St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

3 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

3.1 Regelverksutvikling

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2000, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 2000, men enkelte stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet. Kredittmeldinga 1999 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2000. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på ny her. Ein viser elles til Kredittmeldinga 1999 kapittel 3.

3.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

Finansdepartementet fastsette 10. og 11. januar 2000 endringar i forskrifta om grunnfondsbevis i sparebankar og i kapitaldekningsforskriftene som følgje av ny rekneskapslov. Endringane tok mellom anna sikte på at nye rekneskapsreglar ikkje skulle få verknad for kapitaldekninga.

Finansdepartementet fastsette 17. mars 2000 endringar i reglane om frådrag for ansvarleg kapital som er skoten inn i andre finansinstitusjonar, jf. forskrift 1. juni 1990 nr. 435 «Om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak».

Finansdepartementet fastsette 12. mai 2000 endringar i forskrift 25. mars 1991 nr. 214 «Om anvendelse av kapitaldekningsregler på konsolidert basis mv.» slik at det blir skilt mellom kapital som er skoten inn av forsikringsselskap og andre selskap i eit finanskonsern, ved bruk av frådragsreglane på konsolidert grunnlag.

Lov 17. desember 1999 nr. 95 «Om betalingssystemer m.v.» blei sett i kraft 14. april 2000. Samstundes fastsette Finansdepartementet overgangsreglar for verksemda til eksisterande interbank- og betalingssystem. Betalingssystemlova er omtala i Ot.prp. nr. 96 (1998-99) og i Kredittmeldinga 1999 pkt. 3.1.1.

Forskrift 1. juni 1990 nr. 432 «Om opplysningsplikt om priser og produktpakker» og forskrift 17. september 1998 nr. 892 «Om opplysningsplikt overfor låntakere og om avtale om lån til forbruker» blei oppheva av Finansdepartementet med verknad frå 1. juli 2000. Forskriftene blei frå same tid erstatta av reglar i den nye finansavtalelova.

Finansdepartementet fastsette 21. juni 2000 endringar i reglane om å rekne med postar utanom balansen i grunnlaget for kapitaldekning, jf. forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 «Om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak». Endringane gjeld 50 prosent risikoveging av garantiar og kausjonar for bustadlån i einskilde høve, og metodar for konvertering av derivat til kredittrisiko.

Finansdepartementet fastsette 22. juni 2000 forskrift «Om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko mv. for finansinstitusjoner og verdipapirforetak» (CAD-forskrifta). Forskrifta gjennomfører EØS-skyldnader etter direktiv 98/31/EF (CAD II-direktivet). Etter forskrifta kan kredittinstitusjonar og verdipapirføretak søkje Kredittilsynet om å nytte såkalla «Value-at-Risk»-modellar for å rekne ut kapitalkravet for marknadsrisiko. Forskrifta erstattar forskrift 17. juli 1996 nr. 780 om minstekrav til kapitaldekning for marknadsrisiko mv. for kredittinstitusjonar og verdipapirføretak.

Finansdepartementet fastsette 7. februar 2001 forskrift nr. 108 «Om grunnfondsbevis i sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper». Forskrifta gjer at moderniserte reglar for grunnfondsbevis i sparebankar òg er gjeldande for grunnfondsbevis som er utskrivne av gjensidige forsikringsselskap og kredittforeiningar.

Finansdepartementet reduserte 12. februar 2001 kravet til risikoveging av bustadlån mellom 60 og 80 prosent av verdigrunnlaget frå 100 til 50 prosent gjennom ei endring i forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 «Om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak». Samstundes blei retningslinene for Kredittilsynet si godkjenning av opptak av tidsgrensa ansvarleg lånekapital endra i retning av større fleksibilitet ut ifrå risikoforholda i kvar einskild institusjon.

Finansdepartementet fastsette 14. mai 2001 endringar i forskrift 1. juni 1990 nr. 435 «Om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak» slik at livsforsikringsselskap og pensjonskasser kan rekne med ein part av sine tilleggsavsetjingar som kjernekapital på kvartalsbasis.

3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

Lov om føretakspensjon blei sanksjonert 24. mars 2000 og tok til å gjelde 1. januar 2001. Ein syner til omtale av lova i Kredittmeldinga 1999.

Ved endringsforskrift av 11. mai 2000 nr. 428 blei forskrift 23. april 1997 nr. 377 «Om forsikringsselskapers kapitalforvaltning» justert og presisert på enkelte område. Mellom anna blei krav som eitt forsikringsselskap har på eit anna forsikringsselskap i samband med flytting, friteke frå regelen om høgste enkeltengasjement.

Finansdepartementet fremma i statsråd 16. juni 2000 Ot.prp. nr. 71 (1999-2000) «Om lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)». Proposisjonen byggjer på NOU 1999: 32 «Utkast til lov om innskuddspensjon», høyringa til denne, og på lov om føretakspensjon slik ho blei vedteken av Stortinget i mars 2000. Lova om innskotspensjon blei vedteken av Stortinget 31. oktober 2000, med visse endringar i høve til framlegget frå Regjeringa. Mellom anna blei framlegget til reglar om såkalla kollektivt investeringsval ikkje vedteke, jamfør omtale nedanfor om Ot.prp. nr. 42 (2000-2001). Lova om innskotspensjon tok til å gjelde frå 1. januar 2001, jamfør kongeleg resolusjon av 24. november 2000.

