein å sikre større stabilitet og kontinuitet i gjenoppbyggingsarbeidet. Samstundes håpa ein dette ville gjere at fleire mindre land skulle sjå seg i stand til å bidra med troppar til den multilaterale styrken. Dette har då også vore tilfelle. Ved slutten av 2003 talde ISAF totalt over 5500 personar frå meir enn 30 NATO- og partnarland.

ISAF medverkar til tryggleik på fleire måtar; direkte gjennom vakthald og patruljering, der soldatar frå ISAF og det som etter kvart vil bli ein eigen afghansk hær, utfører felles patruljering i Kabul, og indirekte gjennom trening av denne hæren og eit eige nasjonalt politi. ISAF vidarefører dessutan mindre sivil-militære prosjekt innan infrastruktur, skular, vassforsyning, helse og jordbruk.

Noreg har ytt bidrag til ISAF heilt sidan styrken blei oppretta. I 2003 bidrog vi med i overkant av 300 personell i form av ei sivil-militær samarbeidseining (CIMIC), ei kirurgisk eining og eit mekanisert vakt- og sikringskompani. Dette gjer Noreg til den sjette største bidragsytaren til ISAF etter Tyskland, Canada, Frankrike, Italia og Storbritannia. Vakt- og sikringskompaniet hadde som hurtigreaksjonsstyrke til oppgåve å tryggje delegatane i det nasjonale rådet (Loya Jirga) i samband med utforminga av ny grunnlov i perioden desember 2003 til januar 2004.

Vidare har Noreg ytt sivile bidrag til opplæringa av det afghanske politiet gjennom det tyske politiprosjektet i Kabul. Vårt bidrag vart retta inn mot opplæring i menneskerettar og bygging av eit hovudkvarter for det afghanske grensepolitiet. Arbeidet med opplæring av det afghanske politiet vert vidareført frå norsk side i 2004.

Noreg har òg vore ein dominerande aktør på bistandsområdet. Vårt langsiktige engasjement i Afghanistan vart stadfesta då landet vart utpeika som utviklingspolitisk samarbeidsland i 2004.

Alt før NATO faktisk tok på seg leiinga av ISAF frå 11.august 2003, hadde mange peika på at ei utviding av engasjementet frå Kabul og omegn til resten av landet ville bli naudsynt. Overgangsregjeringa hadde liten reell kontroll ut over Kabul. Den sterke stillinga til dei lokale leiarane og regionale krigsherrane var ei viktig forklaring. For å få til ei stabilisering av heile landet kunne ein difor ikkje avgrense det militære nærværet til Kabul. Både afghanske styresmakter og FN støtta ei utviding av mandatet til ISAF. Samstundes var det heilt klart at Alliansen ikkje ville makte å skaffe fram tilstrekkelege styrkar til å etablere eit tungt militært nærvær over heile landet.

NATO vedtok difor å utplassere såkalla regionale stabiliseringslag (Provincial Reconstruction Teams -PRT) som gradvis vil dekkje heile landet. I januar 2004 vart det første PRT-laget i ISAF-regi etablert i Kunduz nord for Kabul under tysk leiing. PRT-laga har som hovudoppgåve å skape tryggleik, som er ein føresetnad både for utviding av sentralmakta og økonomisk gjenreising. Målsetjinga er at ISAF i løpet av 2004 både skal opprette ei rekkje nye PRT-lag og overta ansvaret for nokre av dei eksisterande. Det er særs viktig å få flest mogeleg PRT-lag på plass i løpet av dei næraste månadene slik at dei kan bidra til å støtte opp under dei planlagde vala i landet. Noreg vil bidra gjennom deltaking i eit britisk-leidd PRT-lag i det nordvestlege Afghanistan.

Det er brei semje i Alliansen om at afghanarane sjølve må ta leiinga i gjenoppbygginga av landet. NATO si oppgåve må vere å betre tryggingssituasjonen og slik støtte opp om den politiske og økonomiske gjenreisinga. Eit avgjerande vilkår for å kunne lukkast er tilstrekkeleg politisk vilje blant dei allierte til å yte dei bidrag som trengst, ikkje berre til ISAF, men òg til andre sektorar som har betydning for tryggleiken i landet, slik som politiopplæring, justissektoren og kampen mot narkotika. Likeins må det ytast tilstrekkeleg utviklingsbistand til støtte for sentralregjeringa slik at ein sikrar afghansk eigarskap til reformprosessane. Noreg legg stor vekt på eit tettare samarbeid mellom dei internasjonale aktørane i Afghanistan og på overføring av ansvar til dei nasjonale styresmaktene så raskt som råd er.

