St.meld. nr. 6 (2001-2002)

Kredittmeldinga 2000— Om Noregs Bank, Kredittilsynet og Det internasjonale pengefondet mfl. si verksemd i 2000

Til innhaldsliste

9 Om verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF)

9.1 Innleiing og hovudpunkt

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 183 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. Organisasjonen har eit hovudansvar for å fremme stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål. Dei omfattande oppgåvene gir IMF ei stor kontaktflate mot andre internasjonale organisasjonar i tillegg til direkte kontakt med medlemslanda.

Fram til 1997 la Finansdepartementet annakvart år fram ei eiga stortingsmelding om aktivitetane til IMF. I meldingane orienterte departementet mellom anna om sakene som hadde blitt behandla eller var til behandling i IMF. Det blei òg greidd ut om haldningane til dei nordiske og baltiske landa (som har ein felles valkrins) og kva for syn Noreg hadde hatt i dei viktigaste sakene. I St.prp. nr. 56 (1997-98) «Om samtykke til endring i IMFs statutter om spesielle trekkrettigheter og om samtykke til økning av medlemslandenes kvoter» gjorde Finansdepartementet framlegg om å avvikle ordninga med ei eiga stortingsmelding om IMF annakvart år. I staden ville ein orientere Stortinget om viktige IMF-saker i andre stortingsmeldingar og stortingsproposisjonar frå Finansdepartementet. Heile finanskomiteen slutta seg til framlegget.

I tillegg til at Stortinget i St.prp. nr. 56 blei bedd om å samtykkje til endring i statuttane til IMF om spesielle trekkrettar og kvoteauke, blei det orientert om andre aktuelle IMF-saker. Ein la òg fram ein stortingsproposisjon i november 1998 om fullmakt til å gi statsgaranti for ein garanti gitt av Noregs Bank for Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) sitt lån til Brasil i samband med eit tilpassingsprogram frå IMF.

Sidan det dei siste åra har skjedd mykje både i IMF og med tilhøvet mellom IMF og samfunnet elles, varsla dåverande finansminister Schjøtt-Pedersen våren 2001 at regjeringa ville rapportere om utviklinga i løpet av året. Røynslene frå Asia-krisa førte til ein brei diskusjon om oppgåvene og funksjonane til IMF og den finansielle arkitekturen, som det er naturleg å orientere om. Samstundes har interessa for organisasjonen auka merkbart i den siste tida. Som fleire andre internasjonale organisasjonar, er IMF blitt meir open overfor omverda når det gjeld dei sakene organisasjonen arbeider med. Store demonstrasjonar ved årsmøta til IMF og auka mediemerksemd har òg retta søkjelyset mot organisasjonen.

Dei viktigaste oppgåvene til IMF er:

  • å fremme makroøkonomisk og finansiell stabilitet, som ein føresetnad for vedvarande økonomisk vekst,

  • å fremme stabiliteten og integriteten i det internasjonale monetære og økonomiske systemet, som eit globalt fellesgode, og

  • å hjelpe medlemslanda med å utvikle sunne finanssektorar for å gjere dei mindre sårbare, for å mobilisere finansiering for produktive investeringar og for å nytte mogleigheitene dei globale finansmarknadene gir.

IMF blir kalla ein monetær institusjon, der ordet monetær mellom anna viser til at valutareservar frå medlemslanda er det finansielle ressursgrunnlaget i institusjonen. Det er ein føresetnad at dei finansielle ressursane skal resirkulerast, dvs. at dei ikkje skal nyttast til langsiktige lån. IMF er ikkje ein utviklingsinstitusjon, i motsetnad til delar av Verdsbankgruppa og dei regionale multilaterale utviklingsbankane. Organisasjonen har, etter vedtektene (Articles of Agreement), som formål å fremme samarbeidet om internasjonale valutaspørsmål, arbeide for stabile valutaforhold, medverke til å fremme internasjonal handel, stimulere til effektiv utnytting av ressursar og arbeide for stabil økonomisk vekst internasjonalt. Auka omfang av kapitalrørsler og auka integrering av finansmarknadene har ført til at IMF dei siste åra særleg har brukt krefter på å førebyggje og å hindre spreiing av finansielle kriser.

IMF si verksemd er konsentrert om tre hovudaktivitetar: overvaking av økonomien i medlemslanda, lån i krisesituasjonar og teknisk assistanse. Økonomiane i medlemslanda blir overvaka regelmessig gjennom såkalla artikkel IV-konsultasjonar, der IMF utarbeider ein rapport med vurderingar av den økonomiske situasjonen i det aktuelle landet, med tilrådingar om den økonomiske politikken. IMF analyserer utviklinga i verdsøkonomien og i kapitalmarknadene mellom anna i World Economic Outlook og International Capital Markets Report. Land som har eller kan få problem med betalingsbalansen, kan søkje IMF om lån. Hovudformålet er å stabilisere økonomien i landet og hindre spreiing av problema til andre land. Før lån blir gitt, blir det forhandla fram eit tilpassingsprogram mellom IMF og styresmaktene i landet. Dei siste ti åra har omfanget av teknisk assistanse auka. I 2000 fekk nær alle framveksande økonomiar ulike former for assistanse for å byggje opp økonomiske institusjonar, betre kvaliteten på statistikk, betre reguleringa av finansmarknadene osb.

Røynslene frå Asia-krisa i 1997/98 har medverka til fleire endringar i måten IMF fungerer på. Organisasjonen har mellom anna sett i verk tiltak for å styrkje overvakinga av økonomiane i medlemslanda. IMF legg no sterkare vekt på å førebyggje kriser og avdekkje problem på eit tidleg stadium. Likevel innser organisasjonen at han ikkje alltid vil klare det, og det er derfor òg naudsynt å sjå på behandlinga av kriser i ettertid. Organisasjonen har dessutan forandra og forenkla utlånsordningane. Vilkåra for utlån er endra for å sikre at dei knappe ressursane blir brukte mest mogleg effektivt. Ein viktig diskusjon i IMF dreier seg om vilkåra i tilpassingsprogramma, dei såkalla kondisjonalitetskrava. Målet er å gjere tiltaka meir effektive og å gi landa ei sterkare kjensle av eigarskap til slike program. Auka involvering frå privat sektor i finansiering ved krisesituasjonar og tilhøvet til det sivile samfunnet generelt og frivillige organisasjonar spesielt er andre problemstillingar som har vore viktige den siste tida.

Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i initiativet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å kjempe mot fattigdom. Arbeidet for å løyse problema i fattige land med høg gjeld og å utforme tiltak for å redusere fattigdomen har fått auka vekt dei siste åra. Eit land som ber om hjelp frå IMF, skal no utarbeide ein eigen strategi for kampen mot fattigdom i eit nært samarbeid med det sivile samfunnet. IMF yter assistanse, lån og eventuelt gåvemidlar. IMF legg stor vekt på at industrilanda må opne sine marknader for produkt frå utviklingslanda, og at utviklingshjelpa må auke kraftig slik at ein når målet om 0,7 prosent av BNI for industrilanda.

Noreg har ein liten open økonomi. Det er derfor viktig for landet at dei internasjonale økonomiske tilhøva er stabile. IMF gjer eit viktig arbeid for å leggje grunnlag for stabile finansielle tilhøve og er eit sentralt forum for diskusjon av dei viktigaste spørsmåla i internasjonal økonomi. Noreg og dei andre landa i den nordisk-baltiske valkrinsen har sterkt støtta hovudlinene i IMF sitt arbeid.

Årsmøtet i 2001 blei avlyst som ei følgje av terroristaksjonane i USA. Den internasjonale monetære og finansielle komite (IMFC) og Utviklingskomiteen hadde møte med avgrensa deltaking i Ottawa, Canada, 17. og 18. november. Hovedpunkta under møta var den økonomiske situasjonen og kampen mot fattigdom, samt kamp mot kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme.

9.2 Organiseringa av IMF

9.2.1 Organa i IMF

Det øvste organet i IMF er Guvernørrådet (Board of Governors). Det er sett saman av ein guvernør og ein vararepresentant for guvernøren frå kvart medlemsland. Sentralbanksjefen i Noregs Bank er norsk medlem i Guvernørrådet, medan finansråden i Finansdepartementet er vararepresentant. Rådet har til vanleg møte ein gong i året, årsmøtet i IMF. Guvernørrådet gjer ofte vedtak utan å halde møte, ved at avstemminga skjer skriftleg ved post, telefaks o.a.

Den internasjonale monetære og finansielle komité (International Monetary and Financial Committee, IMFC) har ein viktig funksjon som eit rådgivande organ for Guvernørrådet. Han legg dei politiske føringane for verksemda til IMF. Komiteen blei etablert i 1999 som ein direkte etterfølgjar til Interimkomiteen frå 1974. IMFC har medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå, som anten representerer eitt land eller ein valkrins av land.

Spørsmålet om å gjere om Interimkomiteen frå ein rådgivande til ein vedtakande komité blei diskutert i 1999. Samstundes blei komiteen sitt arbeidsområde drøfta. Det var lita stemning for å endre komiteen sin rådgivande funksjon, som hadde fungert godt. Komiteen trong derfor ingen sterkare politisk legitimitet for å løyse oppgåvene sine. Diskusjonen førte derimot til at komiteen skifta namn, for å få fram at han er permanent. Ein ønskte òg å styrkje førebuingane før møta i komiteen. Det blei derfor etablert ei førebuande gruppe, som kjem saman for å leggje grunnlag for ei meir effektiv drøfting i hovudkomiteen.

IMFC kjem saman to gonger kvart år (vår og haust) og gir råd om den generelle økonomiske strategien til IMF og kva for økonomiske tema institusjonen skal konsentrere seg om. Særleg viktig er spørsmål om korleis ein skal handtere tilhøve som kan true stabiliteten i det internasjonale finansielle systemet. Under dei halvårlege møta utformar IMFC òg eit kommuniké, som oppsummerer dei aktuelle økonomiske utfordringane i verdsøkonomien og gir tilrådingar om korleis ein skal møte desse. Kommunikéa er grunnlaget for verksemda til IMF, mellom anna dei konkrete råda institusjonen gir i kvart einskilt tilfelle.

Utviklingskomiteen blei oppretta i 1974 som ein felles rådgivande ministerkomité for Bretton Woods-institusjonane (IMF og Verdsbanken). I hovudsak er medlemmene av komiteen finansministrar eller utviklingsministrar. Mandatet til komiteen er å gi IMF og Verdsbanken råd om viktige utviklingsspørsmål, mellom anna i kampen mot fattigdom, og om dei finansielle ressursane som trengst for å fremme økonomisk utvikling i utviklingslanda. Komiteen har tolka mandatet sitt til å inkludere spørsmål knytte til handel og miljø, i tillegg til tradisjonelle utviklingsspørsmål. Komiteen kjem saman to gonger i året (vår og haust).

Det daglege arbeidet i IMF er under leiing av eit styre (Executive Board) med IMF sin administrerande direktør (Managing Director) som leiar. Horst Köhler frå Tyskland blei i mai 2000 tilsett som administrerande direktør for ein periode på fem år. Han tok over etter franskmannen Michel Camdessus, som hadde leidd institusjonen sidan 1987. Köhler kom frå stillinga som leiar av Den europeiske utviklingsbanken (European Bank for Reconstruction and Development, EBRD). Det er tradisjon at leiaren av IMF kjem frå Europa, medan nestleiaren er frå USA.

Røystevekta til kvart medlemsland, både i Guvernørrådet og styret, er avhengig av kvoten landet har i IMF. Kvotane reflekterer kor viktig landet er i verdsøkonomien. USA er største medlem i IMF, og har ei røystevekt på 17,16 prosent. Noreg har ei røystevekt på 0,78 prosent, og den nordisk-baltiske valkrinsen representerer 3,52 prosent av røystene.

Styret har 24 medlemmer. Dei fem landa som har størst kvote, USA, Japan, Tyskland, Frankrike og Storbritannia, peikar ut kvar sin representant til styret. Dei to største kreditorlanda kan òg peike ut kvar sin styremedlem, men desse har stort sett vore blant dei fem landa som er nemnde over. Resten av styremedlemmene blir valde for toårsperiodar av andre medlemsland eller grupper av land (valkrins). Kina, Russland og Saudi-Arabia har for tida eigne representantar i styret. På same måten har IMFC 24 medlemmer som representerer anten eit land eller ein valkrins av land. I samband med at Den europeiske monetære unionen blei oppretta frå 1. januar 1999, fekk Den europeiske sentralbanken (ESB) høve til å ha ein observatør i styret i IMF. Observatøren har ikkje stemmerett, men har rett til å uttale seg i saker som er knytte til euroområdet og verksemda til ESB.