Lova om innskotspensjon inneheld reglar om opptening av alderspensjon og forvaltning av kapital som er ulike dei som gjeld i ytingsbaserte pensjonsordningar, jamfør lov om føretakspensjon. Mellom anna har medlemmen i ei ordning etter lova om innskotspensjon ikkje rett til ei bestemt pensjonsyting, men rett til årlege innskot og til heile eller delar av avkastninga på opparbeidd pensjonskapital. I oppsparingsperioden blir pensjonskapitalen forvalta som sparing utan dødsarv i ein bank, eit livsforsikringsselskap, eit forvaltningsselskap for verdipapirfond eller i ei pensjonskasse. Sluttar medlemmen i ordninga, blir det skrive ut eit pensjonskapitalbevis. Beviset utgjer eit eige rettsforhold mellom kravshavar og institusjonen som forvaltar midlane knytte til pensjonskapitalbeviset, og kan overførast mellom ulike institusjonar på initiativ frå kravshavar. Pensjonskapitalen, også pensjonskapital knytt til pensjonskapitalbevis, er bunden fram til pensjonsalder, og skal deretter utbetalast i årlege ratar i minst ti år. Når kravshavar har nådd pensjonsalder, kan pensjonskapitalen konverterast til ei pensjonsforsikring med dødsarv.

Finansdepartementet fastsette 16. juni 2000 endringar i forskrift 19. februar 1993 nr. 117 «Om pensjonskasser og pensjonsfond». Dette inneber at pensjonskassene har plikt til å melde frå om vedtektsendringar, som erstatning for og forenkling av tidlegare prosedyre då Kredittilsynet skulle godkjenne vedtektsendringane. Vedtektene til nye pensjonskasser skal framleis godkjennast av Kredittilsynet. Vidare blir det stilt krav om at det skal liggje ved erklæring både frå advokat og ansvarleg aktuar når vedtekter og vedtektsendringar blir sende inn til Kredittilsynet.

Finansdepartementet fastsette 14. juli 2000 endring av forskrift 22. september 1995 nr. 827 «Om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m» § 10 nr. 1. Heile § 3 i forskrift 21. november 1989 nr. 1167 «Om fordeling av kostnader, tap, inntekter, fond mv. mellom forsikringsselskap i konsernforhold og mellom bransjar og kontrakter i forsikringsselskaper», og ikkje berre § 3 andre ledd som tidlegare, gjeld no for den verksemda utanlandske forsikringsselskap driv i Noreg. Dette inneber blant anna at livsforsikringsselskap ikkje kan krevje særskilt gebyr for gjenkjøp av forsikringar.

Kredittilsynet fastsette 25. september 2000 forskrift nr. 979 «Om tilleggsavsetninger i livsforsikringsselskaper». Forskrifta vidarefører i hovudsak tidlegare fastsette retningsliner, men har ein ny regel som gjer at forsikringsselskapa skal føre attende midlar til kundane når tilleggsavsetjingane kjem over eit fastsett nivå.

Regjeringa fremma i Ot.prp. nr. 1 (2000-2001) forslag om ein reduksjon av det beløpet føretaket kan få trekkje frå inntekta si, når føretaket betaler inn til premiefond i ei pensjonsordning etter lov om føretakspensjon. Forslaget omfatta òg retten til å få trekt frå innbetaling til premiefond til ei TPES-ordning, så lenge innbetalinga skjer innanfor den overgangsperioden som følgjer av overgangsreglane i lov om føretakspensjon. Forslaget er teke inn i lov om føretakspensjon og lov om innskotspensjon, og tok til å gjelde saman med resten av lovene.

Finansdepartementet fremma i statsråd 17. november 2000 Ot.prp. nr. 20 (2000-2001) «Om lov om endringer i lov om foretakspensjon m.v.». Proposisjonen inneheld forslag til reglar om eingongsbetalt føretakspensjon og investeringsval for premiereserve knytt til alderspensjon i ytingsbaserte ordningar. Framlegget bygde på NOU 2000: 13 «Årlig kjøp av ferdig betalt alderspensjon - Innskuddssikret foretakspensjon» og høyringsmerknadene til denne. I tillegg blei det ved utforminga av endringslova teke omsyn til at Stortinget sitt vedtak til lov om innskotspensjon på nokre punkt var ulikt det forslag Regjeringa la fram i Ot.prp. nr. 71 (1999-2000) «Om lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold». Det blei til dømes ikkje fremma forslag om reglar om kollektivt investeringsval for ordningar med eingongsbetalt føretakspensjon, sjølv om det i NOU 1999:13 var utarbeidd utkast til slike reglar. Lov om endringar i lov om føretakspensjon m.v. blei vedteken av Stortinget 18. desember 2000. Endringslova tok til å gjelde frå 1. januar 2001, jamfør kongeleg resolusjon av 21. desember 2000.

Finansdepartementet fastsette 1. desember 2000 forskrift nr. 1212 «Til lov av 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon». Forskrifta gir mellom anna utfyllande reglar om pensjonsalder, samanslåing av fripolisar og overgangsreglar. Ved endringsforskrift av 22. desember 2000 nr. 1414 blei det lagt til reglar om parallelle pensjonsordningar og lukking av eksisterande føretakspensjonsordning ved overgang til innskotspensjon eller eingongsbetalt pensjon.

Finansdepartementet fastsette 20. desember 2000 endring av forskrift 27. november 1991 nr. 757 «Om rett til overføring av oppsamlede midler knyttet til kollektiv eller individuell livs- eller pensjonsforsikring.» Forskriftsendringa inneber at når ein kunde vil flytte forsikringa si frå Kommunal Landspensjonskasse (KLP), så gjeld dei same reglane for overføring av midlar som i andre livsforsikringsselskap. Før forskriftsendringa kunne midlane gå direkte til premiefondet dersom ein kunde flytte frå KLP, og kunne såleis bli brukte til premiebetaling. Etter forskriftsendringa skal ein overføre midlar som gjeld kursreserve, til tilleggsavsetjingar i staden for til premiefondet.

