St.meld. nr. 6 (2006-2007)

Om seniorpolitikk

Til innhaldsliste

2 Arbeidsstyrken blir eldre i åra framover

2.1 Innleiing

Delen av innbyggjarane over 60 år kjem til å auke mykje dei neste 30 åra. Det kjem av at dei store fødselskulla i åra etter andre verdskrigen passerer denne aldersgrensa. Samtidig ventar ein at levealderen kjem til å auke monaleg. Etter 60-årsalderen er det mange som går ut av arbeidslivet for å bli pensjonistar. Dei neste 30 åra kjem derfor delen pensjonistar til å auke sterkt. Endra alderssamansetjing hos innbyggjarane i åra framover og konsekvensar for utviklinga på arbeidsmarknaden er hovudtemaet i dette kapitlet.

I dette kapitlet presenterer ein langsiktige framskrivingar av folkemengda og arbeidsstyrken . Ein vil omtale utviklinga både absolutt og som forholdstal. Det blir nytta to slike forholdstal.

  • Den demografiske forsørgingsbyrda viser forholdet mellom talet på personar i alderen 0–19 år og 67 år og over i forhold til personar i alderen 20–66 år (det vil seie «unge» og «eldre» i forhold til «vaksne»).

  • Yrkesdeltakinga viser personar i arbeidsstyrken i forhold til personar i yrkesaktiv alder (det vil seie 16–74 år).

Mens personar i arbeidsdyktig alder fortel kva for potensielle arbeidskraftsressursar samfunnet rår over, seier yrkesdeltakinga­ noko om kor stor del av desse som tek del i inntektsgivande arbeid. Begge einingane blir påverka av alderssamansetjinga til innbyggjarane. Endringar i fødselsraten, auka levealder og inn- og utvandring påverkar alderssamansetjinga og gir konsekvensar både for utviklinga i forsørgingsbyrda og i den samla yrkesdeltakinga.

Informasjonen i kapitlet er basert på framskrivingar av folketalet og av arbeidsstyrken som er laga i Statistisk sentralbyrå, jf. boks 2.1 og 2.2. Utviklinga i storleiken på folketalet på lang sikt er usikker. Likevel er dette eit område der det er mogleg å ha velgrunna oppfatningar om den sannsynlege utviklinga i eit 50-års­perspektiv. Når det gjeld utviklinga i arbeidsstyrken , er det visse knytt til utviklinga på kort sikt, men vesentleg større uvisse knytt til utviklinga på lang sikt. Delen av innbyggjarane som tek del i arbeidslivet, blir mellom anna påverka av tilgangen på arbeid, behovet for inntekt, velferdsordningane, skattereglane, preferansar med omsyn til fritid, helsesituasjonen, utdanningsnivået og haldningar, jf. kapittel 5 og 6. Fleire av desse faktorane kan bli påverka av offentlege tiltak. Til dømes vil utforminga av regelverket for pensjonar (aldersgrenser, kompensasjonsgrad og kva ein kan ha av arbeidsinntekt utan å få reduksjon i pensjonen, o.a.) ha avgjerande innverknad på om eldre blir verande i arbeidsstyrken.

2.2 Grunnlaget for den framtidige verdiskapinga

Tilgangen på ressursar, arbeidskraft og realkapital, og kor effektivt vi klarer å nytte desse, vil vere avgjerande for utviklinga av produksjonen og den materielle velstanden i åra som kjem.

Produksjonen i samfunnet avheng av kor mange som deltek i arbeidslivet, kor mykje dei sysselsette arbeider, og kor produktive dei er. Dei seinaste 30 åra har ein stadig større del av innbyggjarane blitt yrkesaktive. Særleg har kvinner i aukande grad teke del i den institusjonaliserte delen av arbeidslivet. Men ein like tydeleg trend er at den gjennom­snittlege arbeidstida per sysselsett er blitt redusert, jf. figur 2.1. Talet på arbeidstimar per innbyggjar har falle med 10 prosent frå 1970 til 2005.

