St.meld. nr. 6 (2006-2007)

Om seniorpolitikk

Til innhaldsliste

3 Arbeidsmarknaden for seniorar

3.1 Innleiing

Dette kapitlet skildrar arbeidsmarknaden for seniorar. Første delen legg vekt på dei som er yrkesaktive, mens andre delen ser på seniorar utanfor arbeidsstyrken. 67 år er grensa for tidlegaste uttak av full folketrygd, og det er dermed få som arbeider etter fylte 67 år. I gruppa 67–74 år var delen sysselsette berre 9 prosent i 2005. I sysselsetjingssamanheng er derfor åra før fylte 67 mest interessante. I framtida, med eit endra pensjonssystem der ein tener pensjonspoeng frå alle åra i arbeidslivet, kan dette endrast. Dersom ein får god avkasting på å utsetje pensjonsalderen, vil det vere eit insentiv for eldre til å arbeide lenger. I seniorpolitisk samanheng vurderer ein åra 55–66 som særleg viktige. Mykje av statistikken i dette kapitlet er avgrensa til kva tilknyting personar i alderen 55–66 år har til arbeidslivet. Ein vil både gi ei oversikt over situasjonen i 2005 og sjå på utviklinga over tid. Samanlikningsgrunnlaget som er brukt, er i mange høve aldersgruppa 25–54 år.

Eldre yrkesaktive er inga einsarta gruppe, og vi ønskjer derfor å sjå korleis sentrale kjenneteikn kan klargjere forskjellar i forhold til arbeidsmarknaden. Slike kjenneteikn er alder, kjønn, landbakgrunn, utdanning, næring, yrke og inntekt. Vi skal sjå at yrkesdeltakinga er lågare for dei som nærmar seg 67 år, enn for dei som er i 50-åra, og at gapet mellom yrkesdeltakinga til kvinnene og mennene samla sett har blitt mindre dei siste tiåra. Målt i prosent av arbeidsstyrken er det låg arbeidsløyse blant eldre, men av dei som registrerer seg som arbeidslause ved Arbeids- og velferdsetaten, blir mange langtidsarbeidssøkjarar.

Boks 3.1 Meir om datakjeldene og definisjonar

Dette kapitlet baserar seg først og fremst på statistikk frå arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB), men også registerbasert sysselsetjingsstatistikk og statistikk frå Aetat og trygdeetaten/Arbeids- og velferdsetaten blir brukte.

Statistikk frå SSB

Arbeidskraftundersøkinga (AKU)

AKU blir gjennomført kvar veke ved at eit utval på om lag 2000 personar blir intervjua om tilknytinga si til arbeidsmarknaden i ei referanseveke. Alle vekene i året blir kartlagde, men for dei enkelte intervjuobjekta er det situasjonen i ei bestemt veke opplysningane refererer seg til. Kvar enkelt deltek i AKU i alt åtte gonger i løpet av åtte påfølgjande kvartal. Sidan AKU er ei utvalsundersøking, er det noko uvisse knytt til tala. AKU er for vårt formål likevel mest formålstenleg å bruke som datakjelde fordi ho dekkjer alle i arbeidsfør alder, definerer deltid og heiltid relativt presist, gir ei brei skildring av arbeidstid – både faktisk og avtalt – og inneheld fleire bakgrunnsvariablar.

  • Sysselsette er personar som utførte minst éin time inntektsgivande arbeid i den veka undersøkinga blei gjennomført. Gruppa omfattar òg dei som har slikt arbeid, men som var mellombels fråverande på grunn av sjukdom, ferie, lønna permisjon eller liknande. Både lønnstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og familiearbeidskraft inngår i denne gruppa. Sysselsetjingsprosent er talet på sysselsette i prosent av folketalet i den aktuelle aldersgruppa.

  • Arbeidsstyrken , som er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, blir ofte omtalt som dei yrkesaktive.

Registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Den registerbaserte sysselsetjingsstatistikken er ei totalteljing basert på mellom anna Arbeids- og velferdsetatens administrative register, det såkalla arbeidstakar-/arbeidsgivarregisteret (A/A-registeret). Han kan dermed gi tal også for små grupper, til dømes enkeltyrkesgrupper. Denne statistikken gir òg tal for avtalt arbeidstid, men med ei mindre presis avgrensing av deltid og heiltid enn AKU, og har dessutan færre bakgrunnsvariablar.

Statistikk frå Aetat/Arbeids- og ­velferdsetaten

Ordinære arbeidssøkjarar omfattar personar som søkjer inntektsgivande arbeid ved Arbeids- og velferdsetaten, og som er arbeidsføre og elles disponible for det arbeidet som blir søkt. Ordinære arbeidssøkjarar omfattar arbeidssøkjarstatusane heilt arbeidslause, ordinære tiltaksdeltakarar, delvis sysselsette og andre ordinære arbeidssøkjarar .

  • Heilt arbeidslause er alle ordinære arbeidssøkjarar som har vore utan inntektsgivande arbeid dei siste to vekene.

  • Ordinære tiltaksdeltakarar inkluderer alle ordinære arbeidssøkjarar som ved tidspunktet for oppteljing deltok på eit arbeidsmarknadstiltak. Dei ordinære arbeidsmarknadstiltaka omfattar arbeidspraksis, lønnstilskot, mellombelse sysselsetjingstiltak, opplæring, prøvetiltak og andre tiltak.

  • Delvis sysselsette omfattar alle ordinære arbeidssøkjarar som har hatt inntektsgivande arbeid i løpet av dei to siste vekene (likevel mindre enn normal arbeidstid), og som søkjer arbeid med lengre arbeidstid.

  • Andre ordinære arbeidssøkjarar inkluderer jobbskiftesøkjarar som er i vanleg arbeid, og som søkjer ny jobb ved å registrere seg hos Arbeids- og velferdsetaten, og skoleelevar/studentar som søkjer jobb i samanheng med (ferie frå) skolegang/studium.

Yrkesvalhemma arbeidssøkjarar er personar som har fått evna til å utføre inntektsgivande arbeid nedsett, eller som har vesentleg innskrenka høve til å velje yrke eller arbeidsplass på grunn av sjukdom, skade/lyte eller sosial mistilpassing. Gruppa omfattar såleis både personar med rett til folketrygdytingar under attføring og andre yrkesvalhemma.

3.2 Yrkesdeltaking og sysselsetjing – situasjonen og utviklingstrekk

Talet på eldre personar i arbeid er i stor grad avhengig av demografiske endringar, men må også sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga. Det har vore stor vekst i talet på yrkesaktive personar i alderen 55–66 dei seinare åra. I 2005 var det 398 000 seniorar i arbeidsstyrken. Frå 2000 til 2005 auka talet på seniorar i arbeidsstyrken med ein firedel. Demografi er ein viktig årsak, ettersom det blei nærmare ein firedel fleire i aldersgruppa frå 2000 til 2005.

