St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

8 Verksemda til Folketrygdfondet i 2000

8.1 Innleiing

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23 - 11 fjerde ledd i lov av 28. februar 1997 nr. 19 «Om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som var fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna på grunn av at lova om folketrygd var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side skal leggje fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2000 blei sende til departementet i brev av 2. april 2001, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

8.2 Styre og administrasjon

I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 2000 er vist i boks 8.1.

Boks 8.1 Styret i Folketrygdfondet i 2000

Bjørg Ven, Oslo, leiar

varamedlem: Inger-Johanne Lund, Oslo

Per Gunnar Olsen, Oslo, nestleiar

varamedlem: Kjell Samuelsen, Borgenhaugen

Stein Blindheim, Molde

varamedlem: Linda Orvedal, Flåm

Anne Breiby, Ålesund

varamedlem: Ernst Wroldsen, Tønsberg

Tove Lehre, Lillehammer

varamedlem: Ingvild Strømsheim Wold, Oslo

Per Arne Olsen, Tønsberg

varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster

Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund

varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten

Oddvar Skaiaa, Grimstad

varamedlem: Liv Skåheim, Førde

Harald Ellefsen, Trondheim

varamedlem: Anne Berit Andersen, Søgne

Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år. Medlemmene Ven, P.G. Olsen, Blindheim, Skaiaa og Ellefsen med varamedlemmer er oppnemnde for perioden fram til 15. mai 2002, og dei andre medlemmene og varamedlemmene for perioden fram til 1. juli 2004. Johanna Myklebust var personleg varamedlem for Oddvar Skaiaa fram til 27. oktober 2000 då ho på eige initiativ gjekk av som varamedlem. Ho blei avløyst av Liv Skåheim. Varamedlem Wold gjekk på eige initiativ av og blei avløyst av Roger Schjerva frå 27. april 2001.

Administrasjonen i Folketrygdfondet har gradvis blitt styrkt dei siste åra ved at det er tilsett fleire medarbeidarar. Ved utgangen av 2000 hadde fondet 22 tilsette. Dei samla administrasjons- og forvaltningskostnadene til fondet, medrekna husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 26,1 millionar kroner i 2000. Dette var 2 millionar kroner, eller vel 8 prosent meir enn i 1999. Auken kom i hovudsak av auka personalkostnader.

Finansdepartementet ser positivt på at Folketrygdfondet har styrkt mellom anna risikoovervakinga og systema for risikostyring. Departementet legg til grunn at Folketrygdfondet, med den opprustinga som fondet har gjort fram til no, er kome langt i dette arbeidet, og at kostnadsauken i tida framover ikkje blir så stor som han har vore dei siste åra. Departementet legg i denne samanhengen også til grunn at talet på tilsette ikkje skal stige vesentleg i tida framover.

8.3 Reglar for plasseringsverksemda

Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinene som Stortinget har fastsett, og eventuelle nærare retningsliner som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i regelverket til fondet.

§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet lyder som følgjer:

«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.

Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer noterte på norsk børs eller på børs i Danmark, Finland eller Sverige, og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Plassering på aksjer notert på børs i Danmark, Finland eller Sverige må samlet ikke overstige 5 pst. av Folketrygdfondets ramme for aksjeplasseringer. Fondet kan delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper umiddelbart før børsintroduksjon, dersom det er klargjort på emisjonstidspunktet at de aktuelle aksjene vil bli børsnotert kort tid etter emisjonen.

Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon e.l. endrer status til å bli utenlandsk selskap.

Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.

Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap i Norge. Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 0,5 pst. av total aksjekapital i ett enkelt selskap i Danmark, Finland og Sverige. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.

Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»

Stortingsvedtaket om at styret skal sjå til at det er etablert eit forsvarleg risikostyringssystem for forvaltninga av fondet, jf. første ledd i § 5, blei gjort i samband med RNB 2000. Styret i fondet fastsette i desember 2000 risikorammer for den norske aksjeporteføljen, for renteporteføljen for fondet og for totalporteføljen for fondet for 2001. I samband med NB 2001 vedtok Stortinget å endre reglementet slik at fondet også kan investerast i aksjar som er noterte på børsane i Danmark, Sverige eller Finland. Styret i Folketrygdfondet har fastsett ein referanseindeks som utgangspunkt for referanseporteføljen for aksjeinvesteringane i Danmark, Finland og Sverige. Risikoramma for investeringar i dei andre nordiske landa er sett til 1,5 prosent forventa relativ volatilitet.

Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningsliner om forvaltninga blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992. Slike retningsliner er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda.

Finansdepartementet fastset, med heimel i § 9 i retningslinene, kvart år ramma for kor mykje Folketrygdfondet kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Folketrygdfondet kan foreslå ei ramme. I brev av 12. januar 2000 til departementet foreslår fondet ein auke av ramma for private og kommunale plasseringar på 3,5 milliardar kroner i 2000. Finansdepartementet fastsette i brev av 7. februar 2000 ei ramme for private og kommunale plasseringar på 1,5 milliardar kroner for 2000. Dette er same auke som for 1999. Annan plasseringsauke skal skje i statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet med på å dekkje dei låna som staten har bruk for. Folketrygdfondet kan jamvel utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir auke netto-plasseringane sine i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 prosent av forvaltningskapitalen. Dette kan gjerast ved å plassere om eksisterande bankinnskot og private og kommunale obligasjonar.

Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av stats- og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 milliardar kroner, såleis replasserast som kontolån.

8.4 Folketrygdfondet sin balanse i 2000

Stats- og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 2000 var 78,7 milliardar kroner plasserte i denne kategorien (rekna til kostpris). Dette svara til 65,5 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 1999 var 71,9 milliardar kroner, dvs. 64 prosent av dei samla plasseringane.

Fondet sine samla plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 25,5 milliardar kroner ved utgangen av 2000, mot 25,7 milliardar kroner ved utgangen av 1999. Dette svara til 21,3 og 23 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 588 millionar kroner ved det siste årsskiftet. Marknadsverdien av dei samla plasseringane i renteberande papir utgjorde 103,5 milliardar kroner per 31. desember 2000. Fondet hadde eit urealisert kurstap på desse papira på 1,3 milliardar kroner.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar, jamfør St.prp. nr. 69 (1990-91) og Innst. S. nr. 228 (1990-91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei utvida frå 15 til 20 prosent av forvaltningskapitalen til fondet ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 2000 på 24,8 milliardar kroner. Utrekninga er gjort på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 15,3 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 61 ulike selskap. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis knapt 291 millionar kroner (kostpris). Eigenkapitalplasseringane svara til 12,3 prosent av dei samla plasseringane til fondet (rekna til kostpris). Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka med 1,6 milliardar kroner (rekna til kostpris) frå utgangen av 1999 til utgangen av 2000.

Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 2000 på 21 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursgevinst på slike verdipapir på 5,8 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla netto urealiserte kursgevinstar og opptente, ikkje utbetalte renter utgjorde 7,9 milliardar kroner ved utgangen av 2000.

8.5 Resultatet til Folketrygdfondet

Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna urealiserte vinstar) var i 2000 på 7 808 millionar kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 6,5 prosent. Tilsvarande avkastning i 1999 var på 8,4 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 2000 på 6,3 prosent, medan avkastninga på aksjar var på 7,0 prosent.

Aksjeavkastninga var 8,7 prosentpoeng høgare enn avkastninga til totalindeksen på Oslo Børs. Den viktigaste grunnen til meiravkastninga var at fondet har vore undervekta i IT-sektoren, som opplevde ein sterk kursnedgang siste år, og at kursutviklinga har vore relativt god i selskap som fondet har vore overvekta i.

Folketrygdfondet hadde i perioden 1995-2000 ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på 12,8 prosent, dvs. 0,2 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for børsindeksen.

Samla renteinntekter i 2000 var 6 892 millionar kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 456 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein reduksjon i urealiserte verdipapirgevinstar på aksjar og obligasjonar på 829 millionar kroner. Reduksjonen i urealiserte gevinstar var delt i minus 579 mill. kroner for aksjar og minus 250 mill. kroner for dei resterande verdipapira.

Aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet på 5,2 prosent, i forhold til totalindeksen på Oslo Børs, i perioden 1995-2000.

Til forsida