Finansdepartementet fastsette ved forskrift 20. desember 2000 nr. 1328 eit mellombels unntak frå minstekravet til eigenkapital for GIEK Kredittforsikring AS, fram til stortingsløyvet er overført til GIEK Kredittforsikring AS.

Finansdepartementet fastsette 22. desember 2000 forskrift nr. 1413 «Til lov av 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)». Forskrifta gjeld reglar om krav om informasjon til arbeidstakarar, fordeling av avkastning mellom føretak og medlemmer, parallelle pensjonsordningar, grenser for maksimale innskot og utfyllande reglar om pensjonsalder. Ved endringsforskrift av 29. desember 2000 nr. 1418 blei det lagt til reglar om flytting av midlar knytte til innskotspensjon. Forskrifta tok til å gjelde samtidig med føretakspensjonslova.

Finansdepartementet fastsette 22. desember 2000 endringar i ei rekkje forskrifter til forsikringsverksemdslova. Bakgrunnen for endringane var den nye lova om innskotspensjon i arbeidsforhold. Ved endring i forskrift 18. september 1995 nr. 797 «Om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling» blei klassen kapitaliseringsprodukt utvida til å omfatte innskotspensjonsordningar. Klassedefinisjonen blei samstundes gitt ei kvalitativ utforming utan eksplisitt krav til den avkastningsgarantien som må vere oppfylt. Finansdepartementet fastsette òg ei rekkje meir tekniske endringar i forskrift 23. april 1997 nr. 377 «Om forsikringsselskapers kapitalforvaltning», forskrift 21. november 1989 nr. 1170 «Om forvaltning og bruk av midler i premie- og pensjonsreguleringsfond», forskrift 27. november 1991 nr. 757 «Om rett til overføring av oppsamlede midler knyttet til kollektiv eller individuell livs- eller pensjonsforsikring» og forskrift 19. februar 1993 nr. 117 «Om forsikringsvirksomhetslovens anvendelse på pensjonskasser og pensjonsfond». Formålet med desse forskriftsendringane var å tilpasse forskriftene til ny lov om innskotspensjon.

Finansdepartementet fremma i statsråd 2. mars 2001 Ot.prp. nr. 42 (2000-2001) «Om lov om endring i lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold og i lov om foretakspensjon». Lovforslaget omhandla to separate forhold. For det første foreslo departementet reglar slik at midlar knytte til alderspensjon i ordningar oppretta etter lov om innskotspensjon og for ordningar med eingongsbetalt alderspensjon kan forvaltast med kollektivt investeringsval. Lovforslaget var på dette punkt ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om å be Regjeringa fremme nytt forslag til slike reglar, jamfør Innst. O. nr. 2 (2000-2001) «Om lov om foretakspensjon» og Innst. O. nr. 2 (2000-2001) «Om lov om innskuddspensjon». Lovforslaget inneheld i tillegg forslag til endra føresegner i lov om føretakspensjon slik at premiereserve for uførepensjon, premiefritak ved uførleik og etterlatnepensjon - pensjonar som i alle høve er ytingsbaserte pensjonar - skulle kunne forvaltast med investeringsval for føretaket. «Lov om endring i lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold og i lov om foretakspensjon» blei vedteken av Stortinget 7. juni 2001 og tok til å gjelde frå 1. januar 2001, jamfør kongeleg resolusjon av 24. november 2000.

Finansdepartementet fastsette 26. april 2001 endringar i forskrift 19. mai 1995 nr. 481 «Om beregning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske livsforsikringsselskaper». Forskriftsendringa var ei teknisk justering for å ta omsyn til uføreforsikringar i fondsforsikringsselskap.

Regjeringa fremma 27. april 2001 Ot.prp. nr. 78 (2000-2001) «Om lov om endringer i innskuddspensjonsloven, lov om foretakspensjon og enkelte andre lover (parallelle ordninger mv.)» for å ivareta merknader frå Stortinget, jf. Innst. O. nr. 2 (2000-2001), mellom anna knytt til utforminga av årlege innskot i ei innskotspensjonsordning, høve til å ha parallelle pensjonsordningar og høve til å lukke ytingsbasert føretakspensjon ved overgang til innskotspensjonsordning. Det blei også gitt ei vurdering av om det er mogleg å samanlikne innskots- og ytingsordningar, og dessutan ei vurdering av kombinerte ordningar. Sjå lov av 15. juni nr. 41 «Om endringer i innskuddspensjonsloven, lov om foretakspensjon og enkelte andre lover (parallelle ordninger mv.)». Reglar om parallelle ordningar i forskrift av 22. desember 2000 nr. 1413 til lov om innskotspensjon i arbeidsforhold og reglar om parallelle ordningar og lukking gitt i forskrift av 1. desember 2000 nr. 1212 til lov om føretakspensjon har med dette blitt erstatta av lovreglar.

3.1.3 Verdipapirhandel

Finansdepartementet fremma 16. juni 2000 forslag om ny børslov i Ot.prp. nr. 73 (1999-2000). Ein viser til omtale i Kredittmeldinga 1999. Lova blei sanksjonert 17. november 2000 og sett i kraft 31. mars 2001. Etter børslova er Kredittilsynet tilsynsorgan for børsar og autoriserte marknadsplassar.