Yrkesdeltakinga er klart lågare for dei som nærmar seg 67 år, enn for dei som er i 50-åra. For 55–59-åringane var ho til dømes 76 prosent i 2005, mens yrkesdeltakinga dette året var 30 prosent for dei som var 65–66 år.

Figur 3.1 Yrkesdeltaking fordelt på kjønn. 55–66 år, 1972–2005

Figur 3.1 Yrkesdeltaking fordelt på kjønn. 55–66 år, 1972–2005

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

Figur 3.2 Yrkesdeltaking fordelt på kjønn. 55–61 år, 1972–2005

Figur 3.2 Yrkesdeltaking fordelt på kjønn. 55–61 år, 1972–2005

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

Figur 3.3 Yrkesdeltaking fordelt på kjønn. 62–66 år, 1972–2005

Figur 3.3 Yrkesdeltaking fordelt på kjønn. 62–66 år, 1972–2005

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

Samla yrkesdeltaking viser små endringar i perioden 1972–2005, jf. figur 3.1. Ho har gått attende for menn og auka tilsvarande for kvinner. Frå 2003 til 2005 gjekk sysselsetjingsprosenten ned med nærare to prosentpoeng, til 65 prosent, blant 55–66-åringane. For gruppa 55–61 år har det vore ein auke på knappe 10 prosentpoeng i perioden, jf. figur 3.2. For den noko eldre gruppa 62–66 år var yrkesdeltakinga om lag uendra fram til slutten av 80-talet, for deretter å bli redusert med om lag 5 prosentpoeng på 90-talet. AFP kan vere ei forklaring på denne utviklinga. For menn i alderen 62–66 har yrkesdeltakinga blitt merkbart redusert frå 1972 til 2005. Eit særleg sterkt fall i perioden frå 1972 til slutten av 80-talet blei i stor grad motsvart av ein auke i yrkesdeltakinga til kvinner, jf. figur 3.3.

Avstanden mellom kjønna når det gjeld yrkesdeltaking, har blitt vesentleg mindre dei siste tiåra for alle aldersgrupper. Årsaka til det er vekst i yrkesdeltakinga blant kvinner over lengre tid. Gapet mellom yrkesdeltakinga til kvinnene og mennene har samla minka frå om lag 24 prosentpoeng i 1980 til 8 prosentpoeng i 2005, jf. tabell 3.1. Forskjellen har minska mest for gruppa 55–66 år sidan først på åttitalet og fram til i dag, frå 32 til 12 prosent. Det er likevel i denne gruppa at forskjellen var størst i 2005.

Tabell 3.1 Differansen mellom yrkesdeltakinga til menn og kvinner etter alder (i prosentpoeng). ­Gjennomsnitt for utvalde år

 19801989199419992005
16–24 år106562
25–54 år26141198
55–66 år3221151312
67–74 år179744
I alt, 16–74 år24151298

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

Det er generelt låg arbeidsløyse blant eldre, jf. omtale i avsnitt 3.7. Utviklinga i sysselsetjingsprosent er derfor svært lik utviklinga i yrkesdeltakinga.

Eldre innvandrarar i arbeidslivet

Med auka del innvandrarar i landet vil yrkesaktiviteten deira bli stadig viktigare for den samla verdiskapinga. Arbeid er òg viktig i eit integreringsperspektiv. I tillegg til at ein jobb skaper bedra levekår, er arbeidsplassen ein arena for læring om det norske samfunnet og språk.

I 4. kvartal 2005 var nærare 160 000 (57,5 pst.) av innvandrarane sysselsette. Som innvandrar reknar ein her personar fødde i utlandet av utanlandsfødde foreldre, også kalla førstegenerasjonsinnvandrarar. Blant dei sysselsette innvandrarane var 10 prosent i aldersgruppa 55–66 år mot 17 prosent av alle sysselsette. Sysselsetjingsprosenten går også ned for innvandrarar som er seniorar, jf. tabell 3.2. Det er likevel mindre forskjell mellom dei eldre og yngre innvandrarane når det gjeld sysselsetjing, enn i befolkninga elles. Differansen for innvandrarar mellom gruppa 40–54 år og gruppa 55–66 år er på 14 prosentpoeng, mot 19 prosentpoeng for heile befolkninga.

Blant innvandrarar frå Norden er ein høgare del i alderen 55–66 år sysselsette samanlikna med gjennomsnittet i befolkninga i same aldersgruppa. I denne aldersgruppa er det etter Norden og Vest-Europa elles høgast sysselsetjing blant innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania. Sysselsetjinga er lågast for innvandrarar frå Asia, Afrika og Aust-Europa utanom dei nye EU-landa (i hovudsak personar frå Bosnia-Hercegovina og andre land i det tidlegare Jugoslavia).

Kor lenge innvandraren har budd i landet, påverkar sysselsetjinga positivt. Særleg gjeld det innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn. Vestlege innvandrarar kjem ofte som arbeidsinnvandrarar. Sysselsetjingsprosenten veks særleg sterkt dei første sju åra etter busetnad. Innvandringsårsaka og konjunktursituasjonen i landet på det tidspunktet dei kom hit, påverkar sysselsetjinga. Seniorgruppa har ofte lengre butid enn yngre innvandrarar. Forskjellen i sysselsetjingsprosenten blir redusert frå 19 prosent i gruppa 25–39 år til 13 prosent i gruppa 55–66 år, jf. tabell 3.2. Ikkje-vestlege 1 innvandrargrupper med særleg god tilknyting til arbeidsmarknaden er til dømes personar med bakgrunn frå Chile, India, Sri Lanka, Vietnam og Bosnia-Hercegovina. 2

Tabell 3.2 Sysselsette førstegenerasjonsinnvandrarar etter alder og landbakgrunn. Prosent og absolutte tal. 4. kvartal 2005

  Absolutte talProsent av personar i alt
 I altI alt16–24 år25–39 år40–54 år55–66 år67–74 år
Heile folkemengda (sysselsette)2 298 00069,4 55,8 80,7 82,7 64,1 15,1
Førstegenerasjonsinnvandrarar159 26057,5 42,3 62,2 65,8 51,5 12,6
Herav: 
Norden32 25172,4 63,6 82,0 82,4 65,1 16,1
Vest-Europa elles21 49768,5 39,1 77,1 79,5 62,1 16,9
Nye EU-land i Aust-Europa10 28968,6 55,0 74,1 75,5 58,3 16,5
Aust-Europa elles20 11756,2 43,8 63,8 65,1 37,7 2,9
Nord-Amerika og Oseania4 15558,3 25,2 64,0 69,3 59,9 13,0
Asia51 31350,6 40,5 55,4 56,4 32,4 6,7
Afrika12 76541,8 30,7 45,0 47,5 32,9 5,4
Sør- og Mellom-Amerika6 87360,0 46,8 61,0 69,5 53,0 9,0

