St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

7 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 2000

7.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond («Bankinvesteringsfondet») blei oppretta ved eiga lov av 29. november 1991 med ein grunnkapital på 4 500 millionar kroner. Statens Bankinvesteringsfond har som formål å stille ansvarleg kapital til rådvelde for norske bankar med utgangspunkt i forretningsmessige vurderingar, men kan i særlege tilfelle tileigne seg aksjar og grunnfondsbevis frå Statens Banksikringsfond, eller overta ansvarlege lån frå Statens Banksikringsfond utan at forretningsmessige vurderingar ligg til grunn for kjøpet.

7.2 Styre og administrasjon i Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond er eit eige rettssubjekt. Fondet har eit eige styre og ein administrerande direktør. Før styret gjer vedtak om bruk av midlar eller avhending av aktiva, skal saka leggjast fram for Finansdepartementet skriftleg. Finansdepartementet kan i særlege tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Styret skal ha løyve til å uttale seg før Finansdepartementet gjer slike vedtak. Samansetjinga av styret i 2000 er vist i boks 7.1.

Boks 7.1 Styret i Statens Bankinvesteringsfond i 2000

Advokat Erik Keiserud, leiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Viseadministrerande direktør Anita Roarsen, medlem

Ordførar Elisabeth Nilsen, medlem

Advokat Endre Skjørestad, medlem

Ordførar Elisabeth Nilsen blei oppnemnd som ny styremedlem 14. juni 2000 etter likestillingsombod Anne Lise Ryel, som gjekk inn i stilling som statssekretær. Advokat Endre Skjørestad blei oppnemnd som ny styremedlem 16. juni 2000 etter sjeføkonom Stein Reegård, som slutta etter eige ønske.

Administrasjonen bestod i 2000 av tre personar. Siviløkonom Jan W. Hopland er administrerande direktør i fondet. I tillegg bruker fondet både utanlandske og norske rådgivarar for nærare definerte utgreiings- og rådgivingsoppgåver.

Årsmeldinga for arbeidet i Statens Bankinvesteringsfond i 2000 blei lagd fram av styret 15. februar 2000.

7.3 Rekneskap og balanse i 2000

Rekneskapen for 2000 viser eit årsresultat på 9 187,4 millionar kroner mot 2 776,0 millionar kroner i 1999. Forskjellen mellom dei to periodane kjem hovudsakleg av gevinsten ved salet av 191 millionar aksjar i Kreditkassen til MeritaNordbanken i desember 2000. I samsvar med forvaltningsavtalen mellom Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet, datert 12. januar 1995, har Bankinvesteringsfondet inntektsført 1,3 millionar kroner i forretningsførarhonorar i 2000. Sum renter av bankinnskot og kontolån er svakt redusert samanlikna med 1999 som følgje av ei noko lågare gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar. Derimot hadde fondet ei eingongsinntekt på 140,4 millionar kroner, svarande til tillagde renter i samband med salet av aksjar i Kreditkassen.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 2000.

Ved fusjonen mellom DnB og Postbanken mottok staten ved Finansdepartementet 138 157 895 aksjar, pålydande 10 kroner, i DnB. I desember 1999 vedtok Stortinget å overføre desse aksjane til Bankinvesteringsfondet, og vidare blei det vedteke at grunnkapitalen i Bankinvesteringsfondet skulle aukast tilsvarande marknadsverdien av aksjane på transaksjonstidspunktet. I slutten av januar 2000 overtok Bankinvesteringsfondet 138 157 895 aksjar til kurs 30,10 kroner per aksje, svarande til ein kapitalauke på 4 158 552 639,50 kroner. Bankinvesteringsfondet har etter dette 368 157 895 aksjar i DnB Holding ASA.

I desember 2000 selde Bankinvesteringsfondet heile behaldninga si på 191 millionar aksjar i Kreditkassen til kurs 49,00 kroner per aksje, svarande til ein brutto salsverdi på 9 359,0 millionar kroner. Bankinvesteringsfondet hadde ein rekneskapsmessig gevinst på ca. 7 750 millionar kroner.

Andre driftskostnader inkludert løn auka samanlikna med 1999. Det kjem hovudsakleg av at det blei brukt meir konsulentar i samband med vurdering av ulike strukturalternativ for DnB og Kreditkassen i perioden fram til juli 2000.