Som følgje av at børslova blei vedteken, blei det samstundes vedteke endringar i andre lover, mellom anna i lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova), lov av 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet for kredittinstitusjonar, forsikringsselskap og verdipapirhandel m.v. (kredittilsynslova) og lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar (finansieringsverksemdslova). Endringane i verdipapirhandellova inneber mellom anna at ved tilbod som gjeld verdipapir som ikkje er børsnoterte, og der det heller ikkje er søkt om at dei skal bli det, skal prospektet sendast til Føretaksregisteret før offentleggjering, jf. verdipapirhandellova § 5-8, og om retten tilsette i Folketrygdfondet har til å ta del i avgjerder om kjøp, sal eller teikning av finansielle instrument, jf. verdipapirhandellova § 2a-4. Endringane tok til å gjelde frå 31. mars 2001.

I samband med at børslova blei vedteken, fastsette Finansdepartementet ei rekkje nye forskrifter eller endringar i eksisterande forskrifter:

  • Forskrift 30. mars 2001 nr. 290 «Om ikrafttredelse og overgangsbestemmelser til lov av 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet m.m. (børsloven)».

  • Forskrift 30. mars 2001 nr. 319 «Om markedsovervåkning». Forskrifta skal mellom anna sørgje for at overvakinga av marknaden ved børs og autorisert marknadsplass er organisert slik at ho på ein tilfredsstillande måte sikrar at selskap som skriv ut aksjar og medlemmer, følgjer dei åtferds-, opplysnings- og rapporteringsreglane som følgjer av lov, forskrift og dei reglar og forretningsvilkår som gjeld ved børsen eller den autoriserte marknadsplassen.

  • Forskrift 30. mars 2001 nr. 323 «Om omdannelse av Oslo Børs». Den nye børslova krev at børs skal vere organisert som allmennaksjeselskap. Forskrifta gjeld avviklinga av den sjølveigande institusjonen Oslo Børs og overføringa av verdiane i Oslo Børs til det nystifta allmennaksjeselskapet.

  • Forskrift 30. mars 2001 nr. 324 «Om habilitetskrav for ansatte ved børs og autorisert markedsplass, samt om ansattes, tillitsvalgtes og deres nærståendes handel med finansielle instrumenter». Forskrifta handlar om tilsette på børsen eller tilsette i føretak med løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass, og regulerer deira høve til å ha styreverv eller attåtyrke i selskap som har finansielle instrument opptekne til notering og handel på vedkomande børs eller autoriserte marknadsplass. Vidare regulerer forskrifta tilsettes høve til å handle i finansielle instrument.

  • Forskrift 30. mars 2001 nr. 325 «Om unntak fra børsers og autoriserte markedsplassers taushetsplikt». Forskrifta inneheld unntak frå teieplikta for tillitsvalde, tilsette og revisor ved børs og autorisert marknadsplass som følgjer av børslova, og på kva for vilkår opplysningar kan utleverast.

  • Forskrift 30. mars 2001 nr. 326 om endring av børsforskrift av 17. januar 1994 nr. 30. Endringane var naudsynte som følgje av den nye organiseringa av børsverksemd som følgjer av børslova. Mellom anna blei kompetanse som tidlegare låg til børsdirektøren eller børsstyret, lagd til sjølve børsen .

  • Forskrift 2. april 2001 nr. 327 om endring av forskrift 7. november 1997 nr. 1151 «Om krav til opplysninger i prospekt ved offentlig tilbud om tegning eller kjøp av omsettelige verdipapirer».

  • Forskrift 2. april 2001 nr. 328 om endring av forskrift 7. november 1997 nr. 1150 «Om samordning av prospektkrav ved offentlig tilbud om tegning eller kjøp av omsettelige verdipapirer i flere EØS-stater». Forskrifta inkluderer Foretaksregisteret som myndigheit i høve til slike prospekt som er nemnde i verdipapirhandellova § 5-8.

  • Forskrift 2. april 2001 nr. 364 «Om kontrollkomité for børser». Forskrifta regulerer mellom anna val av kontrollkomité, krav til medlemmene i kontrollkomitéen, og kva for oppgåver komiteen har.

  • Forskrift 2. april 2001 nr. 366 om endring av forskrift 20. juni 1997 nr. 1057 «Om klargjøring av kontrollansvar, dokumentasjon og bekreftelse av den interne kontroll» og forskrift 2. april 2001 nr. 367 om endring av forskrift 16. desember 1992 nr. 1157 «Om bruk av informasjonsteknologi (IT)». Begge endringane inneber at virkeområdet til forskrifta blir utvida slik at børsar og autoriserte marknadsplassar er omfatta av forskriftene.

I samband med Ot.prp. nr. 78 (2000-2001) fremma Finansdepartementet òg forslag om at det må bli høve til å gi forskrifter om avgrensingar for kredittinstitusjonar når det gjeld å bruke opplysningar om sikringsordningar i marknadsføringa. Slike reglar kan vere naudsynte for å fylle plikter etter EØS-avtalen. Endringar i finansieringsverksemdslova i samsvar med forslaget blei sanksjonerte 17. november 2000 og tok til å gjelde 31. mars 2001. Heimelen er førebels ikkje nytta.

Verdipapirsentrallovutvalet si innstilling i NOU 2000: 10 «Lov om registrering av finansielle instrumenter» blei send på høring 23. juni 2000 med frist for merknader 23. september 2000. Saka er òg omtala i Kredittmeldinga for 1999. Saka er til behandling i departementet.