Kjelde: SSB, Registerbasert sysselsetjingsstatistikk for innvandrarar

3.3 Arbeidstid

3.3.1 Faktisk arbeidstid

Arbeidstid per veke fell med alderen blant seniorane. Menn arbeider fleire timar per veke enn kvinner, jf. figur 3.4. Arbeidstida for menn er lågast i alderen 62–66 år, men framleis høgare enn for kvinner uavhengig av alder. Meir deltidsarbeid og høgare sjukefråvær blant eldre påverkar faktisk arbeidstid.

Figur 3.4 Faktisk arbeidstid per veke etter kjønn og alder. Årsgjennomsnitt 2005

Figur 3.4 Faktisk arbeidstid per veke etter kjønn og alder. Årsgjennomsnitt 2005

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

3.3.2 Deltid

Langt fleire eldre enn yngre arbeider deltid. I 2005 arbeidde 37 prosent av dei sysselsette i alderen 62–66 år deltid, mot om lag 22 prosent av dei sysselsette i alderen 25–54 år, jf. tabell 3.3. Det er særleg når det gjeld kort deltid (1–19 timar), at delen eldre sysselsette er høg. Ein del av desse kombinerer pensjon og arbeid. Forskjellen mellom kjønna er om lag som for yngre aldersgrupper.

Det er også meir vanleg å arbeide deltid for dei eldre sjølvstendig næringsdrivande enn for dei som er yngre. Litt over ein firedel av dei sjølvstendig næringsdrivande i alderen 55–66 år arbeider deltid, mot noko over ein femdel av dei i alderen 25–54. Forskjellen mellom tilsett og sjølvstendig er altså relativt liten med omsyn til deltidsarbeid.

Tabell 3.3 Personar som jobbar deltid, etter aldersgruppe og kjønn. Prosent. Årsgjennomsnitt 2005

AldersgruppeMennKvinnerI alt
25–39 år83722
40–54 år63721
55–61 år94425
62–66 år235337
I alt, 16–74 år124227

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

3.3.3 Fråvær

Helse heng mellom anna saman med alder, og ein kan rekne med noko høgare sjukefråvær blant eldre arbeidstakarar, sjølv om dei med mest svekt helse vil vere uføretrygda. Tal frå sentral sjukefråværsstatistikk frå 4. kvartal 2005 viser 6,2 prosent fråvær i gruppa 50–54 år og i overkant av 9 prosent i gruppa 65–66 år, jf. figur 3.5. Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn.

Sjukefråværet gjekk ned i 2004 etter mange år med auke. Det gjeld for alle aldersgrupper. Tal for 2005 og byrjinga av 2006 viser ny oppgang.

Figur 3.5 Tapte dagsverk på grunn av legemeldt sjukefråvær etter alder og kjønn, i prosent av avtalte dagsverk, 4. kvartal 2005

Figur 3.5 Tapte dagsverk på grunn av legemeldt sjukefråvær etter alder og kjønn, i prosent av avtalte dagsverk, 4. kvartal 2005

Kjelde: SSB, Sentral sjukefråværsstatistikk

3.4 Utdanning fremjar høg arbeidsdeltaking

Personar med høg utdanning har gjennomgåande høgare yrkesdeltaking enn personar med låg utdanning for alle aldersgrupper. Utdanning har større effekt på sysselsetjinga for kvinner enn for menn. Det ser vidare ut til at personar med høg utdanning jamt over står lenger i arbeidslivet.

Den største forskjellen mellom utdanningsgruppene finn ein i alderen 50–62 år. Det har samanheng med at personar med grunnskole, og til dels vidaregåande skole, som høgaste utdanning har fallande sysselsetjingsprosent frå starta av 50-årsalderen. Også blant innvandrarar på 50 år eller over er det dei med låg utdanning som har lågast sysselsetjingsprosent. Sysselsetjingsprosenten viser små forskjellar mellom kjønna for personar med universitets- og høgskoleutdanning. Han held seg likevel høg noko lenger for menn enn for kvinner, jf. figur 3.6 og 3.7. For menn byrjar sysselsetjingsprosenten å falle tre til fem år seinare enn for kvinner. Mens sysselsetjingsprosenten er nokså stabil til slutten av 50-åra for menn, gjeld dette til i overkant av 55 år for kvinner med den høgaste utdanninga. Det er vidare ein tydeleg forskjell ved 62-årsalderen. Ved passering av denne aldersgrensa fell sysselsetjingsprosenten sterkt både for menn og kvinner, uavhengig av utdanningsnivået. Avtalefesta pensjon (AFP) kan i stor grad forklare dette.

Figur 3.6 Sysselsetjingsprosent etter utdanningsnivå og alder. Menn. 4. kvartal 2005

Figur 3.6 Sysselsetjingsprosent etter utdanningsnivå og alder. Menn. 4. kvartal 2005

Kjelde: SSB, Registerbasert sysselsetjingsstatistikk

Figur 3.7 Sysselsetjingsprosent etter utdanningsnivå og alder. Kvinner. 4. kvartal 2005

Figur 3.7 Sysselsetjingsprosent etter utdanningsnivå og alder. Kvinner. 4. kvartal 2005

Kjelde: SSB, Registerbasert sysselsetjingsstatistikk

3.4.1 Kursdeltaking

Eit mål på om ein er aktiv for å halde ved like kompetansen i yrkeslivet, kan vere om ein får tilbod om, og deltek på, kurs. For personar med universitets- og høgskoleutdanning stig kursdeltakinga fram til 60 år, for deretter å falle. For personar med lågare utdanning er kursdeltakinga på topp tidlegare og byrjar å falle frå 55-årsalderen, jf. figur 3.8.

Figur 3.8 Sysselsette som har delteke på kurs o.l., etter utdanning og alder. Prosent. Årsgjennomsnitt 2005

Figur 3.8 Sysselsette som har delteke på kurs o.l., etter utdanning og alder. Prosent. Årsgjennomsnitt 2005

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

3.5 Sysselsette seniorar etter yrke og næring

Sektor og yrke

Det er vanlegare blant eldre sysselsette å jobbe i offentleg sektor enn blant dei yngre. Til saman arbeider 38 prosent av sysselsette i alderen 55–66 år i offentleg sektor, noko som er 5 prosentpoeng høgare enn for dei i alderen 25–54 år ifølgje AKU-tal frå 2005. I absolutte tal svarer det til 147 000 seniorar i offentleg sektor.