3.2 Bosnia-Hercegovina

Situasjonen i Bosnia-Hercegovina er forholdsvis roleg i dag, men sårbar. På den sivile sida har det vore framsteg i arbeidet med å utvikle fungerande institusjonar, retur av flyktningar og gjenoppbygging. Rivalisering mellom ulike etniske grupper, kriminalitet og manglande økonomiske framsteg er likevel klare utfordringar for den unge staten. Mykje står att før ein kan tale om ein berekraftig fredsprosess. Dei største utfordringane er framleis retur av fordrivne personar til område der dei er i mindretal, ytterlegare reduksjonar i dei væpna styrkane i dei ulike geografiske einingane, auka effektivitet innanfor alle felles institusjonar, overføring av mistenkte krigsforbrytarar til domstolen i Haag, kamp mot korrupsjon og organisert kriminalitet, reformer innanfor rettsvesen og politi og økonomisk reform.

Det er lagt opp til at EU innan utgangen av 2004 skal ta over den militære operasjonen NATO leier i Bosnia-Hercegovina. Ei endeleg avgjerd om overføring vil etter alt å dømme bli teken når stats- og regjeringssjefane i NATO møtest i Istanbul i slutten av juni 2004. Ettersom situasjonen i Bosnia-Hercegovina framleis er sårbar, vert det lagt opp til at EU-styrken vil vere like stor som SFOR-styrken, rundt 7000 militære. EU har i tillegg ein internasjonal politimisjon i Bosnia-Hercegovina (EUPM) som òg vil halde fram. Blant dei totalt 900 tilsette i EUPM er det 500 politifolk frå EU-landa og tredjeland.

Frå norsk side er ein positiv til at EU får ei militær rolle i Bosnia-Hercegovina. Vi ser det som svært viktig at overføringa til EU vert godt planlagd slik at det ikkje vert skapt uklare situasjonar under overføringa av ansvaret som kan svekkje tryggleiken i landet. Vi legg difor stor vekt på gode kontakt- og samarbeidsordningar mellom EU og NATO. Vi har erfaring med overføring av ein NATO-operasjon til EU gjennom etableringa av Operasjon Concordia i Makedonia i mars 2003, og legg stor vekt på at vi denne gongen får betre tilgang til informasjon i den tidlege fasen av planlegginga.

Sjølv om EU tek over stabiliseringsoppgåvene i Bosnia-Hercegovina, vil NATO framleis ha eit militært nærvær i landet. For det første vil NATO hjelpe til med forsvarsreform og andre oppgåver som kan førebu Bosnia-Hercegovina på eit tettare samarbeid med NATO og eit framtidig PfP-medlemskap. For det andre ligg det an til at NATO tek på seg enkelte oppgåver innan kampen mot internasjonal terrorisme og jakta på krigsforbrytarar. Innan toppmøtet i Istanbul vil ein ha fått klarare for seg kva type oppgåver NATO vil utføre i Bosnia-Hercegovina etter EU-overtakinga.

Noreg har i dag tre offiserar i SFOR. Noreg har òg stilt med sju politimenn og ein sivil politisk rådgjevar til EUPM. Frå norsk side tek vi sikte på å yte eit bidrag også til oppfølgjaroperasjonen i EU-regi. Noreg stillar òg med fire politifolk til EU-operasjonen i Makedonia (Proxima). Dei norske bidraga er eit klart signal om norsk vilje til å støtte opp om ei auka rolle for EU i europeisk tryggingspolitikk.

3.3 Kosovo

Hovudoppgåva for den NATO-leidde internasjonale fredsstyrken i Kosovo (KFOR) er framleis stabilisering og assistanse til FN-administrasjonen UNMIK. Etnisk motiverte draps- og valdshandlingar blussa opp i 2003. Den organiserte kriminaliteten, med smugling av narkotika, våpen og menneske, er svært omfattande og utgjer truleg den største trusselen mot tryggleiken i området. UNMIK og KFOR har gjort framsteg i det sivil-militære samarbeidet, og står no betre rusta i kampen mot desse utfordringane. Men det vil trengast eit større internasjonalt engasjement med vekt på etterretning og politioperasjonar for å stagge og reversere framveksten av organisert kriminalitet. Dette er ikkje berre eit problem i Kosovo. Nettverka av organisert kriminalitet har også fått fotfeste i andre europeiske land.

FN-administrasjonen i provinsen, UNMIK, har avgrensa evne til sjølv å kontrollere vald og kriminalitet. Trass i at ein har fått ned spenningsnivået sidan 1999, vil det ta tid å skape eit klima i provinsen der dei ulike befolkningsgruppene kan leve og arbeide fredeleg saman mot felles mål. KFOR-nærværet vil i tida framover stadig vere heilt nødvendig for å skape den ro og stabilitet som Kosovo treng.