9.2.2 Norsk og nordisk-baltisk samordning

Dei nordiske og baltiske landa har ein felles valkrins. På norsk side skjer samordninga av IMF-saker gjennom nær kontakt mellom Noregs Bank og Finansdepartementet. Ordninga er likeins i dei andre landa. Utanriksdepartementet, som har ansvaret for regjeringa si behandling av Verdsbanksaker, blir òg trekt inn i arbeidet. Det skjer gjennom løpande samordning av einskilde saker og møte mellom representantar for institusjonane.

Landa i valkrinsen samordnar synspunkta sine på viktige IMF-saker i første rekkje gjennom Den nordisk-baltiske monetære og finansielle komité(Nordic Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC). Denne komiteen blei danna 1. januar 2000, og dei norske medlemmene er finansråden og visesentralbanksjefen. Dei andre landa er stort sett representerte på eit tilsvarande nivå. NBMFC er ei vidareføring og forsterking av Den nordisk-baltiske valkrinskomiteen (Nordic Baltic Constituency Committee). I realiteten erstattar NBMFC òg Nordisk Finansielt Utval, som var eit utval med representantar frå sentralbankane og finansdepartementa i dei fem nordiske landa. NBMFC har til vanleg møte tre gonger i året. Johnny Åkerholm frå Finansdepartementet i Finland har vore leiar av NBMFC sidan 1. januar 2000.

Det er etablert ei førebuande gruppe for NBMFC (Alternates-gruppa), som består av representantar for finansdepartementa og sentralbankane i alle landa i valkrinsen. Hovudoppgåva er å førebu sakene som NBMFC skal diskutere. NBMFC kan òg setje ned særskilde arbeidsgrupper for å greie ut spesielle spørsmål.

Sentralbanken i heimlandet til den nordisk-baltiske styremedlemmen har til vanleg ansvaret for den løpande samordninga av nordisk-baltiske synspunkt. I samordninga mellom landa i valkrinsen prøver ein å kome fram til felles standpunkt som styremedlemmen frå gruppa presenterer i IMF-styret. Stillinga som styremedlem, eksekutivdirektør, går på rundgang mellom dei nordiske landa. Landet som har styremedlemmen, representerer òg valkrinsen i IMFC. Ein byter representant annakvart år. I 2000 og 2001 har Finland desse verva. Noreg skal overta i 2004. I Utviklingskomiteen var den norske utviklingsministeren medlem i forrige periode, medan den svenske finansministeren representerer valkrinsen i 2001 og 2002.

9.2.3 Reglar for val av administrerande direktør

IMF og Verdsbanken har ikkje hatt klare reglar for val av toppleiar. Det har likevel vore ei sams forståing om at leiaren for IMF skulle kome frå Europa og leiaren for Verdsbanken frå USA. Mangelen på reglar blei kritisert under valet av ny leiar for IMF i 2000.

Ei arbeidsgruppe som blei etablert av dei to institusjonane, tilrådde prosedyrar som skal gjere det lettare å vurdere kandidatane etter kvalifikasjonar, og som i sterkare grad dreg styret inn i arbeidet. Som eit første steg i valet skal styret etablere ei mindre gruppe som skal vurdere kandidatane og gi styret råd. Deretter skal styret utarbeide ei liste over dei mest aktuelle kandidatane med sikte på å arbeide seg fram til ein konklusjon. Prosedyrane blei diskuterte i styret i april 2001, og dei blei tekne til etterretning av IMFC.

9.2.4 Evaluering av verksemda til IMF

I dei siste åra har det skjedd ei evaluering av arbeidet til IMF både internt i organisasjonen og av eksterne grupper. IMF har gjennomført ei sjølvevaluering av behandlinga av Asia-krisa, strukturtilpassingsordninga (Enhanced Structural Adjustment Facility, ESAF, no døypt om til Poverty Reduction and Growth Facility, PRGF) og overvakingspolitikken. Eksterne ekspertar har evaluert dei same områda.

For å supplere dette arbeidet blei det i april 2000 vedteke å etablere eit evalueringskontor (Evaluation Office, EVO) i IMF. Kontoret, som er gitt ei uavhengig rolle i forhold til leiinga og staben, rapporterer direkte til styret. Formålet med EVO er å stimulere lærekulturen innanfor IMF, styrkje truverdet til institusjonen, auke forståinga av arbeidet IMF gjer og støtte styret i arbeidet med å leie og overvake institusjonen. Rapportane frå EVO skal offentleggjerast. Kontoret byrja verksemda si i juli 2001, og den indiske økonomen Montek Singh Ahluwahli blei oppnemnd som leiar.

9.2.5 Innsyn i verksemda til IMF

IMF arbeider for å styrkje innsynet i aktivitetane organisasjonen driv. Han har auka utsendinga av informasjon om verksemda, blant anna ved oftare å sende ut pressemeldingar etter møte og å ta i bruk internett i stadig aukande grad. IMF oppmodar medlemslanda til å offentleggjere stabsrapportane frå den bilaterale overvakinga (jf. 9.3.2.5). 59 av 106 land følgde denne oppmodinga dei ti første månadene i 2001. Den finansielle meldinga frå organisasjonen, som no fullt ut samsvarer med internasjonale standardar for rekneskap, identifiserer nøkkelkomponentar på aktiva- og passivasida av rekneskapen. Vidare har IMF aktivt søkt synspunkt frå publikum og interesseorganisasjonar på spørsmål som er under behandling, spesielt i samband med kampen mot fattigdom. IMF-leiinga har mellom anna hatt møte med interesseorganisasjonar i samband med årsmøta i IMF.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har stilt seg positiv til at IMF blir meir open om verksemda si. I valkrinsen blir det òg arbeidd med spørsmål om korleis ein kan betre informasjonen om verksemda i IMF i dei nordisk-baltiske landa. I august 2000 arrangerte Noregs Bank eit møte mellom norske interesseorganisasjonar og representantar for IMF. Eit tilsvarande møte blei halde i mars 2001.

9.3 Oppgåvene til IMF

9.3.1 Økonomisk overvaking

9.3.1.1 Generelt

IMF er i hovudsak ein institusjon for økonomisk overvaking. Dei to andre hovudfunksjonane, utlånsverksemda og den tekniske assistansen, er nær knytte til overvakingsfunksjonen.

Institusjonen er eit forum for diskusjon av nasjonale og globale penge- og valutapolitiske og makroøkonomiske spørsmål. Dei siste åra har organisasjonen lagt auka vekt på å fremme godt styresett i medlemslanda, dvs. at han òg arbeider for utvikling av lover, institusjonar og administrative system som fremmer målet om makroøkonomisk stabilitet og vekst. IMF har ei spesiell oppgåve i å tenkje på heilskapen og sikre at politikken eit land fører, ikkje rammar andre land unødig. På bakgrunn av ein gjennomgang av den internasjonale situasjonen og prognosar for den økonomiske utviklinga dei næraste åra, legg IMF kvart halvår fram ei vurdering av kva for utfordringar verdsøkonomien står framfor. Gjennom den bilaterale overvakinga analyserer IMF økonomien til kvart land med særleg vekt på om det er fare for makroøkonomisk ubalanse. Med bakgrunn i analysen og diskusjonar med styresmaktene i landa gir IMF tilråding om utforminga av den økonomiske politikken. Tilrådingane byggjer på røynsler over fleire tiår, frå land i ulike delar av verda med ulik institusjonell bakgrunn, om kva slags politikk som gjennomgåande verkar best.

IMF nyttar fleire verkemiddel i overvakinga. Desse kan delast i tre hovudgrupper: multilateral, bilateral og regional overvaking.

9.3.1.2 Multilateral overvaking

Basis for den multilaterale overvakinga er analysar av utsiktene for verdsøkonomien i World Economic Outlook (WEO), som blir lagd fram to gonger kvart år. Der drøftar ein utsiktene for verdsøkonomien under eitt og særlege utfordringar i ulike regionar. Desse oversiktene legg stor vekt på internasjonale aspekt ved politikkutforminga i dei største landa. IMFC nyttar òg dokumenta som grunnlag for sine drøftingar om det same temaet. I desse drøftingane legg ein vekt på samspelet mellom den økonomiske utviklinga i medlemslanda, med hovudvekt på dei største landa. Det er fordi dei i kraft av sin storleik har ein verknad på heile verdsøkonomien.

IMF utarbeider ein årleg analyse av utviklinga i dei internasjonale finansmarknadene (International Capital Markets Report). I tillegg til å analysere spørsmål knytte til ulike delar av finansmarknadene i einskilde land og regionar, drøftar rapporten samspelet mellom makroøkonomiske spørsmål og finansmarknadene. Desse forholda blir stadig viktigare på grunn av at kapitalstraumane på tvers av landegrensene aukar.

9.3.1.3 Bilateral overvaking

Det bilaterale overvakingssystemet er fastsett i vedtektene og gir IMF fullmakt til å gjennomføre regelfaste konsultasjonar med alle medlemmene. Medlemslanda har plikt til å samarbeide med IMF. Statuttane slår fast at medlemslanda har ei omfattande informasjonsplikt om økonomiske spørsmål. Denne informasjonen dannar grunnlaget for dokumentasjonen og analysane som er utgangspunkt for overvakingssystemet.

Den bilaterale økonomiske overvakinga utgjer kjernen i verksemda til IMF og blir utført gjennom regelmessige konsultasjonar overfor kvart medlemsland i samsvar med artikkel IV i IMF sine vedtekter. Dei fleste medlemslanda har årlege konsultasjonar. Desse konsultasjonene skjer ved at delegasjonar frå IMF møter styresmaktene og organisasjonar i kvart enkelt medlemsland for å samle inn og analysere økonomisk informasjon. Styresmaktene grunngir den økonomiske politikken dei fører og diskuterer eit eventuelt behov for omlegging med representantar frå IMF. Staben i IMF skriv deretter ein førebels og seinare ein endeleg rapport frå diskusjonane med si vurdering av det økonomiske opplegget. Rapportane blir diskuterte i IMF-styret. Medlemslanda har ikkje plikt til å følgje tilrådingane frå IMF. Tilrådingane frå IMF-staben og vurderingane styret gjer kan likevel leggje eit press på landet til å følgje råda. For land som tek opp lån i IMF, blir det stilt krav til den økonomiske politikken. Om ikkje krava blir følgde, kan låneutbetalingane bli utsette eller avslutta. IMF har opna for at medlemsland som ønskjer det, kan offentleggjere stabsrapporten frå artikkel IV-konsultasjonen, og omkring 55 prosent av landa gjorde det dei første ti månadene av 2001.

Medlemslanda står òg fritt i valet av valutaregime. Vedtektene slår likevel fast nokre retningsliner som medlemslanda skal følgje. Landa skal ikkje ha valutakurssystem som er diskriminerande. Dei skal unngå å bruke verkemiddel som gir medlemslandet ein urimeleg konkurransefordel, eller som gjer at ein utset omstillingar i økonomien som er nødvendige for å oppnå balanse i utanriksøkonomien. Døme på slike verkemiddel kan vere konkurrerande devalueringar eller innføring av handelsrestriksjonar.

For land som slit med finansiering av betalingsbalansen, men som ikkje ønskjer eller treng å låne pengar av IMF, har organisasjonen eit tilbod om meir jamleg overvaking for å skape større tiltru til politikken. Denne overvakinga kan vere formell og i regi av styret, eller staben kan hjelpe til på meir uformell basis (staff monitored programs). Slik overvaking kan vere nyttig i tilfelle der det er meir usikkert enn vanleg om den økonomiske situasjonen er haldbar på sikt.

IMF kan òg overvake eit land tettare enn vanleg etter eit gjennomført tilpassingsprogram (past program monitoring). Det skjer som oftast i tilfelle der det tek lang tid å gjenopprette tilliten i dei internasjonale finansmarknadene.

9.3.1.4 Regional overvaking

Etter at den monetære unionen i EU blei etablert 1. januar 1999, vurderer IMF regelmessig den økonomiske utviklinga i euroområdet samla. Hovudvekta blir lagd på pengepolitikken. Denne regionale overvakinga kjem i tillegg til dei ordinære artikkel IV-konsultasjonane for kvart enkelt land. IMF gjennomfører ei tilsvarande regional overvaking av Den vestafrikanske økonomiske og monetære unionen (CFA franc-sona).

9.3.2 Styrking av det internasjonale finansielle systemet

9.3.2.1 Generelt

Meir globale og integrerte kapitalmarknader har ført til eit omfattande arbeid i IMF for å styrkje innsatsen med å følgje opp den økonomiske utviklinga i medlemslanda. Arbeidet starta med krisa i Mexico i 1994/1995, men det blei intensivert etter finanskrisene i Asia, Russland og Brasil i 1997 og 1998. Fleire land opplevde at sviktande tillit i dei internasjonale kapitalmarknadene brått førte til omfattande kapitalutgang. Det gjorde det nødvendig å setje i verk programtiltak frå IMF så snart som råd, kombinert med finansiell støtte langt ut over dei vanlege lånerammene.

