St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

5 Verksemda til Kredittilsynet i 2000

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til ein kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringssselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak og forsikringsmeklarar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter lov om inkassoverksemd § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter lov om verdipapirfond § 8-2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapslova § 13. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemda til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar, i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av myndigheitene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane og elles gjere dei undersøkingar som dei ut frå si verksemd som kredittilsyn finn naudsynt, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, og er oppnemnd av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd. Ein ny periode starta 30. januar 1998.

Styret i Kredittilsynet har i 2000 vore samansett som vist i boks 5.1.

Boks 5.1 Styret i Kredittilsynet i 2000

Professor dr. juris Erling Selvig, leiar

Professor Asbjørn Rødseth, nestleiar

Advokat Eli Aas, styremedlem

Direktør Kolbjørn Almlid, styremedlem

Assisterande direktør Hilde Myrberg, styremedlem

Varamedlemmer:

Direktør Lisbet Hjort (første varamedlem)

Avd. direktør Morten Berg1 (andre varamedlem)

Representantar for dei tilsette:

Seniorrådgivar Aud Kogstad

Rådgivar Kjell Engen

1 Morten Berg gjekk ut av styret frå og med november 2000 då han gjekk over til ny stilling i Nærings- og handelsdepartementet.

Noregs Bank har ein observatør i styret, og avløysande direktør Asbjørn Fidjestøl i Noregs Bank hadde dette vervet fram til 1. juli 2000 då han flytte til utlandet. Frå same tidspunkt blei fagdirektør Henning Strand oppnemnd til observatør. Fagdirektør Trond Eklund er avløysar.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s. 54):

«Ved utgangen av 2000 var det 157 fast tilsatte i Kredittilsynet, mot 149 ved utgangen av 1999. Av de fast tilsatte var 52 prosent kvinner.

( . . .)

Kredittilsynet har generelt sett tilfredsstillende tilgang på gode søkere, spesielt nyutdannede fra universitet og høgskoler. Kredittilsynet legger i tillegg stor vekt på å knytte til seg medarbeidere med god kompetanse og bred erfaring fra bransjene. Når det gjelder tilgangen på søkere med denne bakgrunnen og noen spesielle utdanningsgrupper, blant annet aktuarer og revisorer, er situasjonen noe mindre tilfredsstillende. Ved utgangen av 2000 hadde Kredittilsynet likevel 30 medarbeidere med god erfaring fra bransjene. Andelen tilsatte med høyere utdanning var 81 prosent.»

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 105,5 millionar kroner, ein auke på 10,6 prosent frå 1999. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige. Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Til forsida