Figur 2.1 Årleg arbeidstid. Timar per sysselsett og timar per innbyggjar frå 1970 til 2005

Figur 2.1 Årleg arbeidstid. Timar per sysselsett og timar per innbyggjar frå 1970 til 2005

Kjelde: SSB

Målt i utførte timeverk har effekten av auka yrkesaktivitet etter 1970 om lag blitt motsvart av kortare arbeidstid. I Noreg har derfor auka materiell velstand gått hand i hand med auka fritid blant arbeidarane. Denne utviklinga kan sjå ut til å vere sterkare i Noreg enn i mange andre land. Auken i yrkesdeltakinga har såleis i liten grad fremja den økonomiske veksten dei seinaste 30 åra. Veksten er først og fremst eit resultat av høgare produktivitet, som mellom anna heng saman med auka kunnskapsnivå i arbeidsstyrken. Heile 80 prosent av den økonomiske veksten etter 1970 reknar ein med har sitt opphav i betre utnytting av arbeidskrafta og andre ressursar. 1

Yrkesaktiviteten i Noreg er blant dei høgaste i OECD-området, men han er blitt noko redusert sidan 2002. Deltakinga i arbeidslivet kan i dei kommande 30 åra gå ytterlegare attende ifølgje framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå. Framskrivingane viser ein reduksjon i yrkesdeltakinga frå 73,5 prosent i byrjinga på dette tiåret til 69 prosent om 30 år. Nedgangen er sterkest dei komande 10 åra.

Deltakinga i arbeidslivet og mengda arbeidstimar tilbydd i aldersgruppa 55–66 år kan bli viktig for velferdsutviklinga framover. Auken i innbyggjarar som er 60–66 år, kjem til å bli stor dei neste 30 åra, jf. figur 2.2. Yrkesdeltakinga er låg for dei eldste årskulla. Det bidrar til å forklare nedgangen i den samla yrkesdeltakinga. Med utsikter til redusert yrkesdeltaking i åra som kjem, er det grunn til å peike på at økonomisk vekst og vidare velstandsutvikling framover i større grad må basere seg på auka produktivitet og/eller auka arbeidstid per sysselsett. Innvandring kan redusere dei demografiske utfordringane noko, men ikkje løyse dei. Høgare yrkesdeltaking for kvinner kan også bidra. Yrkesdeltakinga til seniorane kan bli halden oppe eller auke dersom det blir lagt til rette for det (pensjonssystem, IA-avtale, haldningsskapande arbeid o.a.). Det er også eit potensial for auka yrkesdeltaking blant innvandrarane.

Figur 2.2 Utvikling i folkemengda i utvalde aldersgrupper frå 2005–2035. Indeksert; 2005=100. Mellomalternativet

Figur 2.2 Utvikling i folkemengda i utvalde aldersgrupper frå 2005–2035. Indeksert; 2005=100. Mellomalternativet

Kjelde: SSB

2.3 Faktorar som påverkar utviklinga i folkemengda

Utviklinga i aldersstrukturen avheng av fruktbarheit, levealder og netto innvandring. Statistisk sentralbyrå har skrive fram folketalet med ulike val av føresetnader, jf. boks 2.1. I denne meldinga er omtalen basert på mellomalternativet. I Noreg er talet på barn per kvinne redusert frå 4,4 i 1900 til 2,5 i 1950 og vidare ned til 1,8 i 2005. Fruktbarheita auka kraftig etter andre verdskrigen og fram til 1960-talet, men har sidan blitt markert redusert fram til 1980-talet. Deretter har utviklinga i fruktbarheita vore meir stabil. Fruktbarheita i Noreg er relativt høg samanlikna med mange andre OECD-land. Mellomalternativet legg til grunn at fruktbarheita held seg på dagens nivå.

Auka levealder er ei anna kjelde til endring i alderssamansetjinga. Forventa levealder har auka med om lag 25 år dei siste 100 åra. Det kjem først og fremst av betre ernæring, betre helsestell og betre arbeidsforhold. I 2005 var forventa levealder 82,5 år for nyfødde jenter og 77,7 år for nyfødde gutar. For dei kommande 50 åra er det lagt til grunn ein auke i forventa levealder på seks–sju år blant kvinner og noko over sju år blant menn,(jf. mellomalternativet). Ein kan altså vente ei viss utjamning i levealderen mellom menn og kvinner, men også i tida som kjem vil kvinner i gjennomsnitt leve lenger enn menn.