Finansdepartementet fastsette i forskrift 21. desember 2000 endringar i forskrift av 25. oktober 1985 nr. 3040 «Om oppnevning og sammensetning av Verdipapirsentralens representantskap».

Finansdepartementet fastsette i forskrift 2. februar 2001 endringar i forskrift av 14. oktober 1996 nr. 985 «Om startkapital for verdipapirforetak», med heimel i verdipapirhandellova § 8-9, som følgje av ny rekneskapslov.

Finansdepartementet fastsette i forskrift 14. februar 2001 endringar i forskrift av 15. desember 1997 nr. 1307 «Om krav til garanti ved fremsettelse av pliktig tilbud», med heimel i verdipapirhandellova § 4-10. Forskriftsendringane omfattar mellom anna endringar i krav til garantisten og garantibeløpet.

Finansdepartementet fremma i Ot.prp. nr. 53 (2000-2001) forslag til lov om endringar i verdipapirhandellova (om regulering av handel med varederivat) i statsråd 30. mars 2001. Proposisjonen byggjer på varederivatutvalet si innstilling i NOU 1999:29 og høyringa til denne. Lova blei sanksjonert 15. juni 2001 og tek til å gjelde når Kongen bestemmer.

Formålet med lova er å leggje til rette for sikker, ordna og effektiv handel med varederivat i Noreg. I tillegg er det eit mål å leggje til rette for at slik verksemd kan drivast i Noreg. Kraftderivatmarknaden er for tida den einaste varederivatmarknaden med marknadsplass i Noreg.

Endringslova inneber for det første at «varederivat» blir definert som eit finansielt instrument i verdipapirhandellova, på lik line med for eksempel aksjar og derivat baserte på aksjar. Det er viktige forskjellar mellom varederivatmarknader og verdipapirmarknader. Det blei derfor ikkje foreslått å gjere alle reglane som gjeld i verdipapirmarknaden, gjeldande i varederivatmarknaden. For det andre inneber lova at enkelte av dei alminnelege handelsreglane ved handel i verdipapirmarknaden skal gjelde ved handel i varederivatmarknaden. Dette inneber mellom anna at investorar og andre må unngå urimelege forretningsmetodar og marknadsmanipulasjon. Forbodet mot innsidehandel blir ikkje gjort direkte gjeldande i lova. For det tredje pålegg lova enkelte plikter for føretak som opptrer som mellommenn i varederivatmarknaden. Slike føretak må mellom anna overhalde lovreglar om god forretningsskikk. Lova inneber ikkje ei generell konsesjonsplikt for slike mellommenn, sjølv om ei slik konsesjonsplikt gjeld for mellommenn i verdipapirmarknaden. For det fjerde inneber lova at marknadsplassar for varederivat skal kunne søkje om konsesjon som børs eller autorisert marknadsplass etter reglane i børslova. Dette inneber mellom anna at Nord Pool ASA kan søkje om børskonsesjon. Lova inneheld også lovreglar om oppgjer, registrering og motrekning av varederivat. Departementet foreslo at varederivat som blei gjorde opp under medverknad av ein oppgjerssentral, skulle kunne motreknast, etter reglane i verdipapirhandellova kapittel 10. Stortinget vedtok å innføre eit generelt høve til motrekning for varederivat.

Eit framlegg til endringar i innsidereglane i verdipapirhandellova blei sendt over til Finansdepartmentet frå Kredittilsynet i januar 2000. Finansdepartementet fremma 27. april 2001 Ot.prp. nr. 80 (2000-2001) om lov om endringar i lov 19. juni 1997 nr. 79 «Om verdipapirhandel (tiltak mot ulovlig innsidehandel mv.)». Lova blei sanksjonert 15. juni 2001 og tok til å gjelde 1. juli 2001. Endringa tek sikte på å effektivisere, klargjere og skjerpe forbodet mot ulovleg innsidehandel. Departementet vil følgje opp føresetnaden frå Stortinget, som gjekk ut på at ein må vurdere nærare administrative sanksjonar ved brot på meldeplikta etter lova § 3-1 og § 3-3.

Kredittilsynet har gjort framlegg til endringar i verdipapirfondlova, sjå mellom anna Kredittmeldinga 1999. Finansdepartementet fremma 1. juni 2001 forslag om lov om endringar i verdipapirfondlova m.v., jf. Ot.prp. nr. 98 (2000-2001). Lova blei sanksjonert 15. juni 2001, og delar av lova tok til å gjelde frå 1. august 2001. Lova tek sikte på å modernisere og oppdatere det rettslege rammeverket for verdipapirfond. Mellom anna blir det lagt vekt på at det bør vere like rammevilkår på område som kan samanliknast, både i høve til dei som tilbyr konkurrerande internasjonale verdipapirfondprodukt, og i høve til relaterte nasjonale marknader. Investeringsområdet for verdipapirfond blir til ein viss grad utvida, og det blir opna for å tilby særskilde fondsprodukt. I forlenginga av dette gjeld auka krav til informasjon til investorane.

Finansdepartementet fremma 1. juni 2001 Ot.prp. nr. 101 (2000-2001) med forslag til endringar i finansieringsverksemdlova. Forslaget opnar for at staten kan eige meir enn 10 prosent av aksjekapitalen i ein finansinstitusjon som tilbyr særlege finansielle tenester. Bakgrunnen er forslag i St.prp. nr. 84 (2000-2001) om at staten skal gå inn som eigar av 15 prosent av aksjane i Eksportfinans ASA. Endringslova blei sanksjonert 15. juni 2001 og tok til å gjelde same dag.