Marknadsverdien for Bankinvesteringsfondet si behaldning av aksjar i DnB utgjorde 17 524,3 millionar kroner per 31. desember 2000, noko som svarar til ein meirverdi på om lag 10 457,4 millionar kroner samanlikna med bokført verdi på same tidspunkt.

Heile årsoverskotet på 9 187 435 247 kroner er sett av som utbytte til staten.

Resultatet for porteføljen til Banksikringsfondet utgjer 183 millionar kroner, mot 140,4 millionar i 1999. Meirverdien i porteføljen utgjorde 3 910,4 millionar kroner per 31. desember 2000, mot 2 381,6 millionar ved førre årsskifte.

Verdipapirporteføljen som Bankinvesteringsfondet totalt forvaltar, hadde i 2000 eit samla nettoresultat på 9 370,4 millionar kroner etter frådrag av kostnader, mot 2 916,4 millionar året før.

Samla marknadsverdi for porteføljen Bankinvesteringsfondet forvaltar, utgjorde 22 474,7 millionar kroner per 31. desember 2000 etter sal av aksjar for 9,3 milliardar kroner, mot ein marknadsverdi på totalt 18 533 millionar kroner ved førre årsskifte. Total meirverdi i heile porteføljen utgjorde 14 367,8 millionar kroner ved årsskiftet, mot 12 986 millionar kroner ved utgangen av 1999.

Bankinvesteringsfondet har rekna ut kor stor avkastning staten har hatt på sitt engasjement i Bankinvesteringsfondet. Basert på realiserte kontantstraumar sidan etableringa i 1991, i tillegg til marknadsverdien på Bankinvesteringsfondet sine aksjar i DnB per 31. desember 2000, har staten oppnådd ei årleg avkastning (internrente) på ca. 24 prosent.

7.4 Verdiutvikling for aksjeporteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvalta i 2000

Oslo Børs Totalindeks hadde i 2000 ein nedgang på 1,7 prosent, som var ein mindre nedgang enn dei fleste andre aksjemarknader i verda. Norske finansaksjar hadde ei svært positiv kursutvikling i 2000, illustrert ved ein oppgang i Oslo Børs Finansindeks på 27,9 prosent. Den sterke kursoppgangen kom mellom anna av det auka bodet frå MeritaNordbanken på Kreditkassen, ei markant oppjustering av forventningane til innteninga og kursmåla for DnB i marknaden og stor interesse for finansaksjar generelt i eit elles uroleg børsår.

DnB-aksjen slutta i 2000 på kurs 47,60 kroner. Medrekna utbetalt utbytte på 1,75 kroner gav DnB såleis ei avkastning for året på 49,7 prosent. Tilsvarande var den samla avkastninga på Kreditkassen-aksjen 32,6 prosent. Det blei i 2000 omsett aksjar i DnB og Kreditkassen på Oslo Børs til ein verdi av høvesvis 11,9 og 43,9 milliardar kroner.

Ved utgangen av 2000 hadde Bankinvesteringsfondet ein eigardel i DnB med ein marknadsverdi på 17 488 millionar kroner. I tillegg til dette forvalta Bankinvesteringsfondet ein portefølje av aksjar i DnB for Statens Banksikringsfond med ein marknadsverdi på 4 940 millionar kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen Bankinvesteringsfondet forvalta per 31.12.00, var på 22 474,7 millionar kroner, jf. tabell 7.1.

Tabell 7.1 Eigardel og marknadsverdi i dei ulike bankane ved utgangen av 1999 og 2000

31.12.0031.12.99
(Beløp i mill. kroner)EigardelMarknadsverdiEigardelMarknadsverdi
DnB160,6 %22 474,742,9 %10 988,6
Kreditkassen0,0 %34,6 %7 544,5
Sum22 474,718 756,1

1 Eigardelen i Postbanken blei overført til Statens Bankinvesteringsfond 31. januar 2000

Kjelde: Kjelde: Statens Bankinvesteringsfond

7.5 Sal av aksjar i Kreditkassen

20. september 1999 sette MeritaNordbanken Plc (MeritaNordbanken) fram eit kontantbod på alle aksjar i Kreditkassen på kroner 44 per aksje. Tilbodsperioden var i utgangspunktet 28. september til 29. oktober 1999, men blei seinare utvida fleire gonger.