I oktober 2003 møttest dei politiske leiarane i Beograd og Pristina for første gong sidan 1999 til direkte samtaler i Wien. Den nye leiaren for UNMIK, den tidlegare finske statsministeren Harri Holkeri, la stor vekt på at dialogen mellom dei to partane kom i gang. Møtet var starten på ein prosess med sikte på å finne fram til praktiske løysningar for samarbeid for å kunne møte dei felles utfordringane.

Framgangen til nasjonalistpartia i Serbia under parlamentsvalet i desember gjev likevel eit varsel om ei uviss framtid for dialogen mellom serbarar og Kosovo-albanarar. Politikken til den nye serbiske regjeringa overfor Pristina vil måtte følgjast nøye. Dei kosovoalbanske politikarane legg stort press på UNMIK for å oppnå sjølvstende. FN og Holkeri på si side held fast på at standardar for lokalt styre og administrasjon, slik dei er nedfelte i Kosovo Standards Implementation Plan frå 2003, må gjennomførast før ein kan byrje å diskutere ei eventuell nyordning for provinsen. Vala til provinsforsamling i Kosovo hausten 2004 vil gje ein indikasjon på kor langt provinsen har komme i høve til desse standardane.

I midten av mars blei Kosovo på ny ramma av omfattande uro. Valdshandlingane var primært retta mot etniske serbarar. Opptøya var eit alvorleg tilbakeslag for det internasjonale arbeidet med å sikre eit multi-etnisk samfunn i Kosovo. I NATO har ein sett i gang eit arbeid for å klargjere forholda kring opptøyane og konsekvensane for KFOR-operasjonen.

Frå omlag 28 000 soldatar i 2002 vart KFOR-styrken i 2003 redusert til knappe 17 000. Ytterlegare nedtrapping i løpet av 2004 vil bli vurdert. Frå norsk side har vi peika på at ei nedtrapping må skje i takt med ei betring av tryggleiken i operasjonsområdet, og ikkje tvingast fram før situasjonen tillèt det. KFOR-styrken er breitt samansett med troppar frå eit trettital allierte, partnarland og andre samarbeidsland. Personellet frå ikkje-allierte land utgjer knapt 20 prosent av den totale styrken.

Den norske kontingenten i KFOR i 2003 var med eit personell på om lag 520 blant dei største sett i forhold til folketal og militære ressursar. Hovudbidraget har vore ein bataljon på om lag 450 soldatar, som er ein del av den fleirnasjonale brigaden i det sentrale Kosovo.

3.4 Irak

Handsaminga av Irak-krisa i 2003 vart i første rekkje drøfta i Tryggingsrådet i FN, men også i NATO. Frå Regjeringa si side la ein heile tida til grunn at den einaste sikre måten å få avklara spørsmålet om irakiske masseøydeleggingsvåpen på, var gjennom uhilda og kontrollerbare undersøkingar i Irak.

Som medlem av Tryggingsrådet støtta difor Noreg hausten 2002 vedtakinga av rådets bindande resolusjon 1441. I resolusjonen blei det m.a. kravd at Irak innan 30 dagar skulle skaffe våpeninspektørane frå FN ei fullstendig oversikt over alle sider ved irakiske program for å utvikle masseøydeleggingsvåpen. Inspektørane, eller UNMOVIC, som dei vart kalla, skulle i samarbeid med Det internasjonale atomenergibyrået, IAEA, få full og uhindra tilgang til å inspisere at opplysningane frå det irakiske regimet var rette.

Tryggingsrådet var av den oppfatning at slike inspeksjonar var nødvendige, sidan uvissa om irakiske program for masseøydeleggingsvåpen i seg sjølv utgjorde ein alvorleg trussel mot freden og tryggleiken i regionen.

Resolusjon 1441 gav Irak eit siste høve til å avklare spørsmålet om masseøydeleggingsvåpen og å få avskaffa slike våpen utan bruk av militær makt. Med dette samrøystes og bindande vedtaket etablerte Tryggingsrådet ein strategi for fredeleg nedrusting av Irak.

UNMOVIC-rapportane til Tryggingsrådet viste at det irakiske regimet ikkje samarbeidde «straks, atterhaldslaust og aktivt» med inspektørane, slik resolusjon 1441 kravde. Dei viste vidare at Irak hadde leveringsmiddel for masseøydeleggingsvåpen med ei rekkevidd utover den grensa som var sett av FN. Dei viste òg at Irak ikkje hadde gjort fullstendig greie for kva som var skjedd med dei biologiske og kjemiske våpna som ein veit landet hadde på 1990-talet.