3.1.4 Rekneskap og revisjon

Finansdepartementet oppheva i forskrift 2. februar 2000 (i kraft 15. februar) forskrift 12. desember 1988 nr. 3916 «Om konsernregnskap for konsern hvor livsforsikringsselskap inngår i konsernet». Rekneskapsforskriftene for forsikringsselskap og bankar frå 16. desember 1998 har einskilde reglar som har verknad for slike konsernrekneskapar.

Finansdepartementet fastsette 22. februar 2000 justeringar av reglane om sikring av revisor sitt ansvar i forskrift 25. juni 1999 nr. 712 «Om revisjon og revisorer». Endringane blei sette i kraft straks.

Kredittilsynet fastsette 23. februar 2000 forskrift nr. 198 «Om beregning av virkelig verdi for bygninger og andre faste eiendommer for livsforsikringsselskaper og pensjonskasser». Forskrifta blei sett i kraft straks. Det blei gjort einskilde justeringar i forskrifta ved ei forskriftsendring 2. mai 2001.

I samband med lovendringane om utsetjing av plikta til å nytte eigenkapitalmetoden fastsette Finansdepartementet 9. mars og 22. desember 2000 endringar i reglane om dette i rekneskapsforskriftene for forsikringsselskap og bankar. Utsetjinga for rekneskapsåret 1999 blei ved endringa 9. mars gjort gjeldande òg for livsforsikringsselskap. For andre finansinstitusjonar gjeld utsetjingane fullt ut utan at det var naudsynt med forskriftsendringar. Det blei presisert i rekneskapsforskrifta for bankar at utsetjingane òg gjeld for delårsrekneskapane. Ved endringa 22. desember blei eigenkapitalmetoden på ny gjord obligatorisk for livsforsikringsselskap ut frå omsynet til den særskilde delinga av overskotet mellom kundane og eigarane.

Finansdepartementet fastsette 10. mars 2000 forskrift nr. 218 «Om summarisk omregning av registrerte regnskapsopplysninger i utenlandsk valuta til norsk valuta for føring i årsregnskapet i henhold til regnskapsloven § 3-4». Forskrifta gjer eit avgrensa unntak frå kravet om at norske kroner skal vere rekneskapsvaluta. Forskrifta blei sett i kraft straks.

Forskrift 16. desember 1998 nr. 1238 «Om adgang til å føre konsernregnskapet på annet språk enn norsk» slo ved ein inkurie fast at konsernrekneskapen kunne vere på svensk, dansk eller engelsk i tillegg til norsk. Meininga har vore å godta desse språka, som ei lemping av krav om norsk språk i konsernrekneskap, for at dotterselskap, som sjølv er morselskap, skal få fritak frå plikt til å utarbeide underkonsernrekneskap. Finansdepartementet fastsette 14. juli 2000 endringar i forskrifta i samsvar med dette. Forskrifta fekk tittelen «Forskrift om unntak fra konsernregnskapsplikt for morselskap i underkonsern». Endringa blei sett i kraft straks. Det blei fastsett ein overgangsregel om at høvet til å føre konsernrekneskapen på svensk, dansk eller engelsk likevel gjeld for rekneskapsår påbegynte før 31. desember 2000.

Finansdepartementet fastsette 18. juli 2000 om endring i forskrift 16. desember 1998 nr. 1234 «Om innsending av årsregnskap m.v. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskap m.v.». Endringa innebar mellom anna at det for rekneskapsåret 1999 ikkje skulle betalast forseinkingsgebyr etter rekneskapslova § 8-3 dersom dokumenta som er nemnde i rekneskapslova § 8-2 første ledd og i § 1-2 i forskrifta, blei sende til Rekneskapsregisteret før 1. september 2000, og dokumenta ikkje hadde manglar som gjorde at dei ikkje kunne godkjennast som årsrekneskap o.l. Endringa tok til å gjelde frå 31. juli 2000.

Finansdepartementet fremma 3. november 2000 Ot.prp. nr. 13 (2000-2001) «Om lov om endring i lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap m.v. (regnskapsloven) samt endringer i visse andre lover». Stortinget vedtok lovendringa slik at plikta til å nytte bokføringsreglane i den nye rekneskapslova blei utsett på ubestemt tid. Plikta til å nytte eigenkapitalmetoden blei ytterlegare utsett for rekneskapsåra til og med 2003. Det blei fastsett justeringar i plikta til å setje av til eit fond for vurderingsforskjellar og i notekrav for rekneskapspliktig som er dotterselskap. Vidare oppheva ein kravet som einskilde lover har hatt om at revisor skal vere statsautorisert. Lovendringa blei sanksjonert 21. desember 2000 og sett i kraft frå 1. januar 2001.

I samband med lovendringa om utsett plikt til å nytte bokføringsreglane etter den nye rekneskapslova fastsette Finansdepartementet 15. januar 2001 endringar i forskrift 16. desember 1998 nr. 1235 «Om bruk av bokføringsregler i lov om regnskapsplikt mv. og enkelte andre lover». Endringane presiserer høvet til framleis å nytte gamle og no oppheva bokføringsreglar. Endringane blei sette i kraft straks.

Finansdepartementet fastsette 27. februar 2001 forskrift nr. 325 «Om årsregnskap m.m. for pensjonskasser». Forskrifta erstatta ei mellombels forskrift om at rekneskapsreglane for livsforsikringsselskap galdt tilsvarande for pensjonskasser. Forskrifta blei sett i kraft frå 1. januar 2001. Det blei fastsett nokre justeringar i forskrifta 2. mai 2001.