I brev 20. juni frå Finansdepartementet til Statens Bankinvesteringsfond (SBIF) bad departementet SBIF om å førebu eit sal av statens aksjar i Kreditkassen.

På dette grunnlaget gjekk Bankinvesteringsfondet straks i gang med å førebu aksjesalet gjennom ein bodprosess. Bankinvesteringsfondet kunngjorde at ein tok sikte på å gjennomføre bodprosessen innan utgangen av september 2000. SSSB og Fondsfinans blei engasjerte som rådgivarar og tilretteleggjarar for salet.

I samarbeid med rådgivarane tok Bankinvesteringsfondet kontakt med ei rekkje potensielle interessentar med tanke på å avklare interessa for Kreditkassen. Fleire av desse institusjonane blei seinare inviterte til å delta i ein strukturert og konfidensiell bodprosess. Basert på innleiande indikasjonar av interesse - inkludert både pris og andre kriterium - fekk så ei «short-list» av interessentar høve til å gjennomføre ein «due diligence» av Kreditkassen.

Den 22. august 2000 mottok Bankinvesteringsfondet eit brev frå Finansdepartementet der «Departementet ber om at foreleggelse av saken først skjer etter at statsbudsjettet er lagt fram. På denne måten vil det ikke kunne stilles spørsmål om staten har noen annen informasjon enn andre aktører i markedet.».

Informasjonen det blir vist til, gjaldt arbeid med forslag om skatte- og avgiftsforhold i statsbudsjettet, som kunne tenkjast å påverke aksjeverdiar. Brevet frå Finansdepartementet må også sjåast på bakgrunn av at det nokre dagar tidlegare var blitt kjent at statens sal av aksjar i Telenor ASA - av same årsak - var blitt utsett til etter framlegginga av statsbudsjettet. På bakgrunn av brevet frå Finansdepartementet kunngjorde Bankinvesteringsfondet i ei pressemelding at ein tok sikte på å gjennomføre salet av aksjar i Kreditkassen innan utgangen av oktober, jf. også Kredittmeldinga 1999.

I siste fasen av bodprosessen blei dei interessentane som var att, inviterte til å setje fram bindande kontantbod på aksjane i Kreditkassen. Kandidatane blei i tillegg til prisen bedne om å gjere greie for andre vesentlege kriterium for si interesse for Kreditkassen, så som finansiering, rentekompensasjon, modell for organisering og integrasjon av verksemda i Kreditkassen og eventuelle andre atterhald ved bodet.

I prosessen blei partane informerte om høgste bod, og fekk høve til å by over. Denne prosedyren blei følgd fram til berre eitt bod stod att, som det høgste. Bodprosessen enda med at MeritaNordbanken baud kroner 49 kontant for alle aksjane i Kreditkassen, eit bod ingen andre interessentar ville møte eller overgå. MeritaNordbanken auka dessutan satsen for rentekompensasjon i forhold til det opphavlege bodet.

Bodet på kroner 49 blei sett fram av MeritaNordbanken om kvelden den 13. oktober 2000. Det blei godkjent av styret i Bankinvesteringsfondet den 14. oktober og lagt fram for Finansdepartementet same dagen. Finansdepartementet hadde ikkje innvendingar og Bankinvesteringsfondet og MeritaNordbanken gjorde den endelege avtalen 15. oktober 2001. Den 16. oktober blei avtalen kunngjord, og det blei halde pressekonferanse i Oslo. Same dagen sa styret i Kreditkassen seg positive til det nye bodet frå MeritaNordbanken og rådde til at aksjonærane aksepterte.

MeritaNordbanken sette fram eit likelydande bod til alle aksjonærar i Kreditkassen. Teknisk sett blei dette gjort gjennom ei forlenging og justering av det bodet banken framleis hadde ståande på Kreditkassen - inkludert at bodprisen blei justert frå kroner 44 til kroner 49.