Denne uvissa med omsyn til ulovlege våpen og våpenprogram og dei mange andre uavklara spørsmåla var bakgrunnen for at UNMOVIC-leiar Hans Blix i si utgreiing for Tryggingsrådet i FN i januar 2003 tilrådde at inspeksjonane skulle halde fram. Dessverre kunne ikkje Tryggingsrådet einast om dette. Men det var inga usemje mellom dei faste rådsmedlemmene om at Irak hadde gjort seg skuldig i grove brot på pliktene sine etter vedtaka i rådet. Usemja gjaldt vegen vidare, dvs. om inspektørane skulle få meir tid.

Regjeringa hadde ei klar og tydeleg oppfatning i dei to nøkkelspørsmåla det internasjonale samfunnet stod overfor på det tidspunktet:

  • Ein gjekk inn for at Hans Blix og våpeninspektørane hans skulle få halde fram med arbeidet sitt.

  • Regjeringa meinte at det ikkje låg føre tilstrekkeleg folkerettsleg grunnlag til å gå til militær aksjon mot Irak. Eit nytt vedtak om dette i Tryggingsrådet ville vere nødvendig.

Den norske militære deltakinga i den internasjonale stabiliseringsstyrken i Irak består av to komponentar: eit ingeniørkompani utvida med mine- og eksplosivryddarar i det britiske ansvarsområdet, og eit mindre tal stabsoffiserar i den polskleidde divisjonen.

Dei norske militære bidraga til stabiliseringa av Irak har heile tida vore i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1483 av 22. mai 2003. Bidraga er av ein slik karakter at dei folkerettsleg ikkje medfører at Noreg får status som okkupasjonsmakt. Premissane for dei norske bidraga er òg komne klart til uttrykk i avtaleverket som ligg til grunn for deltakinga i britisk og polsk ansvarsområde.

Tryggingsrådet i FN vedtok 16. oktober 2003 ein resolusjon til, 1511, om situasjonen i Irak. Sjølv om det tidlegare allereie låg føre eit klart folkerettsleg grunnlag for norske bidrag til stabilisering av Irak, må ein no ta utgangspunkt i situasjonen slik han er definert i resolusjon 1511. Denne slår fast at ein forsterka internasjonal militær og politifagleg innsats er avgjerande for å vareta stabiliteten og tryggleiken i Irak, slik at ein kan få lagt det nødvendige grunnlaget for framtidig irakisk sjølvstyre og tryggje FN-aktivitetane i landet. Resolusjonen inneheld dessutan ein autorisasjon til nødvendig maktbruk for å sikre stabilitet og tryggleik i Irak. Dermed er det òg skapt eit folkerettsleg grunnlag for eit breiare spekter av internasjonale militære bidrag.

NATO-rådet vedtok 21.mai 2003 å etterkomme førespurnaden frå Polen om støtte frå Alliansen i samband med at landet tok over leiinga av den eine av fem sektorar i Irak. Dei militære styresmaktene i Alliansen fekk i oppgåve å samarbeide nært med polakkane for å klargjere kva slags behov dei hadde. Resultatet vart at NATO støtta Polen med styrkegenerering og planlegging fram mot overtakinga og med å byggje opp eit strategisk samband.

Ein føresetnad for støtta var at NATO ikkje skulle verte direkte engasjert i Irak, men hjelpe Polen der allierte fellesressursar kunne gje eit viktig bidrag til den polske innsatsen. Hjelpa frå NATO var av teknisk karakter og avgrensa til utplasseringa av det polske hovudkvarteret. NATO er i seg sjølv ikkje engasjert i felt. Alliansen har sagt seg villig til å ta opp spørsmålet om tilsvarande støtte dersom det skulle bli aktuelt for eit anna alliert land å be om dette.

Det internasjonale samfunnet står overfor store utfordringar i Irak. Utviklinga i landet vil få konsekvensar langt utover Irak. Sjølv land som ikkje støtta krigen i Irak, slik tilfellet var med Noreg, kan ikkje lukke auga for utviklinga i landet. Åtaka på stabiliseringsstyrken, sivile irakarar og dei irakiske grupperingane som blir oppfatta som å samarbeide med vestlege land, vitnar om at enkelte ikkje ønskjer ei fredelig utvikling. Frå norsk hald ser ein det som særs viktig at den politiske prosessen vert vidareført, og at ein får på plass ei irakisk regjering så snart råd er. Ei framtredande rolle for FN er òg sterkt ønskjeleg med tanke på den vidare politiske prosessen i Irak.

På amerikansk hald, og med støtte frå fleire europeiske allierte som alt er tungt engasjerte i Irak, er det eit ønske om at NATO etter kvart tek på seg ei større rolle i Irak. Frå norsk side er ei internasjonalt godteken irakisk regjering og ein styrkt rolle for FN to viktige vilkår for ei slik utvida rolle. Det er god grunn til å tru at drøftinga av den framtidige rolla til NATO i Irak vil komme til å stå sentralt på toppmøtet i Istanbul i juni 2004.

Til forsida