Kredittilsynet fastsette 21. mars 2001 justeringar i utdannings- og praksiskrava i forskrift 8. februar 1999 nr. 196 «Om autorisasjon av regnskapsførere m.v.».

Finansdepartementet fastsette 24. april 2001 forskrift nr. 433 «Om gjennomføring av praktisk prøve for revisorer». Forskrifta har reglar om eksamen o.a. Forskrifta blei sett i kraft straks.

3.2 Oversikt over viktige forvaltningssaker

Finansdepartementet gav 25. februar 2000 Skandia løyve til å ha dotterselskap i Noreg, og dessutan godkjenning av fisjon og endring i konsernstrukturen i Vesta-konsernet.

Finansdepartementet gav 9. mars 2000 DnB løyve til å bruke fondsobligasjonar (Perpetual Capital Securities) som kjernekapital. Vidare gav Finansdepartementet 30. mars 2000 Sparebanken NOR løyve til å bruke fondsobligasjonar som kjernekapital.

Finansdepartementet gav 6. april 2000 Tryg-Baltica AS løyve til å overta Vesta Forsikring AS og Skandia LTS Holding Norge AS.

Finansdepartementet gav 28. april 2000 Eika-Gruppen AS unntak frå eigaravgrensingsregelen i finansieringsverksemdslova, slik at Eika Kort AS kan ha ein eigardel på 35 prosent i Sparebank 1 Kredittkort AS.

Finansdepartementet gav 28. april 2000 SpareBank 1 Gruppen AS unntak frå eigaravgrensingsregelen i finansieringsverksemdslova, slik at SpareBank 1 Gruppen AS kan eige 65 prosent av aksjane i SpareBank 1 Kredittkort AS. Vidare godkjende Finansdepartementet endringar i organiseringa av finanskonsernet SpareBank 1 Gruppen AS som følgje av det nemnde unntaket.

Finansdepartementet gav 23. mai 2000 løyve til at Stiftelsen UNI kunne bli avvikla som stifting etter finansieringsverksemdslova.

Finansdepartementet gav 30. mai 2000 Oslo Pensjonskasse løyve til å drive verksemd innanfor livsforsikringsklasse I b og c og klasse V. Finansdepartementet gjorde unntak frå eigaravgrensingsregelen i finansieringsverksemdslova slik at Oslo kommune kan eige alle aksjane i Oslo Pensjonskasse.

Finansdepartementet gav 13. juni 2000 SpareBank 1 Gruppen AS løyve til å eige 100 prosent av aksjane i Vår Gruppen ASA. I samband med dette blir det gitt ei rekkje løyve.

Finansdepartementet gav 16. juni 2000 Bayerische Rückversicherung Norge AS løyve til å drive direkte skadeforsikring og gjenforsikring i Noreg i alle forsikringsklassar. Departementet gav samstundes Rück Treasury & Management (Luxembourg) S.A. løyve til å eige 100 prosent av aksjane i Bayerische Rückversicherung Norge AS.

Finansdepartementet gav 26. juni 2000 mellombels løyve til at Netcom GSM AS kan drive finansieringsverksemd. Det blir samstundes gitt dispensasjon frå reglar i finansieringsverksemdslova og sett vilkår for løyvet.

Finansdepartementet gav 28. juni 2000 Storebrand ASA løyve til å tileigne seg inntil 50 prosent av aksjane i livsforsikringsselskapet Euroben Life and Pension Limited i Irland.

Finansdepartementet gav 7. juli 2000 løyve til at Kommunal Landspensjonskasse opprettar eit dotterselskap i Danmark som skal vere ått av KLP eiendom AS. Det blir samtidig gitt løyve for Kommunal Landspensjonskasse til å yte eit lån på inntil 500 millionar kroner til det nyoppretta dotterselskapet.

Finansdepartementet gav 30. august 2000 Finansbanken ASA løyve til å kjøpe 100 prosent av aksjane i Den Københavnske Bank A/S. Finansdepartementet har godkjent endringa i Storebrand-konsernet som kjøpet fører med seg.

Ved kongeleg resolusjon 29. september 2000 blei det gjort vedtak om å gi Privat-banken ASA løyve til å drive bankverksemd, jf. lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbankar (forretningsbankloven) § 8 første ledd.

Finansdepartementet gav 6. oktober 2000 løyve til etablering av Jernbanepersonalets Sparebank og konserngruppa Jernbanepersonalets Bank og Forsikring. Jernbanepersonalets Sparebank blir medlem av Sparebankenes sikringsfond.

Finansdepartementet gav 9. oktober 2000 løyve til at Fondsforsikringsselskapet Vesta Link AS kan drive livsforsikringsverksemd med investeringsval og godkjenne endringar i organiseringa av Vesta-konsernet.

Finansdepartementet vurderte i den såkalla «Nordstjernen-saken» spørsmålet om ein fann grunnlag for konsolidering av eigardelar i Storebrand ASA, jf. finansieringsverksemdslova § 2-6. Likt med fleirtalet i styret for Kredittilsynet kom departementet 25. oktober 2000 til at ein ikkje fann tilstrekkeleg grunnlag for konsolidering ut frå det faktum Kredittilsynet hadde lagt til grunn for si vurdering.

Finansdepartementet godkjende 2. november 2000 vedtektsendringar for Forretningsbankenes Sikringsfond. Endringane omfatta visse føresegner om kapitalforvaltninga og valkomité. Vedtektene opnar etter dette for at sikringsfondet kan plassere midlar også i finansielle instrument som har tilsvarande likviditet som børsnoterte obligasjonar og sertifikat.