Av dei 38 prosent eldre sysselsette som arbeider i offentleg forvalting, har kommunal sektor høgast del med 22 prosentpoeng, 13 prosent­poeng er i statleg sektor, og 3 prosentpoeng er sysselsette i fylkeskommunal sektor.

Rekrutteringsmønster, utdanningsnivå og omfanget av jobbskifte er tre viktige faktorar som påverkar aldersfordelinga i ulike yrke og sektorar. Personar som arbeider på område med små svingingar i den samla sysselsetjinga, slik det til dømes er i mange offentlege yrke, vil ha større sjansar til å stå lenger i jobb. Undervisningsyrke som krev minimum fire års utdanning, har ein svært høg del eldre sysselsette. Det gjeld særleg for menn, men også for kvinner. 35 prosent 3 av sysselsette menn i undervisningsyrke var i alderen 55–66 år, samanlikna med 20 prosent av alle sysselsette menn. For kvinner var det tilsvarande talet 23 prosent, samanlikna med 19 prosent for alle kvinner. Yrkesaktive med høgare utdanning blir gjerne verande lenger i arbeidslivet. Då mange i slike yrke har høgare lønn mot slutten av karrieren, kan det motivere for høg yrkesdeltaking.

Også innanfor kontoryrke er det relativt mange eldre. Det gjeld særleg for kvinner, med 24 prosent, noko som er 5 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet. Den høge delen eldre i denne yrkesgruppa kan ha samanheng med at dette er eit yrke kor sysselsetjinga fell.

Næring

Det er ein relativt høg del eldre sysselsette i jordbruk, skogbruk og kraft- og vannforskyning jf. tabell 3.4. 31 prosent av sysselsette menn og 24 prosent av kvinnene i desse næringane er i alderen 55–66 år. 4 Gjennomsnittet for alle næringar er som nemnt 20 prosent for menn og 19 prosent for kvinner. Høg del eldre sysselsette må sjåast i lys av strukturendringar i primærnæringane, med nedgang i samla sysselsetjing. Samla sysselsetjing i desse næringane har blitt nær halvert frå 1990 til 2005.

Tabell 3.4 Sysselsette etter næring, kjønn og alder. Absolutte tal og prosent. Årsgjennomsnitt 2005

 I altMennKvinner
 25–66 årProsent 55–66 år25–66 årProsent 55–66 år25–66 årProsent 55–66 år
Jordbruk, skogbruk49 1522936 0973113 05524
Fiske12 8971711 471181 42611
Bergverksdrift og utvinning34 2771928 101216 17612
Industri239 03619179 6511959 38419
Kraft- og vannforsyning15 3243012 360312 96424
Byggje- og anleggsverksemd132 04116123 363168 67719
Varehandel, hotell- og restaurantverksemd315 75617169 31516146 44118
Transport og ­kommunikasjon138 74219102 9132035 82915
Finansiell tenesteyting, eigedomsdrift257 23218158 9721998 26015
Andre tenester801 94421236 12724565 81620
Uoppgitt780264891929439
I alt (25-66 år)1 997 181201 058 85920938 32219

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

3.5.1 Sjølvstendig næringsdrivande

Av dei 155 000 i alderen 25–66 år som i 2005 var sjølvstendig næringsdrivande ifølgje AKU, var 42 000 i alderen 55–66 år. Til saman utgjorde seniorane i alderen 55–66 år 25 prosent av alle sjølvstendige, mot 19 prosent av alle sysselsette 16–74 år. Delen sjølvstendige blant alle sysselsette aukar med alderen. Det er klart fleire sjølvstendig næringsdrivande menn enn kvinner. I alderen 55–66 år var over 80 prosent av dei sjølvstendige menn.

Tabell 3.5 Sjølvstendig næringsdrivande etter alder og kjønn. Årsgjennomsnitt 2005

AlderI altMennKvinner
16–242 8311 917914
25–54113 26278 05935 203
55–6641 59333 7007 894
67–745 5554 887668
I alt (16-74 år)163 241118 56344 678

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

Hovuddelen av dei eldre sjølvstendig næringsdrivande finn vi i jordbruk og fiske, finansiell teneste­yting, eigedomsdrift, transport og kommunikasjon. Om lag 22 prosent av dei sjølvstendig næringsdrivande i alderen 55–66 år har tilsette. Det er like mange som for sjølvstendige i alderen 25–54.

Det var i alt 10 500 sjølvstendig næringsdrivande førstegenerasjonsinnvandrarar i 4. kvartal 2005 i alderen 25–66. 18 prosent var i alderen 55–66 år – ein noko lågare del enn blant alle sjølvstendige.

3.5.2 Seniorar og skifte av arbeid

Delen som skiftar jobb, minkar med alderen, jf. tabell 3.6. Tabellen gir oversikt over statusen i november 2004 for dei som var i arbeid både i november 2003 og november 2004. Delen som endrar jobb innanfor same føretaket, endrar seg relativt lite med alderen. Det er særleg delen som går over til å jobbe i eit anna føretak, som minkar med alderen.

Tabell 3.6 Sysselsette i november 2003 med status året etter. Absolutte tal og prosent.

 200320042004-prosentar
 I altI altI altSame bedriftaSame føretaket, ny bedriftNytt føretak
25–39 år707 221639 9559184314
40–49 år469 056441 653948938
50–54 år211 743200 533959236
55–59 år194 695182 217949335
60–66 år111 59590 457819424
I alt (25-66 år)1 694 3101 554 815928839

Kjelde: SSB, Registerbasert sysselsetjingsstatistikk

3.6 Den økonomiske situasjonen for seniorar

Den økonomiske situasjonen for seniorane vil påverke avgangsalderen frå arbeidslivet. I dette avsnittet skal vi sjå på lønns-, inntekts- og formuesforholda for seniorar i alderen 55–66 år. Samanlikningsgruppa er arbeidstakarar i alderen 25–54 år.

3.6.1 Lønn og lønnsutvikling

Gjennomsnittleg lønn for heiltidstilsette aukar med alderen opp til aldersgruppa 45–49 år for menn og opp til 40–44 år for kvinner, jf. figur 3.9. For aldersgruppene over fell lønnsnivået noko for begge kjønn. For menn på 60 år og over er lønnsnivået om lag 8 000 kroner lågare per år enn i den aldersgruppa lønna er høgast. For kvinner er forskjellen om lag 22 000 kroner.