Innvandring er ei tredje kjelde til endra alderssamansetjing. På 1970-talet blei Noreg etablert som eit land med nettoinnvandring. Dei seinaste 10–15 åra har nettoinnvandringa til Noreg i gjennomsnitt vore om lag 10 000 personar per år. I 2005 var nettoinnvandringa vel 18 000. Mellomalternativet legg til grunn ei nettoinnvandring på om lag dagens nivå. Ettersom aldersgruppa 20–30 år er overrepresentert blant nye innvandrarar, kjem omfanget av nettoinnvandringa til å påverke alders­strukturen. Auka netto­innvandring reduserer gjennomsnittsalderen til innbyggjarane. Men sidan innvandrarane òg blir eldre, vil konklusjonen om at auka innvandring bidreg til å redusere gjennomsnittsalderen til innbyggjarane, berre vere gyldig på kort og mellomlang sikt. Dersom dette ikkje skal vere tilfellet, må talet på nye innvandrarar auke kvart år, noko som på lang sikt er lite realistisk. Innvandring er den av dei demografiske komponentane som mest direkte kan påverkast av politiske vedtak.

Per i dag er yrkesdeltakinga til innvandrarane lågare enn for etniske nordmenn. For førstegenerasjonsinnvandrarar er yrkesdeltakinga 62 prosent, mens ho for heile folkemengda er 72 prosent. Yrkesdeltakinga til innvandrarane varierer mellom anna etter kva land dei kjem frå, og kor lenge dei har budd i landet. Gevinst av butid i landet har størst positiv effekt for innvandrarar frå Asia, Afrika og Aust-Europa og minst for dei med bakgrunn frå vestlege land og Sør-Amerika, som allereie har høg sysselsetjing. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at sysselsetjingsprosenten blant unge (20–24 år) etterkommarar av ikkje-vestlege innvandrarar er om lag 6 prosentpoeng under nivået blant unge utan innvandringsbakgrunn.

Boks 2.1 Framskriving av folkemengda

BEFREG er Statistisk sentralbyrås modell for framskriving av folkemengda etter kjønn, alder og kommune, basert på demografiske føresetnader om fruktbarheit, levealder, nettoinnvandring og innanlandsk flyttenivå. Det kjem vanlegvis nye framskrivingar av folkemengda kvart tredje år.

Folkemengda etter alder og kjønn blir framskriven eitt år om gongen etter kohortkomponentmetoden. Framskrivingane går til 2060. I dei siste framskrivingane, som tek utgangspunkt i folketalet per 1.1.2005, blir det rekna med tre alternativ for komponentane fruktbarheit, levealder, nettoinnvandring og innanlandsk flyttenivå. Dei ulike utviklingsbanane er rekna ut på grunn av usikkerheita knytt til føresetnadene til framskrivingane. Framskrivingane er baserte på uendra politikk og åtferd.

Grov skisse av ulike framskrivingsalternativ:

  • Lågalternativet (LLML): Låg fruktbarheit, låg levealder, middels innanlandsk flyttenivå og låg netto nettoinnvandring

  • Mellomalternativet (MMMM): Middels fruktbarheit, middels levealder, middels innanlandsk flyttenivå og middels nettoinnvandring

  • Høgalternativet (HHMH): Høg fruktbarheit, høg levealder, middels innanlandsk flyttenivå og høg nettoinnvandring

Meir om mellomalternativet:

Alternativet byggjer på eit samla fødselstal i åra framover mot 2060 på 1,8 barn per kvinne. Dette er eit gjennomsnitt av nivået dei siste åra.

Levealderen blant menn aukar til 86,0 år i perioden fram mot 2060, mens levealderen for kvinner aukar til 90,1 i år i same perioden.

Nettoinnvandringa er sett til 16 700 personar per år fram til og med 2009, og vidare 16 000 personar per år ut 2060.

Mellomalternativet blir brukt i dette kapitlet.