Finansdepartementet godkjende 2. november 2000 også vedtektsendringar for Sparebankenes Sikringsfond slik at minst ein tredjedel av midlane til sikringsfondet skal plasserast i stats- og statsgaranterte obligasjonar og statssertifikat, mot tidlegare minst ein halvpart.

Kredittilsynet gav 9. november 2000 DnB Finans AS løyve til å kjøpe alle aksjane i Telenor Finans AS. Finansdepartementet stilte som vilkår at Telenor Finans ville bli avvikla eller fusjonert med DnB Finans AS innan seks månader frå løyvet blei gitt.

Etter børslova kapittel 10 med føresegner har Oslo Børs ein frist på inntil to år på å omdanne seg frå sjølvått institusjon til allmennaksjeselskap. Den sjølvåtte institusjonen har òg ein frist på to år til å avvikle seg. Etter same kapittel i børslova skal aksjane i det nystifta allmennaksjeselskapet seljast, og salsprovenyet, med frådrag for utgifter knytte til salet, skal overførast til staten. Stortinget fatta 30. november 2000 følgjande vedtak (vedtak nr. 46):

«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med RNB 2001 legge fram forslag til oppretting og omfang av et fond for å fremme økt kunnskap om kapitaldannelse, øke bevisstheten og innsikten rundt næringslivsetikk og også forskning på disse områdene.»

Da salet av aksjane i Oslo Børs blei gjort i mai 2001, var det ikkje mogleg for Regjeringa å leggje fram forslag om oppretting av eit fond i samband med RNB 2001. Den delen av prospektet for sal av aksjane i Oslo Børs som gjaldt tildelingskriteria, blei lagd fram for Finansdepartementet før prospektet blei godkjent av børsstyret, jf. forskrift «Om omdannelse av Oslo Børs» § 5 andre stykket. Salet av aksjane gav eit bruttoproveny på kr. 475.005.141. Nettoprovenyet etter frådrag for kostnader i samband med aksjesalet til saman kr. 450.196.723, er i tråd med føresetnadene for omdanninga overført frå Oslo Børs til staten. Finansdepartementet har i St.prp. nr. 1 (2001 2002) tilrådd at om lag ein femdel av netto salssum blir sett av til eit finansmarknadsfond. For nærare omtale av fondet viser ein til omtala i St.prp. nr. 1 (2001 2002).

Finansdepartementet gav 18. desember 2000 MeritaNordbanken Abp løyve til å tileigne seg alle aksjar i Christiania Bank og Kreditkasse ASA. Det blei sett vilkår for løyva (sjå nærare omtale i punkt 7.5).

Finansdepartementet gav 19. desember 2000 Lindorff Capital AS løyve til å drive finansieringsverksemd. Lindorff Holding AS fekk samtidig løyve til å vere morselskap i finanskonsern og til å eige alle aksjane i Lindorff Capital AS.

Finansdepartementet gav 20. desember 2000 GIEK Kredittforsikring AS løyve til å drive forsikringsverksemd. Det blei samtidig gitt løyve til at GIEK kan eige alle aksjane i GIEK Kredittforsikring AS. Løyvet byggjer på at Stortinget har gitt samtykke til å skilje ut delar av verksemda, og forholdet er tidlegare omtala i St.prp. nr. 61 (1999-2000) og i St.prp. nr. 1 (2000-2001).

Finansdepartementet gav 9. januar 2001 Storebrand Skadeforsikring AS løyve til å eige inntil 44 prosent av aksjane og stemme for inntil 50 prosent av stemmene i holdingselskapet If Skadeförsäkring Holding AB.

Ved kongeleg resolusjon 26. januar 2001 blei det gjort vedtak om å gi ACTA Bank ASA løyve til å drive bankverksemd, jf. forretningsbanklova.

Finansdepartementet gav 14. februar 2001 Oslo Børs løyve til å eige aksjar for nominelt 2 millionar danske kroner i selskapet Nordic Exchanges A/S, som eit ledd i samarbeidsavtale mellom OM Stockholmsbørsen AB (OMSB), Københavns Fondsbørs A/S (KF), Islands Fondsbørs og Oslo Børs (OB) (Norex-alliansen). I vedtaket blei det presisert at når den nye børslova trer i kraft, så skal Oslo Børs jamleg vurdere om verksemda i selskapet er av ein slik art at Oslo Børs eigarskap er i tråd med lova.

Ved kongeleg resolusjon 18. mai 2001 blei det gjort vedtak om å gi Bankia Bank ASA løyve til å drive bankverksemd, jf. forretningsbanklova.

Finansdepartementet gav 22. mai 2001 Gjensidige NOR Sparebank og Gjensidige NOR Spareforsikring avslag på klage om pålegg om endring av rekneskap.

Kredittilsynet har i 2000 trekt attende eitt løyve til å yte investeringstenester, medan 14 føretak har levert inn løyve sjølve. Ved utgangen av 2000 hadde Kredittilsynet tilsyn med 93 verdipapirføretak og 29 forvaltningsselskap for fond.

Kredittilsynet har i løpet av 2000 meldt tre saker til ØKOKRIM der det låg føre konkret mistanke om ulovleg innsidehandel. Dei fleste sakene er likevel knytte til brot på meldeplikta til primærinnsidarane overfor Oslo Børs ved eigne transaksjonar. 17 saker er her melde til ØKOKRIM.

Til forsida