Figur 3.9 Lønn etter alder for heiltidstilsette, 2005

Figur 3.9 Lønn etter alder for heiltidstilsette, 2005

Kjelde: SSB, Lønnsstatistikk

Lønnsutviklinga etter alder er i nokon grad påverka av at yngre og eldre har ulik utdanning og arbeider i ulike næringar med forskjellig lønnsnivå. Kvinner når lønnstoppen tidlegare enn menn. Figur 3.9 viser også at lønnsforskjellen mellom kvinner og menn aukar med alderen. Noko av årsaka til det ligg i generasjonsforskjellar i utdannings- og yrkesval mellom kvinner og menn. Mellom anna er lønnsforskjellane størst mellom lønnstakarar med høg utdanning. Menn med høg utdanning arbeider i større grad i privat sektor enn kvinner, mens kvinner med høg utdanning i større grad arbeider i offentleg sektor, der lønnsnivået er lågare enn i privat sektor.

I perioden 1997–2005 var den gjennomsnittlege lønnsauken for heiltidstilsette lønnstakarar i alderen 55–66 år 48,1 prosent, mot 45,6 prosent for aldersgruppa 25–54 år. Utviklinga for menn forklarer at lønnsauken var høgare for aldersgruppa 55–66 år. For kvinner i alderen 55–66 år var lønnsauken i gjennomsnitt litt svakare enn for kvinner i samanlikningsgruppa, jf. figur 3.10.

Figur 3.10 Lønnsvekst i prosent frå 3. kvartal 1997 til 3. kvartal 2005 for heiltidstilsette lønnstakarar.

Figur 3.10 Lønnsvekst i prosent frå 3. kvartal 1997 til 3. kvartal 2005 for heiltidstilsette lønnstakarar.

Kjelde: SSB, Lønnsstatistikk

3.6.2 Samla inntekt

Den årlege inntekta avheng av talet på timer i arbeid. Dei siste 30 åra har den tida 62–66-åringane bruker til inntektsgivande arbeid, gått ned med ein tredel. Arbeidstidsreduksjonen er ikkje likt fordelt. Reduksjonen gjeld til dømes ikkje kvinner. Sysselsette kvinner i denne aldersgruppa har hatt ein monaleg auke i arbeidstid, sjølv om mange framleis arbeider deltid. Færre unge eldre er i inntektsgivande arbeid, men dei som er i arbeid, bruker meir tid på dette enn tidlegare. 5 Tabell 3.7 gir oversikt over samla inntekt før skatt etter alder for menn og kvinner.

Tabell 3.7 Samansetjing av samla inntekt og bruttoformue/gjeld for yrkesaktive1 etter alder og kjønn. Gjennomsnitt. Kroner. 2004

 Lønns- inntekt2Netto nærings- inntekt3Kapital- inntekt4Overføringar5Samla inntekt før skattBruttoformueGjeld
Alle289 700 26 800 29 500 21 600 367 700 481 100 497 100
Menn331 100 39 600 45 900 15 500 432 100 650 600 679 600
Kvinner242 500 12 100 10 800 28 800 294 200 287 700 288 700
25 – 54 år307 500 26 600 27 200 19 100 380 400 434 600 574 700
Menn352 500 39 200 41 900 9 500 443 200 575 900 787 300
Kvinner257 000 12 500 10 800 29 800 310 000 276 300 336 500
55 - 66 år296 100 37 000 47 600 25 700 406 400 804 000 365 800
Menn340 300 55 100 75 900 25 900 497 3001 111 000 523 500
Kvinner242 500 15 100 13 400 25 400 296 300 432 000 174 700

1 Yrkesaktive er definert som personar med ei yrkesinntekt (lønnsinntekt og/eller netto næringsinntekt) som er høgare enn 1G. Grunnbeløpet i folketrygda utgjorde gjennomsnittleg 58 139 kroner i 2004.

2 Lønnsinntekt omfattar lønn, sjukepengar, fødsels- og adopsjonspengar, naturalytingar o.a.

3 Netto næringsinntekt omfattar inntekt av jord- og skogbruk, fiske og fangst og anna næringsverksemd, og sjukepengar i næringsverksemd. Til frådrag kjem årets underskot i næring.

4 Kapitalinntekt omfattar bankinnskot, aksjeutbytte, realisasjonsgevinstar, nettoinntekt ved utleige av fast eigedom o.a. Til frådrag kjem realisasjonstap.

5 Overføringar (skattepliktige og skattefrie). Skattepliktige overføringar omfattar ulike ytingar frå folketrygda, arbeidsløysetrygd, tenestepensjonar og mottekne underhaldsbidrag o.a. Skattefrie overføringar omfattar barnetrygd, kontantstøtte, studiestipend, sosialhjelp, bustøtte o.a.

Kjelde: SSB, Inntektsstatistikk for personar og familiar

I gjennomsnitt har arbeidstakarar i alderen 55–66 år både høgare samla inntekt før skatt og større formue enn arbeidstakarar i alderen 25–54 år, jf. tabell 3.7. Arbeidstakarar i alderen 55–66 år har i gjennomsnitt mindre inntekt frå lønnsarbeid enn arbeidstakarar i aldersgruppa 25–54 år. På den andre sida er inntekt frå næringsverksemd og kapital høgare. Det same gjeld ytingar frå folketrygda, mellom anna arbeidsløysetrygd og tenestepensjonar. Det gjer at arbeidstakarar i aldersgruppa 55–66 år har høgare samla inntekt i gjennomsnitt enn aldersgruppa 25–54 år. Særleg menn i aldersgruppa 55–66 år har relativt høgt inntektsnivå når vi inkluderer inntekt frå alle kjelder.

Dei forholdsvis store forskjellane i inntekt mellom menn og kvinner kjem både av at kvinner i snitt har kortare arbeidstid, og at den gjennomsnittlege timelønna er lågare. Kvinner har også klart lågare inntekt frå kapital enn menn.

I gjennomsnitt har arbeidstakarar like mykje bruttoformue som gjeld, ifølgje likninga. Dette varierer for dei fleste gjennom livet. Mens yngre i gjennomsnitt har større gjeld enn formue, er det omvendt for eldre arbeidstakarar. Menn har både høgare bruttoformue og gjeld enn kvinner. Tala ovanfor viser at mange seniorar kan vere økonomisk trygge sjølv om dei skulle velje å trappe noko ned på arbeidsinnsatsen. Det kan likevel vere store forskjellar innanfor gruppa eldre.