Som ei følgje av desse hendingane har IMF sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje og effektivisere overvakingspolitikken. Tiltaka skal verke førebyggjande. Dei skal setje IMF i stand til å møte tilsvarande situasjonar raskare og betre i framtida. Noreg har saman med dei andre landa i valkrinsen støtta desse tiltaka. Valkrinsen har særleg lagt vekt på å støtte arbeidet for å gjere den finansielle sektoren mindre sårbar. Valkrinsen har òg aktivt støtta tiltak for å trekkje inn privat sektor i finansieringa ved krisesituasjonar.

9.3.2.2 Innsamling og publisering av statistiske data

Kvaliteten på dei økonomiske analysane frå IMF er fullt og heilt avhengig av rask tilgang av pålitelege data. IMF har derfor lagt auka vekt på datarapportering frå medlemslanda.

Ein av konklusjonane etter finanskrisene dei siste åra var at det er nødvendig å gi IMF rask informasjon og skape ei opnare haldning når det gjeld økonomisk og finansiell informasjon til marknadene og samfunnet i det heile. Aktuell og dekkjande statistikk kan gjere det lettare å oppdage framveksande problem tidleg. Det kan gi eit betre fundament for makroøkonomisk politikk og vere eit bidrag til at finansmarknadene fungerer betre. IMF har derfor teke initiativ til å etablere standardar for offentleggjering og spreiing av økonomisk og finansiell statistikk frå medlemslanda.

IMF har utarbeidd to statistikkstandardar: ein minimumsstandard (The General Data Dissemination Standard) som skal omfatte alle medlemsland, og ein meir krevjande standard (The Special Data Dissemination Standard, SDDS). SDDS er i særleg grad tenkt for land som ønskjer tilgang til dei internasjonale kapitalmarknadene, og har omfattande krav til statistikkproduksjonen i deltakarlanda. Standarden legg vekt på dei statistikkområda som er viktige når det gjeld vurdering av makroøkonomisk utvikling og politikk. IMF legg no stor vekt på å styrkje innsatsen for å sikre ei rask levering av data om internasjonale valutareservar og kortsiktig gjeld . IMF kan ikkje påleggje medlemmene å offentleggjere data til publikum. Det er derfor frivillig om ein vil slutte seg til standardane.

Noreg slutta seg til SDDS i juni 1996. Standarden er såpass krevjande at Noreg først i april 2000 oppfylte alle krava fullt ut. Landa i den nordisk-baltiske valkrinsen har slutta seg til standarden, og alle bortsett frå Island oppfyller no alle krava. Ved utgangen av juni 2001 hadde i alt 49 land slutta seg til standarden.

9.3.2.3 Andre standardar og kodar

Å etterleve internasjonalt aksepterte standardar og kodar for såkalla beste praksis på ulike område er ein viktig faktor for å sikre det økonomiske og finansielle systemet i eit land og ein føresetnad for eit velordna internasjonalt finansielt system. I samarbeid med Verdsbanken sette IMF i 1998 i gang eit arbeid for systematisk å vurdere om medlemslanda følgde slike standardar (Report on Observance of Standard and Codes, ROSC). Systemet omfattar til saman 11 ulike standardar og kodar. IMF har sjølv utvikla standardar på område som statistikk (jf. pkt 9.3.2.2), finanspolitikk, pengepolitikk og politikk som gjeld finansmarknadene. I overvakingsarbeidet vurderer ein i tillegg gjennomføringa av standardar som er utarbeidde av andre internasjonale organ. Dette gjeld tilsyn med bankar, forsikringsselskap og verdipapirmarknader, betalingssystem, reglar for godt styresett, samt rekneskap og revisjon. I 2002 er det planlagt ei vurdering av om Noreg oppfyller standardane på statistikkområdet.

Det er opp til kvart enkelt land om dei vil følgje desse standardane, men IMF oppmodar sterkt landa til å ta dei i bruk. Det er god framdrift i dette arbeidet. IMF har planar om å gå gjennom røynslene med ROSC i 2003.

9.3.2.4 Vurdering av den finansielle sektoren

IMF og Verdsbanken etablerte i 1999 eit system for vurdering av den finansielle sektoren i medlemslanda. Financial Sector Assessment Program (FSAP) tek sikte på å avdekkje sterke og svake sider ved eit lands finansielle system, mellom anna korleis det ivaretek ulike risikoar og tiltak med sikte på å betre tilsynet med finansinstitusjonane. Eit sentralt element i programmet er korleis det aktuelle landet har iverksett og etterlever dei ulike internasjonale standardane og kodane for finanssektoren. Eit FSAP blir avslutta med ei vurdering av den finansielle stabiliteten i medlemslandet (Financial Stability Assessment, FSA). Denne rapporten blir diskutert og følgd opp av styret i IMF i samband med dei regelmessige artikkel IV-diskusjonane.

Det er ressurskrevjande å gjennomføre eit FSAP. IMF og Verdsbanken har sett seg som mål å vurdere 24-30 land kvart år. Det fører til at det vil ta seks år før alle medlemslanda er vurderte. IMF vil i første omgang prioritere land som er viktige for det internasjonale finansielle systemet, og land som nyleg har hatt problem med finanssektoren. I ein tidleg fase av arbeidet har IMF likevel oppmoda land til å melde interesse for å gjennomføre eit FSAP sjølv om dei strengt tatt ikkje er blant dei høgst prioriterte. Innanfor den nordisk-baltiske valkrinsen har alle landa unnteke Danmark og Noreg gjennomført FSAP. Noreg har sagt seg interessert i ei slik vurdering, men ressurssituasjonen i IMF tilseier at ho neppe vil bli gjennomført før i 2003.

9.3.2.5 Auka informasjon om analysane og tilrådingane frå IMF

IMF legg aukande vekt på å få fram ei meir open haldning overfor omverda. Tanken er at ei open haldning om analysar og politikkvurderingar er bidrag til at marknadene lettare får oversikt over disposisjonar styresmaktene har gjort. Betre oversikt reduserer risikoen for misforståingar og kan vere bidrag til auka tillit. Alle aktørar kan såleis ta del i ein open debatt om viktige økonomiske spørsmål.

IMF opna i 1999 for at land som ønskte det, kunne offentleggjere stabsrapporten frå artikkel IV-konsultasjonen. I dei første ti månadene i 2001 gjorde omkring 55 prosent av landa det. Alle landa i den nordisk-baltiske valkrinsen offentleggjer desse rapportane.

Medlemslanda er òg blitt oppmoda til å samtykkje i å offentleggjere dei rapportane IMF utarbeider om etterleving av internasjonale standardar (ROSC) og vurderingane av finansiell sektor (FSAP). I tillegg er ein no blitt langt meir open når det gjeld innhaldet i dei økonomiske tilpassingsprogramma låntakarland inngår med IMF.

9.3.2.6 Involvering av privat sektor

Med bakgrunn i finanskrisene dei siste åra arbeider IMF med eit rammeverk for korleis privat sektor kan ta del i arbeidet for å hindre og å løyse finansielle kriser. Deltaking frå private er viktig for å oppnå ei rimeleg byrdefordeling mellom offentleg og privat sektor. Det er òg viktig at privat sektor sjølv ber risikoen for eigne plasseringar og ikkje forventar å bli redda ut av problema av styresmaktene og IMF.

Arbeidet med å involvere privat sektor er vanskeleg. Det blir endå meir komplisert av at kreditorsida er langt meir samansett no enn tidlegare, med mange partar som kan ha svært ulike interesser. Arbeidet er prega av usemje om ein skal oppmode og stimulere privat sektor til frivillig å medverke, eller om ein skal velje ei løysing som inneheld visse juridiske plikter. Utforminga av låneprogramma til IMF er viktig for at privat sektor skal delta frivillig. Aktørane i finansmarknadene må ha tru på at landet kan arbeide seg ut av problema for å gi sitt bidrag til finansieringa. Dei seinaste erfaringane tyder på at det er grenser for kor langt ein kan kome med frivillig deltaking.

I tilfelle der finansieringsbehovet er relativt avgrensa, kan økonomisk tilpassing i medlemslandet, kombinert med finansiell støtte frå IMF, stimulere til innsats frå privat sektor. Sjølv om finansieringsbehovet er stort, kan privat sektor vere interessert såframt det er utsikter til å gjenvinne tilgang til kapitalmarknadene i nær framtid.

I andre tilfelle er gjenoppretting av marknadstilgangen på mellomlang sikt urealistisk og gjeldsbyrda for stor. Då kan det vere nødvendig at privat sektor er sterkare involvert, og eventuelt òg at gjelda blir restrukturert.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har meint at involvering av privat sektor bør bli eit standardelement i kriseløysing. Rammeverket må vere tydeleg og konsistent, slik at markedsaktørane kan forstå korleis det vil bli brukt før ein konkret situasjon oppstår.

9.3.2.7 Kapitalliberalisering

IMF si rolle ved kapitalliberaliseringar, samt generelle fordelar og ulemper ved avvikling av restriksjonar har vore debattert i IMF sidan tidleg på 1990-talet. Det var tidleg semje om at spørsmålet skulle få auka merksemd i overvakingspolitikken. Det var likevel delte oppfatningar i styret om kor mykje og korleis IMF skal arbeide for å fremme kapitalliberalisering. Somme legg vekt på at liberalisering gjer det lettare for medlemslanda å få tilgang til kapitalmarknadene. Andre meiner at liberaliseringa kan skape auka ustabilitet. Som ein del av dette er det òg usemje om IMF bør få ein heimel i vedtektene til å arbeide for avvikling av slike restriksjonar. I dag har IMF berre heimel til å gi råd (gjennom overvakinga). Det er òg ulike syn på utforminga av ei eventuell reform. Eit omfattande arbeid har så langt ikkje gitt konkrete resultat.

Det er likevel semje om at kapitalreguleringar ikkje kan erstatte ein god økonomisk politikk. Samstundes er ein samd om at kapitalreguleringar berre kan avviklast gradvis og på ein måte som er avpassa til tilhøva i landet og koordinert med andre tiltak, særleg innanfor det finansielle systemet. Ein slik framgangsmåte reduserer risikoen for ustabilitet i utanriksøkonomien og i finansmarknadene. For tida arbeider IMF med å utforme retningsliner for korleis ein kan tilpasse reguleringane og koordinere dei med andre tiltak.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har gått inn for at IMF skal arbeide for auka kapitalliberalisering og har støtta at organisasjonen skal ha ein slik heimel i vedtektene. Valkrinsen har lagt stor vekt på at liberaliseringa skal skje gradvis og koordinert med andre økonomiske tiltak. I tillegg har ein fokusert på at arbeidet må skje i nært samarbeid med andre organisasjonar som arbeider med desse spørsmåla, slik som WTO og OECD. Noreg har gått inn for at IMF skal gå forsiktig fram i dette arbeidet.

9.3.2.8 Andre forhold

IMF har dei seinare åra lagt større vekt på vurderingar av styresettet i medlemslanda, mellom anna korrupsjon, i samband med overvaking og låne- og tilpassingsprogram. Ein har òg fokusert på kvitvasking av pengar og annan misbruk av det finansielle systemet. Bakgrunnen er i første rekkje at politikken eit land fører på desse områda, kan verke uheldig inn på den makroøkonomiske og finansielle stabiliteten i landet. Den nordisk-baltiske valkrinsen har gått inn for at IMF bør styrkje innsatsen på desse områda.

For å styrkje dialogen mellom IMF og privat sektor blei det hausten 2000 etablert ei Capital Markets Consultative Group. Gruppa møtast fleire gonger i året. Ho har medlemmer frå IMF, finansinstitusjonar og institusjonelle investorar. Valkrinsen har aktivt støtta dette arbeidet.

I mars 2001 vedtok administrerande direktør i IMF å etablere ei eiga avdeling som spesielt skal sjå på spørsmål knytte til dei internasjonale finansmarknadene. Avdelinga vil samordne IMF sin innsats på dette området slik at institusjonen skal bli i betre stand til å førebyggje og handtere finanskriser. Den nordisk-baltiske valkrinsen har sett denne etableringa som eit positivt tiltak.

9.3.3 Utlån og kondisjonalitetskrav

9.3.3.1 Generelt

Utlånsfunksjonen til IMF er nær knytt til overvakingsfunksjonen. Dei ulike låneordningane må sjåast i samanheng med dei oppgåvene institusjonen er pålagd for å fremme valutastabilitet, halde ved lag ordna arrangement for valutakursane, unngå konkurrerande valutakursendringar og arbeide for å fjerne handelsrelaterte valutarestriksjonar. Medlemsland skal ha tilgang til finansieringsordningar slik at dei kan korrigere mellombelse vanskar i betalingsbalansen utan at dei må gripe til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land.