Bodet på kroner 49 verdsette Kreditkassen til kroner 27 017 millionar. Av dette stod Bankinvesteringsfondet sin aksjepost på 34,6 prosent for 9 359 millionar. I høve til det uteståande bodet frå MeritaNordbanken på kroner 44 representerte det nye bodet ein meirverdi på Kreditkassen på kroner 2 757 millionar. Meirverdien på dei statlege aksjane (før kostnader og rentekompensasjon) utgjorde 955 millionar kroner. Bankinvesteringsfondet hadde ein rekneskapsmessig gevinst på aksjeposten på ca. kroner 7 750 millionar.

Det nye bodet frå MeritaNordbanken blei godt motteke. Etter at akseptperioden gjekk ut 3. november, hadde banken fått aksept frå 98,7 prosent av aksjane i Kreditkassen (inkludert 10 prosent aksjar i eiga eige).

Den 18. desember gav Finansdepartementet MeritaNordbanken tilsegn om konsesjon for oppkjøp av Kreditkassen. Det viktigaste vilkåret departementet stilte for konsesjonen, var at Kreditkassen framleis skulle vere eit norsk finanskonsern under norsk tilsyn, og at omdanning til utanlandsk filial ikkje kunne skje utan godkjenning frå Finansdepartementet.

Med konsesjonstildelinga fall alle MeritaNordbankens atterhald ved oppkjøpet bort, og aksjonærar som hadde akseptert bodet frå banken, fekk fullt oppgjer den 28. desember 2000.

7.6 Sal av aksjar i Den norske Bank

I 1997 vedtok Stortinget at den statlege aksjeeiga i DnB og Kreditkassen skulle reduserast til ein tredel. Det blei sagt at aksjesala burde gjennomførast i 1998, med mindre særlege forretningsmessige tilhøve eller marknadstilhøva skulle tilseie seinare sal.

I mars 1998 melde Bankinvesteringsfondet såleis frå om at det var utnemnd rådgivarar for det planlagde samla nedsalet av aksjar i DnB. På grunnlag av utviklinga i aksjemarknadene planla Bankinvesteringsfondet å gjennomføre eit nedsal av aksjane i DnB i løpet av mai/juni 1998.

Vedtaket i styret og representantskapet i DnB 6. mai 1998 om at Finn A. Hvistendahl skulle gå av som konsernsjef og Svein Aaser tilsetjast som ny konsernsjef, medførte at salssyndikatet rådde Bankinvesteringsfondet til å utsetje salet av aksjar i DnB. Det internasjonale kursfallet på ettersommaren 1998 gjorde det naturleg å vente med eit nedsal til 1999, eller til forretnings- og marknadstilhøva låg betre til rette.

I mars 1999 innleidde DnB fusjonsforhandlingar med Postbanken, og fusjonen blei gjennomført 1. desember 1999. Bankinvesteringsfondet fann det ikkje naturleg å gjennomføre eit nedsal før fusjonsprosessen med Postbanken var avslutta.

Mandatet til å redusere den statlege eiga i DnB ned mot ein tredel blei stadfesta av Stortinget og regjeringa både i samband med fusjonen mellom DnB og Postbanken og i samband dei vurderingane som blei gjorde ved salet av aksjar i Kreditkassen til MeritaNordbanken, jamfør mellom anna St.meld. nr. 38 (1999-2000) «Om statens eierskap i Kreditkassen».

Etter at Bankinvesteringsfondet avtala sal av sine aksjar i Kreditkassen til MeritaNordbanken i oktober 2000, starta ein derfor arbeidet med å etablere eit nytt syndikat for sal av DnB-aksjar. I desember 2000 heldt Bankinvesteringsfondet møte med ei rekkje norske og internasjonale meklarhus som grunnlag for å etablere syndikatet. Den 18. januar 2001 kunngjorde Bankinvesteringsfondet at ein hadde utpeika Merrill Lynch International til å leie det globale syndikatet for nedsal av aksjar i DnB, medan DnB Markets hadde fått oppdraget med å leie det offentlege salet til publikum i Noreg. Med i det institusjonelle syndikatet var, i tillegg til Merrill Lynch, ABN Amro Alfred Berg, Carnegie, DnB Markets, ABG Securities og Fondsfinans, medan Christiania Markets, Karl Johan Fonds og Terra Fonds utfylte DnB Markets i den offentlege transjen.