3.7 Arbeidsløyse blant eldre arbeidstakarar

Arbeidsløysa for personar i alderen 55–66 år er relativt låg samanlikna med yngre aldersgrupper, jf. figur 3.11. I 2005 var arbeidsløysa for seniorane under 2 prosent. Av alle arbeidslause var 6 prosent seniorar. Seniorane utgjer ein større del av arbeidslause menn (8 pst.) enn kvinner (4 pst.). Også blant innvandrarar utgjer seniorar 6 prosent av dei arbeidslause.

Det er særskilde reglar for arbeidssøkjarar over 64 år. Dei kan få dagpengar kontinuerlig fram til fylte 67 år. I 2005 var 2600 personar på 64 år eller over registrerte som ordinære arbeidssøkjarar ved Aetat. 1800 personar i denne aldersgruppa fekk dagpengar i same perioden. For ein del arbeidslause over 64 år blir derfor arbeidsløysetrygda ei form for førtidspensjonering, jf. avsnitt 7.8.

Figur 3.11 Arbeidslause personar i prosent av arbeidsstyrken i kvar aldersgruppe. Årsgjennomsnitt

Figur 3.11 Arbeidslause personar i prosent av arbeidsstyrken i kvar aldersgruppe. Årsgjennomsnitt

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

Målt i prosent av arbeidsstyrken er det låg arbeidsløyse blant eldre, men mange står lenge utan arbeid. I Arbeidskraftundersøkinga er langtidsarbeidslause personar som har ein samanhengande periode med arbeidssøking på eit halvt år eller meir fram til intervjutidspunktet, og som framleis er utan arbeid. Arbeids- og velferdsetaten kan i tillegg måle perioden sidan siste meir varige arbeidsforhold, det vil seie perioden som langtidsarbeidssøkjar , jf. boks 3.2. Delen langtidsarbeidssøkjarar aukar med alderen, og for seniorane er delen langtidsarbeidssøkjarar klart større enn gjennomsnittet for alle aldersgrupper i åra frå 2002 til 2005 ifølgje tal frå Aetat, jf. tabell 3.8. I 2005 utgjorde langtidsarbeidssøkjarane i alderen 55–59 år 69 prosent av alle ordinære arbeidssøkjarar i denne aldersgruppa. For aldersgruppa 60–63 år var 75 prosent av arbeidssøkjarane i aldersgruppa langtidsarbeidssøkjarar, mens talet var 84 prosent for seniorar på 64 år eller over. Arbeidssøkjarane har større risiko for å bli langtidsarbeidssøkjarar dess eldre dei er. 6

Tabell 3.8 Delen ordinære langtidsarbeidssøkjarar som prosent av alle ordinære arbeidssøkjarar. Årsgjennomsnitt 2002 og 2005

 20022005
24 år og under25 %32 %
25–54 år48 %57 %
55–59 år61 %69 %
60–63 år71 %75 %
64 år +83 %84 %
I alt46 %55 %

Kjelde: Aetat

Boks 3.2 Langtidsarbeidssøkjar

Langtidsarbeidssøkjarar er her ordinære arbeidssøkjarar (heilt arbeidslause, delvis sysselsette og tiltaksdeltakarar) som har vore registrerte som arbeidssøkjarar ved Aetat/Arbeids- og velferdsetaten i minst 26 veker, der avbrot i arbeidssøkjarperioden på inntil 28 dagar ikkje blir behandla som brot, men blir talt med i arbeidssøkjarperioden. I langtidsarbeidssøkjardefinisjonen kan arbeidssøkjarane skifte arbeidssøkjarsstatus (heilt arbeidslause, delvis sysselsette, tiltaksdeltakarar og yrkesvalhemma) utan at det blir rekna som brot. Ordinære arbeidssøkjarar som har avslutta eit attføringsopplegg får tida som yrkesvalhemma inkludert i arbeidssøkjarperioden.

I AKU blir alle ikkje-sysselsette spurde om dei ønskjer eit inntektsgivande arbeid. Av dei 27 000 personane i alderen 55–66 år som ønskte arbeid i 2005, var 7000 aktive arbeidssøkjarar og følgjeleg definerte som arbeidslause. Avstanden mellom dei som ønskjer arbeid, og dei som er aktive arbeidssøkjarar, er større i gruppa 55–66 år enn i gruppa 40–54 år. 26 prosent av dei eldre som ønskjer arbeid, er definerte som arbeidslause, mot 45 prosent av dei middelaldrande. Det kan vere ein indikasjon på at dei som er over 55 år og ønskjer arbeid, raskare enn yngre arbeidslause mister trua på at dei kan få ein ny jobb, og sluttar å søkje aktivt. Den låge delen eldre aktive arbeidssøkjarar kan òg komme av at mange seniorar er på førtidspensjon eller helserelaterte stønader.

Undersysselsette er personar som er delvis arbeidslause; det vil seie at dei er i deltidsjobb, men ønskjer og søkjer etter meir arbeid. Det er langt færre eldre enn middelaldrande i denne gruppa. Det kan hengje saman med at eldre i større grad enn yngre frivillig vel deltidsarbeid. Det er fleire undersysselsette kvinner enn menn. Både for alle aldrar og for aldersgruppa 55–66 år utgjer kvinner tre firedelar av dei undersysselsette.

Tabell 3.9 Ønske om arbeid, i 1000. Årsgjennomsnitt 2005

 40–54 år55–66 år
Ikkje sysselsett149232
Herav:
– Ønskjer arbeid5627
Herav:
*Arbeidslaus257
*Ikkje søkt siste 4 veker pga.2919
– dårleg helse1211
– ikkje passande arbeid23
– omsorgsoppgåver21
– andre + uoppgitt1314
Undersysselsett2910

Kjelde: SSB, Arbeidskraftundersøkinga

3.8 Seniorar utanfor arbeidsstyrken

Tilbaketrekking frå arbeidslivet skjer dels på grunn av svekt helse eller ulike tidlegpensjonsordningar. For dei yngste i seniorgruppa er avgang til uførepensjon den vanlegaste vegen ut av arbeidslivet. Den viktigaste tidlegpensjonsordninga er avtalefesta pensjon (AFP). Ein del av arbeidstakarane er dessutan dekte av ulike særaldersgrenser. Ein del arbeidstakarar får uførepensjon eller arbeidsløysetrygd i nokre år før dei kan få vanleg alderspensjon.

Arbeids- og velferdsdirektoratet reknar ut «forventa pensjoneringsalder» for personar i ulik alder. I forhold til andre mål har forventa pensjoneringsalder den fordelen at det ikkje blir påverka av storleiken til årskulla. Den forventa pensjoneringsalderen er merkbart redusert sidan midten av 90-talet. I 1995 var forventa pensjoneringsalder etter fylte 50 år 64,5 år, mens han var 63,6 år i 2005. 7 Han er høgare for menn (64,0) enn for kvinner (63,2).