IMF gir mellombels finansiering til land med betalingsbalanseproblem dersom landet samtidig går inn i eit økonomisk tilpassings- og reformprogram. Eit slikt program inneheld krav til utforminga av den makroøkonomiske politikken som skal leggje tilhøva til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling og for at kreditorane skal få fornya tillit til landet. Røynsler fortel at godkjenningsstempel frå IMF verkar stimulerande på anna finansiering og dermed lettar den økonomiske tilpassinga i landet. Krava som blir stilte for å få lån, skal medverke til ei berekraftig økonomisk utvikling slik at bruken av IMF sine ressursar berre blir mellombels. Låna frå IMF er ikkje sikra utover dei kondisjonalitetskrava som IMF stiller.

Det finansielle ressursgrunnlaget for størstedelen av denne verksemda er kvotane til medlemslanda. Kor mykje kreditt IMF vil yte til eit land, blir avgjort med utgangspunkt i kvoten landet har i IMF. Eit land som har behov for midlar, får tilsegn om lån i konvertibel valuta frå IMF mot å stille eigen valuta som sikkerhet. Land med overskot i utanriksøkonomien og konvertibel valuta er forplikta til å stille sin eigen valuta til disposisjon for desse låna. Igjen er det kvotane som avgjer kor mykje valuta landa må stille med. Låntakerlandet betalar normalt ei rente som er ei tilnærma marknadsorientert rente for kortsiktige lån med svært låg risiko. Renta er eit vege gjennomsnitt av rentene for amerikanske dollar, euro, japanske yen og britiske pund. Det er desse valutaene som går inn i SDR-korga (Special Drawing Rights). Finansieringsverksemda til IMF er basert på at dei finansielle midlane blir resirkulert. Det er derfor fastsett ei relativt kort nedbetalingstid.

9.3.3.2 Låneordningane

Gjennom åra har IMF etablert ei rekkje ulike utlånsordningar med ulike formål og vilkår. Systemet blei etter kvart svært uoversiktleg, og i 2000 gjekk IMF grundig gjennom utlånsordningane og forenkla systemet. Fleire utlånsordningar som hadde blitt oppretta for å dekkje spesielle formål, blei avvikla. Noreg har saman med dei andre landa i valkrinsen gått inn for forenklingar for å auke oversikta over og innsynet i utlånsverksemda til IMF.

IMF har i dag desse låneordningane (sjå òg tabell 9.1):

  • Stand-by arrangement (SBA): Den primære finansieringsordninga til IMF er dei ordinære trekkrettane, som er baserte på IMF sine eigne ressursar. Kreditten er tilgjengeleg i fleire transjar, som kvar svarer til 25 prosent av kvoten. For trekk i den såkalla reservetransjen (dei første 25 prosent av kvoten) blir det ikkje stilt krav om å leggje om den økonomiske politikken. Reservetransjen svarar til kva landet har betalt inn til IMF i hard valuta, og er ein del av valutareserven i landet. Ved trekk i dei andre transjane blir det stilt stadig strengare vilkår dess høgre opp i transjesystemet landet kjem. Tiltak skal i slike høve skje innanfor ein horisont på 1-2 år (programperioden). Avtalen set ei øvre ramme for kor mykje eit land kan låne i IMF, og kan samanliknast med ein kassakreditt. Eit land kan normalt trekkje opp til 100 prosent av kvoten i løpet av eitt år. Kumulativt gjeld ei lånegrense på 300 prosent.

  • Extended Fund Facility (EFF): Land som har spesielt store strukturelle problem, kan få lån etter ei såkalla utvida låneordning. Her blir det stilt større krav om strukturtiltak, og programperioden er tre år.

  • Supplemental Reserve Facility (SRF): I samband med finanskrisene i Søraust-Asia etablerte IMF ei eiga låneordning spesielt meint for land som får ei vesentleg forverring av betalingsbalansen som følgje av plutseleg tillitssvikt i internasjonale kapitalmarknader. Innføringa av SRF var ei erkjenning av at integrerte kapitalmarknader gjer medlemslanda meir sårbare, ved at brist på tilliten raskt kan få store konsekvensar. Lån under SRF blir formelt gitt som eit stand by-arrangement, men dei normale lånegrensene gjeld ikkje. Renta er òg langt høgare enn ved den ordinære låneordninga.

  • Contingent Credit Lines (CCL): I 1999 blei det oppretta ei beredskapslåneordning som skal tene som eit forsvar mot at eit land får betalingsbalanseproblem som følgje av smitteeffektar frå andre land. Ordninga er open for land som i utgangspunktet har ein solid økonomi og ein sunn økonomisk politikk (førehandskvalifisering). Lån frå ordninga krev vidare at landet held ved like gode samarbeidsrelasjonar med privat sektor og signaliserer vilje til om nødvendig å setje i verk forsterka stabiliseringstiltak. Låna kan gis raskt og har kort løpetid. Utlånsrenta er høgre enn ved ordinære utlån. Dei vanlege lånegrensene gjeld ikkje. Eit alternativ til CCL er at IMF kan godkjenne ei meir ordinær programpakke, men med den føresetnaden at landet ikkje skal trekkje på finansieringa før det kjem i vanskar (precautionary arrangements).

  • Compensatory Financing Facility (CFF): Ordninga tek sikte på å assistere medlemmer som har mellombels betalingsbalanseproblem fordi eksportinntektene har falt på grunn av fall i råvareprisane, eller fordi importkostnadene for korn har auka kraftig. IMF kjem inn dersom landet ikkje sjølv har kontroll med årsakene til problema.

  • Emergency Assistance Facility (EAF): Dette er ei ordning der lån raskt kan bli gitt når eit land får problem med betalingsbalansen i samband med naturkatastrofar, borgarkrig eller væpna konfliktar internasjonalt.

  • Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF): Denne låneordninga er spesielt retta mot dei aller fattigaste landa. Ordninga er ikkje finansiert ved dei ordinære ressursane til IMF, men er basert på at fondet har teke opp lån frå einskilde medlemsland og at bistandskjelder subsidierer renta, jf. 9.3.6.2. For å få lån må landet utforme ein særskild strategi for å redusere fattigdom og fremme økonomisk vekst. Bruk av PRGF avgrensar ikkje tilgangen landa har til dei andre finansieringsordningane.

Tabell 9.1 Oversikt over låneordningane til IMF

LåneordningLånegrense (i pst. av kvoten landet har)RenteTilbakebetalingFormål
Ordinære ordningar:
Stand-By Arrangement (SBA) (Etablert 1952)Årleg grense normalt 100 pst. Kumulativ grense over løpetida er 300 pst., men kan vere høgareGrunnrente1 + 100-200 rentepunkt2Forventa innan 21/4-4 år, men maks. 5 årKortsiktige problem med betalingsbalansen
Extended Fund Facility (EFF) (1974)Som for SBASom for SBAForventa innan 41/2-7 år, men maks. 10 årMeir langsiktige betalingsbalansebehov som hovudsakleg kjem av strukturelle forhold
Spesielle ordningar:
Supplemental Reserve Facility (SRF) (1997)Inga definert grenseGrunnrente + 300-500 rentepunkt3Forventa innan 1-11/2 år, men maks. 21/2 årUventa store betalingsbalansebehov som følgje av tillitssvikt på dei internasjonale lånemarknadene
Contingent Credit Lines (CCL) (1999)Formelt inga grense, men det er forventa at lånet ikkje skal vere meir enn 300-500 pst. av kvotenGrunnrente + 150-350 rentepunkt4Forventa innan 1-11/2 år, men maks. 21/2 årBeredskapsordning for land med «sunn» økonomi som får problem som følgje av smitte frå andre land
Compensatory Financing Facility (CFF) (1963)55 pst.GrunnrenteForventa innan 21/4-4 år, men maks. 5 årMellombels eksportproblem pga. fall i råvareprisar, eller auka importkostnader for korn
Emergency Assistance Facility (EAF) (1962)Normalt 25 pst. av kvoten, men kan vere større i spesielle høveGrunnrente31/4-5 årBetalingsbalanseproblem i samband med naturkatastrofar, borgarkrig, internasjonale væpna konfliktar
Andre ordningar:
Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF)5 (1999)Første gong eit land nyttar ordninga, er grensa normalt 90 pst., for andre land 65 pst. Maks. 140 pst. over programperioden, som i særlege høve kan aukast til 185 pst.0,5 pst.51/2-10 årSubsidierte lån til land med særleg låg inntekt som følgje av langvarige problem med betalingsbalansen. Skal fremme auka økonomisk vekst og redusere fattigdom

1 IMFs ordinære utlånsrente (basic rate) er basert på ei kortsiktig SDR-rente, dvs. eit vege gjennomsnitt av ei tremånadersrente for dei valutaene som inngår i SDR (amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen). Grunnrenta var om lag 3,0 pst. i oktober 2001.

2 Det er eit rentepåslag på 100 punkt for den delen av lånet som overstig 200 pst. av kvoten, og 200 punkt på den delen som overstig 300 pst. av kvoten.

3 Rentepåslaget startar med 300 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 500 rentepunkt.

4 Rentepåslaget startar med 150 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 350 rentepunkt.

5 PRGF er ei låneordning som blir administrert av IMF. Utlåna blir ikkje finansierte over IMFs ordinære ressursar, men gjennom bilaterale bidrag frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar.

For dei ordinære låneordningane (SBA og EFF) blei det i 2000 innført eit system der renta stig med aukande lånebeløp. Føremålet er å unngå at medlemslanda låner unødig store beløp i IMF, og å stimulere dei til ei så rask tilbakebetaling som råd. Renta er likevel svært låg samanlikna med kostnadene ved alternativ finansiering for land med betalingsbalanseproblem, dersom slik finansiering finst. For å korte ned løpetida på låna blei det òg innført eit system med forventningar om raskare tilbakebetaling dersom den økonomiske situasjonen i låntakarlandet tilseier det. Valkrinsen vår har støtta desse endringene.

Samstundes blei det innført eit system med forsterka overvaking av den økonomiske politikken i land der IMF har store midlar uteståande. Denne endringa er òg støtta av valkrinsen, som har meint at det er viktig å syte for at midlane raskt blir resirkulerte og tilgjengelege for nye utlån til andre land.

Ingen har brukt CCL-ordninga sidan ho blei oppretta i 1999. Ordninga blei justert i 2000, slik at ho skal bli meir attraktiv for potensielle brukarar. Utlånsrenta blei redusert til eit nivå som ligg midt imellom det som gjeld for SBA- og SRF-trekk. Den nordisk-baltiske valkrinsen har vore skeptisk til behovet for å gjere CCL meir attraktiv gjennom å setje ned renta og har meint at det er andre grunnar enn rentenivået som gjer at ordninga ikkje blir brukt.

9.3.3.3 Kondisjonalitetskrav

Sidan 1950-åra har det vore vanleg å knyte vilkår, kondisjonalitskrav, til utlån frå IMF. Kondisjonalitetskrava tek sikte på å rette opp dei økonomiske ubalansane og setje landet i stand til å betale tilbake lånet. Det er viktig at utlånte midlar vender tilbake til IMF, slik at dei kan gi grunnlag for nye utlån til andre land som får betalingsproblem.

Kondisjonalitetskrava har utvikla seg over tid. Opp til 1980-talet avgrensa vilkåra seg til makroøkonomiske tiltak (etterspørselsregulering gjennom penge- og finanspolitiske tiltak). Frå slutten av 1980-talet blei vilkåra meir omfattande. Særleg har det vore ein auke på det strukturelle området. Denne forskyvinga reflekterte mellom anna at IMF la større vekt på tiltak som kunne fremme den økonomiske veksten, og at strukturelle problem ofte låg bak betalingsbalanseproblema.

Forskyvinga i retning av meir omfattande og detaljerte kondisjonalitetskrav har reist spørsmål ved innrettinga og omfanget på vilkåra. Fleire har meint at kondisjonalitetskrava er blitt for kompliserte, og har argumentert for ei forenkling. I september 2000 blei det derfor fastsett nokre mellombels retningsliner for forenkling av kondisjonalitetskrava på det strukturelle området:

  • Kondisjonalitetskrava skal ta med strukturtiltak som er rekna som kritiske for å nå makroøkonomiske mål.

  • Dei skal ikkje ta med strukturtiltak som ikkje er relevante for å nå makroøkonomiske mål.

  • Strukturreformer som er relevante, men ikkje kritiske, og som ikkje er innanfor kjerneområdet til IMF, skal ikkje byggjast inn i kondisjonalitetskrava.

  • Dersom strukturtiltak er kritiske, men utanfor IMF sine kjerneområde, skal organisasjonen søkje samarbeid med andre organisasjonar om innrettinga før han byggjer inn desse kondisjonalitetskrava.

I 2001 har styret diskutert spørsmålet om å effektivisere, refokusere og forenkle kondisjonalitetskrava. Det er semje om følgjande hovudelement:

  • Rettesnora for utforming av kondisjonalitetskrava bør endrast frå å vere vidtfamnande til å vere selektive. Det er ønskjeleg å tilpasse kondisjonalitetskrava sterkare til behov og institusjonelle føresetnader i kvart enkelt land.