Figur 2.3 Statistisk sentralbyrås tre hovudalternativ for framskriving av folkemengda. 2005–2035

Figur 2.3 Statistisk sentralbyrås tre hovudalternativ for framskriving av folkemengda. 2005–2035

Kjelde: SSB

2.4 Fleire personar over 60 år i tida framover

Det har vore ei stor endring i aldersfordelinga i folkemengda dei siste 20 åra. I 1986 var det ein topp for folkemengda i alderen 35–40 år. I 2005 er denne gruppa blitt 55–60 år. Det fører til at gruppa «unge eldre» er større i 2005 enn ho var tidlegare, jf. figur 2.4.

Figur 2.4 Folkemengd etter eittårige aldersgrupper, 10–75 år, 1986 og 2005

Figur 2.4 Folkemengd etter eittårige aldersgrupper, 10–75 år, 1986 og 2005

Kjelde: SSB

Folkeauken i åra som kjem, blir størst i alders­gruppene over 60 år, jf. figur 2.2 og 2.5. Delen av innbyggjarane over 55 år vil auke frå om lag 1/4 i 2005 til om lag 1/3 i 2025. Den viktigaste årsaka til det er den høge fødselsraten i etterkant av andre verdskrigen, men lengre levetid fører òg til at delen eldre innbyggjarar aukar.

Figur 2.5 Vekst i ulike aldersgrupper frå 2005 til 2015, 2025 og 2035. I prosent. Mellomalternativet

Figur 2.5 Vekst i ulike aldersgrupper frå 2005 til 2015, 2025 og 2035. I prosent. Mellomalternativet

Kjelde: SSB

Dei som blei fødde mot slutten av andre verdskrigen, var om lag 50 år i 1995, om lag 60 år i 2005 – og kjem til å vere om lag 70 år i 2015. Desse systematiske «bølgjene» av aldersfordeling over tid er illustrerte i figur 2.6. Denne utviklinga blir ofte kalla «eldrebølgja». Ordet eldrebølgje kan på ein måte vere misvisande i og med at ein auke i delen eldre innbyggjarar ikkje er eit kort­varig og førebels fenomen, men noko som kjem til å vare i om lag 30 år.

Den demografiske utfordringa som eldrebølgja gir opphav til, er ikkje noko særnorsk fenomen. Sett i eit europeisk perspektiv er heller ikkje utfordringane spesielt store for Noreg. Sjå elles kapittel 4 for ein nærare presentasjon av demografiske utviklingstrekk i andre land.

Figur 2.6 Framskrivingar av utvalde aldersgrupper. 2005–2035. Mellomalternativet

Figur 2.6 Framskrivingar av utvalde aldersgrupper. 2005–2035. Mellomalternativet

Kjelde: SSB

Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at innvandrarfolkemengda (personar fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre og barna deira fødde i Noreg) kjem til å vekse frå 365 000 i 2005 til 975 000 i 2035 (jf. mellomalternativet). Det inneber at innvandrarfolkemengda vil auke frå 7,9 prosent av det samla folketalet i 2005 til 17,7 prosent samla folketal i 2035. Også blant innvandrarfolkemengda vil delen eldre auke i åra framover. Delen av innvandrarane over 55 år aukar frå 1 prosent av heile folkemengda i 2005 til 3 prosent i 2035.

Figur 2.7 Utviklinga i utvalde aldersgrupper av innvandrarar. 2005–2035. Indeksert; 2005=100. Mellomalternativet

Figur 2.7 Utviklinga i utvalde aldersgrupper av innvandrarar. 2005–2035. Indeksert; 2005=100. Mellomalternativet

Kjelde: SSB

2.5 Låg vekst i arbeidsstyrken

Yrkesdeltakinga er arbeidsstyrken sett i forhold til personar i arbeidsdyktig alder. Arbeidsstyrken kjem til å auke i åra som kjem, først og fremst fordi folketalet veks. Som følgje av endra alderssamansetjing forventar ein likevel at delen av innbyggjarane som er yrkesaktive, blir redusert. Det er to grunnar til det: Den eine er at delen eldre personar vil auke. Den andre er at deltakinga i arbeidslivet er lågare blant eldre enn blant yngre.