Fleire forhold førte til auka tilgangsrate til uførepensjon frå 1994 og fram til slutten av 90-talet. Blant årsakene var ei regelendring i 1994 som reduserte varigheita på rehabiliteringspengar til maksimalt eitt år. I tillegg kan ei prinsipiell trygderettsrettsavgjerd i 1995 ha ført til ei liberalisering av dei medisinske vilkåra. 8

Aldersgrensa for AFP var i 1995 64 år. Den blei sett ned til 63 år i 1997 og 62 år i 1998. I 2000 blei rett til friinntekt på 1 G teke bort. Dette gjorde det mindre gunstig å kombinere AFP med anna inntekt. Vilkåra for pensjonering i perioden 1997 til 2000 var derfor spesielle, og førde til ekstra høg tilgang, jf. figur 3.12.

Frå 2004 til 2005 var det ein auke i forventa pensjoneringsalder etter fylte 50 år, etter ei utflating i 2004. Nivået til forventa pensjoneringsalder var i 2005 om lag som i 2001, då IA-avtala blei inngått.

Figur 3.12 Forventa pensjoneringsalder (alderspensjon, uføreytingar og avtalefesta pensjon) etter fylte 50 år, 1995–2005

Figur 3.12 Forventa pensjoneringsalder (alderspensjon, uføreytingar og avtalefesta pensjon) etter fylte 50 år, 1995–2005

Kjelde: Rikstrygdeverket

Tilstrømminga av nye uføreytingsmottakarar i alderen 62-66 år har vist ein svak nedgang i perioden frå 1996 til 2005. 9 Nedgangen har delvis blitt motverkt av vekst i nye AFP-mottakarar, jf. figur 3.13. Talet på nye AFP-mottakarar i same alder viser ei auka tilstrømming i 1998 og åra etter, noko som har samanheng med at pensjonsalderen i ordninga blei redusert i 1998 til 62 år. Også i åra frå 2001 til 2005 har det vore vekst i talet på nye AFP-mottakarar. Denne veksten har samanheng med auka storleik på alderskulla.

Figur 3.13 Nye uføreytingsmottakarar og nye AFP-mottakarar, 62-66 år, 1996–2005

Figur 3.13 Nye uføreytingsmottakarar og nye AFP-mottakarar, 62-66 år, 1996–2005

Kjelde: Rikstrygdeverket

3.8.1 Uførepensjonering

Ser ein bort frå dei som går av med alderspensjon ved 67 år, er uførleik den vanlegaste årsaka til at ein ikkje jobbar etter fylte 50 år. I aldersgruppa 50–59 år er 63 prosent av dei yrkespassive 10 heilt eller delvis uføretrygda. Delen er omtrent den same i aldersgruppa 60–66 år. Ved utgangen av 2005 var det om lag 301 000 uførepensjonistar i Noreg. 129 000 av dei var menn og 172 000 kvinner. For å ha rett til uførepensjon må arbeidsevna ha blitt redusert med minst 50 prosent på grunn av sjukdom, lyte eller skade. Om det er sannsynleg at arbeidsevna kan bli betre etter noko tid, blir det gitt tidsavgrensa utførestønad. Ein slik tidsavgrensa stønad blir gitt for mellom eitt og fire år. Etter det skal stønaden vurderast på nytt. Ved utgangen av 2005 mottok 19 000 tidsavgrensa uførestønad. Til saman var det 320 000 personar som fekk uføreytingar (tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon). Av dei var 36 prosent i gruppa 50–59 år, og like mange prosent var 60–67 år. Det har vore ein sterk vekst i talet på personar som får uføreytingar. Ved utgangen av 2005 fikk 10,8 prosent av den vaksne folkemengda (18–67 år) slik trygd, jf. tabell 3.10. Det er svært høgt i internasjonal samanheng.

Tabell 3.10 Fordeling av uførepensjonistar etter alder. Uføreytingsmottakarar i prosent av aldersgruppa. 31. desember 2005

 UførepensjonistarUføreytingsmottakarar
 TalProsent av uførepensjonistaneProsent av aldersgruppaProsent av aldersgruppa
18–3928 3119 %2,1 %2,5 %
40–4948 81716 %7,6 %8,7 %
50–5441 40314 %13,8 %15,0 %
55–5967 10622 %22,3 %22,9 %
60–6480 55027 %36,0 %36,1 %
65–6734 69012 %32,2 %32,2 %
I alt (18–67 år)300 877100 %10,2 %10,8 %

Kjelde: Rikstrygdeverket

Det er fleire kvinner enn menn som er uførepensjonistar. Dei største forskjellane mellom kjønna er i aldersgruppene 55–59 år og 60–64 år. I aldersgruppa 55–59 var 18 prosent av mennene og 27 prosent av kvinnene uførepensjonistar. I aldersgruppa 60–64 hadde 31 prosent av mennene og 41 prosent av kvinnene uførepensjon. Uførepensjon er følgjeleg ein viktigare veg ut av arbeidslivet for kvinner enn for menn. Det tyder på at enkelte yrke med stor del kvinneleg sysselsette stiller sterkare krav til god helse enn mange yrke som sysselset ein større del menn.

Utdanning ser ut til å påverke uførepensjonering. Seniorar med høgare utdanning har 60 prosent lågare risiko for å bli uføretrygda enn seniorar som har vidaregåande skole som høgaste utdanning. 11 Det må sjåast i samanheng med at yrke som krev meir utdanning, ofte er mindre fysisk krevjande enn yrke med kort utdanning.

Innvandrarar som er busette i Noreg har lågare del uførepensjonistar enn for heile folkemengda. Dette har samanheng med at innvandrarane er yngre enn den totale folkemengda. I tillegg krev regelverket til folketrygda at butida må vere minst tre år for at ein skal ha rett til uførepensjon. Blant førstegenerasjonsinnvandrarar med minst tre års butid var delen personar med uførepensjon 8 prosent i 2000. Landsgjennomsnittet dette året var nesten 10 prosent. 12

3.8.2 Tidlegpensjonering

Avtalefesta pensjon (AFP)

I samband med inntektsoppgjeret i 1988 blei det vedteke å innføre ei ordning med avtalefesta pensjon (AFP). Hovudinnhaldet i ordninga er at yrkesaktive på bestemte vilkår kan gå av med pensjon før pensjonsalderen på 67 år i folketrygda. Det er eit vilkår for å gå av med AFP at ein har jobba i ei bedrift som er tilknytt AFP-ordninga. I motsetning til uførepensjonen er det ikkje krav om helsemessig grunngiving. AFP blei innført for å kunne gi slitne arbeidarar ein meir verdig avgang frå arbeidslivet.