  • IMF bør i sterkare grad lite på assistanse frå andre organisasjonar og spesielt Verdsbanken i strukturspørsmål. Det gjeld i særleg grad på område utanfor IMF sine kjerneområde.

  • IMF bør redusere talet på formelle vilkår. Det vil gjere kondisjonalitetskrava mindre kompliserte, og innsynet i kva dei inneheld vil bli styrkt.

Bakgrunnen for endringane er at detaljerte vilkår kan hindre at landa føler eigarskap til programtiltaka. For omfattande vilkår kan vidare overbelaste den administrative kapasiteten som allereie er avgrensa i mange land. Begge delar kan gå utover gjennomføringa av programtiltaka.

Samtidig er mange opptekne av at ein må gå forsiktig fram, slik at ein unngår å svekkje kvaliteten på kondisjonalitetskrava. Dei fleste industrilanda har meint at ein må styrkje, snarare enn svekkje kondisjonalitetskrava. Utviklingsland har meint at ein bør gå langt i å forenkle krava. Det er førebels usemje i styret om kor langt ein bør gå i retning av forenkling når ein samstundes vil hindre at forenklinga går utover kvaliteten på kondisjonalitetskrava.

Styret er samd om at det står att viktige diskusjonar om kor blant anna grensa skal trekkjast for når eit strukturtiltak er relevant, og når det er kritisk for dei makroøkonomiske måla som er sette for programma. Det er vidare behov for ei nærare avgrensing av skiljet mellom IMF sine kjerneoppgåver og andre oppgåver. Desse avgrensingane er ikkje enkle å gjennomføre i praksis, og i siste omgang må avgrensinga skje etter ei grundig vurdering av kvart enkelt tilfelle. På dette punktet er det viktig å vinne røynsler frå det praktiske arbeidet med desse spørsmåla.

Det er brei semje i styret om å styrkje samordninga av tiltak med Verdsbanken og andre organisasjonar. Institusjonane bør spesielt unngå å overlappe kvarandre. Arbeidsdelinga må gjerast tydelegare. Generelt bør institusjonane støtte opp om den politikken dei andre fører, og dei må utarbeide eit nærare rammeverk for dette arbeidet.

Saka skal diskuterast vidare i dei næraste månadene. Røynslene staben har hausta så langt med forsøka på å forenkle kondisjonalitetskrava blir eit viktig utgangspunkt for denne diskusjonen.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har stilt seg positiv til arbeidet med å forenkle og konsentrere innhaldet i kondisjonalitetskrava. Han har meint at IMF bør redusere engasjementet sitt i strukturelle spørsmål og konsentrere seg meir om kjerneoppgåvene. Ein viktig føresetnad har vore at endringane i kondisjonalitetskrava ikkje rammar kvaliteten og styrken i låne- og tilpasningsprogramma.

9.3.4 Utviklinga i kriseland og IMF si rolle

9.3.4.1 Asia

Liberalisering av kapitalrørsler på 1990-talet og stor optimisme etter ein lang periode med sterk økonomisk vekst førte til sterkt auka kapitalinngang til Søraust-Asia frå midten av 1990-talet. Bankar og finansinstitusjonar og i somme tilfelle òg vanlege bedrifter lånte i utlandet. Sommaren 1997 blei problema i Thailand openlyse. Tillitssvikten førte til kapitalutgang, først frå Thailand, og etter kvart frå dei fleste landa i regionen. Kapitalutgangen førte til at landa måtte la valutaene sine depresiere. Dei fleste bankane og nokre bedrifter fekk problem med å greie utanlandsgjelda.

IMF lånte pengar til Thailand, Sør-Korea og Indonesia. (Filippinane hadde fått lån før Asia-krisa braut ut.) IMF stilte store beløp til disposisjon for dei tre landa. Thailand hadde ei låneramme på vel 17 mrd. USD, Sør-Korea på 21 mrd. USD og Indonesia på vel 11 mrd. USD. IMF spelte vidare ei viktig koordinerande rolle ved reforhandling av gjeld med andre långivarar. Kondisjonalitetskrava la vekt på strukturreformer og sanering av bankvesen og finanssektor, som blei vurdert som kritiske for å få økonomien på fote igjen.

Etter store produksjonsfall i 1998 kom Asia raskt på fote igjen. I 1999 og 2000 hadde landa høg vekst som følgje av ei markert auke i nettoeksporten. Nesten alle land fekk store driftsbalanseoverskot. Den økonomiske veksten har falt markert i 2001 som følgje av den internasjonale konjunkturnedgangen. Landa i Søraust-Asia er særleg hardt ramma på grunn av at dei er sterkt avhengige av eksport av høgteknologi og elektronikk. Fortsatte strukturelle problem i finanssektoren og i dei store konglomerata forsterkar den svake utviklinga.

I si eiga evaluering av handteringa av Asia-krisa peiker IMF på at organisasjonen i startfasen undervurderte omfanget av problema. I landa som blei ramma av krisa, blei kapitalutgangen langt sterkare, og fallet i innanlandsk etterspørsel langt kraftigare enn venta. I lys av dette var innstramminga av finanspolitikken i starten truleg for sterk. I dei finansielle marknadene var dei òg usikre på omfanget av dei offisielle støttetiltaka. Vidare burde IMF i startfasen ha lagt sterkare vekt på å løyse dei strukturelle problema i banksektoren og bedriftene.

I september 1999 blei røynslene frå krisa gjennomgått i styret i IMF. Styret trekte blant anna desse konklusjonane:

  • IMF bør styrkje overvakinga av økonomiane i medlemslanda slik at problem kan bli oppdaga på eit tidlegare tidspunkt. Verken IMF eller andre føresåg omfanget av den finansielle krisa, med eit unntak for Thailand.

  • Det er avgjerande at landa er opne om alle sider av den økonomiske politikken.

  • IMF bør leggje sterkare vekt på å identifisere ubalansar i finansiell sektor. Problema i Asia stamma i stor grad frå finansiell sektor, og ikkje frå vanlege makroøkonomiske ubalansar. Utviklinga i finanssektoren må difor få ein større plass i overvakingspolitikken og i utforminga av lånevilkår.

  • Raske og bestemte tiltak er nødvendige for å handtere problem i finansiell sektor og gjenreise tillit i dei internasjonale finansmarknadene.

Valkrinsen slutta seg til desse synspunkta. Valkrinsen meiner det er viktig å styrkje arbeidet med å førebyggje kriser, og å prøve å løyse problem på eit tidleg stadium.

9.3.4.2 Russland

Hovudproblemet i Russland var finansieringa av underskotet på statsbudsjettet. Eit valutakursbasert stabiliseringsprogram hadde fått ned inflasjonen, men etter kvart blei det vanskeleg å finansiere dei store budsjettunderskota. Skatteinntektene var små på grunn av oppbygging av restansar og ei svak realøkonomisk utvikling. Gjennom våren 1998 måtte staten betale høgare og høgare rente, og til sist blei situasjonen uhaldbar.

I juli ble eit allereie innvilga låneprogram frå IMF utvida med vel 11 milliarder USD til om lag 20 milliarder USD. IMF finansierte størstedelen av auken ved å trekke på GAB-ordninga (sjå avsnitt 9.4.1.4). Problema i Russland heldt fram utan at landet viste vilje til å treffe ytterlegare økonomiske tiltak. Til sist var det umogleg for den russiske staten å rullere låna sine. I august 1998 valde styresmaktene å utsetje nedbetalinga på store delar av gjelda, samtidig som valutaen fekk flyte fritt. Låneprogrammet med IMF blei samstundes i røynda suspendert. Styresmaktene har sidan restrukturert den rubel-denominerte gjelda og gjelda til utanlandske private investorar. Dei har stort sett greidd å halde betalingsfristane for gjelda til utanlandske offentlege långivarar.

Russland opplevde store produksjonsfall etter gjeldskrisa, og inflasjonen tok seg opp. Sidan 2000 har utviklinga vore meir positiv. Veksten har teke seg markert opp på grunn av betre konkurranseevne og høgare eksportprisar på energi. Den statsfinansielle situasjonen har òg betra seg.

Det blei retta skuldingar mot Russland om at landet hadde nytta lånet som var gitt av IMF i juli 1998 til andre føremål enn føresett. IMF sette i gang ei omfattande gransking, som blei gjennomført av eksterne revisorar. Granskinga fann ikkje bevis for å støtte skuldingane om at Russland hadde misbrukt midlane frå IMF.

9.3.4.3 Brasil

Krisa i Brasil utvikla seg hausten 1998. Problema var av statsfinansiell karakter. Styresmaktene si gjeld auka på grunn av store rentebetalingar og ei svak økonomisk utvikling. Ein styrt valutakurs hadde gjort eksporten lite konkurransedyktig og var ein viktig grunn til den svake økonomiske utviklinga. Etter Russland-krisa tok internasjonale investorar færre risikoutsette posisjonar, og det blei vanskeleg for land som Brasil å rullere gjelda.

Under leiing av IMF og Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) blei det forhandla fram ei finansieringspakke på 41,5 mrd. USD. Låneramma frå IMF var 18 mrd. USD. Låne- og tilpassingsprogrammet frå IMF skulle dels gi internasjonale investorar ny tillit til Brasil blant anna ved å redusere lånebehovet i ein periode. Kondisjonalitetskrava la vekt på sanering av dei offentlege budsjetta, men strukturtiltak som skulle stimulere den økonomiske veksten var òg viktige. IMF aktiviserte ei særskild låneordning, NAB, med Noreg som ein av bidragsytarane, jf. 9.4.1.4.

Det var uvisst om delstatane greidde å betale ned gjelda si eller ikkje. Dette førte til eit spekulativt åtak på valutaen i januar 1999. Styresmaktene valde å la den brasilianske realen flyte. Depresieringa betra konkurranseevna og gjorde sitt til at veksten tok seg opp allereie i 1999. Styresmaktene vann raskt tilbake tilliten i dei internasjonale finansmarknadene, og gjeldsnedbetalinga har vore relativt uproblematisk.

På bakgrunn av problema i Argentina, den negative utviklinga i verdsøkonomien og den innanlandske energikrisa oppstod det sommaren 2001 eit nytt press mot den brasilianske valutaen, og IMF har innvilga Brasil eit førebyggjande lån på inntil 15 mrd. USD.

9.3.4.4 Tyrkia

I 2000 innleidde Tyrkia eit ambisiøst stabiliseringsprogram for å redusere inflasjonen. Programmet brukte valutakursen som nominelt anker ved at lire blei knytt til ei korg av dollar og euro. Etter stor optimisme og kapitalinngang i første halvår 2000 snudde stemninga i andre halvår. Avsløring av uorden i banksektoren førte til panikk hausten 2000. Resultatet var kapitalutgang og problem med finansiering av statsbudsjettet. Eit IMF-lån i desember 2000 stabiliserte situasjonen i første omgang, men fornya press mot valutaen førte til at styresmaktene måtte devaluere i februar 2001. Tyrkia sette dermed stabiliseringsprogrammet i fare trass i støtta frå IMF. Låg risikotaking i dei internasjonale finansmarknadene kombinert med uvisse rundt den økonomiske politikken blei utslagsgivande.

I mai 2001 blei ein ny låneavtale inngått blant anna for å gi ny tillit til den økonomiske politikken og lette dei statlege finansieringsproblema. Samla kan Tyrkia trekkje opp til 19 mrd. USD frå IMF. Restrukturering av finanssektoren og ei budsjettmessig konsolidering er viktige element i det noverande låneprogrammet. Den finansielle situasjonen har forverra seg i kjølvatnet av terroraksjonane i USA i september 2001. IMFs administrerande direktør annonserte derfor i november at han om kort tid ville tilrå å auke lånet for å lukke finansieringsgapet og støtte dei tyrkiske myndigheitene sitt ambisiøse reformarbeid.

9.3.4.5 Argentina

Argentina har gjennom dei siste åra hatt store statsfinansielle problem. Spesielt har det vore vanskeleg å leggje ut nye statspapir i dei internasjonale finansmarknadene. Renteforskjellen overfor USA har i periodar vore svært høg.

Problema i Argentina stammar frå tida etter Russland-krisa då framveksande økonomiar fekk vanskelegare finansieringsvilkår. I tillegg har styrkinga av den amerikanske dollaren dei siste åra svekt konkurranseevna til Argentina ettersom den argentinske pesoen er knytt til dollaren. Svak eller negativ vekst har blitt resultatet. Problema blei forsterka etter depresieringa av den brasilianske realen i 1999.