Boks 2.2 Framskriving av arbeidsstyrken

MOSART er Statistisk sentralbyrås modell for framskrivingar og analysar av framtidig arbeidstilbod, utdanningsnivået til innbyggjarane og talet på pensjonistar o.a.

Modellen tek utgangspunkt i eit representativt utval av innbyggjarane i Noreg og simulerer det vidare livsløpet for kvart enkelt individ med omsyn til inn- og utvandring, død, fødslar, hushaldsdanning, skolegang, overgangar til langtidsytingar frå folketrygda og innverknaden av desse på arbeidstilbod og –inntekter.

I dei siste framskrivingane av arbeidsstyrken som tar utgangspunkt i folketalet per 1.1.2005, er det lagt til grunn same forutsetningar som i framskrivingane av folkemengda. Omtalen her er basert på mellomalternativet: middels fruktbarheit, middels levealder, middels innanlandsk flyttenivå og middels nettoinnvandring.

Simuleringa av kvart enkelt livsløp byggjer på ein føresetnad om at kvart enkelt individ i kvart enkelt år har gitte sjansar avhengig av eigne kjenneteikn for å oppleve hendingar som er med i SSBs modell. I ein referanse­bane vil desse føresetnadene typisk vere at alle overgangar mellom ulike statusar held seg på nivået til referanseåret. Framskrivinga viser då kva som skjer dersom «alt held fram som no». Rundt referansebana blir alternative modellbanar presenterte basert på endringar i føresetnadene, som til dømes endra fruktbarheit, endra forventa levealder og endra nettoinnvandring.

Framskrivingane av arbeidsstyrken er baserte på fleire føresetnader som er usikre. Spesielt er føresetnadene om yrkesdeltakinga for ulike grupper kritiske for konklusjonane. Det som driv utviklinga i modellen, er samansetjingseffektar, ikkje effektar av åtferd. Det som blir endra, er samansetjinga av dei ulike gruppene med omsyn til mellom anna alder og utdanning. Då det blir lagt til grunn konstant yrkesaktivitet for kvart alderstrinn over tid, gjer samansetjingseffekten at den samla yrkesdeltakinga fell med auka gjennomsnittsalder. Vidare tek framskrivingane omsyn til at det er ein positiv samanheng mellom lengda på utdanninga og kor mange år ein er sysselsett.

I figur 2.8 blir ratar for yrkesdeltaking viste for ulike aldersgrupper slik dei var i 2005. Det går fram at deltaking i arbeids­­livet fell markert for seniorar. Avgangen frå arbeidslivet er størst blant 62- og 63-åringar, og blant 67-åringar. Mykje av avgangen i den første gruppa har samanheng med avgang til avtalefesta førtidspensjon, mens avgangen for den andre gruppa må sjåast i samanheng med aldersgrensa for fullt uttak av folketrygd på 67 år. Sjå kapittel 3 og figurane 3.1–3.3 for utviklinga i yrkesdeltakinga fordelt på kjønn for seniorar i perioden frå 1972 til 2005.

Ein viktig nyanse som ikkje er med i figur 2.8 er at seniorar gjennomsnittleg arbeider færre arbeidstimar enn alle personar sett under eitt. Dermed blir dei økonomiske konsekvensane av lågare yrkesdeltaking for seniorane noko mindre enn om yngre personar går ut av arbeidslivet.

Figur 2.8 Yrkesdeltaking etter alder. I prosent. 2005

Figur 2.8 Yrkesdeltaking etter alder. I prosent. 2005

Kjelde: SSB

Arbeids- og velferdsdirektoratet utarbeider tal for forventa pensjoneringsalder. Dette er ikkje ein prognose, men ein måte å rekne gjennomsnittleg avgangsalder frå arbeidslivet på som tek omsyn til demografiske endringar. Sidan midten av 90-talet har forventa pensjoneringsalder blitt klart redusert. I 1995 var forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år 64,2 for kvinner og 64,7 for menn. I 2005 hadde han falle til 63,2 for kvinner og 64,0 for menn. Sjå kapittel 3 og avsnittet «Seniorar utanfor arbeidsstyrken» for å lese meir om forventa pensjoneringsalder.