Førebuingane til transaksjonen starta straks etter at tilretteleggjarane var utpeika, mellom anna i form av «due diligence», utarbeiding av prospekt, presentasjonar for syndikatet, utarbeiding av analysar og utforming av marknadsføringskampanje. Før sjølve teikningsperioden heldt representantar for institusjonssyndikatet ei lang rekkje møte med investorar i Noreg, Europa og Nord-Amerika.

Den 12. mars offentleggjorde Bankinvesteringsfondet at ein skulle selje inntil 104 millionar aksjar i DnB, tilsvarande 13 prosent av uteståande aksjar i banken, på vegner av Statens Banksikringsfond. Teikningsperioden var 19.-30. mars, og teikninga stansa samtidig i alle geografiske regionar. På desse to vekene gjennomførte to arbeidsgrupper, med representantar for bankleiinga, Bankinvesteringsfondet og syndikatet, møte med til saman 130 institusjonelle investorar i Noreg, Europa og USA. I tillegg heldt medlemmene av den offentlege transjen presentasjonsmøte ei rekkje stader i Noreg.

Aksjesalet blei gjennomført i ein relativt vanskeleg aksjemarknad. Dei fleste større børsane utvikla seg negativt i første kvartal 2001, mellom anna som følgje av uvisse omkring den økonomiske veksten på verdsbasis, svake selskapsresultat og nedjusterte resultatforventningar, spesielt i teknologisektoren. Etterspurnaden etter DnB-aksjar i spreiingssalet via Bankinvesteringsfondet blei likevel svært solid. Transaksjonen blei teikna 2,5 gonger, og kvaliteten på investorane som teikna aksjar, var svært god. Interessa var størst blant investorar i Storbritannia og USA, som kvar for seg teikna 40 prosent og 34 prosent av etterspørselen, medan norske investorar teikna 16 prosent. Det offentlege aksjesalet til publikum bar preg av uvissa i kapitalmarknadene. Her melde det seg snautt 7000 interessentar som etterspurde 14 millionar aksjar.

Salskursen i transaksjonen blei sett til kroner 41,50, som var ti øre høgre enn siste omsetningskurs siste teikningsdag 30. mars 2001. Dette verdsette salet til 4,3 milliardar kroner, som er det nest største spreiingssalet av aksjar i Noreg nokon gong, etter delprivatiseringa av Telenor ASA i 2000.

I tråd med retningsliner som gjekk fram av prospektet, og med praksis i tidlegare transaksjonar Bankinvesteringsfondet hadde gjennomført, blei private investorar tilgodesedde ved tildelinga av aksjar. Såleis fekk alle teiknarar i den offentlege transjen full tildeling for bestillingar inntil 10 000 aksjar. I alt blei 9 prosent av salet tildelt den offentlege transjen, medan institusjonelle investorar blei tildelte 91 prosent av dei 104 millionar aksjane som blei selde. Fordelinga blant private investorar, norske institusjonar og utanlandske institusjonar er vist i tabell 7.2.

Tabell 7.2 Tildeling av DnB-aksjar fordelt på private investorar og norske og utanlandske institusjonar

EtterspørselTildeltProsentdel
Private investorar1499 %
Norske institusjonar391110 %
Utanlandske institusjonar2058481 %
Totalt258104100 %

Kjelde: Kjelde: Statens Bankinvesteringsfond

Fordelt på land fekk investorar i Storbritannia og USA tildelt høvesvis 41 prosent og 31 prosent av aksjane, i tråd med høg etterspørsel frå desse landa. Samansetjinga av investorar fordelt på land er vist i tabell 7.3.

Tabell 7.3 DnB-aksjar fordelte på nasjonaliteten til investorane

Tildeling per landProsentdel
Storbritannia41 %
USA31 %
Noreg19 %
Sveits5 %
Andre4 %
Sum100 %

Kjelde: Kjelde: Statens Bankinvesteringsfond

I første månaden etter salet viste DnB-aksjen ei stabil utvikling justert for vedteke utbytte, med høg dagleg omsetning i aksjen. Både den gode etterspørselen i samband med salet, prissetjinga i overkant av siste omsetningskurs i teikningsperioden og reaksjonane i etterhand tilseier at transaksjonen blei godt motteken, og at gjennomføringa av salet kan kallast vellukka.

Til forsida