Lån frå IMF har vore med på å redusere styresmaktene sine finansieringsproblem, men utan at tilgangen til privat internasjonal kapital har blitt normalisert. Situasjonen forverra seg sommaren 2001 og i september auka IMF låneramma med 8 mrd. USD. Argentina har no ei låneramme på om lag 22 mrd. USD i IMF. Den auka låneramma bidrog ikkje til å auke investorane sin tillit til den økonomiske politikken. Situasjonen forverra seg utover hausten med stadig auka rente. Myndigheitene har sett i gang nye tiltak, mellom anna ei restrukturering av den offentlege gjelda. Så langt ser det ikkje ut til at situasjonen i Argentina har smitta nemneverdig til finansmarkadene i dei andre framveksande økonomiane.

9.3.4.6 Meltzer-kommisjonen

Kongressen i USA sette i 1999 ned ein kommisjon for å vurdere det arbeidet IMF og dei andre multilaterale finansielle institusjonane gjer, i lys av røynslene frå dei finansielle krisene. Kommisjonen, som blei leidd av professor Allan Meltzer ved Carnegie Mellon-universitetet, la fram sin rapport i mars 2000. Blant konklusjonane var:

  • IMF bør konsentrere sin utlånsaktivitet til land som er utsette for betalingsbalansekriser, og opptre som ein «quasi lender of last resort». Organisasjonen bør gi store lån til slike land dersom dei på førehand tilfredsstiller visse økonomisk-politiske vilkår for finanspolitikk, kapitalisering av bankar o.a. Låna bør bli gitt til høg rente og bli tilbakebetalte raskt (i løpet av 120 dagar).

  • IMF bør stoppe å låne ut til fattige land på gåvevilkår. PRGF-ordninga bør bli nedlagd.

  • IMF bør styrkje overvakingspolitikken, men bør ikkje lenger overvake OECD-landa.

  • IMF bør samle inn og offentleggjere økonomiske data. Openheit er viktig.

  • Kondisjonalitetspolitikken til IMF bør bli endra. Kommisjonen tvilte på om kondisjonalitetskrava fører til at problema i økonomien blir løyste, og meinte dei greip for sterkt inn i suvereniteten i landa.

  • IMF (og Verdsbanken) bør slette alle fordringar på fattige land.

  • Rekneskapssystemet i IMF er uoversiktleg.

Den dåverande administrasjonen i USA var svært kritisk til konklusjonane i rapporten og meinte at IMF ville bli svekt dersom forslaga blei gjennomførte. IMF-styret har ikkje diskutert sjølve rapporten frå Meltzer-kommisjonen, men det har diskutert fleire av spørsmåla rapporten tok opp, jf. tidlegare omtale.

9.3.4.7 Vurdering av tiltak ved kapitalbalansekriser

Dei siste røynslene er at IMF gjennomgåande har vore med på å forhindre ein meir omfattande systemsvikt på det finansielle området. Dei fleste land har halde oppe tilgangen til den internasjonale kapitalmarknaden og fått lån på vanlege marknadsorienterte vilkår. Somme land har likevel ikkje fått den venta gjenopprettinga av tilliten i dei internasjonale kapitalmarknadene som følgje av IMF-program. IMF har derfor teke initiativ til ein meir grunnleggjande diskusjon av røynslene med IMF-program ved kapitalbalansekriser. Truleg vil organisasjonen ta opp spørsmål som samansetjinga av og styrken i dei økonomiske tiltaka som inngår i IMF-programma, så vel som graden av finansiering frå IMF. Det er òg nødvendig å diskutere korleis privat sektor skal involverast med finansiering.

9.3.5 Teknisk assistanse

Teknisk assistanse til medlemslanda har auka i omfang dei siste åra. Mange land har utilstrekkelege institusjonar og manglar fagleg kompetanse til å kunne forme og gjennomføre ein berekraftig økonomisk politikk. Den tekniske assistansen blir i hovudsak gitt innanfor tre område: (a) utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikken, (b) hjelp til å byggje opp institusjonar som sentralbank, statitistikkbyrå, skattestyresmakter o.a., (c) lovgiving for økonomisk verksemd og finanssektoren. Assistansen tek såleis sikte på å betre det institusjonelle grunnlaget for gjennomføring av dei økonomiske tilrådingane. I tillegg til personer frå IMF deltek òg eksperter frå andre medlemsland. På den måten nyttar ein den ekspertisen som einskilde medlemsland har til å hjelpe dei andre medlemslanda. Noreg har hjelpt til med ekspertar innanfor ei rekkje område. Det er særleg låg- og mellominntektsland som mottek teknisk assistanse.

9.3.6 Arbeid mot fattigdom

9.3.6.1 Gjeldsinitiativet

Det internasjonale samfunnet innsåg på midten av 1990-talet at gjeldsbyrda for mange fattige land ikkje var til å leve med. IMF og Verdsbanken lanserte derfor i 1996 eit felles initiativ for å redusere gjelda i desse landa til eit nivå som kunne handterast (Initiative for Heavily Indebted Poor Countries, HIPC). Initiativet skulle tryggje utviklinga i fattige, gjeldsbelasta land ved at gjelda skulle bringast ned til eit nivå som gjorde det mogleg for desse landa å betene ho gjennom eksportinntekter, utviklingshjelp og kapitalinngang frå utlandet. Letten skulle skje gjennom støtte frå både offentlege og private kreditorar. Det sentrale elementet er at gjeldslette berre skal bli gitt til land som kan dokumentere evne og vilje til stor eigeninnsats i form av makroøkonomisk tilpassing og strukturelle og sosialpolitiske reformer. Krava byggjer på tidlegare røynsler om at vanskelege gjeldsproblem ikkje let seg løyse utan ei vesentleg omlegging av den økonomiske politikken, samstundes som ein skal sikre effektiv bruk av gjeldsletten.

Eit sentralt punkt er vidare at tiltak bør vere koordinerte mellom dei aktuelle kreditorane. Alle kreditorgruppene bør bere ein rimeleg del av finansieringa. Finansiering i form av lån frå IMF kjem først inn når ein rimeleg innsats ligg føre frå alle kreditorar. Tiltak på gjeldsområdet skal ta vare på den finansielle integriteten og den prioriterte kreditorstatusen til dei multilaterale institusjonane, og dei skal vere i samsvar med IMF sine vedtekter. Slik sikrar institusjonane best evna til å gi finansiering på gunstige vilkår.

Direkte ettergiving av gjeld frå multilaterale institusjonar som IMF har aldri vore ei aktuell problemstilling. Ettergiving av gjeld ville ha gjort institusjonane mindre kredittverdige i den internasjonale kapitalmarknaden. Gjeldsettergiving vil vidare svekkje ressursgrunnlaget til IMF og dermed kapasiteten til å gi medlemslanda lån. IMF sine vedtekter opnar dessutan ikkje for dette.

Opphavleg skulle landa under gjeldsinitiativet kvalifisere seg gjennom å innføre økonomiske tilpassingar over ein treårsperiode (fase 1) som leidde fram mot vedtak om å inkludere landet i gjeldsinitiativet (decision point). Deretter gjekk landet over i ein mellomperiode (fase 2, interim period) prega av vidare omlegging av den økonomiske politikken over ein ny treårsperiode. I denne perioden skulle Paris-klubben (offentlige kreditorar) og privat sektor kome opp med gjeldslette.

IMF og Verdsbanken skulle først i sluttstadiet (completion point) kome inn med supplerande gåvemidlar i eit omfang som var nødvendig for å få gjelda ned på eit handterleg nivå. Desse gåvemidlane er bilaterale midlar medlemslanda har stilt til disposisjon for IMF under HIPC-ordninga. Vidare er gevinsten av gullsal frå slutten av 1970-talet øyremerkt utviklingslanda. Desse midlane er avgrensa reservemidlar som er skilde ut frå den ordinære verksemda til IMF. IMF har i realiteten òg brukt noko av overskotet frå den ordinære verksemda si til å sanere gjeld. Etter eit særskilt vedtak selde IMF i 1999-2000 ei avgrensa mengde gull utanom den ordinære marknaden. Inntektene blei plasserte på ein eigen konto, skilt ut frå den ordinære verksemda til IMF. Avkastninga av desse plasseringane blir nytta til å finansiere IMF si deltaking i HIPC-initiativet.

Då røynslene med gjeldsinitiativet blei gjennomgått tidleg i 1999, kom ein til at framdrifta var for lita. Gjeldsletten burde kome raskare, vere større og dekkje fleire land. G7-landa hadde i ein noko tidlegare diskusjon òg kome fram til same konklusjon. Det nye initiativet (Enhanced HIPC Initiative) inneheld følgjande element:

  • Assistansen blir styrkt gjennom at ein set ei lågare grense for kva som er rekna som ein akseptabel gjeldssituasjon. Blant anna blir det sett ei lågare grense for kor stor del av eksporten gjelda skal utgjere før eit land skal ha rett til HIPC-assistanse.

  • Gjennom å korte ned den innleiande kvalifiseringsperioden med tilpassing, skal lettane kome raskare.

  • Samtidig blir det opna for at land som set opp tempoet i dei nødvendige tilpassingane, kan få gjeldslette tidlegare. Ein har med andre ord fått eit slags flytande sluttstadium i staden for ei fast tidsramme for tilpassinga i fase 2.

  • Talet på land som kan få gjeldslette, blir utvida.

Enkelte organisasjonar og land har argumentert for at all gjeld skal slettast med ein gong og utan vilkår. Dei argumenterer med at det er betre å la alle ressursane i låntakarlanda gå til auka vekst og velferd i staden for å la dei gå til renter og avdrag til utlandet. Enkelte legg òg vekt på at låna er tekne opp av regime utan folkeleg legitimitet, og at det derfor er urimeleg at folket skal lide for dette. IMF har gått imot dette av fleire årsaker. Kostnadene vil vere svært høge og ressursgrunnlaget til IMF blir svekt. Det kan vere viktigare at fleire land har ein sjanse til å få lån enn at dei gamle låna blir heilt sletta. Dei nemnde erfaringane om at vanskelege gjeldsproblem ikkje let seg løyse utan ei vesentleg omlegging av den økonomiske politikken, er ikkje minst viktige. I tillegg har ein lagt vekt på at landa må vise at dei kan oppfylle skyldnadene sine, for at nokon skal ville gi dei nye lån seinare.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har sterkt støtta gjeldsinitiativet, og har lagt vekt på at auka tempo i framdrifta ikkje skal gå ut over eigeninnsatsen landa yter i form av tilpassing og eigarskapen til utviklingsprosessen.

I november 2001 hadde 24 land kvalifisert seg for det forsterka gjeldsinitiativet (gjennomført første fase av tilpassinga og nådd vedtaksstadiet). Innsatsen frå IMF, Verdsbanken og andre multinasjonale kreditorar, i kombinasjon med tradisjonell lette og ettergivingar frå bilateralt hald, kjem til å redusere noverdien av landa si gjeld med nesten to tredelar frå 53 til 20 mrd. USD. IMF skyt til om lag 2,5 mrd. USD. Det får gjelda deira ned på eit nivå som ligg under gjennomsnittet for utviklingslanda som gruppe. To land har så langt nådd sluttstadiet under gjeldsinitiativet.

Ei viktig oppgåve for IMF i tida framover er å hjelpe fattige gjeldsbelasta land som anten har kome eller i nær framtid kjem seg ut av ein konfliktsituasjon, til å starte den innleiande kvalifiserande tilpassinga under gjeldsinitiativet. IMF vil nytte den eksisterande låneordninga for naudsituasjonar (Emergency Assistance Facility) for dette formålet. Lån vil bli gitt med sterkt redusert rente, som vil bli gjort mogleg ved gåvemidlar frå bilaterale bistandskjelder. Det er sterkt behov for gjeldslette på grunn av utbreidd fattigdom og store gjenoppbyggingsbehov. Ein går ut frå at det eksisterande initiativet har tilstrekkeleg fleksibilitet for å møte dei spesielle behova deira. I heilt spesielle tilfelle er det ikkje utelukka at ein kan gi gjeldslette utover sluttstadiet.

9.3.6.2 Strategiar for reduksjon av fattigdom (PRSP-prosessen) og anna arbeid mot fattigdom

IMF legg aukande vekt på å nedkjempe fattigdom, noko som under årsmøtet i 1998 fekk brei støtte frå vår eigen valkrins. Innrettinga av fattigdomsarbeidet er seinare konkretisert nærare. Låneordninga Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF) blei etablert i 1999 som ei direkte vidareføring av Enhanced Structural Adjustment Facility (ESAF). Namneskiftet indikerer at ordninga skal leggje større vekt på å redusere fattigdom og fremme økonomisk vekst. Samtidig skal ein halde seg til rammene som omsynet til makroøkonomisk stabilitet set. For å få lån under denne ordninga må landet sjølv utforme ein særskild strategi for å redusere fattigdom og fremme økonomisk vekst, der erkjenninga av at makroøkonomiske, strukturelle og sosiale utfordringar må løyses i ein integrert prosess er heilt sentral. Formålet er å styrkje eigarskapen landa har til tiltaka som skal nedkjempe fattigdom. Strategien skal bli til i nært samarbeid med det sivile samfunnet (interesseorganisasjonar, partane i arbeidslivet osb.), donorar og internasjonale organisasjonar. Strategiane blir nedfelte i eigne dokument (Poverty Reduction Strategy Papers, PRSP). Hovudformålet med dei er å leggje grunnlag for sterkare økonomisk vekst og for å redusere fattigdommen i eit mellomlangt perspektiv. Landa skal årleg leggje fram ein framskrittsrapport og kvart tredje år ajourføre eller revidere strategien. Dokumenta utgjer eit viktig grunnlag for å vurdere utlån under PRGF-ordninga og gjeldslette.