Pensjonsalderen i ordninga er gradvis blitt redusert, og er frå mars 1998 sett til 62 år. Om lag 60 prosent av dei sysselsette arbeider i verksemder som er omfatta av AFP. Det gjeld alle i offentleg sektor og om lag halvdelen i privat sektor. Blant sysselsette som nærmar seg 62 år, er det estimert at om lag åtte av ti har tilgang på AFP. 13 Delen AFP-pensjonistar i forhold til folkemengda i alderen 62–66 år var i underkant av 20 prosent i 2005. Denne delen har vore stabil dei siste seks åra. Talet på AFP-pensjonistar har auka over tid i takt med auken i folkemengda i dei aktuelle alderskulla. Ved utgangen av 2005 var det totalt 37 400 AFP-pensjonistar, 19 500 i offentleg sektor og 17 200 i privat sektor.

Sjølv ved uendra avgangsrate vil talet på AFP-pensjonistar auke sterkt i åra framover som følgje av at talet på personar i aldersgruppa 62–66 år aukar. Det er berekna at fram til 2050 vil talet på AFP-pensjonistar auke med 80 prosent i forhold til nivået ved slutten av 2004 ved vidareføring av dagens regelverk. Det meste av veksten kjem til å skje fram mot 2010 på grunn av dei store fødselskulla etter andre verdskrigen. 14 Med uendra uttaksrate vil det vere 53 000 AFP-pensjonistar i 2010.

3.8.3 Særaldersgrenser i ulike yrke

Enkelte yrke har særaldersgrenser. Særaldersgrenser er regulerte i forskrift av 12. januar 2000 lov om foretakspensjon (privat sektor) og lov om aldersgrenser for offentlige tjenestemenn (offentleg sektor). I offentleg sektor har om lag 30 prosent av dei tilsette ei særaldersgrense, 12 prosent i staten og 40 prosent i kommunal sektor. Tabell 3.11 viser ei oversikt over yrkesgrupper som er dekte av særaldersgrenser i privat og offentleg sektor.

Tabell 3.11 Særaldersgrenser i privat og offentleg sektor ifølgje forskrift om foretakspensjon og lov om aldersgrenser for offentlige tenestemenn

AlderPrivat sektorOffentleg sektor
55 årFlypilotar Dykkarar Redningsmenn på helikopter i Nordsjøen-
60 årFlybesetningsmedlemMilitært befal Polititenestemenn
62 årYrkessjåførar-
63 år-Fengselstenestemenn
65 årSjukepleiarar Bergverksarbeidarar Førarar av kraner, gravemaskiner og bulldosarar Yrkesakkvisitørar i forsikring Seljarar (reisande) Reingjetarar Tilsette på faste oljeinstallasjonar til havs SjåførlærararFlygeleiarar Yrkessjåførar Reinhaldsbetjentar Lokførarar og andre i togtenesta i NSB Reaktorpersonell

Kjelde: AID

Særaldersgrensene i staten er 60, 63 og 65 år. I tillegg kan tilsette gå av med pensjon inntil tre år før aldersgrensa dersom alderen og tenestetida er minst 85 år. I kommunal sektor seier forskrifta om kommunale og fylkeskommunale pensjonsordningar at aldersgrensene ikkje skal vere lågare enn i staten. Det er partane i kommunal sektor som fastset aldersgrensene etter desse retningslinjene.

I privat sektor blir utgiftene til pensjonar frå særaldersgrensa belasta arbeidsgivaren fram til oppnådd pensjonsalder i folketrygda. I offentleg sektor inngår utgiftene som ein del av finansieringa av tenestepensjonsordningane.

Dei fleste som har høve til å gå av i tråd med ei særaldersgrense, gjer det. Ein har likevel sett nokre endringar dei siste åra, til dømes blant pilotane. Det har samanheng med at særaldersgrensene berre delvis er fastsette av omsyn til sikkerheita. Når det gjeld yrkesaktiviteten hos politi og offiserar med særaldersgrenser som har gått ut av yrket sitt, tyder ei FAFO-undersøking på at vel halvparten av dei ønskjer å halde fram i arbeid, eventuelt kombinere arbeid og pensjon. 15

Fotnotar

1.

Vestlege innvandrarar omfattar innvandrarar frå land i Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania. Ikkje-vestlege innvandrarar er personar med bakgrunn frå Aust-Europa, Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Tyrkia.

2.

Aalandslid, Vebjørn (2005). Ikke-vestlige innvandrere. ”Seniorer i Norge”

3.

Personar i alderen 55–66 år rekna i prosent av personar i alderen 25–66 år innanfor undervisningsyrke som krev minimum fire års utdanning.

4.

Sysselsetjinga er rekna i prosent av sysselsette i alderen 25–66 år.

5.

Vaage, Odd Frank (2003): ”God helse og utdanning holder unge eldre i arbeidslivet”. Samfunnsspeilet nr. 6, 2003

6.

Aetat: Rapport om arbeidsmarkedet 3/2005

7.

Tal frå Rikstrygdeverket

8.

Western, Bjørg Løken og Haga, Oddbjørn (2005). ”Forventet pensjoneringsalder 1995–2004”. Rikstrygdeverket

9.

Uføreyting er eit samleomgrep for tidsavgrensa uførestønad og uførepensjon.

10.

Yrkespassive omfattar personar med yrkesinntekt som er lågare enn minsteytinga til alders- og uførepensjonistar i folketrygda. Kjelde: Ugreninov, Elisabeth (2005), «Seniorer og arbeid: Dessertgenerasjonen; lever lenger og jobber kortere». Samfunnsspeilet 5/2005. SSB

11.

Ugreninov, Elisabeth (2005). «Seniorer og arbeid: Dessertgenerasjonen; lever lenger og jobber kortere». Samfunnsspeilet 5/2005. SSB

12.

Dahl, Grete (2005). «Innvandrere har sjeldnere pensjon fra folketrygden». Slik lever vi . SSB

13.

Midtsundstad, Tove (2004). «Hvor mange har rett til AFP?». FAFO

14.

Til grunn for berekninga ligg middelalternativet i Statistisk sentralbyrås framskrivingar av folkemengda og ei vidareføring av dagens regelverk i folketrygda. St.meld. nr. 8 (2004–2005), Perspektivmeldingen 2004, kap. 4

15.

Midtsundstad, Tove (2005). «Ikke nødvendigvis sliten. En analyse av tidligpensjonering og seniorpolitikk i staten». FAFO-rapport 482

Til forsida