I dei kommande tiårsperiodane kjem den kraftige auken i personar i alders­gruppa 60–66 år til å medføre ein markert reduksjon i den samla yrkesdeltakinga dersom dagens pensjoneringsmønster held seg. Statistisk sentral­byrås framskriving av arbeidsstyrken viser ei utvikling der yrkesdeltakinga blir redusert frå i overkant av 72 prosent i 2005 til under 70 prosent om 20 år. Då folketalet veks ventar ein likevel at arbeidsstyrken vil vekse heile framskrivingsperioden til 2060.

Figur 2.9 Årleg vekst i arbeidsstyrken i alt og fordelt på tre utvalde aldersgrupper. 2005–2020. Mellomalternativet

Figur 2.9 Årleg vekst i arbeidsstyrken i alt og fordelt på tre utvalde aldersgrupper. 2005–2020. Mellomalternativet

Kjelde: SSB

Sjølv om arbeidsstyrken aukar, vil trenden vere ein avtakande vekst frå 2005 fram mot 2020, jf. figur 2.9. I absolutte tal gir framskrivingane i perioden 2005–2020 eit fall i den årlege veksten i arbeidsstyrken frå i underkant av 20 000 personar i starten på perioden til om lag 10 000 personar i 2020. I første delen av perioden er det i aldersgruppa 60 år og over hovuddelen av veksten kjem. Seinare er det blant 16–30–åringane hovudparten av veksten kjem, mens mot slutten av perioden er det størst vekst blant 30–59–åringane, jf. figur 2.9. Innvandringa har stor påverknad på den årlege veksten i arbeidstilbodet.

Reduksjonen i yrkesprosenten kjem etter kvart til å stoppe opp. Framskrivingane frå Statistisk sentralbyrå viser ei utvikling der yrkesdeltakinga blir verande mellom 69 og 70 prosent dei første 10–15 åra etter 2025. Dei låge fødselskulla på 1970- og 1980-talet fører til at avgangen frå arbeidslivet blir låg i ein periode etter 2035. I ein viss forstand kan vi derfor seie at effektane av eldrebølgja tek slutt om 30 år. Utviklinga i arbeidsstyrken og i yrkesdeltakinga fram til 2050 er illustrert i figur 2.10.

Effektane på yrkesdeltakinga blir særleg sterke dei kommande 10–15 åra. Etter det, frå 2020 til 2040, vil vridinga i aldersstrukturen i mindre grad påverke arbeidstilbodet, men først og fremst innebere at gjennom­snittsalderen til pensjonistane aukar. I ein periode frå 2020 og framover kjem dermed ressursbruken i helse- og omsorgssektoren til å auke særleg sterkt. Det kan innebere at arbeidskraft må allokerast frå andre område og over til helse- og omsorgssektoren.

Den reduserte yrkesdeltakinga i framskrivingane som er omtalte her baserar seg på uendra pensjoneringsåtferd. Dersom preferansane eller pensjoneringsåtferda innanfor dei enkelte aldersgruppene blir endra, kjem utviklinga i deltakingsraten òg til å endrast. Eit ønske om meir fritid kan til dømes gi lågare yrkesdeltaking slik utviklinga har vore for eldre menn det siste tiåret. På den andre sida kan ein vellykka seniorpolitikk gi auka yrkesdeltaking. Politikk for auka deltaking blir diskutert i kapittel 8.

Figur 2.10 Langsiktige framskrivingar av arbeidsstyrken frå 2005 til 2050. Personar og yrkesdeltaking (prosent av folkemengda, 16–74 år). Mellomalternativet

Figur 2.10 Langsiktige framskrivingar av arbeidsstyrken frå 2005 til 2050. Personar og yrkesdeltaking (prosent av folkemengda, 16–74 år). Mellomalternativet

Kjelde: SSB

2.6 Forsørgingsbyrda aukar

Med den demografiske forsørgingsbyrda meiner ein personar i alderen 0–19 år og 67 år og over i forhold til personar i alderen 20–66 år Ettersom «vaksne» i snitt skaper meir verdiar enn dei bruker, og «unge» og «eldre» bruker meir verdiar enn dei skaper, er utviklinga i den demografiske forsørgingsbyrda avgjerande for utviklinga i produksjon og velstand.

Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at den demografiske forsørgingsbyrda som følgje av talet på unge og eldre minkar frå 2005 til 2012. Etter 2012 aukar forsørgingsbyrda til godt over dagens nivå. I 2005 forsørgde 100 vaksne 64 unge eller eldre personar, jf. figur 2.11. I 2035 vil 100 vaksne forsørgje 74 unge eller eldre.

Figur 2.11 Forsørgingsbyrda (unge og eldre). Talet på personar 0–19 år og 67 år og over per 100 personar 
 20–66 år. Faktiske tal frå 1960 til 2005. Deretter framskrivingar baserte på mellomalternativet

Figur 2.11 Forsørgingsbyrda (unge og eldre). Talet på personar 0–19 år og 67 år og over per 100 personar 20–66 år. Faktiske tal frå 1960 til 2005. Deretter framskrivingar baserte på mellomalternativet

Kjelde: SSB

Forsørgingsbyrda som følgje av talet på eldre minkar noko dei første åra etter 2005, for deretter å vekse kontinuerleg ut prognoseperioden. I 2005 forsørgde 100 vaksne 22 eldre. I 2035 kjem 100 vaksne til å forsørgje om lag 34 eldre, jf. figur 2.12. Høg forventa levealder bidreg til auka forsørgingsbyrde.

Figur 2.12 Forsørgingsbyrda (eldre). Talet på personar 67 år og over per 100 personar 20–66 år. Faktiske tal frå 1960 til 2005. Deretter framskrivingar baserte på mellomalternativet

Figur 2.12 Forsørgingsbyrda (eldre). Talet på personar 67 år og over per 100 personar 20–66 år. Faktiske tal frå 1960 til 2005. Deretter framskrivingar baserte på mellomalternativet

Kjelde: SSB

Den reelle forsørgingsbyrda er høgare enn den demografiske forsørgingsbyrda då mange i arbeidsfør alder ikkje tek del i produksjonen, men er mellombels eller varig utanfor arbeidslivet. Personar i folkemengda som ikkje inngår i arbeidsstyrken kan vere ein indikator for dette. I 2005 forsørgde 100 personar i arbeidsstyrken 93 personar utanfor arbeidsstyrken. I 2035 vil 100 personar i arbeidsstyrken forsørgje 105 personar utanfor arbeidsstyrken, jf. figur 2.13.

Forsørgingsbyrda har vore høgare før enn ho er no, jf. figur 2.11, 2.12 og 2.13. Utfordringa ein står overfor i tida framover er dels at delen av folkemengda som er over yrkesaktiv alder aukar sterkt dei neste 30 åra. Det vil påverke næringsstrukturen ved at det blir større behov for personell til helse- og omsorgssektoren. Dessutan fører høgare velstand til at mange som er i jobb heller vil ha meir fritid enn å jobbe. Det trekkjer i retning av færre utførte timeverk, og kan forsterke omstillingsbehovet. På den andre sida er det eit potensiale for auka sysselsettjing blant enkelte grupper som seniorar, kvinner og innvandrarar, både ved høgare yrkesdeltaking og lengre arbeidsveke. Det er likevel grunn til å tru at timeverka per innbyggjar vil halde fram med å falle noko i åra framover.

Figur 2.13 Folkemengda som ikkje inngår i arbeidsstyrken per 100 personar i arbeidsstyrken, dvs arbeidspassive over arbeidsaktive. Faktiske tal frå 1972 til 2005. Deretter framskrivingar baserte på mellomalternativet

Figur 2.13 Folkemengda som ikkje inngår i arbeidsstyrken per 100 personar i arbeidsstyrken, dvs arbeidspassive over arbeidsaktive. Faktiske tal frå 1972 til 2005. Deretter framskrivingar baserte på mellomalternativet

Kjelde: SSB

Fotnotar

1.

Berekningar gitt att i St.meld. nr. 8 (2004–2005), s. 40 og 41

Til forsida