Utarbeiding av PRSP-dokument er berre i startfasen. Det kjem til å ta noko tid før fullstendige og godt spesifiserte program er ferdig utarbeidde. Inntil vidare vil ein utarbeide nokre ufullstendige og mellombels dokument (interimdokument), som berre indikerer retninga på moglege tiltak. Fram til midten av november 2001 var det utarbeidd 38 interimdokument og 6 fullstendige dokument.

PRGF-ordninga er ikkje basert på IMF sine eigne ressursar, men på at medlemsland stiller utlånsmidlar til disposisjon for IMF. Renta er 0,5 prosent og tida for tilbakebetaling ti år. Den låge renta er mogleg på grunn av rentesubsidiar, finansierte ved gåver frå medlemslanda.

Noregs Bank har ytt innskot av kapital til PRGF-ordninga på 150 millionar SDR, som tilsvarar om lag 1 700 millionar norske kroner med kursen ultimo november 2001 (1 SDR = 11,3 NOK). Totalt har 15 land ytt 11,3 mrd. SDR til innskot i ordninga. I tillegg har Utanriksdepartementet over bistandsbudsjettet løyvd til saman 354 millionar kroner til rentesubsidieringa.

9.4 Ressursar og samarbeidspartnarar

9.4.1 Tilgangen på finansielle ressursar

9.4.1.1 Generelt

Ressursane til IMF er for det meste midlar som medlemslanda har betalt inn i samband med tildeling av kvotar. Kapitalen - eller kvotane - som medlemslanda har skote inn, er hovudsakleg rekna ut frå den økonomiske storleiken deira. IMF sine statuttar utelukkar ikkje at fondet kan ta opp lån i dei internasjonale marknadene, men denne løysinga er aldri blitt brukt. Det ser ut til å vere semje om at IMF ikkje skal bruke denne utvegen. IMF kan òg auke ressursane sine ved å utferde spesielle trekkrettar (SDR) til medlemslanda. Sist gong det blei gjort ei generell tildeling av SDR, var i 1981. I 1997 blei det gjort framlegg om ei målretta eingongstildeling av SDR, men denne er enno ikkje gjennomført (sjå punkt 9.4.1.2).

Dei samla ressursane til IMF ved utgangen av juli 2001 utgjorde 217 milliardar SDR (om lag 2 450 milliardar kroner). Av dette beløpet var nesten halvparten rekna som ikkje tilgjengeleg. Det var hovudsakleg midlar frå land som anten er på IMF-program (og som derfor per definisjon har ein svak utanriksøkonomisk situasjon), eller land som blir vurderte å ha ein svak ekstern balanse. Fråtrekt ein nødvendig arbeidsbalanse og allereie lovde beløp stod det att om lag 74 milliardar SDR som kan nyttast til nye utlån.

IMF har òg to spesielle ordningar der nokre medlemsland gir organisasjonen kortsiktige lån for å styrkje likviditeten i fondet i krisesituasjonar, jf. punkt 9.4.1.4. Ordningane sikrar at IMF kan mobilisere ytterlegare 34 milliardar SDR.

9.4.1.2 Kvotar

Det er kvoten eit medlemsland har, som avgjer den finansielle tilknytinga landet skal ha til IMF. Kvart enkelt medlemsland yter eit innskot i IMF som er lik kvoten landet har. Av dette skal 25 prosent betalast i framand valuta og dei andre 75 prosent i eigen valuta. Kvoten set ramma for kor mykje landet sjølv kan låne i IMF dersom det kjem i betalingsvanskar, og kor mykje valuta eit land må stille til rådvelde når andre land får slike vanskar. Røystevekta eit medlemsland har i dei styrande organa i IMF, er òg definert av kvoten. Både bruttonasjonalproduktet i eit land, utanrikshandelen, valutareservane og variasjonar i eksporten og importen er med på å avgjere kor stor kvote eit land får. Kvotane uttrykkjer den relative økonomiske posisjonen landa har i verdsøkonomien.

Fleire land har teke opp spørsmålet om representasjonen i IMF-styret. Nokre land meiner at dei framveksande økonomiane og utviklingslanda er for dårleg representerte. Vår valkrins har meint at det vil vere mest naturleg å ta denne diskusjonen som ein del av arbeidet med å revidere kvotane.

I samsvar med vedtektene i IMF går ein gjennom behovet for justeringar av kvotane kvart femte år. Det blir kravd 85 prosent majoritet i styret og samtykke frå minst 60 prosent av medlemslanda for at kvotane skal kunne endrast. Arbeidet med den ellevte revisjonen av kvotar tok til i 1995 og blei avslutta 21. januar 1999 etter at medlemsland med til saman 85 prosent av stemmevekta hadde gitt sitt samtykke. I Noreg blei kvoteauken godkjend (ratifisert) av Stortinget 19. juni 1998, jf. St.prp. nr. 56 (1997-98) og Innst. S. nr. 203 (1997-98). I gjennomsnitt blei kvotane auka med 45 prosent frå 146 milliardar SDR til 212 milliardar SDR (om lag 2400 milliardar kroner). Etter auken er Noregs kvote om lag 1672 millionar SDR, svarande til om lag 19 milliardar kroner.

Kina bad i 1997 om ein spesiell kvoteauke som følgje av at Hong Kong blei ein del av landet. I januar 2001 blei det vedteke å auke kvoten med om lag ein tredel til 6370 millionar SDR, eller frå 2,2 prosent til 3 prosent av dei samla kvotane. Kina har etter dette den åttande største kvoten i IMF.

I august 1999 sette IMF ned ei arbeidsgruppe med eksterne ekspertar for å vurdere dei formlane som blir nytta ved utrekning av kvotane. Gruppa la fram ein rapport i mai 2000. Ekspertgruppa foreslo eit kraftig forenkla system. I staden for det noverande systemet med fem ulike formlar og ei rekkje variablar foreslo gruppa at kvoten skulle reknast ut etter berre ein formel med to variablar: bruttonasjonalproduktet, som ein indikator på evna landet har til å yte finansielle ressursar, og variasjonar i valuta- og kapitalstraumane, som ein indikator på mogleg støttebehov.

Utrekningar viste at dette forslaget ville gi ein markert kvoteauke for industriland som USA og Japan og framveksande økonomiar som Brasil og Mexico. Små industriland, som Noreg, og dei mindre utviklingslanda ville få redusert sin kvote.

Forslaget frå arbeidsgruppa fekk ikkje sterk støtte då det blei diskutert i styret i IMF. Vår valkrins gjekk inn for ein kvoteformel med fleire variablar enn det arbeidsgruppa foreslo. Mellom anna ville valkrinsen ha med ein variabel som betre gav uttrykk for den utanriksøkonomiske situasjonen i landa. Forslaget frå arbeidsgruppa blei sett på som eit av fleire moglege forslag. Diskusjonen om kvotefordeling har berre så vidt begynt. Det vil truleg ta tid før han leier fram til konkrete endringar i strukturen på kvotane.

9.4.1.3 Spesielle trekkrettar

Spesielle trekkrettar (SDR) er instrumentet IMF bruker for å tilføre internasjonal likviditet dersom det skulle oppstå ein langsiktig, global mangel på likviditet. I dei seinare åra har det vore delte oppfatningar i styret i IMF om kva som skulle forståast med langsiktig global mangel på likviditet. Somme har meint at globalt behov ikkje absolutt inneber at ein stor majoritet av medlemslanda har mangel på likviditet samtidig. Dei har meint at regionale problem kan tolkast inn i dette. Andre meiner derimot at dagens effektive kapitalmarknad vil forsyne verdssamfunnet med nødvendig likviditet så lenge medlemslanda fører ein fornuftig økonomisk politikk. Slike motsetningar har gjort det vanskeleg å få oppslutning om nye tildelingar.

Styret i IMF har meint at det er urettferdig at nye medlemsland, inkludert transformasjonsøkonomiane, ikkje har fått tildelt SDR, og då heller ikkje får same tilgangen som andre til dette reservesystemet. Under årsmøtet i 1997 vedtok derfor Guvernørrådet i IMF ei eingongstildeling av SDR som skulle bli gitt til alle medlemslanda, men som i første rekkje var retta mot dei nye medlemslanda i IMF. Etter denne tildelinga skulle forholdet mellom tildelte trekkrettar og kvotar bli likt for alle land (29,32 prosent). Tildelinga vil samla sett doble dei kumulative SDR-allokeringane. Noreg vil få ei tildeling på 156 millionar SDR.

Tildelinga krev ei endring av IMFs statuttar (fjerde artikkelendring) og er framleis til ratifikasjon hos medlemslanda. Ho er så langt ikkje godkjend av ein tilstrekkeleg majoritet. Artikkelendringa tek ikkje til å gjelde før 60 prosent av medlemslanda med ei stemmevekt på 85 prosent har godkjent ho. Så langt har landa som har godteke endringa, berre 72 prosent av stemmevekta sjølv om talet på land er nesten stort nok. I Noreg blei saka lagd fram for Stortinget i St.prp. nr. 56 (1997-98), og Stortinget godkjende endringa i god tid før IMF-årsmøtet i 1998. Ho er òg godkjend av alle land innanfor den nordisk-baltiske valkrinsen.

Fastsetjinga av verdien på SDR er endra frå 1. januar 1999. Som følgje av innføringa av euro er tyske mark og franske franc erstatta med tilsvarande beløp i euro i SDR-korga.

9.4.1.4 Utvida ordning for finansiering av IMF

General Arrangements to Borrow (GAB) er ei ordning der G10-gruppa (G7, Sverige, Nederland og Belgia, samt Sveits) og Saudi-Arabia har forplikta seg til å yte ekstraordinære lån til IMF. Desse låna skal ytast dersom IMF har for lite likviditet i ein situasjon der stabiliteten i det internasjonale monetære systemet kan vere truga. Ordninga blei etablert i 1962.

Røynslene frå handteringa av den økonomiske krisa i Mexico i 1994/1995 viste at det kan kome situasjonar der det er behov for svært store utlån frå IMF og indikerte eit behov for å doble GAB-midlane. I 1998 blei det derfor etablert ei utvida ordning New Arrangements to Borrow (NAB). IMF kan til saman mobilisere 34 milliardar SDR gjennom GAB og NAB (om lag 380 milliardar norske kroner). Noreg er eit av 25 land som er med, jf. 9.5.2. IMF skal som hovudregel trekkje på NAB, men GAB kjem likevel til å eksistere som ei separat ordning mellom G10-landa. NAB blei aktivisert i samband med krisa i Brasil hausten 1998, jf. 9.4.2.2. Ein viser til stortingsproposisjon 50 (1996-97) for ein meir detaljert gjennomgang av NAB-ordninga.

9.4.2 Bruken av ressursane

9.4.2.1 Samla utlån

Ved utgangen av finansåret 2000/01 (30. april) hadde IMF uteståande lån på 42,2 mrd. SDR (om lag 480 mrd. norske kroner). Av desse låna var 17,1 mrd. SDR lån under SBA-ordninga, 4,1 mrd. SDR lån under Supplemental Reserve Facility, 16,1 mrd. SDR lån under Extended Fund Facility og 4,9 mrd. SDR lån under dei andre ordningane. I tillegg kom 6,4 mrd. SDR i lån under PRGF-ordninga. Ein nærare omtale av dei ulike ordningane for lån er gitt i avsnitt 9.3.3.2. Fordelinga av låna dei siste ni åra er vist i figur 9.1.

Figur 9.1 Uteståande lån frå IMF1

Figur 9.1 Uteståande lån frå IMF1

1 Per utgangen av finansåret, dvs. 30. april.

9.4.2.2 Aktivisering av NAB

Ved utgangen av 1998 opplevde Brasil ein vesentleg kapitalutgang som følgje av sviktande marknadstillit. Under leiing av IMF og Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) blei det forhandla fram ei finansieringspakke på 41,5 milliardar USD. Noreg deltok med eit lån på 111,9 millionar SDR gjennom NAB-ordninga og ein garanti på 50 millionar USD, jf. 9.5.2.

Av IMF-midlane på 18 milliardar USD blei 70 prosent stilte til disposisjon ved at IMF trekte på NAB. Dette var første gong NAB blei brukt. Dei resterande 30 prosent av IMF-finansieringa kom frå det ordinære ressursgrunnlaget i institusjonen. Då likviditetssituasjonen i IMF betra seg som følgje av kvoteauken i januar 1999, betalte IMF tilbake lånet til NAB-kreditorane.

9.4.2.3 Restanseproblematikken

Uteståande restansar til IMF utgjorde ved utgangen av oktober 2001 2,3 mrd. SDR. Fire land står for hovudparten av restansane, nemleg Kongo, Liberia, Somalia og Sudan. Sudan er landet med dei største restansane.

Nivået på uteståande restansar er redusert over dei siste åra etter at IMF i 1990 utforma ein særskild strategi for reduksjon av restansane. Strategien blei nylig forlenga til sommaren 2002. Han inneheld tre nøkkelelement: førebygging, intensivert samarbeid og tiltak gjennom sanksjonar.

Det viktigaste tiltaket når det gjeld førebygging er kondisjonalitetskrav ved bruk av ressursane til IMF. I samband med krava, gjer IMF ei grundigare vurdering av debitorlandet sin kapasitet til å betale tilbake låna i eit mellomlangt perspektiv.

Som ledd i eit intensivert samarbeid har IMF laga ein strategi som tek sikte på å hjelpe landa ut av dei økonomiske problema. Organisasjonen hjelper landet med å forme ein berekraftig økonomisk politikk. Gjennom å iverksetje denne politikken kan landet opparbeide seg ein lånerett, noko som igjen mobiliserer finansielle ressursar frå kreditorar og donorar. Etter at landet har opparbeidd lånerettar, gir IMF nye lån. Denne strategien har hjelpt fleire land ut av problema.

Avhengig av kor lenge restansane er blitt ståande, kan diverse sanksjonar setjast i verk. Røysteretten landet har i IMF, kan bli suspendert, og i siste omgang startar IMF ein prosedyre som kan føre til at landet blir tvinga til å trekkje seg som medlem. Sudan er døme på eit land der denne prosedyren tok til, fordi restansane til IMF hadde vore uteståande i mange år, samtidig som landet ikkje gjorde teikn til at det ville ta opp att samarbeidet med IMF. Sudan har seinare vist vilje til å samarbeide for å løyse problema. Tvungen tilbaketrekking av medlemskap krev vedtak med 85 prosent majoritet i Guvernørrådet.

Noreg og valkrinsen har sett det som svært viktig at problem i samband med restansar blir takla på ein effektiv måte, ettersom restansar er ei undergraving av det finansielle grunnlaget til organisasjonen. Noreg har òg hjelpt til ved å gi såkalla brubyggingslån til restanseland, jf. 9.5.3.

9.4.3 Samarbeid med andre organisasjonar

9.4.3.1 Dei sameinte nasjonane

Samarbeidet med Dei sameinte nasjonane (FN) har blitt stadig tettare dei siste åra. Formannen for IMFC og IMFs toppsjef har jamleg hatt møte med Det økonomiske og sosiale rådet (ECOSOC). Styremedlemmene i IMF har hatt møte med ambassadørane i ECOSOC. Dette samarbeidet er eit ledd i arbeidet for å styrkje innsynet i verksemda til IMF og tek sikte på å trekkje vekslar på ulike perspektiv organisasjonane måtte ha på nedkjemping av fattigdom og gjeld. IMF har oppretta eit kontor i FN for å sikre deltaking ved møte i komitéar og kommisjonar som arbeider med tema som grensar til verksemda til IMF. Institusjonen deltek òg i førebuingane til konferansen Financing for Development som FN skal arrangere i mars 2002.

9.4.3.2 Verdsbanken

Samarbeidet mellom IMF og Verdsbanken er blitt stadig tettare. Oppgåvane til dei to institusjonane overlappar òg kvarandre i nokre tilfelle. Samanhengen mellom makroøkonomiske og strukturelle spørsmål er blitt forsterka i ei verd prega av opne og meir integrerte kapitalmarknader. Organisasjonane må derfor i aukande grad utfylle kvarandre for å styrkje økonomisk vekst og sikre stabilitet i det internasjonale finansielle systemet. Samstundes har det vore viktig å klarleggje arbeidsdelinga mellom dei for å unngå dublering av verksemda. Institusjonane arbeider kontinuerleg for å betre samarbeidet endå meir. Samarbeidsavtalar frå 1966 og 1989 slår fast retningsliner for samarbeidet, og det er laga prosedyrar for utveksling av informasjon og for løysing av eventuelle konfliktar eller meiningsforskjellar som måtte oppstå. I 1998 blei tre prinsipp for samarbeidet slegne fast: klare reglar for kva for ein organisasjon som har det primære ansvaret, konsultasjon om spørsmål av felles interesse og prinsippet om at kvar institusjon ber ansvar for sine utlånsvedtak.

Samarbeidet er spesielt viktig i arbeidet for å nedkjempe fattigdom og for å bringe hardt gjeldsbelasta land over i ein meir akseptabel situasjon. Vidare er samarbeidet styrkt på finanssektorområdet. Utviklingskomiteen og IMFC har sidan 1999 til tider arrangert fellessesjonar.

9.4.3.3 G20

G7-landa oppretta i 1999 eit samarbeidsorgan for ei uformell drøfting av spørsmål knytte til internasjonal finansiell stabilitet. Drøftingane har dreidd seg om spørsmål som gjeld globaliseringa, tiltak for å gjere landa mindre sårbare overfor finansielle kriser, implementeringa av kodar og standardar, samt involvering av privat sektor ved finansielle kriser. Gruppa består av G7-landa, 13 framveksande økonomiar, blant andre Argentina, Brasil, Kina, Mexico, Russland og Tyrkia, i tillegg til representantar for EU. Leiarane for IMF, Verdsbanken, IMFC og Utviklingskomiteen deltek òg i møta. Ingen land i den nordisk-baltiske valkrinsen er representerte i forumet. Valkrinsen har uttrykt skepsis til at slike ad hoc-forum med ei avgrensa deltaking diskuterer og i realiteten ofte avgjer spørsmål som høyrer inn under kompetanseområdet til internasjonale institusjonar som IMF.

9.4.3.4 Forum for finansiell stabilitet

Forum for finansiell stabilitet (Financial Stability Forum, FSF) blei etablert i 1999 etter initiativ frå G7-landa. Formålet er blant anna å gi forvarsel om finansielle kriser ved å identifisere veikskap i det internasjonale finansielle systemet og å fremme tiltak for å bøte på veikskapen. Organet møtest to gonger i året. Det består av representantar på høgt nivå frå finansdepartement, banktilsyn og sentralbankar i G7-landa, Australia, Hong Kong, Nederland og Singapore. I tillegg er internasjonale institusjonar som IMF, Verdsbanken, BIS og OECD medlemmer.

9.4.3.5 Andre organ

Sidan IMF og WTO underteikna ein samarbeidsavtale i 1996, har samarbeidet ekspandert. WTO-sekretariatet er blitt invitert til å sende observatørar til relevante møte i IMF. IMF deltek i WTO sin komité for konsultasjonar om betalingsbalanserestriksjonar.

IMF har òg forsterka samarbeidet med regionale utviklingsbankar.

IMF og OECD samarbeider nært ved utarbeidinga av halvårsoversikter over den internasjonale økonomiske situasjonen.

IMF og BIS samarbeider nært om tilsyn som gjeld finansielle marknader.

9.5 Særskilde forhold som gjeld Noreg

9.5.1 Deltaking i PRGF

Noregs Bank har inngått låneavtalar med IMF om å finansiere ein del av kapitaldelen av PRGF-låneordninga (sjå avsnitt 9.3.6.2). Sentralbanken har ytt eit kapitalinnskot på til saman 150 millionar SDR (90 millionar SDR i 1988 og 60 millionar SDR i 1994). Det svarar til 1,32 prosent av innskota, medan Noregs andel av dei samla kvotene i IMF er 0,78 prosent. Kapitalmidlane blir betalte tilbake til Noregs Bank i takt med at låntakarane betaler ned lånet til IMF. Uteståande beløp ved utgangen av oktober 2001 var redusert til 107,4 millionar SDR.

Opphavleg skulle IMF ha trekt på kapitalmidlane innan utgangen av 1997. Styret i IMF vedtok i desember 1996 å forlengje perioden for å gi tilsegn om lån fram til utgangen av 2000. IMF hadde då berre delvis trekt på tilsegna frå Noregs Bank om kapitalinnskot frå 1994 og bad derfor Noregs Bank om ei forlenging av trekkperioden fram til 2003. I samsvar med paragraf 26 i sentralbanklova blei spørsmålet om ei slik forlenging lagt fram for Finansdepartementet, som ikkje hadde innvendingar. I september 2000 retta IMF ein førespurnad til Noregs Bank om endå ei forlenging av trekkperioden fram til 31. desember 2005, og heller ikkje denne gongen hadde Finansdepartementet innvendingar. Forlenginga av trekkperioden endrar ikkje dei samla kapitalinnskota frå Noregs Bank eller tryggleiken for desse.

Noreg fekk i 1999 spørsmål om å yte 100 millionar SDR i kapitalmidlar til påfylling av PRGF-ordninga. Finansieringsbehovet viste seg då å bli ivareteke av forpliktande tilsegner frå andre land. Dette skjedde medan saka var under vurdering i Noreg. Eit nytt spørsmål om kapitalbidrag kom i 2000. Denne gongen gjaldt det vidareføring av ordninga over perioden 2001-2004. Saka er no til vurdering i Finansdepartementet og Utanriksdepartementet.

9.5.2 Deltaking i NAB under krisa i Brasil

Noreg er eit av 25 land som er med i NAB, jf. 9.4.1.4. Noregs Bank vil stå som utlånar når ordninga må takast i bruk. Noreg godkjende ordninga 28. august 1997, og avtalen tok til å gjelde 17. november 1998 etter at alle kreditorlanda hadde godkjent han.

Ved aktiviseringa av NAB under krisa i Brasil, var Noreg sin del av finansieringa 111,9 millionar SDR. Noregs Bank gav òg ein garanti på 50 millionar USD for lån gitt av BIS. Garantien blei gitt med statsgaranti av Stortinget den 3. desember 1998, jf. St.prp. 28 (1998-99) og Innst. S. nr. 42 (1998-99). Brasil betalte tilbake lånet til BIS i april 2000. Garantien frå Noregs Bank overfor BIS tok slutt frå same tidspunkt, og statsgarantien til Noregs Bank blei avvikla.

9.5.3 Lån til Jugoslavia - klarering av restansar

I samband med klarering av restansane som Republikken Jugoslavia hadde til IMF, oppmoda organisasjonen norske og sveitsiske styresmakter til å yte eit kortsiktig SDR-lån. Klarering av restansane var naudsynt for at Jugoslavia igjen kunne bli medlem av IMF. Det gjaldt eit såkalla brubyggingslån. Arrangementet gjekk ut på at Jugoslavia lånte til saman vel 100 millionar SDR frå Noreg og Sveits. Pengane blei deretter overførte til IMF som oppgjer for betalingsrestansar. Dermed fekk Jugoslavia på ny status som medlem med rett til lån og betalte med ein gong tilbake brubyggingslånet ved å trekkje på lån i IMF. Alle transaksjonane skjedde såleis ved interne overføringar mellom konti i IMF og ved ein operasjon innanfor same dagen. Lånet frå Noregs Bank på 50 millionar SDR blei gitt og innfridd 20. desember 2000. Transaksjonen førte ikkje til kostnader for Noregs Bank i form av gebyr eller rentetap. Lånet blei gitt innanfor ramma av paragraf 26 i sentralbanklova, som føreset tilstrekkeleg tryggleik og godkjenning av Finansdepartementet.

Denne typen lån er gjennomført fleire gonger tidlegare med andre deltakarland og med norsk deltaking. Noregs Bank er med på desse fordi Noreg er interessert i at operasjonar i regi av IMF kan gjennomførast på ein smidig måte.

9.5.4 Artikkel IV-konsultasjon

IMF gjennomfører årleg ei vurdering av norsk økonomi. Den såkalla artikkel IV-konsultasjonen blir gjennomført ved at ein delegasjon frå IMF har møte med Finansdepartementet, Noregs Bank, andre offentlege styresmakter og representantar for partane i arbeidslivet, akademia og den finansielle sektoren.

Noreg har samtykt i at rapportane som blir utarbeidde i samband med artikkel IV-konsultasjon, kan offentleggjerast. Det gjeld både den mellombels vurderinga som delegasjonen skriv ved avslutninga av konsultasjonen i Noreg, og den langt meir omfattande stabsrapporten som ligg til grunn for diskusjonen i styret.

Den siste artikkel IV-konsultasjonen blei gjennomført i månadsskiftet november-desember 2001. Dei mellombelse vurderingane blei publiserte 6. desember. Stabsrapporten vil bli diskutert i IMF-styret tidleg i 2002. Rapporten og ei oppsummering av styret sine vurderingar (Public Information Notice, PIN) vil bli offentleggjorde kort tid etter dette.

Til forsida